POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

Foran Ukraina-nederlag skaper panikk i Vesten.

«Løgn-doktorene» i Washington spinner håpløse historier.

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Washington fortel New York Times eventyr om at Putin leitar etter ein naudutgang

25. desember 2023 av Larry Johnson

L. Johnson, x-CIA

La meg seie det med det same – eg trur New York Times gjengir presist det som avisas kjelder fortalde dei tre journalistane i dagens oppsiktsvekkande artikkel, Putin Quietly Signals He Is Open to a Cease-Fire in Ukraine (Putin signaliserer i det stille at han er open for ei våpenkvile i Ukraina). Stykket, skrive av Anton Troianovski, Adam Entous og Julian E. Barnes, hevdar at Putins sjølvsikre framtoning er humbug, og at han brukar bakkanalar til å forhandle fram ein slutt på krigen i Ukraina. Dette er nonsens. Eg skal forklare korfor.

Dette avsnittet frå stykket er eit stort, raudt flagg som varslar om at «kjeldene» som har kokt ihop dette eventyret er engasjerte i ein informasjonskrig-kampanje:

Hr. Putin har, minst sidan september, signalisert via mellommenn at han er open for ei våpenkvile som frys kampane langs dei noverande linjene, altså langt mindre enn ambisjonane hans om å dominere Ukraina, seier to russiske, tidlegare senior-tenestemenn som står Kreml nær og amerikanske og internasjonale tenestemenn som har mottatt meldinga frå hr. Putins utsendingar.

Halvsannheter er nærmere løgnen enn sannheten.

La oss starte med den første løgna – at Putin er villig til å ofre sine «ambisjonar om å dominere Ukraina». Heilt sidan starten av den spesielle militæroperasjonen (SMO) har president Putin vore konsis og konsekvent – demilitarisere og de-nazifisere Ukraina. Pro-ukrainske analytikarar i Vesten held fram med å insistere, falskt, på at Putin var ute etter å ta Kiev, men feila i forsøket i mars 2022, og at han har, eller hadde, intensjonar om å nedkjempe heile Ukraina. Dette er rein og skjær Vestleg propaganda.

Kjeldene til dette vrøvlet er «to russiske, tidlegare senior-tenestemenn som står Kreml nær» og nokre ikkje namngitte amerikanske og «internasjonale tenestemenn». Eg skal vedde julepuddingen på at dei tenestemennene er britar. Infoen frå dei russiske eks-tenestemennene er fullstendig suspekt. Korleis veit eg det? Eg hadde ein samtale for to veker sidan i Moskva med ein svært høgtståande russisk tenestemann som er med på møtene i Kreml. Han la fram ei svært ulik melding. Særleg uttrykte han bekymring over mangelen på substansiell kontakt med Washington, og understeka at USAs politikk verkar dedikert til å sabotere alle fornuftige vegar til forhandling. La meg seie det slik: personen som formidla desse bekymringane sat midt oppe i allslags diplomatisk kontakt med USA.

Alastair Crooke, som var med meg i Moskva, leverte ei  utmerkt oppsummering av det vi fekk høyre:

Relasjonen mellom USA og Russland har nådd botn-nivå; den er til og med verre enn ein kan førestille seg. I samtalar med høgtståande russiske tenestemenn, behandlar USA dei som klare fiendar. Det er som om ein senior-tenestemann frå Russland skulle spørje: «Kva vil du ha frå meg?» og han skulle få svaret: «Eg øsker at du skal dø.»

Dei ibuande spenningane og mangelen på genuin utveksling er verre enn under Den kalde krigen, då kommunikasjonskanalane i det minste var opne. Denne mangelen blir forsterka av fråværet av politisk innsikt hos europeiske politiske leiarar, som det har vist seg å ikkje gå an å føre ein fornuftig diskusjon med.

Russiske tenestemenn innser at denne situasjonen er risikabel. Men dei er usikre på korleis den skal løysast. Samtalen har også glidd frå open fiendskap til smålegheit: USA kan til dømes blokkere arbeidarar som skal inn og reparere øydelagde vidauge hos den russiske delegasjonen i FN. Moskva finn då – motvillig – at dei har lite anna val enn å svare på same smålege måten – og slik hamnar relasjonen i ein nedovergåande spiral.

Bilde av RENÉ MAGRITTE (1898-1967)

Så kva er hensikten med denne artikkelen i NY Times? Eg trur vi kan finne forklaringa i ein nyleg artikkel av Gideon Rachman i Financial Times. Han skreiv:

Eitt alternativ til ein formell avtale mellom Russland og Ukraina, kan vere å de facto fryse konflikten. I eit slikt scenario ville Ukraina gå inn i ei hovudsakleg defensiv stilling og halde unna vidare russisk framrykking. Kampane ville aldri stoppe heilt opp, men dei ville avta.

Ein mellomting – ein stad mellom ein frosen konflikt og ein formell fredsavtale – ville vere ei 

våpenkvile. Dei to sidene ville bli samde om berre eit opphøyr i fiendskapen, utan å løyse nokre av dei underliggande politiske problema. Denne modellen vart slutten på Korea-krigen og oppdelinga av halvøya i Nord- og Sør-Korea. . . .

Sjølv nokre av Ukrainas mest ivrige støttespelarar i Vesten snakkar no om at Kyiv [Kiev] treng å akseptere ein frosen konflikt og erklære siger. «Vi lyt snu narrativet og seie at Putin har mislykkast,” seier ein eks-tenestemann frå USA. 

Kort sagt: NY Times-artikkelen er meint å snu narrativet og forsyne Vesten med eit påskot til å forlate Ukraina. Putin og regjeringa hans har ingen incentiv for å gi etter for Ukraina eller USA eller NATO. Russland vinn krigen og slit ut kreftene tilden ukrainske militærmaskina og troppane. Til og med mange sentrale ukrainske tenestemenn innrømmer at sjansane deira til å vinne over Russland er lik null.

Hva gjør en når spillet er tapt?

Ein annan hensikt med denne artikkelen er å så mistillit og tvil blant russiske tenestemenn og det russiske folket om Vladimir Putin. Med den feilslåtte ukrainske motoffensiven er russarane meir enn nokon gong innstilte på å gjere det av med det ukrainske militæret og deira NATO-allierte. Viss Putin skulle gå med på å forhandle fram ein slutt på den spesielle militæroperasjonen før Ukraina var demilitarisert, ville den politiske stillinga hans kollapse. Russarar innser til fulle at Vesten er ei vondsinna kraft som ønsker å øydelegge Russland, så dei støttar fullt ut å slå Ukraina og, via proxy, NATO. Det siste Vladimir Putin og regjeringa hans vil, er å gi Vesten den gåva å stoppe den spesielle militæroperasjonen før oppgåva med å utarme kapasiteten til det ukrainske militæret er fullført.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Felix Mittermeier

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • Putin vil ikke ha NATO på dørterskelen mer enn de allerede har i Norge, Finland og de baltiske statene Like lite som USA ville ha russiske raketter på Kuba. Han har kommet det russiske flertallet i Øst-Ukraina og Krim til unnsetning etter at de ble slaktet ned av Ukrainas åpenbart nazistiske Azov-bataljoner pyntet med SS-runer etc.

    Putins våpenhvile-utspill viser at han ikke har til hensikt å invadere Ukraina videre. Han gir også verden beskjed om at hans mål er nådd og at en eventuell nukleær eskalering innebærer vestlig initiativ. Dette betyr selvsagt ikke at han er noen fredsdue. Men russerne har forbannet seg på at de aldri vil tillate noen ny Napoleon eller Hitler å komme overraskende inn i deres land.

    Mange i Vesten tror at det er vi som er demokratiske fredsapostler. Historien viser det stikk motsatte.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      27 desember 2023 14:39

      Bravo!

      Russland treng heller ikkje finna seg i at Svartehavet skal gjerast om til eit Nato-hav.

      Nato si innsirkling av Russland skapar ufred, og det er ikkje utilsikta.

      Svar
      • wasan Totland
        28 desember 2023 22:31

        Han vil garantert sikre seg kyststripa. Etterpå tror jeg Polen vil rykke inn fra sin side og Ukraina eksisterer ikke mere. Problem solved.

      • T.S.:
        » Nato si innsirkling av Russland skapar ufred, og det er ikkje utilsikta»

        Nei, det er selvfølgelig tilsiktet.
        Noen VIL krig.
        Og provoserer for å få den annen parten til å ‘gå til krig’ , dvs. sette foten ned.

        Som Nasjonal-sosialistene/Hitler sa i 1939. :
        ‘ Vi vil ikke krig. ( Vi vil bygge opp vår nasjon.) Men hvis de vil ha krig skal de få total krig.’
        Disse stadige provokasjonene for å tappe vår oppbygging er deres feige måte å destabilisere samfunn på. Ved hjelp av banksystemer og kampgrupper ( bla. kommunister) for å forstyrre vår nasjons oppbygging.
        ( Jfr. kaos- doktrinen; kaos for å gripe/holde på makt, også nå i nyere tid. )

        Men Nasjon- sosialistene ville nasjonens oppbygging med nasjonens arbeidskrefter og fri handel. Der penger og renter er underordnet innbyggernes arbeidskrefter.

        Dessverre for mye toppstyrt./ ‘overklasse’ -styrt. (?)
        I motsetning til Sovjetunionens ‘underklasse’- styrt. . (- Men allikevel styrt av stats- overklassen. )

        ( Russland er noe annet nå enn tidligere Sovjetunionens globalisme/ kommunismen, tidligere styrt av zionismens forløpere, tenker/tror jeg. Før disse mistet kontrollen og prøvde/prøver å etablere seg i andre land. )

  • Det begynner å gå virkelig dårlig for den vestlige «siviliserte» sfæren (NATO-sfæren). Inntrengerene blir kastet ut av Afrika i land etter land, de taper krigene sine alle som en, korte som lange, og står fattige igjen uten råvarer og ressurser.
    Flere og flere av afrikanske, sør-amerikanske og asiatiske land henger seg på BRICS, for å opprettholde handel og vareutveksling under normale, likeverdige forhold, samt å opprettholde sine lokale valutaer og slippe å fore USA (FED) med skatter for å kunne bruke dollar som betalingsmidler, en dollar som ble presset og truet på dem etter forrige verdenskrig.
    De begynner å få panikk nå, formuene til de bak Big Pharma, Big Tech, Big Money, Big Politics og MIC ser sine tilranede kjempeformuer sakte men sikkert bli til støv, støv som de kun kan bruke innenfor det som blir igjen av det «siviliserte» vest etter at støvet legger seg, et vest som vil stå uten råvarer og ressurser til produksjon og videresalg. Spis «pengene» deres, istedet for biller og kryp blir nok mottoet fra WEF-Klaus da.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    28 desember 2023 15:24

    Det norske stortinget lyttar andektig på Zelensky og satsar på siger for Nato mot Russland

    Forsvarministeren i Ukraina er mindre optimistisk. Her intervjua av tyske Bild:

    https://www.rt.com/news/589551-ukrainian-officials-admit-losing/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Dr. Peter McCullough:

Det er de vaksinerte som truer de uvaksinerte.

Forrige innlegg

I Norge vil vi ikke forstå eller vite.

Vi lukker øynene for det som skjer.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.