POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Før Pfizer-vaksinen ble godkjent ble den testet på barn.

Denne historien forteller at vaksineskadene skulle skjules før godkjenning.

2 kommentarer

Rigga: Pfizer-forsøk skjulte skadar, Maddie si historie

Analyse av Dr. Joseph Mercola 

Då Stephanie de Garay let dei tre barna sine melde seg på Pfizer sitt COVID-19-sprøyteforsøk, tenkte ho at det verste som kunne skje var anafylaktisk sjokk – og i så fall ville dei bli behandla med ein EpiPen og verte friske att. For dottera handla det mest om å halde tritt med den nære veninna, som også hadde meldt seg på.

Det skada heller ikkje at forsøket tilbaud ein pengekompensasjon på 119 dollar per besøk. Det var dette som fekk alle dei tre barna til de Garay til å melde seg på COVID-19-sprøyteforsøket som endra livet til dottera Maddie. Maddie var før forsøket ei frisk 12 år gamal jente som elska å danse, spele fotball og vere saman med vener.

Men ho fekk ein alvorleg systemisk biverknadsreaksjon på sin andre dose av sprøyta, og kjempa seg gjennom 11 besøk på akutten og fire sjukehusinnleggingar i det følgande halvtanna året. Skadar frå sprøyta har gjort ho ute av stand til å gå eller ete – ho får næringa si via ein mateslange – og ho har konstante smerter, synsproblem, tinnitus, allergiske reaksjonar og manglande kontroll over nakken.

Som om ikkje den fysiske skaden var nok, vart Maddie og familien hennar stadig vekk avvist av yrkesmedisinarane som skulle hjelpe, ignorerte av mat- og legemiddeltilsynet FDA, og nekta den pleien ho trengde.

Yrkesmedisinarane gjekk så langt som til å stemple Maddie sine helseproblem som psykologiske, og familien har enno ikkje blitt kontakta av nokon frå Pfizer eller FDA – ikkje ein gong etter at den rette diagnosen vart avdekka og funnen vere relatert til sprøytene.

I videoen under skildrar Del Bigtree med «The Highwire» Maddie sine problem og korleis familien heile tida har kjempa for å ikkje berre skaffe dottera hjelp, men også å gjere saka kjend, slik at andre ikkje treng bli råka på dette viset av COVID-19-injeksjonane.

Video Link

Dei skadelege biverknadane starta berre timar etter andre dose

Etter at Maddie vart med i Pfizer sitt COVID-19-forsøk for ungar i alderen 12 til 15 år, fekk ho sin første dose av den eksperimentelle sprøyta den 30. desember, 2020. Dei vart fortalde at det var nett som ei influensa-sprøyte, «ikkje noka stor sak», seier de Garay. Dose nummer to vart gitt tre veker seinare, blodprøver tatt to veker etter den og immunresponsar samanlikna.

Deltakarane vart gitt tilgang til appen TrialMax for registrering av biverknadar, som t.d. ein opphovna arm, men de Garay vart overraska over formatet som var brukt. Der var ikkje rom for opne kommentarar, berre direkte spørsmål med «ja» eller «nei» som svaralternativ eller avkryssingsboksar til å tilkjennegi eit avgrensa sett på førehand utvalde potensielle verknadar.

Med første sprøyta fekk Maddie feber, og armen hennar hovna opp. Ho fekk den andre dosen den 20. januar, 2021, som barna sa gjorde meir vondt enn den første. På dette tidspunktet byrja de Garay å skrive notatar, for å sikre at ho fekk dokumentert kva som skjedde med barna; ho tenkte det ville vere verdifullt for forsøket.

Neste dag, den 21. januar, 12 timar etter Maddie fekk COVID-19-sprøyte nummer to, skreiv de Garay: «Maddie kom inn på soverommet vårt i 4-tida på natta og sa at ho ikkje kjende seg bra, og ho spurde om ho kunne få sove hos dei. Ikkje typisk for ho.»

Neste dag kom ho seg med store vanskar gjennom skuledagen, og då ho kom heim var ho ikkje i god form. Mannen til de Garay ringde kona på jobben og fortalde at Maddie hadde ein reaksjon på sprøyta. I bakgrunnen kunne ho høyre dottera som skreik at det kjendes som om hjartet skulle rivast ut av nakken på ho; så store var smertene hennar.

Ein tur til akuttmottaket var heilt ubrukeleg – dei sjekka om ho hadde blindtarmsbetennelse, fekk det avkrefta og sende ho heim med beskjed om at det mest sannsynleg var ein reaksjon på COVID-19-sprøyta, og at det ville betre seg med tida.

Dei rekommanderte at ho skulle gå til familielegen sin dersom noko nytt oppstod – sjølv om Maddie var deltakar i eit klinisk forsøk, utan tvil det høgast profilerte av alle dei kliniske forsøka som føregjekk på det tidspunktet, eit forsøk der heile hensikten var å finne ut om sprøytene forårsaka skadelege biverknadar. Men Pfizer kontakta ikkje familien, og smertene i hjartet til Maddie vart ikkje tatt opp.

Skjermdump av intervju med Maddies foreldre

Sprøytereaksjon stempla som psykologisk problem

Den 23. januar, 2021, noterte de Garay ned fleire symptom, inkludert kraftige smerter i kroppen, kvalme, diare og ekstrem utmatting. Dei drog til akuttmottaket tre gongar den veka, og Maddie vart til slutt, ved det tredje besøket, lagt inn.

Men i staden for å sende inn medisinske spesialistar og gjere grundig testing, sende dei inn psykologar og sosialarbeidarar, med fokus på den mentale helsa hennar. Dei hengde merkelappen ’angst’ på Maddie, og meinte at sprøyteangsten hennar var årsaka til alle symptoma. På Life Funder, ei nettside som har starta ein donasjonskampanje for Maddie, forklarer dei:

«Etter å ha rapportert alt inn til Principal Investigator [«sjefsforskaren» dr. Robert Frenck] for Pfizers kliniske forsøk, og blitt feid til sides, starta vi å dokumentere kvar detalj av skadane til Maddie. Sjukehuset Cincinnati Children’s prøvde først å behandle Maddie som «ein mentalpasient», og fortalde oss at det var angst og at det heile berre var i Maddies hovud.

Pfizer registrerte hennar traumatiske systemiske biverknadar som «funksjonelle magesmerter» («functional abdominal pain») når dei rapporterte til FDA. Éin dag før Pfizer leverte inn søknaden om naudgodkjenning for covid-vaksinen for 12- til 15-åringar, og før nødvendig testing var gjort, så sette dei diagnosen Funksjonell nevrologisk liding (FND) i papira hennar.»

Symptoma til Maddie gav seg ikkje. I februar hadde gamle symptom blitt verre og nye symptom – mellom anna ekstrem oppblåstheit etter måltid – hadde oppstått. Maddie var svimmel, kvalm og smerteridd. Ho følte det som om hjartet hennar stod i brann og byrja å kaste opp maten, heilt til ho ikkje greidde ete i det heile. Ho evna heller ikkje lenger å dusje på eiga hand.

Det var dr. Amal Assa’ad ved Cincinnati Children’s Hospital som, etter å ha sete med Maddie i berre 15 minutt, bestemde at dei fysiske symptoma hennar ikkje var eit resultat av sprøytene, men i staden kom av ei funksjonell nevrologisk liding.

Ho skreiv i notatane sine at ho hadde diskutert med ein annan doktor, Robert Frenck, om dei skulle måle nivåa på antistoff for å finne ut om Maddie hadde mottatt den ekte sprøyta eller eit placebo under forsøket. Men til sist sa ho at ho tenkte det ville vere «irrelevant for behandlinga av Madelines funksjonelle liding». Assa’ad sine notatar gjekk så langt som til å fråråde vidare undersøkingar, sjølv om Maddie var deltakar i eit klinisk forsøk:

«Eg vurderer det slik at Madeline har ei funksjonell svekking som ikkje er organisk av natur … Eg vil også frårå vidare oppegsing sidan dét vanlegvis er skadeleg ved funksjonelle lidingar, fordi det får pasienten til å tenke at det må vere noko gale som indikerer alt dette oppstyret. Det forseinkar også den nødvendige psykologiske intervensjonen som trengst for å hjelpe til med å løyse den funksjonelle lidinga.»

«Det er som om vi er fanga i eit mareritt»

Frenck, direktøren for Vaksineforskningssenteret ved Cincinnati Children’s Hospital, var «sjefsgranskar» for Pfizers COVID-19-forsøk, plassert i rolla for å agere som forsvarar for folka i forsøket og sikre tryggleiken deira, og også avgjere om nokre av reaksjonane dei erfarte var på grunn av vaksinen. Han tilbaud lite hjelp til de Garay-familien, ikkje ein gong når Maddie sine symptom ikkje forsvann, men tvert imot forverra seg.

Den 19. februar, 2021, skreiv de Garay at Maddie besvimte og at ho, når ho vakna til att, ikkje kunne hugse verken sin eigen gebursdag eller namnet på venen sin. Sjukehuset sin respons var å gi ho ein annan teip til den intravenøse slangen; dei sa ho kanskje hadde gummiallergi.

Under sitt sjukehusopphald nummer to, vakna Maddie opp frå ein MRI-scan av hjernen og øvre matrøyr, og datt i bakken og har seinare ikkje kunna gå. Far hennar sa «Det er som om vi er fanga i eit mareritt,» og dei føler at dei har blitt gitt opp.

Då dei melde Maddie på til det kliniske forsøket, antok de Garay-familien at dei ville ha tilgjengeleg ein medisinsk stab og vitskapsfolk til å støtte dei.  Dessutan skulle alle medisinske rekningar som følge av biverknadar bli dekka, men Pfizer og sjukehuset nekta å betale for Maddie si behandling, då dei hevda at skadane ikkje var forskningsrelaterte. De Garay sine notatar heldt fram inn i mars 2021:

  • 24. mars, blackout varde i 20 minuttar, pulsen gjekk opp til 150
  • 28. mars, 10 kramper og anfall, kan ikkje gå, kjem seg rundt ved å ake seg framover på baken

Doktorens notatar hadde tidlegare sagt at Maddie ikkje hadde angst, men så endra dei melodi, og skreiv at ho «verkar ha litt angst som kan auke smerten hennar». Sjølv etter 1,5 månadar på sjukehus, behandla helsestelltilbydarane Maddie sin sprøytereaksjon som ei psykologisk sak i staden for ei fysisk.

Då ho ikkje viste teikn til fysisk framgang, overførte sjukehuset Maddie til ein mentalinstitusjon – men etter å ha sett dei fråstøytande forholda der, tok familien Maddie heim i staden, utan tilbod om støtte til pleien av ho.

«Dei har i grunnen berre late som om det ikkje har skjedd … Eg trudde at om noko hadde skjedd under eit klinisk forsøk, ville dei gjere alt i si makt for å finne ut av det,» seier de Garay. «Eg trudde det var heile poenget. Så det var derfor eg ikkje var bekymra. Men dei gjorde ikkje det. Dei prøvde berre å få det til å sjå ut som ho var galen.»

Pfizer rapporterte Maddie sin alvorlege reaksjon som magesmerter

Viss du lurar på korleis Pfizer slapp unna med dette, så står det i det dei skreiv til FDA om Maddies sak i april 2021:

«Éin deltakar erfarte ein SAE [serious adverse event, alvorleg biverknad] rapportert som generalisert nevralgi, og rapporterte også 3 samtidige ikkje-alvorlege AE’ar (magesmerter, abscess [materiefylt byll], gastritt [magekatarr]) og 1 samtidig SAE (forstopping) innanfor same veke. Deltakaren vart seinare diagnostisert med funksjonelle magesmerter. Hendinga vart rapportert som uavslutta på avbrotsdatoen.»

Bigtree slo fast: «Det ser ut som svindel i mine auge.» Til og med då de Garay-familien prøvde å få overført Maddie til eit anna lokalt sjukehus, vart dei møtte med fordommar og raud teip; helsepersonalet som fekk alle dei digitale dokumenta hadde bestemt seg for diagnosen allereie før dei møtte Maddie.

De Garay-familien føler seg svartelista på dei store sjukehusa, og ein lege som skal gjere det rette, vil risikere karrieren sin på å gjere det. Og, som Life Funder seier: «Pfizer har null økonomiske plikter overfor skadane til Maddie, og dei har ikkje gitt tilbod om nokon assistanse.»

Etter eitt og eit halvt år, med hjelp frå Informed Consent Action Network (ICAN) og React19, ein frivillig, nonprofit, organisasjon som tilbyr støtte til dei som lir av langvarige biverknadar etter COVID-19-sprøyta, har dei funne legar som er villige til å utføre dei rette testane. Dei diagnostiserte Maddie sin vaksinereaksjon slik:

«Funna samsvarte med erverva alvorleg distal kronisk demyeliniserande polyradikulonevropati (CIDP), afferent tynnfibernevropati og ortostatisk intoleranse på bakgrunn av COVID-vaksinasjon.»

Pfizer klassifiserer alvorlege reaksjonar som «ikkje relaterte» til sprøytene

FDA og Pfizer prøvde å skjule dataene frå det kliniske forsøket på COVID-19-sprøyter i 75 år, men FDA vart beordra av distriktsretten for nordre distrikt av Texas å offentleggjere redigerte versjonar av forsøksdokumenta i eit mykje raskare tempo. Som følge av dommen vart 80 000 sider med dokument relaterte til FDA si godkjenning av Pfizer sine COVID-19-sprøyter offentleggjorte den 1. juni, 2022.

Blant desse dokumenta var rapportskjema for forsøksdeltakarane (case report forms, CRF) som avslørte at død og alvorlege beverknadar førekom under fase 3-forsøka, men – som Children’s Health Defense rapporterer – Pfizer hadde «ein trend med å klassifisere nesten alle biverknadar – og særleg alvorlege biverknadar (SAE) – som ’ikkje relaterte’ til vaksinen.»

Til dømes var det kvinna tidleg i 50-åra som døydde av hjarteatakk den 4. november,2020, fem dagar etter at ho hadde fått sin andre dose av Pfizer si eksperimentelle COVID-19-sprøyte. Dødsfallet hennar var registrert som «ikkje relatert» til sprøytene. To andre hjarteatakk-dødsfall – det eine ei kvinne seint i 50-åra og det andre ein mann midt i 60-åra – skjedde også innan to til tre månadar etter sprøytene, men vart også registrerte som «ikkje relaterte».

I andre tilfelle fekk ei tenåringsjente djup venetrombose to månadar etter den andre dosen av sprøyta, men det vart óg vurdert til «ikkje relatert», slik også den akutte forverringa av astma som ei kvinne seint i 50-åra opplevde rundt to månadar etter sprøytene. Ifølge den uavhengige journalisten Michael Nevradakis, for Children’s Health Defense:

«Dei mange alvorlege biverknadane – og fleire dødsfall – som vart registrerte under fase 3-forsøka, kjem også fram i eit massivt dokument på over 2500 sider som katalogiserer slike biverknadar. Dette dokumentet listar opp ei lang rekke biverknadar hos forsøksdeltakarane med klassifiseringa giftigheitsgrad 4 – den høgaste og mest alvorlege graden.

New York Times: Vaksinene er løsningen på pandemien. Så lite kritisk var USAs viktigste avis.

Men ikkje ein einaste av dei opplista grad 4-biverknadane i dette dokumentet er klassifisert som relatert til vaksineringa … På same sett var det berre eit lite tal biverknadar av giftigheitsgrad 3 som vart kalla vaksinerelatert.»

Til og med dei tilfella dei tilskreiv sprøytene vart bagatelliserte, slik som t.d. rapporten om «ein yngre deltakar utan sjukehistorie [som] fekk eit livstruande SAE i form av hjarteinfarkt 71 dagar etter dose 2 som granskaren vurderte som relatert til studie-intervensjon.» Rapporten konstaterer vidare at SAE’en «varte éin dag og løyste seg same dag.»

FDA ignorerte Maddie si sak

Nett slik dei ignorerte dei mange raude flagga i forsøksdataene til Pfizer, ignorerte FDA også Maddie si sak, sjølv etter at det vart involvert advokatar. I august 2021, vende de Garay-familien seg til ICAN sitt juridiske team; ICANs Aaron Siri representerer dei no. Ifølge Siri:

«Det som skjedde med Maddie er ikkje den einaste historia om eit skadd barn, som er hjarteskjerande i seg sjølv. Men Maddie var i eit klinisk forsøk som berre hadde 1000 barn i alderen 12 til 15 år som fekk COVID-19-vaksinen.

Når ho fekk den reaksjonen, skulle alle medisinske ekspertar ved Cincinnati og FDA ha stige ned for å studere kva som skjedde med Maddie, for om det skjedde med eit av tusen barn, så kunne etterverknadane bli verkeleg øydeleggande, særleg for ein infeksjon som på ingen måte skadar barn like ofte som dette.»

Etter at ICAN sitt team fekk utlevert Maddie sine medisinske dokument og sett igjennom dei, meiner dei årsakssamanhengen med Pfizers COVID-19-sprøyte er uvanleg sterk. I oktober 2021, sende dei eit brev til FDA, der dei la ved alle dei medisinske dokumenta for Maddie og sette fokus på korleis Pfizer bagatelliserte tilstanden. Dei skildra Pfizer sitt handlesett som «i beste fall uærleg. For reguleringsstyresmakter bør det sjåast som kriminelt.»

I februar 2022, kom det endeleg svar frå FDA. Utruleg nok sa dei at ein måtte sende inn rapport til VAERS eller sende eit brev til CISA – Clinical Immunization Safety Assessment Project – som blir drive av dr. Kathryn Edwards, som sit i styret for tryggleikstilsynet med Pfizer sine COVID-19-sprøyteforsøk. Med andre ord gjorde dei ingenting.

Maddie si historie pågår framleis, men er dessverre berre éi av mange tilfelle med folk som blir alvorleg skadde eller drepne av COVID-19-sprøytene utan å bli tatt på alvor – eller dei blir beint fram diskrediterte – av helsevesenet. Men det finst håp – og det kjem i form av vern om rettane dine til informert samtykke og fridommen til å ta die eigne medisinske val. Som Siri uttrykker det:

«Håpet er at vi kan sikre at vi alltid har eit val om å seie nei. Så lenge vi kan seie nei, er dét vernet. Det er naudmiddelet mot alt dette vanstyret. Det vil ikkje få dei som ikkje veit betre til å seie nei i visse situasjonar, men det vil verne dei som gjer det … Der bør finnast mykje håp der ute, for obligatorisk vaksinering er på tilbakegang over heile landet …

Ytringsfridom, det å ha peronlege fridommar. Det er dét som vil redde oss … At ein kan utdanne seg, å ha tilgang til informasjon og til å  ta informerte avgjerder … evna til å seie nei om noko, eller ein medisinsk prosedyre, som vi ikkje vil utsette våre eller barna våre sine kroppar for.»

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

https://muslimsincalgary.ca/rigged-pfizer-trial-hid-injuries-maddies-story/


1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 708 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Problemet med Coronavaksiner er at de i prinsippet kan sammenlignes med «Rottegift»

    Dette er et gedigent Farmasøytisk forskningsprosjekt der ingen ansvarlige forskere kan hevde at de har eller hadde den totale oversikten over skadevirkningene!

    Coronavirus er ikke et nytt virus og fakta er at forskere i over 18 år har foretatt dyrestudier med en såkalt Corona vaksine, men dette viste seg dessverre å medføre betydelige alvorlige bivirkninger og død.

    Når det gjelder disse nye «vaksinene» er det å bemerke at det aldri ble gjort langsiktige sikkerhetsstudier for å kunne fastslå hvorvidt disse kunne forårsake div. lidelser som hjertesykdom, allergier, auto immune sykdommer og kreft. – Sannheten er at høyst nødvendige dyrestudier ble forbigått angående alle disse vaksinene, såkalt «fast-tracking», og milliarder av mennesker er faktisk nå de primære testdyrene!
    (Fast tracking ; Avstå fra sporing av konsekvenser innenfor et visst tidsrom)

    Disse nye mRNA «vaksinene» har man absolutt ingen kunnskap om hva kan medføre av skadevirkninger for den menneskelige organismen, og siden virus som kjent ofte muterer vil dette gjøre denne «vaksinen» uvirksom etter en kort stund selv om den overhodet skulle vise seg å ha noen som helt effekt !

    Så hva har vi oppnådd med denne «vaksineringen» ?
    Etter min mening katastrofale menneskelige lidelser, samtidig som vi har fylt opp kontoen til disse uetiske farmasøytiske selskapene og jeg nøler ikke med ta med FHI og det Norske helsevesen i den samme potten!

    Problemet med disse vaksinene var åpenbare fra begynnelsen av utrullingen!

    Transfeksjon eller injeksjon av syntetisk genetisk materiale fra ikke-menneskelige kilder som deretter er tiltenkt å samhandle genetisk med vårt overførings-RNA – for deretter å lage et fremmed protein som deretter skal lære kroppen vår å ødelegge det viruset det kodes for er faktisk helt vanvittig!

    Disse skapte proteinene er faktisk ikke regulert av vårt eget DNA. De er derfor helt fremmede for cellene våre og hva disse faktisk er i stand til er helt ukjent men vi begynner å fatte det nå !

    Ha en God Dag

    Svar
    • Selv om denne falske vaksinen ikke var ment benyttet som et Biovåpen , – så fungerer den da så absolutt som dette !

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Jeg hater kriger.

Men ikke alle kriger.

Previous Post

Valget i Sverige: Det finnes ingen venstreside.

Alle partiene er fraksjoner i Nato- og EU-partiet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.