POSTED IN Krig-fred

For en ironi!

Fredsnasjonen Norge, kaller vi oss. Men vi sender våpen til en tapt krig.

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jeg må si noen ord om særlig de første videoen som viser litt av den tragedien som nå rammer Ukraina. Krigen kunne vært unngått hadde en fulgt opp MINSK-avtalene, men de ble sabotert av vesten og Ukraina.

Krigen kunne vært unngått hvis avtalen som ble fremforhandlet våren 2022 mellom den ukrainske og russiske regjering hadde blitt godkjent, men Nato/USA ville noe annet.

De som fortsatt vil sende våpen til dette slaktehuset påtar seg et stor stort moralsk ansvar, for krigen kan ikke vinnes for Ukraina. Det har vært klart svært lenge. Nye våpen forlenger bare en tapt krig. Men så er det altså noen i Norge som tar beslutninger som tjener på krig. Den norske regjeringen stinker nå verre enn…

Knut Lindtner
Redaktør

Den menneskelege kostnaden ved stadig stigande ukrainske tapstal

5. september 2023 av Larry Johnson 

L. Johnson er tidligere CIA-analytiker

BBC-korrespondenten Quentin Sommerville leverer ein hjarteskjerande reportasje om tapstala til Ukraina. Media i Vesten har prøvd å ignorere denne videoen, og etter at du har sett den, vil du skjøne korfor.

Denne videoen vart lagt ut sist tysdag (29. august), noko som betyr at videoen og skriptet vart laga minst to dagar før. Ved sidan av den journalistiske kvaliteten, er videoen også eit stykke filmkunst, særleg opningssegmentet.

Den tilhøyrande artikkelen, ‘Dying by the dozens every day’ – Ukraine losses climb (dusintals døde kvar dag, Ukrainas tapstal stig), er lagt ut på nettsida til BBC. Av ein eller annan grunn la ikkje BBC ut nokon link til denne videoen. Med BBCs forhold til den britiske regjeringa, trur eg det er rimeleg å trekke den konklusjonen at nokon i det britiske etablissementet har klart å lese skrifta på veggen og innsett at Ukraina ikkje berre er i ferd med å gå tom for soldatar, dei går også tom for tid.

Sommerville skriv:

Det har vore ein dramatisk auke i Ukrainas antal døde, ifølge nye estimat frå anonyme offentlege tenestemenn …

Ukraina gir ikkje ut opplysningar om dei offisielle tala på sine døde i krigen – dei ukrainske væpna styrkane gjentar berre at tapstala frå krigen er ein statsløyndom – men Margo [ei krigsenke som blir intervjua i videoen, mrk.] veit at tapa er kolossale.

Tala er framleis hemmelegstempla. Men offentlege tenestemenn i USA, siterte av the New York Times, sa nyleg at talet på døde var 70 000 og talet på skadde så mykje som 120 000. Det er eit sjokkerande tal for ein armé som er estimert til berre ein halv million menn. FN har registrert 9177 sivile døde så langt. …

Realiteten om tapstala ligg open på Ukrainas gravplassar.

I den seine ettermiddagssola rundt Krasnopilske kyrkjegard i Dnipro heng solsikkene tungt med hovuda – som æresvakter for dei ferske gravene som spreier seg stadig nærare kyrkjegardsgrensene. . . .

Det gule og blå i dei ukrainske flagga blafrar over kvar grav i den milde brisen – det er fleire hundre av dei. Kvar av dei ein markør i den store tapsbølga som dagleg sveiper over slagmarkene i aust og i sør og fyller kyrkjegardane i by og bygd over heile Ukraina.

Eit og eit halvt år inn i krigen, er det få familiar som er urørte av sorga. . . . .

Sommervilles ukrainske kjelder fortel han at russarane lir langt større tap. Det er ei løgn, men Sommerville rapporterer om det han blir fortald. Viss Russland verkeleg hadde hatt slike tapstal som desse, ville det ha kome fram i lyset. Putin-regjeringa ville ikkje ha greidd å undertrykke rapportar på sosiale medium frå sørgande foreldre, søsken og ektemakar.

Sidan denne reportasjen vart førebudd for ni dagar sidan, har minst 7000 fleire ukrainske soldatar døydd i kamp. Det tilsvarer talet på døde US-amerikanske soldatar i Irak og Afghanistan gjennom seksten år med kampar. Det gir eit visst perspektiv på villskapen i kampane i Ukraina.

Upoetisk omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

Forsidebilde: lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • wasan Totland
    9 september 2023 10:51

    Jeg tror ikke Minsk avtalene var mellom Russland og Ukraina. De var mellom Donbass og Ukraina. Russerne skrev ikke under på noe.

    Svar
  • https://www.vg.no/spesial/2023/ukraina-saker/sandra/

    imens tutes det ut de samme propaganda pratepunkt fra avleggs media om en fullstendig uprovoserte fullskalainvasjon og at det er bedre å legge seg på en håndgranat å dø enn å bli tatt til fange.. hjernevasken er total for mange..

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      9 september 2023 22:11

      Nato-frasen «fullskalainvasjon» er standard i avisa Kyiv Independent og i NRK. Frasen vert ikkje sannare av det.

      Einig med mvd. Hjernevasken er total. NRK-mann Roger Severin Bruland går i Zelensky-uniform utan å verta avsett. Kan nokon i NRK testa ut å stasa seg opp med ein Z?

      Svar
  • «Fredsnasjonens» Stoltenberg ville bombet Libya igjen, sa han, og fikk solid støtte av likesinnede i Norge, blant flere andre: Støre, Solberg, Vedum, etc..
    Blodige, skitne, ukrainske likposeri tusenvis trenger ikke han eller hans norske heiagjeng, Zelensky, Biden eller Vicky Nuland befatte seg med. Jeg mistenker at særlig Nuland gleder seg over mannefallet, så landet og dets ressurser blir ryddet for eiere og arvinger og tilrettelagt for oppkjøpere som får landet på billigsalg. Hvis ikke Zelensky snart blir avlivet av sine egne, som jeg håper, flytter han vel til sine villaer i Italia og Egypt og lar lemlestede ukrainere og lutfattige Ukraina seile sin egen sjø.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    9 september 2023 17:56

    Me har ein politikarkaste som hissar til langvarig og håplaus krig mot Russland. Samstundes har dei aksjar i ein blømande norsk (og utanlandsk?) våpenindustri.

    Politikken vert ikkje meir ufjelg enn dette. Boykott skindemokratiet 11. september! Høg valdeltaking ser norske politikarar som eit teikn på tillit. Det fortener dei ikkje.

    Svar
  • Nå kidnappes frittgående menn på gata for å sendes som kanonføde, fra knapt kjønnsmodne til gamlinger, sånn som ved nazitysklands siste krampetrekninger. anti-spiegel.ru

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Forut for angrepet på World Trade Center 9. september 2001:

Unormalt stor børsaktivitet i selskaper som ble berørt av hendelsen.

Forrige innlegg

Det finnes nesten ikke noen venstreside lenger.

Både USA og Norge styres av høyresiden!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.