Denne artikkelen tar opp utviklingen etter at Biden-administrasjonen overtok i Washington. En kan være enig eller i uenig i vurderingene Thierry Meyssan her gjør. Men det setter tankevirksomheten i sving når han analyserer utviklingstrekkene den første tiden etter presidentskiftet på en ganske annen måte enn det de fleste andre gjør.
Knut Lindtner
Internasjonale relasjonar i følge Antony Blinken
av Thierry Meyssan
Washington har lite val: interessene deira har ikkje endra seg, men dét har den herskande klassen sine gjort. Antony Blinken tenker derfor følge linja som har rådd sidan president Reagan hyrte inn trotskistar til å danne NED: å gjere menneskerettar til eit imperialistisk våpen, utan å nokon gong sjølv respektere dei. Og elles vil dei unngå å legge seg ut med kinesarane og prøve å få Russland ut av det større Midtausten, slik at krigen kan halde fram i all æve.



Biden-administrasjonen utfører sine første gjerningar på området internasjonale relasjonar.
Først: utanriksminister Antony Blinken tar del i fleire internasjonale møte via videokonferanse, der han forsikrar sine samtalepartnarar om at «Amerika er tilbake.» Og USA gjenopptar faktisk sin posisjon i alle mellomstatlege organisasjonar, først og fremst FN.
Dei foreinte nasjonane, FN
Så snart han var komen i presidentsetet, kansellerte president Biden USA si tilbaketrekking frå Paris-avtalen og Verdshelseorganisasjonen WHO. Kort tid etterpå erklærte Blinken at landet hans slutta seg til FNs menneskerettsråd og gjekk for presidentskapen. Vidare driv han kampanjar for å sikre at berre dei statane han meiner har respekt for menneskerettane kan sitte i Rådet.
Desse avgjerdene krev kommentarar:
Paris-avtalen
USA si tilbaketrekking frå Paris-avtalen var basert på det faktum at Klimapanelet, IPCC, sitt arbeid ikkje var vitskapeleg, men politisk, sidan det faktisk er ei forsamling av senior-tenestemenn med vitskapelege rådgivarar. Dei gav mange løfte, men i realiteten førte det berre til eitt konkret resultat: innføringa av den internasjonale retten til å ureine, styrt av Chicago-børsen. Chicago-børsen vart skapt av visepresident Al Gore, og statuttane for den vart skissa opp av den komande presidenten Barack Obama. Trump-administrasjonen ispørjesette aldri klimaendringa, men argumenterte for at andre forklaringar var mogleg, andre enn utslepp av industriell drivhusgass, til dømes den geofysiske teorien til Milutin Milanković frå 1800-talet.
USA sin retur til Paris-avtalen har forårsaka frykt blant US-amerikanske skiferolje- og gass-personell og -selskap. Biden-administrasjonen er innstilte på eit snarleg forbod mot bensindrivne bilar, til dømes. Den avgjerda vil ikkje berre ha innverknad på sysselsettinga i USA, men også på utanrikspolitikken deira, ettersom dei har blitt verdas største oljeseksportør.



WHO
USA si tilbaketrekking frå WHO var motivert av Kinas leiande rolle i WHO. Den noverande generaldirektøren, dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, er medlem av den pro-kinesiske Tigrayfolkets frigjeringsfront. I tillegg til funksjonane hans i FN, har han også spelt ei sentral rolle i forsyninga av våpen til tigrayane sitt opprør.
WHO-delegasjonen som drog til Wuhan for å granske det moglege kinesiske opphavet til Covid-19 inkluderte dr. Peter Daszak, president for organisasjonen EcoHealth Alliance, som einaste US-amerikanske medlem. Denne eksperten finansierte arbeid på koronavirus og flaggermus ved P4-laboratoriet i Wuhan. Han er derfor tydelegvis både dommar og jury.
Menneskerettsrådet
USA si tilbaketrekking frå Menneskerettsrådet var ein følge av Trump-administrasjonen si fordømming av hykleriet sitt. Rådet vart brukt i 2011 av USA sjølv til å bere falskt vitnemål og anklage «Gaddafi-regimet» for å ha bomba ein bydel aust i Tripoli, ei hending som aldri skjedde. Iscenesettinga vart formidla til Tryggingsrådet, som i sin tur vedtok ein resolusjon som autoriserte Vesten til å «verne» det libyske folket mot den nedrige diktatoren. Etter denne propagandaoperasjonen sin suksess, har den eine etter den andre av ulike statar og tilsynelatande frivillige organisasjonar prøvd å bruke Rådet, spesielt mot Israel.
FN forstår ikkje omgrepet «menneskerettar» på same måten som USA gjer det. For sistnemnde er Menneskerettar berre vern mot ‘statsfornuft’, som inneheld forbodet mot tortur. For FN, derimot, inkluderer omgrepet også retten til liv, utdanning og retten til arbeid og så bortetter. Sett frå dette synspunktet har Kina viktige framsteg å gjere i høve til rettvise, men har eit eksepsjonelt godt rulleblad når det gjeld utdanning. Landet har difor sin rettmessige plass i Rådet, sjølv om Washington er imot det.
Antony Blinken har nett kunngjort «Khashoggi-rettslæra». Den handlar om å ikkje gi visum til utlandske politiske leiarar som ikkje respekterer menneskerettane til sine opponentar. Men kva slags verdi har denne doktrina når USA har ei gigantisk målretta drapsteneste som dei ofte brukar mot sine eigne?
Iran og framtida til det større Midtausten
Biden-administrasjonen forhandlar også om ein retur til ein 5+2 atomavtale med Iran. Målsetninga er å gjenoppta forhandlingane som William Burns, Jake Sullivan og Wendy Sherman starta for 9 år sidan i Oman, saman med emissærar for Ayatollah Ali Khamenei. I dag har dei, i same rekkefølge, blitt CIA-direktør, rådgivar for nasjonal tryggleik og viseutanriksminister.



Samtidig var Washingtons målsetning å eliminere president Mahmoud Ahmadinejad og starte om att konfrontasjonen mellom sjiittar og sunniar i kontekst av «krigen utan ende» (Rumsfeld/Cebrowski-strategien). For leiaren Khamenei handla det om å bli kvitt Ahmadinejad, som hadde våga å slå til mot han og utvide makta si over alle sjiittane i regionen.
Desse forhandlingene leidde til manipulasjonen av det iranske presidentvalet i 2013 og siger for den pro-israelske sjeik Hassan Rohani. Så snart han kom i presidentsetet sende han sin utanriksminister, Mohammad Djavad Zarif, til forhandlingar i Sveits med utanriksminister John Kerry og rådgivaren hans, Robert Malley. Denne gongen var det eit spørsmål om å, framfor vitne, slutte det iranske militære, kjernefysiske dossieret som alle visste at hadde vore ferdig lenge. Så følgde eit år med hemmelege, bilaterale forhandlingar om Irans regionale rolle og landets funksjon som Midtaustens gendarmeri, slik dei hadde fungert under sjah Reza Pahlevi. Til slutt vart atomavtalen signert med pomp og prakt.
Men i januar 2017 valde amerikanarane Donald Trump, som sette spørsmålsteikn ved avtalen. President Rohani publiserte då sitt prosjekt for sjiittane og allierte statar (Libanon, Syria, Irak og Aserbajdsjan): å foreine dei i eit stort imperium under føraren for revolusjonen, Ayatollah Ali Khamenei. Det er på dette nye grunnlaget at Biden-administrasjonen må forhandle vidare.
Men USA kan berre posisjonere seg i det større Midtausten etter at dei har bestemt seg for kva dei skal gjere med sine to rivalar Russland og Kina. Forsvarsdepartementet har sett ned ein kommisjon som arbeider med emnet og skal legge fram forslaga sine i juni. I mellomtida tenker Pentagon å halde fram med det dei har gjort i 20 år: «den endelause krigen». Med målet for krigen å øydelegge all mogleg motstand i regionen, og såleis øydelegge alle statsstrukturar – venleg såvel som fiendtleg – var det aldri noko a priori spørsmål om å akseptere Rohani-prosjektet.



Washington tok opp kontakten i november, tre månadar før Biden starta presidentembetet sitt. Dette var akkurat det som Trump-administrasjonen hadde gjort med Russland, noko som førte til rettsforfølging med heimel i Logan-lova. Denne gongen blir det ingen rettsforfølging, for Biden-administrasjonen har einstemmig støtte i alt som tel i Washington.
Vidare tar Iran/USA-forhandlingane stad i Austen. Teheran og Washington held gislar for å halde oppe presset på kvarandre. Begge arresterer spionar – eller, når det ikkje finst sånne å oppdrive, turistar – og held dei fengsla medan dei driv langdryge etterforskingar. Det skal seiast at dei får betre behandling i Vesten enn i Iran, der dei blir utsette for konstant psykologisk press.
Til å byrje med heldt Washington på sine sanksjonar mot Iran, men letta på dei dei hadde mot houtiane i Jemen. Dei har også vendt det døve øyret til den sør-koreanske kanalen som let Iran omgå sitt embargo. Men det var ikkje nok.
Frå 15. til 22. februar starta Iran – gjennom sine irakiske filialar – kommandoaksjonar mot US-amerikanske styrkar og selskap i Irak; ein måte å vise at dei har større legitimitet i det landet enn Onkel Sam har. Israelarane, på si side, anklaga Iran for å ha forårsaka ein eksplosjon i eit tankskip som eit av selskapa deira eigde, i Oman-golfen den 25. februar.
Utanriksministeren responderte med å sende Pentagon til å bombe installasjonar som sjiitt-milits brukte i Syria, ein måte å vise at USA illegalt okkuperer dette landet med ein leiarskap som lir under iransk sekterisk stønad – i dag hjelper ikkje Iran syrarane, men dei av dei som er sjiittar – og at ein må tole det.
Kina
USAs dominerande posisjon er ikkje trua av Kina, men av utviklinga til landet. Trass all sin kynisme, har ikkje Washington hjarte til å leike kolonialisme i britisk stil og sende kinesarane tilbake til svolten. Dei bør logisk sett legge fram konkurransereglar mellom seg og «verdas fabrikk». Dei kan, slik president Trump har vist, men dei vil ikkje lenger, for den noverande herskande klassen har kolossale personlege fordelar av denne ujamne handelen. Skapte kanskje ikkje utanriksminister Antony Blinken sjølv firmaet WestExec Advisors for å introdusere USAs transnasjonale for Kinas kommunistparti?



Sanninga er at det berre finst eitt val att: å la USAs økonomi synke så seint som mogleg, og halde kinesisk militær og politisk makt innanfor eit avgrensa påverknadsområde.
Dét er grunnen til at president Biden, i sin første telfonsamtale med president Xi, forsikra om at han ikkje stilte spørsmål ved medlemskapet til Tibet, Hong Kong og sjølv Taiwan i Folkerepublikken Kina. Men han hinta om at han var imot Kinas tilbaketaking av den suvereniteten dei hadde hatt over heile Kina-havet før den europeiske kolonialismen. Trusselen mot Spratly-øyene og andre overgitte øyer vil derfor halde fram.
Beijing bryr seg ikkje: dei held fram med å trekke folket sitt ut av underutvikling. I morgon vil tigeren kvesse klørne, men den vil allereie ha breidd seg utover langs den nye Silkevegen. Ingen vil kunne tvinge den til noko som helst lenger.
Russland
Russarane er eit særtilfelle. Dette folket er i stand til å halde ut den verste skort, dei har eit kollektivt medvit som alltid bringer dei tilbake til livet. Mentaliteten deira er inkompatibel med dei anglo-saksiske elitane sin; alltid i stand til grusamheit for å oppretthalde sin levestandard. Dette er to motstridande oppfatningar ære: den eine basert på stoltheit over det ein har gjort, den andre på æra ved siger.



Sjølv tretti år etter oppløysinga av Sovjetunionen og Russlands overgang til kapitalismen, forblir Russland ein ontologisk fiende for den anglo-saksiske eliten; prov på at ulikskapane i økonomiske system berre var eit påskott for konfrontasjonane.
Derfor ser Pentagons offiserar, same kva dei seier, berre krig med Kina i ei fjern framtid, og er klare til å kjempe mot Russland i dag. Den første bombinga til Biden-mandatet var i Syria – som forklart over. På grunn av «avspenningsavtalane» har USAs generalstab informert sine russiske motpartar på førehand. Men dei gjorde det berre fem minutt før skota vart avfyrte, for å sikre at Moskva ikkje skulle få tid til å åtvare Damaskus. Framfor alt tok dei ingen grep for å sikre at dei ikkje ville skade eller drepe russiske soldatar.
USA er ute av stand til å akseptere Russlands retur til Midtausten; ein retur som delvis paralyserer «den evige krigen».
Omsett av Monica Sortland
Knut Lindtner har lagt til de fleste bilder m/tekst
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 340 ganger.