Ukraina – USA lyg for sine allierte for å halde kustus på dei
frå Moon of Alabama
Biden-administrasjonen har lansert ein skinkampanje som skal roe ned dei europeiske ’allierte’ som pressar på for fredsforhandlingar om Ukraina.
Men, som avisa Washington Post opplyser, så er den påståtte Biden-framstøyten for forhandlingar eit narrespel:
«Biden-administrasjonen oppfordrar på privaten dei ukrainske leiarane til å signalisere at dei er opne for forhandlingar med Russland, og til å droppe utspela der dei nektar å vere med på fredsforhandlingar før president Vladimir Putin er fjerna frå makta, ifølge innsidar-kjelder.
Oppfordringa er ikkje meint å presse Ukraina til forhandlingsbordet, seier kjeldene. Den er eit kalkulert forsøk på å sikre at regjeringa i Kiev held på støtta frå andre nasjonar som lyt ta omsyn til val med ein befolkningen som er skeptiske til det å fyre opp under ein krig i mange år framover.
Sjølv om administrasjonen deler den ukrainske motparten si vurdering om at Putin no ikkje er interessert i forhandlingar, så skjøner dei at president Volodymyr Zelensky sitt forbod mot forhandlingar har skapt uro i deler av Europa, Afrika og Latin-Amerika, der dei kraftigast kjenner på kroppen den problematiske innverknaden som krigen har på tilgang og pris på mat og drivstoff.»
Viss Zelensky no byrjar tilby forhandling, veit vi at det ikkje er alvorleg meint, men berre for syns skuld.

Sjefsrådgivaren for USAs nasjonale sikkerheit, Jake Sullivan, har nett besøkt Kiev. Sannsynlegvis er det han som har konstruert denne planen. Det skulle samsvare med ei anna historie som nyleg vart planta i avisa Wall Street Journal , om samtalar mellom Sullivan og nokre russarar:
«National Security Advisor Jake Sullivan har dei siste månadane hatt hemmelege samtalar med høgt rangerte russiske embetspersonar, rapporterte The Wall Street Journal på sundag, ifølge anonyme US-amerikanske og allierte embetspersonar.
Embetspersonane sa at samtalane hadde som mål å redusere risikoen for at krigen i Ukraina skulle utvikle seg til ein større konflikt, og at Sullivan åtvara Moskva mot å bruke atomvåpen. Dei sa Sullivan hadde samtalar med Juri Usjakov, ein av president Putin sine utanrikspolitiske rådgivarar, og leiaren for Russlands Sikkerheitsråd, Nikolai Patrusjev.»
Grunnen til at denne historia vart planta, er sannsynlegvis den same som over – å roe ned allierte som byrjar bli nervøse for ein endelaus krig.
Det er openlyst at USA ikkje har noko ønske om at krigen skal ta slutt med det første:
«USA sender Ukraina $400 millionar meir i militær støtte og etablerer eit hovudkontor for sikkerheitsassistanse i Tyskland, som skal overvake alle våpenoverføringar og militær trening for Ukraina», annonserte Pentagon på fredag.
…
Den nye kommandoposten, kalla Security Assistance Group Ukraine, signaliserer eit meir permanent, langsiktig program for å fortsette å hjelpe Kiev i kampen deira mot Russland, fortalde talskvinne for Pentagon, Sabrina Singh, til reporterar i Pentagon.

Den nye kommandoposten som skal ha tilsyn med denne støtta vil bli leidd av ein trestjerners senior-offiser og ha kring 300 tilsette i Tyskland som skal overvake våpenassistanse og -opplæringsprogramma, sa U.S. Army sin talsmann for Europa, oberst Martin O’Donnell.»
Ein slik kommando indikerer ein innsats som strekk seg over fleire år. Dessutan er fleire av våpensystema som USA har lova Ukraina enno ikkje produserte. Dei vil ikkje nå Ukraina før i 2023 eller 2024 – om i det heile tatt nokon gong.
Men eg tvilar på at denne planen om ein årelang krig kan fungere. Russlands nylege angrep på elektrisitetssystema til Ukraina har vist at dei har eskalasjonsdominansen, at dei kan gjere mykje meir for å øydelegge Ukraina og gjere det umogleg for regimet der å drive krigen vidare.
USA pressar Ukraina til å også angripe dei russiske posisjonane på høgre side av Dnepr-elva:
«Ukrainske styrkar kan ta tilbake den strategisk viktige, sørlege byen Kherson frå russiske troppar, sa USAs Forsvarsminister Lloyd Austin på torsdag, som vil vere eit massivt nederlag for Russland i landets invasjon av naboen.
Austins kommentarar kom samtidig med at ein russisk-installert tenestemann i Kherson-regionen sa at Moskva sannsynlegvis ville trekke troppane sine frå vest-breidda av Dnepr-elva – eit signal om ei signifikant tilbaketrekking, om det blir stadfesta.
…
’Når det gjeld saka om ukrainarane greier å ta det gjenståande territoriet på vest-sida av Dnepr-elva og i Kherson, så trur eg bestemt at dei har kapasiteten til å gjere det,’ fortalde Austin på ein pressekonferanse i Pentagon.’Det viktigaste er at ukrainarane trur dei har kapasiteten til å gjere det. Vi har sett dei engasjerte i svært metodiske, men effektive forsøk på å ta tilbake sitt suverene territorium.’»
Det går også rykte frå Ukraina om at Sullivan har pressa Zelensky til å starte ein Kherson-kampanje så snart som mogleg. Zelensky skal ha gått med på det.

Men den ukrainske arméen har ikkje lyst til det – i det minste ikkje på noverande tidspunkt. Dei russiske troppane i området har fått forsterkingar. Markene er sørpete og kan ikkje kryssast med tunge køyretøy; russiske artilleriangrep øydelegg utstyr som er utplassert på førehand for angrepet før hæren er klar for å nærme seg frontlinja.
Det ukrainske militæret har i vekevis prøvd test-angrep [probing attacks] i Kherson-regionen. Desse fekk ikkje signifikante resultat, og angrepseiningane fekk stygge tap. Einingane som er utplasserte rundt om i regionen har vore der sidan tidleg oktober eller lenger. Militærkartet [ Military Land deployment map ] viser berre éi eining som kom dit for berre fem dagar sidan. Den 98. Azov- bataljonen, ein av dei fascistiske frivillige styrkane, har vore posisjonert i baktroppen til den 128. Mountain Assault-brigaden som dei siste vekene har hatt nokre av dei største tapa.
Bruken av slike ’nasjonalistiske’ styrkar for å hindre tilbaketrekking av utmatta frontlinje-einingar, har skjedd regelmessig i denne krigen.
Ukraina har i fleire veker vore utan suksess på slagmarka. Washington vil dei skal vise suksess så dei kan fortelle sine allierte at krigen kan vinnast av den ukrainske sida. Presset for angrep på Kherson er igjen ein del av den generelle kampanjen for å overtyde europearane om at dei må halde fram med å væpne og støtte Ukraina.
Kampanjen er villeiande. Ukraina tapar krigen stort. Men USA har eit ønske om å kjempe mot Russland til siste ukrainar – og til siste euro.
Fritt omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Mefisto av Eduard von Grutzner
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 411 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Som alt annet bandittstaten sier og gjør. Det er løgn og kulisser beregnet til å lure idiotene i Europa, som på ny får æren av å være vertskap for enda en ødeleggende men lønnsom krig for frimurerne og bankene i USA.
So langt er krigen særs lønsam for norsk gass- og våpeneksport. Framtida vil syna kor lurt det er av krigarlandet Noreg å leggja alle egga i den vestlege korga. Noreg har meldt seg på i endå ein håplaus krig. Me kan melda oss av.
Nato er naturlegvis desperat etter fiaskoen i Afghanistan. Overlever Nato ein fiasko til?