SANNINGAS TIME I UKRAINA (2)
Vesten avviser fred i Ukraina
av Thierry Meyssan
På vegner av Kina kom Li Hui for å føreslå at Vesten skulle innrømme sine feil og slutte fred i Ukraina. Analysen hans er presis og velbegrunna. Men Vesten lytta ikkje. Dei følger trøytteslaust retorikken dei perfeksjonerte under Den kalde krigen: dei er demokratar, medan dei andre – alle andre – ikkje er det. Dei vil halde fram med å støtte Ukraina, sjølv om landet ikkje har fleire soldatar og allereie har tapt på bakken.
VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 30. MAI 2023



I førre veke minna eg dykk på at når du sel våpen, så er du etter Folkeretten ansvarleg for korleis dei blir brukte [1]. Om altså Vesten væpnar Ukraina, må dei garantere at våpena berre vil bli brukte til sjølvforsvar, og aldri til å angripe russisk 2014-territorium. Elles vil Vesten ufrivillig gå til krig mot Moskva.
Og Vesten passar seg alltid vel, så dei ikkje skal bli ein direkte part i krigen. Til dømes trekte dei tilbake visse våpensystem frå luftvåpena dei hadde lova Ukraina, før dei leverte dei. Resultatet er at Ukraina ikkje har kapasitet til å skyte ut luft-til-bakke-missil mot fjerne mål inne i Russland. Men ukrainarane kan etter kvart kome til å sjølve skaffe seg det nødvendige utstyret og igjen utruste flya sine med det.
Spelet med væpning av Ukraina utan å gi dei middel til å angripe Moskva, blir no utfordra av kinesiskdiplomati. Avisa Wall Street Journal har skrive om nokre aspekt ved desse kontaktane, men skjult essensen av det kinesiske standpunktet [2].
Li Hui, som nyleg besøkte Kiev, Warszawa, Berlin, Paris og Brussel, sette ned foten: på grunnlag av «Initiativet for global sikkerheit» og «12-punktsplanen for fred i Ukraina», som det kinesiske utanriksdepartementet publiserte den 24. februar, påpeika han for samtalepartnarane, som hadde akseptert skriva, at:
• Russland har etter Folkeretten rett til å gjennomføre sin militære spesialoperasjon mot dei ukrainske «integrerte nasjonalistane». Ikkje berre ikkje strir det mot FN-pakta, men det er også ei legitim realisering av «ansvaret for å forsvare» russiskspråklege folkegrupper.
• Krim, Donbass og den austre delen av Novorossia slutta seg legitimt til Den russiske føderasjonen ved folkerøysting. Desse eks-ukrainarane har i fleire hundre år vore eit folkeslag som er veldig ulike dagens ukrainarar.l
Han understreka at Russland ikkje var utan skuld:
• Dei må respektere avgjerda som Den internasjonale domstolen (FNs tribunal) tok den 16. mars om at Russland skulle «suspendere» sine militæroperasjonar i Ukraina, noko dei var seine med å gjere, men no rettar seg etter.
Han forklarte tolmodig at Vesten var veldig skuldig:
• For å ha installert Nato-våpenlager og militærbasar i aust, og med det brote det dei forplikta seg til då dei signerte OSSEs Istanbul-erklæring (2013) ;
• For å ha organisert og støtta eit statskupp i 2014 mot dei legitime styresmaktene i Ukraina;
• For å ikkje ha implementert Minsk-avtalane som vart signerte av Tyskland og Frankrike (2014 og 2015) og deretter ratifiserte av FNs Sikkerheitsråd;
• For å ha sett i verk unilaterale tvangstiltak mot Russland, eit brot mot FN-pakta (1947).
Med dette utfordra han ikkje berre heile det Vestlege narrativet, men også tenkemåten til samtalepartnarane om denne konflikten.



Han peike på at, i motsetning til det dei påstår, så ønsker ikkje USA at Ukraina skal vinne. Ein slik siger ville bety at eit lite land er i stand til å slå Russland, medan USA ikkje vågar konfrontere dei. Det ville ha vore det verste av audmjukingar.
Framfor alt er det tydeleg for utanforståande observatørar at føremålet med å sende brukte våpen til Ukraina ikkje er å slå Russland, men å terge dei så mykje at dei avslører sine nyaste våpen. Vesten observerte ikkje for alvor den russiske arméen i Syria, opptatte som dei var med å få jihadistar til å øydelegge den syriske staten. Då president Vladimir Putin i 2018 hevda at Russland hadde greidd å utvikle hypersoniske missil, laservåpen og atomdrivne missil [3], trudde Vesten han bløffa. No veit dei at han snakka sant, men dei veit ikkje korleis våpena ter seg, eller om dei har det som trengst til å stå imot dei.
Iden ukrainske konflikten har Moskva vist stort tolmod. Dei vil heller ta nokre tap enn å spele ut alle korta sine. Det einaste nye våpenet som har blitt brukt, er eit system som forstyrrar NATO sine kommandosystem (testaunder realistiske forhold i Svartehavet så tidleg som 2014 [4], i Kaliningrad, utanfor kysten av Korea [5]), og iMidtausten [6]; og dei hypersoniske Kinzhal-missila (testa under realistiske forhold i Ukraina sidan mars 2022). Ukrainarane påstår dei har skote dei ned, men dette er berre skamlaus propaganda. Dei er enno uslåelege, og Russland masseproduserer dei. Dei råka undergrunnsbunkerar den 9. mars og øydela eit Patriot-system den 16. mai.
Ingen veit sikkert nøyaktig kva slags våpen Russland har til disposisjon. Men alle er klare over at dei har blitt langt mektigare enn USA, som sit på eit arsenal som ikkje har blitt generelt forbetra sidan oppløysinga av SSSR.
Sidan dei første leveransane med Vestlege våpen till Ukraina, har Russland klaga over det faktum at dei ikkje har spelt noka viktig rolle på staden, anna enn å forårsake endå meir av øydelegging og menneskelege offer. Vesten lyttar ikkje, på førehand innstilte på at all russisk retorikk berre er propaganda. Viss dei hadde prøvd å forstå, ville dei ha innsett at det dei gjer ikkje samsvarer med det dei rettferdiggjer det med.
La oss gå tilbake til det kinesiske standpunktet. Li Hui nemnde ikkje president Volodymyr Zelensky, som Vesten har opphøga til helt. Medan kommunikasjonen i Vesten personifiserer alle aktørar, gjer kinesarane det ikkje. På den måten beheld dei eit klarare blikk på kreftene som verkar.
Li Hui fortalde også samtalepartnarane sine at dei ikkje hadde nokon grunn til å slutte seg til USA sitt standpunkt, og at dei burde praktisere autonomi. Det er akkurat det same om president Vladimir Putin fortalde dei på München Sikkerheitskonferanse i 2007 [7]. Herr Li våga til og med å seie dei at dei kunne vende seg til Beijing dersom dei hadde behov for å skille seg økonomisk frå Washington.
For europearane var denne fornuftige talen psykologisk uhøyrbar. Dei har ikkje anerkjent brotsverka til USA dei siste tjuefem åra som brotsverk, og nektar stadig for det. I røynda er dei ikkje spesielt avhengige av Washington, men dei er intellektuelt sett svært påverka av USA.
Så dei responderte ikkje på Kinas argument, men erklærte, ikkje overraskande, at dei ikkje ville kople seg frå USA, at dei kravde tilbaketrekking av russiske troppar frå Ukraina før det kunne finne stad forhandlingar, og at dei rekna med Kina som garantist for at konflikten ikkje skulle utvikle seg til atomkrig.
Dette siste refrenget viser at europearane enno ikkje har forstått standpunktet til verken russarane eller kinesarane. President Putin har gjentatte gongar forklart at han ikkje vil bli den første til å ta i bruk strategiske atomvåpen. Så det er frå russisk side av ingen fare for at det utartar seg slik. Vidare ser Kina seg som ein militært alliert av Russland i tilfelle det kjem til ein global konfrontasjon, men ikkje under konfliktar som ikkje vedkjem dei, slik som den i Ukraina. Heller ikkje sender dei våpen dit. Denne skilnaden mellom strategiske og taktiske allierte, er eit trekk ved den multipolare verda som Moskva og Beijing strevar med å bygge opp. Det kjem heller ikkje på tale for Russland å danne nokon koalisjon til å støtte seg i Ukraina.
Ingen er så blind som den som ikkje vil sjå.
Omsett av
[1] “The moment of truth in Ukraine”, av Thierry Meyssan, Omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 23 May 2023. [2] «Europe Snubs China Bid to Split West», Bojan Pancevski & Kim Mackrael, The Wall Street Journal, May 27, 2023. [3] “Det nye russiske atomarsenalet gjenoppretter bipolariteten i verda”, av Thierry Meyssan, Omsett av Monica Sortland, Voltaire Network, 8. mars 2018. [4] “What spooked the USS Donald Cook so much in the Black Sea?”, Voltaire Network, 8 November 2014. [5] “Russland lammer kontrollene til hangarskipet «Ronald Reagan» og den 7. flåten”, Omsett av Knut Lindtner, Voltaire Network, 11 November 2015. [6] “The Russian army partially blocks the air space over Lebanon and Cyprus”, Omsett av Pete Kimberley, Voltaire Network, 24 November 2015. [7] “The unipolar governance is illegal and immoral”, av Vladimir Putin, Voltaire Network, 11 February 2007.Redaksjonen har lagt til et bilde m/tekst.
Forsidebilde: Louis Hansel
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 922 ganger.
1 kommentar. Leave new
«Volodymyr Zelensky, som Vesten har opphøga til helt. Medan kommunikasjonen i Vesten personifiserer alle aktørar, gjer kinesarane det ikkje. På den måten beheld dei eit klarare blikk på kreftene som verkar.
….For europearane var denne fornuftige talen psykologisk uhøyrbar. Dei har ikkje anerkjent brotsverka til USA dei siste tjuefem åra som brotsverk, og nektar stadig for det.»
Før vesten, inkl. Norge, får talerett bør de/vi slutte med den unisone dobbeltmoralen.
Før Stoltenberg blir stilt for retten, og likeledes at Ap ( og også Høyre) blir forbudt, – for å bryte norsk grunnlov flere ganger, så bør vi bare flire av det politiske Norge.
– Og deres media-klakkører.