POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Folk tror ikke lenger på myndighetene.

Synkende oppslutning om vaksinene i USA.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Berre TO prosent av amerikanarar har teke den nyaste covid-oppfriskningsdosen

LifeSiteNews melder at berre to prosent av amerikanarane per dags dato (16.oktober 2023) har teke den nyaste covid-oppfriskningsdosen. Dette svarer til rundt sju millionar menneske. Den nyaste dosen har vore tilgjengeleg i over ein månad, til stor fanfare og lovprising frå media, CDC og Biden-administrasjonen. Amerikanarar flest styrer derimot langt unna denne «vaksinen», vel vetande om kva den eigentleg er: eit forsøk på å skape uhelse og død for å redusere befolkninga.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Dei nyaste dosane, som blir påstått å beskytte mot den nye Omikron-undervarianten XBB.1.5, blir produsert av Moderna, Pfizer og BioNTech.

Til samanlikning tok 18 millionar amerikanarar oppfriskningsdose i fjor på same tid, altso to og ein halv gong fleire. Innan slutten av 2022 hadde 17%, eller 56,5 millionar, teke dosen. Det noverande estimatet antydar at det endelege talet amerikanarar som tek oppfriskningsdose i 2023 vil bli langt lågare.

Ifølgje U.S. News & World Report bur 91% av alle amerikanarar innan fem miles (ca. åtte kilometer) frå næraste vaksinasjonsstad. Likevel har altso 98% so langt takka nei.

Det ser ut til at det amerikanske folket rett og slett ikkje lenger trur på løgnene til det sokalla covid-industrielle komplekset – altso Big Pharma i samarbeid med Big Tech, Biden-administrasjonen og media. Med andre ord innser fleire og fleire kva for ein katastrofe dei sokalla covid-«vaksinane» har vore for menneskeheita, og kva slags menneskefiendtlege intensjonar som ligg bak. Ein viss Ian Miller på ein nettstad ved namn outkick.com skriv (mi omsetjing):

«Oppslutninga på 2% er uendeleg lita […]. Medan desse nye dosane ikkje har vore tilgjengelege so altfor lenge, viser sju millionar dosar at der er lite interesse for fleire dosar, same kor hardt det covid-industrielle komplekset prøver.»

Han skriv vidare:

«Ingen høyrer på dei lenger, fordi mange i folket endeleg har innsett at mesteparten av individa som er involvert i desse promoteringskampanjane, eigentleg ikkje har noka aning om kva dei snakkar om. Ein vart fortalt at munnbind fungerte, at skular måtte stengjast, at det å ta vaksine ville stoppe spreiinga og hindre smitte, at lab-lekkasjen var ein rasistisk konspirasjonsteori og at nedstengingar var naudsynte. Alt dette er beviseleg feil. Og dette er det uunngåelege resultatet.»

Det var en tid da noen trodde dette virket.

No prøver statlege byrå og media, som arbeider på vegner av Big Pharma, å skape behov for «vaksinane» med det som ser ut som einaste tilgjengelege verktøy: skremselspropaganda. Det er ikkje utan grunn at dei går ut av sine gode skinn for å pushe «vaksinane» på menneskeheita: covid-injeksjonane og oppfriskningsdosane har skapt eventyrleg profitt for den farmasøytiske industrien og alle medløparane. Målet er at covid-19-sprøyta skal bli eit årleg føretak, noko dr. Mark Mulligan, direktør i NYU Langone Vaccine Center sa til today.com so nyleg som september i år.

CDC og HHS (Department of Health and Human Services, det amerikanske omsorgsdepartementet) prøver no å få foreldre til å late barna sine få covid-sprøytene. 700 000 dosar har blitt bestilt via CDC sitt barnevaksinasjonsprogram «Vaccines for Children». Dr. Michelle Fiscus, leiande medisinsk offiser ved Association of Immunization Managers, skal ifølgje U.S. News & World Report ha lira av seg følgjande:

«Vi har rundt 10 000 babyar per dag i dette landet som blir kandidatar for covid-19-vaksinar når dei blir seks månader gamle, og vi vaksinerer berre rundt 7000 barn i veka under fire år […]. So vi har denne veksande befolkninga av unge, ubeskytta barn, og det påverkar ikkje berre liva til desse barna, men det tynnar verkeleg ut flokkimmuniteten som vi har i samfunnet ved å auke denne befolkninga kvar einaste dag av barn som er ubeskytta […].»

Ein prøver òg å auke presset mot eldre for å få dei til å late seg injisere, noko Lori Tremmel Freeman, leiande executive officer for National Association of County and City Health Officials sa til CNN:

«I det vi går endå djupare inn i denne luftvegsvirussesongen, er vi mest bekymra for om dei eldre vil bli beskytta […]. For alle med underliggjande helseproblem kan alle tre vaksinane hindre alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og død.»

Som LifeSiteNews minner oss på, sa president Joe Biden i desember 2021 at dei uvaksinerte stod overfor ein vinter av alvorleg sjukdom og død, familiane deira og dei sjukehusa dei snart ville overvelde. Dette fann, som vi alle hugsar, aldri stad. I fjor gjentok Biden nøyaktig same løgna, i tillegg til å be folk om å igjen byrje å bruke munnbind.

Hausten 2022 konfronterte den republikanske senatoren Ron Johnson frå Wisconsin leiarar i Big Tech under ei høyring i regi av U.S. Senate Homeland Security and Governmental Affairs. Konfrontasjonen gjaldt at dei hadde sensurert covid-informasjon medan dei fremja regelrette løgner. Han kom med følgjande tale:

«So, openbert vart dette publisert og dei dreiv og publiserte annan liknande informasjon under same tidsperiode då president Biden laug til det amerikanske folket om at dette var ein pandemi av uvaksinerte. Og dersom du vart vaksinert, slapp du å fare på sjukehus, eller akuttmottak og du kom ikkje til å døy.

Vel, 63,5% av fullvaksinerte i England døydde på nøyaktig same tid. Kvifor trekte de ikkje dette tilbake? Har de nokosinne merkt kommentaren til USAs president som ‘feilinformasjon’? Har de nokosinne gjort det? Nokon av dykk?»

De skulle redde oss, men holdt ikke det de (produsentene og myndighetene) lovet.

Senator Johnson vart møtt av øyredøyvande stillheit over heile linja.

«Eg tek dette som eit nei,» svarte han. Deretter leverte han følgjande tillegg:

«Eg berre undrast, kven er styresmaktene [authorities kan òg omsetjast med ‘autoritetane’]? Kven trur de at de er, som sensurerer informasjon frå briljant kvalifiserte legar som hadde mot og medkjensle til å behandle covid-pasientar då NIH-retningslinjene essensielt var, om du testar positivt for covid, far heim. Ver redd. Isoler deg sjølv. Ikkje gjer noko før du er so sjuk at du må innleggjast. Vi vil gje deg remdesivir, som so langt har forårsaka 1600 dødsfall. Vi koplar deg til respirator og ser på deg medan du døyr.

Folkens, de ber ein stor del av ansvaret for at fleire hundre tusen menneske ikkje vart behandla, og som eg påstår truleg døydde når dei kunne ha overlevd. Eg håper de er stolte av dykk sjølve.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Azzedine Rouichi



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 627 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Det er ikke bare blant vanlige folk at vaksineskepsisen øker. Mange fremstående personer innen det medisinske feltet, som f.eks. Peter McCullough og Robert Malone, som hadde tatt det for gitt at vaksinering var en god idé, har nå begynt å stille et stort spørsmålstegn ved vaksiner generelt. Jeg tror derfor at covid-vaksinene og det vaksineringspresset vi har vært utsatt for vil vise seg å være legemiddelindustriens største strategiske feilgrep noensinne. Det var dette som skulle til for å få folk til å våkne opp og begynne å tenke.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

President Vladimir Putin:

«Regelbasert orden» er et røykteppe.

Previous Post

Vi kjenner lusa på gangen:

FN-resolusjon om våpenhvile i Gaza-konflikten blokkert (veto) av USA, UK og Frankrike.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.