POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Folk i Polen nektet å ta vaksinen og da ble det ble for få vaksinerte.

Polen nekter å betale for vaksinen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Pfizer saksøkjer Polen for brot på covid-«vaksine»-kontrakten

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Nettstaden The People’s Voice melder at Big Pharma-giganten Pfizer har tenkt å saksøkje Polen på grunn av påstått brot på vaksinekontrakten. Pfizer krev seks milliardar polske zloty – eller vel 16 milliardar norske kroner – fordi landet ikkje har vaksinert ein stor nok del av befolkninga. Folk vil rett og slett ikkje ta desse livsfarlege mRNA-injeksjonane.

I søksmålsbegjæringa kjem det fram at Polen ikkje har betalt for rundt 60 millionar vaksinar. Desse vart aldri brukte fordi folk rett og slett nekta å late seg injisere med dei. Polen inngjekk bindande avtale om å betale for desse, men har altso valt å ikkje gjere det. Den fyrste høyringa i rettssaka skal haldast i Brüssel 6.desember 2023. Grunnen til at nettopp den belgiske hovudstaden er valt, er fordi vaksinekontraktane ligg under jurisdiksjonen til Europakommisjonen, som har hovudkvarter i Berlaymont-bygningen i byen.

The People’s Voice skriv vidare at Katarzyna Sojka, den polske helseministeren, seier at den polske regjeringa ikkje kjem til å betale for dei vaksinane som det polske folket valde å avvise. Ho påpeikte òg at andre EU-statar står overfor eit tilsvarande dilemma, og at dette dermed ikkje berre gjeld Polen. Ho ser ikkje på det som realistisk at dei kjem til eit forlik med Pfizer, og at rettssaka dermed er i gang.

Nettstaden BNN rapporterer (mi omsetjing):

«Som respons på kvifor Polen mislykkast i å halde avtalen, gav statsminister Mateusz Morawiecki ‘force majeure’ som grunn, og argumenterte for at utfallet var utanfor kontrollen til regjeringa.

Etter ein runde med mislykka forhandlingar gjekk Pfizer hen og tok rettsleg affære, og leverte inn begjæring om søksmål i Brüssel, og kravde kompensasjon frå den polske regjeringa i milliardklassen.

Problemet vil no måtte handterast av den nye regjeringa, som sannsynlegvis skal leiast av Donald Tusk. Utfallet av saka kan ha betydelege implikasjonar for internasjonale vaksinekontraktar, og påkallinga av force majeure i slike avtalar.»

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «SLOVAKIA vil ikke inngå noen internasjonale pandemiavtaler med WHO, sier statsministeren.»
    «ESTLAND varsler WHO at de avviser pandemiavtalen og endringer i internasjonale helseforskrifter.»
    «Covid-injeksjoner er avviklet på ISLAND.» :
    expose-news.com
    mens:
    «NORGE naturligvis støtter helt og fullt opp om WHO.» :
    steigan.no
    «Åtte av ti har tillit til norske medier». Er det da rart det går nedenom og hjem?:
    lovoghelse.no
    Særlig motstand fra sånne sovedukker behøver ikke Kjerkol å frykte; du skal se hun får de lydigste til å angi naboen.
    «Hvor er Advokatforeningen, Legeforeningen, Datatilsynet?» :
    hemali.no
    «Makt flyttes fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet til Helse- og omsorgsdepartementet», «Mer sentral styring og makt»:
    sykepleien.no
    Kjerkols «nulltoleranse for feil oppførsel» vil ikke ha noen innsigelser og innblanding fra Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

FNs og WHOs globale 2030-sexagenda:

Barn bør ha sexpartnere så tidlig som mulig – Seksualisering av barn er en del av FNs planer

Forrige innlegg

Når ansiktsuttrykket forteller alt:

Video av nyutskrevne soldater fra Ukraina.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.