POSTED IN Coronavaksiner, Helse

Florida går ett skritt videre:

Alle Corona-påbudte tvangstiltak forbys.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Florida forbyr permanent alle covid-19-påbod relatert til munnbind og vaksinar på skular og i føretak

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Delstaten Florida har ratifisert ei rekkje lover som permanent forbyr Wuhan koronavirus (covid-19)-munnbind- og vaksinepåbod på skular og i føretak.

Guvernør Ron DeSantis skreiv under på lovene torsdag 11.mai, og skildra dei fire relevante lovforslaga som del av ein innsats for å «ordinere fridom». Denne historiske hendinga kom fleire månader etter at DeSantis sa at han ville at Florida Legislature skulle vedta desse permanente forboda. (Relatert: POLITISK MOT: Ron DeSantis vil at Florida Legislature skal permanent forby covid-19-munnbind- og vaksinepåbod.)

Ronald Dion DeSantis (født 14. september 1978 i Jacksonville i Florida i USA) er en amerikansk advokat, tidligere marineoffiser og politiker som har vært den 46. guvernør i Florida siden januar 2019.
DeSantis er republikaner og representerte Floridas 6. kongressdistrikt i Kongressen fra 2013 til 2018.

DeSantis snakka om korleis desse nye lovene peiker på eit behov for å adressere potensielle framtidige statlege forsøk på å påtvinge helserelaterte påbod på befolkninga.

«Faren er der no, ein av grunnane til at vi gjennomfører dette lovforslaget, er at ja, i Florida er vi glade for at vi motsette oss det,» sa han. «Men mykje av elitane og byråkratane trur at denne responsen er måten du skal gjere det på igjen i framtida dersom noko slikt som det skjer.»

Det desidert viktigaste lovforslaget av dei fire er Senate Bill 252, som forbyr arbeidsplassar, statlege byrå og skular frå å krevje at folk kjem med dokumentasjon som beviser at dei har blitt vaksinert eller testa for covid-19, eller å gå med munnbind for å få tilgang til sine respektive fasilitetar.

Lovforslaget forbyr òg dei nyss nemnde institusjonane frå å krevje covid-19-vaksine som vilkår for tilsetjing. Det krev òg at Florida Department of Health og Agency for Health Care Administration [«byrå for helseomsorgsadministrasjon»] utviklar skikkelege standardar for «passande bruk av ansiktstildekking for infeksjonskontroll» i helseinstitusjonar.

Helsedepartementet i delstaten og generaladvokatens kontor har lov til å bøteleggje institusjonar og personar med opp til 5000 dollar for kvart brot på forbodet mot påbod.

Vidare forbyr lovforslaget sjukehus og andre helseinstitusjonar å gripe inn i evna pasientar har vil å velje «covid-19-behandlingsalternativ», føresett at dei er tilrådde av legar eller anna helsepersonell med slike fullmakter på desse sjukehusa og andre helseomsorgssettingar.

«Du burde ha rett til å prøve desse [alternative covids-19-behandlingane] under legane våre sitt tilsyn, og det er beskytta i delstaten Florida,» sa DeSantis.

Forforslaget fordømte òg formelt Verdas helseorganisasjon og deira tilrådingar i delstaten.

Florida tildeler i tillegg varslarvern til legar, og forbyr gain-of-function-forsking

DeSantis skreiv òg under på Senate Bill 1387, som forbyr gain-of-function-forsking i delstaten. DeSantis sa at liknande gain-of-function-forsking utført ved Wuhans institutt for virologi sannsynlegvis har skulda for den globale pandemien.

«Vi er den fyrste delstaten i USA som formelt forbyr gain-of-function-forsking,» sa DeSantis. «Kor er ansvarleggjeringa for folk slik som Fauci og desse andre folka når dei sa at dei aldri gjorde noko av dette? Og vi veit at mykje av det ikkje var sant. So, eg er glad for at den lovgjevande makta skreid fram og utgjorde ein skilnad her.»

Guvernøren skreiv òg under på Senate Bill 1580, som sikrar ytringsfridom for legar, i tillegg til å utstyre dei med varslarvern. «Vi ønskjer at legane våre utfører evidensbasert medisin. Vi vil ikkje at dei berre skal underkaste seg autoritetar eller berre følgje flokken,» sa han.

Vidare gjev nemnde lovforslag òg tilbydarar av helseomsorg evna til å ikkje utføre visse tenester basert på «samvitsbasert protest». Men lovforslaget gjeld ikkje ved akuttenester som krevst under delstatleg eller føderal lov.

denne episoden av «The Healthy American» diskuterer programvert Peggy Hall korleis eit fylke i Florida har gjort seg sjølv om til ei hamn for medisinsk fridom.

Forsidebilde: Benigno Hoyuela

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Det desidert viktigaste lovforslaget av dei fire er Senate Bill 252, som forbyr arbeidsplassar, statlege byrå og skular frå å krevje at folk kjem med dokumentasjon som beviser at dei har blitt vaksinert eller testa for covid-19, eller å gå med munnbind for å få tilgang til sine respektive fasilitetar.
    …Vi ønskjer at legane våre utfører evidensbasert medisin. Vi vil ikkje at dei berre skal underkaste seg autoritetar eller berre følgje flokken»

    Og når vil den norske befolkningen HELT skjønne hysteriet, grunnlovsbruddene, og indoktrineringen vi ble utsatt for i to år?
    Den mest stakkarslige slaven er jo den som ikke skjønner at han er slave.

    Hurra for 17 mai. ;-)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Prisstigningen på energi og inflasjonen var planlagt av kapitalkrefter i vest.

«Klima» skulle være påskuddet til å utløse økonomisk krise.

Forrige innlegg

USA-borger arrestert i Ukraina for sine meninger.

USAs regjering er helt taus.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.