POSTED IN Tyskland, Virkelighetsforståelse

Flommen i Tyskland:

Ikke klimaendringer, men forsømmelse?

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Tysklands «Katrina»: let demningar stå fulle i fleire veker, sjølv om det var meldt tungt regn

av P Gosselin den 18. Juli 2021

Tenestemenn let dammane stå breiddfulle i minst 3 veker under ein regnperiode. Deretter let dei vere å føreta kontrollerte utslepp, sjølv då vermeldinga melde om 150 mm regn 4 dagar før flaumen.

No prøver dei å skjule sin grove inkompetanse og skulde det heile på klimaendringar.

I går la eg ut ein post om korleis mykje av Tyskland sin flaumkatastrofe kunne ha vore unngått, særleg når det gjeld tapte liv. Dei siste dødstala har stige til over 150. Endå det hadde vore meldt om tung nedbør fleire dagar på førehand, vart det ikkje gjort noko for å avverge øydeleggingane. I staden for å ta ansvar, skuldar no politikarane på klimaendringar i eit forsøk på å vende merksemda bort ifrå eigen inkompetanse og grov forsøming.

Forsøminga verre enn vi trudde

Men det viser seg at den grove forsøminga kan ha vore til og med verre enn vi trudde: demningar som var konstruerte for å regulere smeltevatn frå fjell og elver har blitt ståande fulle i vekevis før katastrofen vart eit faktum – trass i at Europa var inne i ein regnfull periode.

car on body of water

Ingen kontrollerte utslepp for å auke tilgjengeleg damvolum

Ein uavhengig journalist, Henning Rosenbusch, twitra på Twitter eit klipp av ein tysk medborgar som kommenterte til ein Welt-reporter:

Innbyggaren i ein overfløymd region fortel Welt-reporteren om korleis han kvar veke syklar sin mountain bike langs med dammane som held attende vatn i dalane.

«Eg la merke til at alle dammane dei siste 3 vekene var fulle til toppen – opp til berre 20-30 cm frå kanten. Desse dammane er der for å halde tilbake vatnet. Korfor slepte dei ikkje ut noko av vatnet på kontrollert vis mykje tidlegare? For meg er det utenkeleg. Heile denne saka skulle aldri ha hendt viss det hadde vore 10 eller 20% meir tilgjengeleg volum i dammane.»

Journalisten svara: «Den kritikken har eg høyrt om og om igjen i dag.»

Pliktforsøming?

I tre lange veker stod dammane fulle til toppen, sjølv med langtidsvarsel (14 dagar) som viste at meir og meir regn var på veg. Det har vore ein regnfull sommar, og der var ingen teikn på at det ville endre seg med det første.

Så varsla metorologane, 4 dagar før katastrofen slo ned, om at oppimot 150 mm regn var på veg. Dei fylde dammane var ei tikkande bombe som skulle ha vore uskadeleggjort – og sjansen var der til å gjere det. Men av ein eller annan grunn, sette ikkje autoritetane i verk noko som helst av kontrollerte utslepp for å skape kapasitet og seinke dei nedstrøymande vassflaumane.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Chris Gallagher



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 668 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • Er det mulighet til å lage energi av vannet i disse dammene? I EU (og dermed Tyskland) er jo ikke vannkraft «grønn» som vi vet. Kan dette ha noe med saken å gjøre? Ikke omdanne vannet til «ikke-grønn» energi i «det grønne skiftets» navn? Eller er det så enkelt som at det skulle spares lengst mulig utover høsten, da tilgang blir mindre og prisen høyere? Uansett, etter orkanen Katrina i Louisiana ble vel noen fengslet for sin korrupsjon. Vil noen bli fengslet i Tyskland for sin korrupsjon? Tviler, men man kan jo håpe i det lengste.

    Svar
    • wasan Totland
      22 juli 2021 13:37

      De ville ha mest mulig balansekraft. Det var det samme som jeg tenkte og det høres sannsynlig ut. Forsikringsbrabsjen burde saumfare disse.

      Svar
  • Otto Støver
    21 juli 2021 11:45

    Dersom det er sant at dammene som skal regulere flommer var breddfulle, så er det enten forsømmelse eller en bevisst handling for å skape en krise. Uansett vil vi aldri noen gang få lese dette i norsk presse eller høre det i nrk. Det ville jo ødelegge deres forklaring om menneskeskapt temperaturforandring som årsak til katastrofen.

    Svar
  • På meg virker det som bevisst politisk handling, krisemaksimering med klimasvindel o.l. Og hva ellers de politiske arkitektene bak dette ønsker å oppnå eller formidle. Dette bør til og med de mest naive av de tyske velgerne merke seg og handle deretter.

    Svar
  • Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Asle Toje:

Hvordan kan Norge unngå å gjenta Afghanistan-operasjonen igjen og igjen og igjen?

Previous Post

Hvordan manipulere virkeligheten?

Når noen korrigerer falske nyheter blokkeres de fra sosiale medier.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.