Hyderabad: 54% testa positivt for antistoff mot koronaviruset
Over 75 prosent av desse visste ikkje at dei hadde hatt koronavirusinfeksjon.
Indian Express, 4. mars, 2021
Den siste kartlegginga av smittesituasjonen i den indiske millionbyen Hyderabad avslørte at kring 54 prosent av byens innbyggarar hadde utvikla antistoff mot SARS-CoV-2, altså at dei har vore eksponert for koronaviruset. Kartlegginga avdekka og at over 75 prosent av dei seropositive ikkje visste om at dei nokon gong hadde blitt infiserte med koronaviruset.

Studien – som vart gjennomført i eit samarbeid mellom Rådet for vitskapeleg og industriell forskning (Council of Scientific and Industrial Research , CSIR), Senter for cellulær og molekylær biologi (Centre for Cellular and Molecular Biology, CCMB), Det indiske rådet for medisinsk forskning (Indian Council of Medical Research, ICMR), Det nasjonale instituttet for ernæring (National Institute of Nutrition, NIN) og det indiske bioteknologiske selskapet Bharat Biotech – hadde til mål å finne eit estimat på førekomsten av antistoff mot koronaviruset i Hyderabad.
Vitskapsfolka sjekka ovar 9000 testar for virusantistoff frå 30 ulike område av byen. Minst 300 frå kvar del, samtlege eldre enn 10 år, vart testa under kartlegginga.
Dei fleste av bydelane hadde ein antistoff-førekomst på 50-60 prosent. Men nokre få av dei hadde så høg som 70 prosent eller så låg som 30 prosent.
Kvinner hadde ein marginalt større seropositivitetsrate (56%) enn menn (53%). Dei over 70 år hadde lågare seropositivitet (49%), kanskje p.g.a. lågare mobilitet og større omsynstaking hos den eldre befolkninga under pandemien.
Ikkje overraskande viste studien at den største antistoff-førekomsten (78%) fanst blant dei som budde i hop med Covid-19-positive. Følgd av dei med kjende Covid-19-kontaktar utanfor heimen (68%).
I ei pressemelding fortalde dr. A. Laxmaiah, vitskapsmann ‘G’ ved NIN, at eit større tal rom i huset og færre i familien gir lågare førekomst av koronavirusinfeksjon.
«Denne studien, som er gjort i fleire steg og med eit tilfeldig utval av 9000 menneske i byen Hyderabad, viste at meir enn 75 prosent av dei seropositive ikkje visste at dei hadde vore utsette for koronavirusinfeksjon. Dette tyder på serokonversjon, d.v.s. antistoff-formasjon har skjedd sjølv ved stille infeksjonar,» sa dr. R Hemalatha, direktør for NIN.

I følge studien hadde både dei med utprega Covid-19-symptom og dei utan like stor førekomst av antistoff på rundt 54 prosent.
Omlag 18 prosent av studiens testa hadde vore testa tidlegare og funne positive for koronaviruset. Minst 90 prosent av dei var seropositive, noko som tyder på at dei har bevart antistoffresponsen.
«Denne studien tilfører eit omfattande perspektiv på den potensielt beskyttande immunresponsen mot koronaviruset i byens befolkning. Dataa indikerer at innbyggarane i Hyderabad sakte går mot flokkimmunitet, og det vil akselererast ytterlegare med vaksineringsprosjekta som er i gang,» sa dr. Rakesh Mishra, direktør for CCMB.
Kjelde: The Indian Express
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Shiv Prasad
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 805 ganger.
5 kommentarer. Leave new
I Norge har til nå minst tre professorer i relevant medisin gått ut og kritisert tiltakene samt advart mot vaksinen og myndighetene svarer ikke på kritikken. Vitenskap er irrelevant og lydighet er alt som betyr noe, for tiltakene er jo ikke rasjonelle innenfor årsak-virkning kjedene. Jeg tror majoriteten allerede vet dette, men forholder seg av årsak feighet og dårlig rygg som om de fortsatt tror på forklaringene bak tiltakene. De utsteder diktat og den logrende majoritet ønsker ikke å se at tiltakene ikke har noe å gjøre med smittevern. Først den dagen da man treffes direkte på sin private pengepung så vil man reagere. Det er da det kan bli stygt.
Corona viser hvor lett mennesker i Norge og andre land lar seg frivillig hjernevaske når myndigheter og store deler av medier går sammen.
Så mange kutter ut kritisk tenking.
Donald J. Trump sa dette høyt og tydelig svært tidlig i 2020:
Hydroxychloroquine (HCQ) – Deretter – ble det politisert, fornektet,
boikottet, det ble et forhatt(!) «FY-ord», etc. Vel, vel 3 linker under her
bekrefter at det ‘bittelille’ landet INDIA – ikke har hengt seg særlig opp
i det –
1.)
https://qz.com/india/1968541/india-distributed-over-100-million-hcq-tablets-for-covid-19/
2.)
https://health.economictimes.indiatimes.com/news/pharma/why-icmr-continues-to-stand-firm-on-using-hydroxychloroquine-as-prophylaxis/76172274
3.)
https://www.nature.com/articles/d41586-020-01619-8
Quo Vadis Norway & røkla…????
Du stoppes hvis du legger ved mer enn to linker til et innlegg.
OK – sorry! Fjern #3 – 🙂