POSTED IN Ukraina, Virkelighetsforståelse

«Falken» (The Saker) om Ukrainasituasjonen:

De blåser seg opp i vest, men er som ballonger flest – tomme.

0
Print Friendly, PDF & Email

Ukraina – Ulv, ulv! (igjen)

The Saker 5. juli, 2021

[artikkelen er opprinneleg skriven for Unz Review]

Eg må innrømme at før eg sette meg ned for å skrive denne artikkelen, så hadde eg mine tvil: eg tenkte «ikkje endå ein artikkel som åtvarer mot ein potensiell eksplosjon i Ukraina! Ikkje no igjen!» Likevel, hendingane der er som dei er, og å ignorere dei fordi eg eg lei av å rope ulv, er heller ikkje noka klok løysing. Men eg vil prøve å fatte meg i kortheit. La meg først gi dokker ei kjapp oppsummering av kva som har hendt i Ukraina sidan eg sist skreiv om dei den 28. juni.

(June 21, 2021) U.S. Sixth Fleet formally announces participation in the upcoming annually held Exercise Sea Breeze 2021 (SB21) cohosted with the Ukrainian Navy, June 21, 2021.The exercise is taking place from June 28 to July 10 in the Black Sea region and will focus on multiple warfare areas including amphibious warfare, field operations, diving operations, maritime interdiction operations, air defense, special operations integration, anti-submarine warfare, and search and rescue operations.
Ser flott ut på papiret med mange deltagende land, men har de egentlig noe å fare med?

Som dei fleste av dokker veit, har NATO og Ukraina hatt ei militærøving i Svartehavet, bakke og luft, kalla «Sea Breeze». Dette er ikkje noko nytt, men i år trekte manøvrane fleire land enn vanleg. Offisielt deltok 32 land frå seks kontinent med 5000 soldatar, 32 skip, 40 luftfartøy og 18 dykkar- og spesialoperasjonsteam: Albania, Australia, Brasil, Bulgaria, Canada, Danmark, Egypt, Estland, Frankrike, Georgia, Hellas, Israel, Italia, Japan, Latvia, Litauen, Moldova, Marokko, Noreg, Pakistan, Polen, Romania, Senegal, Spania, Sør-Korea, Sverige, Tunisia, Tyrkia, Ukraina, Dei sameinte arabiske emirata (United Arab Emirates, UAE), Storbritannia og USA. Kristina Kvien, chargé d’affaires ved USA sin ambassade i Ukraina, har erklært at «USS Ross si deltaking i årets maritime øving Sea Breeze er ein konkret demonstrasjon av US-amerikansk støtte til Ukraina, og er no meir enn nokon gong nødvendig. […] det er del av eit vedvarande engasjement som USA og våre NATO-allierte og partnarnasjonar har hatt sidan 1997 for å auke den maritime tryggleiken i Svartehavet».

Så her er nokre døme på kva ukiane seier:

  • La oss sjå om den forbanna Mokal vil våge å skyte på Ross, som (i det minste i følge ukiane) kan senke heile den russiske svartehavsflåten med éin salve av sine super-dupre Tomahawk-missilar.
  • Ukraina har no missilar som kan fjerne brua over Kertsj-sundet
  • USA gir oss raske angrepsbåtar medan Tyrkia gir oss Bairaktar-droner – med dei skal vi frigjere Krim og Donbas.
  • Det ukrainske militæret er no det beste i Europa (faktisk beskyttar dei heile EU frå overgrep frå dei russiske hordane) og dei vil heilt sikkert lage hakkemat av russarane i neste runde.
  • I sitt noverande format er Minsk-avtalane daude, og vi vil aldri implementere dei. Dersom moskalanenektar å forbetre dei, så har vi og ein plan B: å bygge ein stor mur og totalt kutte alle våre band til Russland. Enten dét, eller vi vil frigjere Krim og Donbas med makt!
  • Neste gong dei forbanna moskalane prøver å hindre eit uki-skip i å passere Kertsj-sundet, så vil vi senke kva makt som helst som prøver å stoppe oss..
boy standing near dock
Ble du redd nå?
[Digresjon: hugs at alle TV-kanalar som ikkje er kontrollerte av Ze (Ukrainas president, red.) no har blitt forbodne. Uki-Rada godkjende ei lov som erklærte at russarar ikkje er innfødde i Ukraina (får meg til å lure på kor dei kom frå, det ytre rom, går eg ut ifrå). Alle hovudleiarane av den heller uinspirerande opposisjonen blir konstant hetsa eller til og med haldne i husarrest. Alt dette betyr at dei sinnssjuke døma på kva ukronaziane seier, ikkje berre gjeld ein minoritet av hardcore forvirra ukronazistar – dette er slikt mange av medlemmane i Ze sitt parti (og andre!) ope seier den 24/7.]

La oss no skjere igjennom og sjå kva som eigentleg er på gang!

PartiOffisielt standpunkt
Det kvite hus (offisielt)Vi vil halde Russland i sjakk, oppretthalde dialog der det er i USA si interesse, og vi vil forsvare våre vener og verdiar i regionen og i heile verda.
USA/NATO/EU-tenestemennVi vil stå imot einkvar russisk provokasjon eller bruk av makt, vi har midla til å tvinge Russland til å gi opp planane sine om å gjenoppbygge Sovjetunionen.
UkronazisVerda er på vår side. Russland er svakt og isolert. USA, NATO og vårt uovervinnelege militære vil gi ei smertefull lekse til den russiske bjørnen, som eigentleg høyrer heime aust for Ural (den naturlege grensa mellom EU og Kina). Vi øvar no på frigjeringa av Krim saman med våre allierte. 
RussaraneBerre prøv.

La oss summere opp: Sjølv om topptenestemennene i USA ikkje har hatt same språk som marineoffiserane frå USA, Storbritannia og Nederland har hatt på sine skip den siste veka, så er det ganske tydeleg at ein av to ting vil skje: enten vil NATO prøve å «terge bjørnen», eller så vil dei ikkje gjere det. 

  • I tilfelle dei gjer det, så vil NATO verke som om dei har «blinka» og er redde for å legge seg ut med Russland.
  • Om dei ikkje gjer det, så vil Russland senke eit NATO-skip (eller skyte ned eit NATO-luftfartøy), og viss ikkje NATO svarer, så har dei blinka – hardt og med begge auga.

Begge desse utfalla er høgst uønska både for USA, NATO og Imperiet. Desse utfalla er heller ikkje bra for EU (som ikkje har råd til å miste NS2 (North Stream 2, red.) til ein provokasjon mot Russland frå eit eller anna idiotisk trebokstavsbyrå).

desk globe on table
Nato-landene elsker å fremstille seg selv som hele verden

Hovudproblemet er at mange vestlege tenestemenn har erklært  urbi et orbi at «den siviliserte verda (med det meiner vi sjølvsagt «oss») har ikkje anerkjent den russiske annekteringa av Krim, og derfor anerkjenner ikkje vi havet utanfor Krim som rettmessig russisk territorium». Dette må ha høyrtest skikkeleg kult ut for dei enkle sjelene som først erklærte det, men ukiane og deira UK+3B+PU (Storbritannia, de tre baltiske statene, Polen og Ukraina, red.) svara straks, og logisk (på sin eigne einspora måte), «OK, flott! Bevis det ved å ignorere dei russiske åtvaringane og sende noko over den russiske «raude linja» for å bevise at dokker ikkje berre fer med tomme ord.» Med andre ord er dette berre endå ei gjentaking av eit favorittuttrykk blant US-amerikanske tenåringar: «og kva har du tenkt å gjere med det?»

Dette er ærleg talt eit legitimt spørsmål. Og USA/NATO har ein frist til 10. juli (no på laurdag) på å svare. OK, dei kan nok utsette svaret til etter at Sea Breeze 2021 er over, men US-amerikanarar (og deira uvitande motpartar i NATO) trur at koalisjonskrigføring er vegen til siger (i røynda er det vegen til nederlag, som eg før har forklart), og dei verkelege leiarane av Imperiet trur og at store koalisjonar gir eit ferniss av legitimitet (det gjer dei ikkje, for det kan berre ein resolusjon frå FNs tryggingsråd gjere) over deira (imperialistiske og illegale) aksjonar saman med eit hopetal små Tabaquiar for å få det heile til å sjå kosher ut.

Vidare blir Sea Breeze 2021 i ukronazi-media presentert på denne måten: «hey, Moskal, det er mykje lettare å true eit lite ukrainsk fartøy enn å yppe seg mot NATO!!! Sant?! Om dokker berre rører dokker skal vi sparke rævene dokkar frå Svartehavet til Sibir (der dokker høyrer heime!)», og konklusjonen: «vi er uovervinnelege, NATO er uovervinneleg, USA er uovervinneleg og heile den siviliserte verda, som også er uovervinneleg, er imot dokker».

Og når det gjeld dei uvitande (og ryggradslause og hjernedaude) EU-leiarane, så snakkar dei om å «halde Russland i sjakk» ved å interagere med landet «frå ein maktposisjon». Med andre ord, det er dette som verkeleg skjer no: NATO oppmuntrar Ukraina til å prøve noko, Ukraina oppmuntrar NATO til å prøve noko, og begge sider kjenner stor (og ganske malplassert) stoltheit over å ignorere ikkje berre dei russiske åtvaringane, men også Russlands kapasitet.

Eg bør i tillegg nemne at mykje av Imperiets propagandamaskineri (alias «den frie pressa») også hausar opp forventningane til dei som framleis tar dei seriøst. Bodskapen deira: «våre uovervinnelege marinar vil sparke den russiske bjørnen i ræva og lære han ei lekse». Hurra! Hurra! Hurra!

Med andre ord: med mindre USA/NATO/Ukiane utløyser ei eller anna hending, så vil USA/NATO/Ukiane tape ansikt innan den 11. denne månaden.

closeup photography of cairn stone
Natosystemet er stort, men er det stabilt?

Når det gjeld Putin, så hadde han dette å seie då han nyleg fekk spørsmål om risikoen for ein storkrig:“

Her er det eg vil seie. Du sa at dette plasserer verda på randa av ein global krig. Nei, sjølvsagt ikkje. Sjølv om vi hadde senka det skipet, så er det likevel vanskeleg å førestille seg at det ville ha plassert verda på randa av ein tredje verdskrig, for dei som gjorde det veit at dei ikkje kunne vinne ein slik krig. Dette er svært viktig.»

Ganske klart og tydeleg, eller?

Putin vil kome under stort press, og sjølv direkte sinne, dersom han ikkje bakkar opp orda sine med konkret handling. Dette er eit valår, og Kreml har rett og slett ikkje råd til å framstå som nokon som kjem med tomme truslar.

Sist, men ikkje minst, frå eit geostrategisk/militært synspunkt har ikkje det russiske militæret råd til å ignorere handlingane til NATO.

Konklusjon: Akk! Berre eit nytt «ulv, ulv!»…

Å rope «ulv, ulv!» er ei svært utakknemleg oppgåve, og når det gjeld det nazi-okkuperte Ukraina så er det gjort endå vanskelegare med det faktum at kvar gong ulven ikkje dukkar opp, så vil stadig fleire folk venne seg til ideen at ulven (eller bjørnen) har forvandla seg til ein dydig og tam koala.

Vi vil snart finne ut kven av sidene som vil «blinke», og kven som ikkje vil.

Omsett av Monica Sortland

https://www.unz.com/tsaker/crying-wolf-in-the-ukraine-again/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 218 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Endelig en politiker med ryggrad:

Tidligere SPD-formann hudfletter Koronapolitikken i Tyskland.

Previous Post

Haiti: Slaverepublikken som plyndres av USA.

En liten historie som godt kan gjøres kjent på ny.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.