POSTED IN Krig-fred

F. William Engdahl:

USAs opprusting for verdensdominans

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Eurasiatisk geopolitikk

av F. William Engdahl

Under dei åtte åra med Bush som president, gjekk rolla til US-amerikansk militær makt gjennom ein radikal transformasjon. Det årlege offisielle Pentagon-budsjettet, inkludert Irak- og Afghanistan-krigane og deira blodige etterverknadar, hadde sprengt grensene for all presedens. I det budsjettåret 2001, før erklæringa om Krig mot terror byrja påverke pengebruken, hadde Pentagon brukt 333 milliardar dollar på våpen og personell rundt om i verda for å ‘forsvare demokratiet’, framfor alt det dei definerte som USAs ‘nasjonale sikkerheitsinteresser’. Fram til 2009 hadde denne årlege summen blitt meir enn dobla, når ein inkluderte ikkje-budsjetterte («off-budget») kostnadar i samband med Irak og Afghanistan, til $711 milliardar.

I 2011 brukte USA mer til krig enn de tretten neste på listen. Av disse var et flertall USAs allierte

I ei samanlikning med kva andre land brukte på militæret, var summane som Washington brukte endå meir imponerande. USA var den i særklasse globale leiaren på militær pengebruk. I 2008 brukte dei meir enn dei neste 45 høgstbrukande landa i verda kombinert. Pentagon og relaterte budsjett stod for 48 prosent av verdas totale militære kostnadar, nesten halvparten av kvar militære dollar. Samanlikna med potensielle rivalar brukte USA på si militærmakt nesten seks gongar så mykje som Kina, ti gongar meir enn Russland, og nesten hundre gongar meir enn Iran. Kina, med verdas neststørste forsvarsbudsjett, brukte $122 milliardar, eller kring ein sjettedel av USA sin bruk.

Når ein la ihop dei kombinerte militærbudsjetta til USA og alle deires NATO-allierte, samt hovudallierte i Stillehavsregionen, Japan, Sør-Korea og Australia, så brukte den USA-dominerte alliansen til saman $1,1 billionar i året til militæret, noko som representerer 72 prosent av den totale militære pengebruken i verda. Dersom reine dollar og maskinvare var einaste kriterium, ville verda for lenge sidan ha vore hjelpelause vasall-koloniar under US-amerikansk full-spekter-dominanse.

Five eyes (fem øyne) er et gigantisk overvåkningssamrbeid mellom USA og 4 andre land. Nesten ingen i Norge har hørt om det. Dette er hovedkvarteret til den britiske delen av Five Eyes. (Signaletteretning) Dette anlegget er i en forstad til Cheltenham i UK.

Omfanget av permanente US-amerikanske militærbasar gjennom den åtteårsperioden har ekspandert enormt frå Midtausten til Sentralasia til Afghanistan og Pakistan og over Afrika. Pentagon deployerte kvart eit våpen i sitt arsenal i alt frå råe militære slag i Irak til ei meir «mjuk-maktsaktig» regimeendring til pro-USA-diktatur som i Ukraina eller Georgia i den oljerike Kaukasus-regionen til den tidlegare Sovjetunionen, eller til å støtte ein mislykka stat som Kosovo. Det strategiske fokuset til den overveldande militære oppbygginga til USA, var kontroll over potensielle rivalar på det eurasiatiske kontinentet, mest direkte Russland og Kina.

Omsett av Monica Sortland
Innlegget har tidligere vært publisert på derimot.no

Dette var eit utdrag frå boka Full Spectrum Dominance: Totalitarian Democracy in the new World Order av F. William Engdahl, kap 11 Full Spectrum Dominance or fully mad?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Det store skiftet kom etter 9-11, Presidentens navn under den aksjonen har egentlig ikke noe å si da det er kun svikere av sin egen nasjon som kan bli statsminister eller president. Israel først, sånn er det bare. Enten glemmer man det eller så gjør man noe med det.

    Svar
  • […] utvisning av russiske diplomater. UK deler informasjon med så høy hemmelighets-grad vanligvis med «sine 5-øye (5-eyes)»-land USA, Australia, New Zealand og Canada, engelsk-språklige stater der UK opprinnelig var den […]

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Pepe Escobar:

Den kinesiske drømmen: Her er veikartet

Forrige innlegg

Nå skal statskassene tømmes:

Fordi «klima»

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.