POSTED IN Endring av politikken, Konspirasjoner / Sammensvergelser, Kupp/Fargerevolusjoner

F. William Engdahl:

Planlegger USA et statskupp eller «fargerevolusjon» i India?

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Washington er ute etter å styrte Indias Modi

Av F. William Engdahl. Henta frå Global Research. Omsett av og henta frå saksyndig.

Ein av dei økonomisk viktigaste partnerane til Russland oppi dei hittil usette vestlege sanksjonane frå Washington og EU på grunn av Ukraina-krigen, har vore den indiske regjeringa gjennom BJP-leiar Narendra Modi.

Narendra Modi

Dei siste åra har Modi, som speler ei delikat balanseringsrolle mellom alliansane med Russland og òg med Vesten, dukka fram som ein vital handelspartner for Russland midt oppi sanksjonane. Trass gjentekne forsøk av Biden-administrasjonen og britiske tenestepersonar, har Modi nekta å bli med på sanksjonar mot russisk handel, framfor alt oljehandel. No antydar ein serie mystisk tima og målretta hendingar at ein vil lansere ei anglo-amerikansk destabilisering for å styrte Modi dei komande månadene.

India er ein vital alliert til Russland gjennom si deltaking blant ann i den sokalla BRICS-gruppa av nasjonar. BRICS er akronymet for ei uformell gruppe som består av Brazil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Det er ei laus samling av fem av dei mest dynamiske statane blant ikkje-OECD-nasjonane, for det meste i sør. Etter at ein Wall Street-økonom nemnde fire potensielt rasktveksande, framveksande økonomiar i 2001, vart det fyrste BRIC-møtet halde i 2009, og etter å ha sleppt Sør-Afrika inn i 2010, har BRICS-toppmøte funne stad årleg.

Dei fem sit på imponerande 40% av verdas befolkning, over tre milliardar menneske, og rundt 25% av globalt BNP, der Kina utgjer 70% av det, India rundt 13% og Russland og Brasil 7%. med aukande problem for internasjonale selskap som gjer forretningar i Kina, vender mange større selskap seg til India, verdas mest folkerike land med ein stor, utdanna arbeidsstyrke, som det stadig meir føretrekte alternativet til Kina.

India og Modi

India under BJP-statsminister Narendra Modi har gjentekne gonger nekta å slutte seg til Washington i å fordømme Russland sine handlingar i Ukraina. Dei har ikkje lydd amerikanske sanksjonar på kjøp av russisk olje, trass at USA gjentekne gonger har truga med konsekvensar. I tillegg til å vere ein annan BRICS-medlem, er India òg ein større langvarig kjøpar av russisk forsvarsutstyr.

Modi står overfor eit nasjonalval våren 2024, og viktige regionale val i år, som vil avgjere framtida hans. I januar vart det lansert det som tydeleg var eit anglo-amerikansk overfall på Modi og hans hovud-finansstøttespelar. Eit skuggelagt Wall Street-finansfirma, Hindenburg Research, utfører visstnok «kriminaltekniske finansundersøkingar» [forensic financial research i originalartikkelen; oms.an.] for å leite etter korrupsjon eller svindel i børsnoterte selskap, som dei deretter sel eit selskap «short» med når forskinga deira blir publisert. Det mystiske selskapet dukka opp i 2017 og er mistenkt for å ha band til amerikansk etterretning.

I januar hadde Hindenburg som mål ein indisk milliardær, Gautam Adani, leiar i Adani Group og på den tida visstnok den rikaste mannen i Asia. Adani er tilfeldigvis òg den viktigaste finansielle støttespelaren til Modi. Adani sin formue har mangedobla seg sidan Modi vart statsminister, ofte på føretak knytt til Modi sin økonomiske agenda.

Sidan Hindenburg-rapporten frå 24.januar, som kjem med påstandar om upassande bruk av utanlandske skatteparadis og aksjemanipulering, har Adani Group-selskap tapt meir enn 120 milliardar dollar i marknadsverdi. Adani Group er det nest-største konglomeratet i India. Opposisjonsparti har gjort eit poeng ut av at Modi er knytt til Adani. Begge er årelange venner frå Gujarat i den same delen av India.

Hindenburg-rapporten, som påstår å vere eit resultat av to års forsking og besøk til eit halvt dusin land – noko som antydar at den var ei temmeleg kostbar investeringsgambling for eit knøttlite Wall Street-forskingsfirma – skulda Adani-selskapa blant anna: «for at Adani Group-konglomeratet til ein verdi av 17,8 billionar rupi (218 milliardar dollar) har teke del i frekk aksjemanipulering og regnskapssvindel over fleire tiår… Forskinga vår involerte å snakke med fleire dusin personar, inkludert tidlegare toppleiarar i Adani Group, gått gjennom tusenvis av dokument, og utføring av aktsemdsbesøk i nesten eit halvt dusin land.» [i]

Detaljane i Hindenburg sitt forsøk på å diskreditere og redusere aksjane i eit selskap i fjerne India, bruk av tydeleg enorme summar på dokumentasjon, antydar at dei kan ha velinformerte varslarar eller etterretningskjelder som hjelper dei med å bruke som mål ei sårbar gruppe med nære band til Modi. Elles ville det ha vore særs høgrisikabel gambling for dei. Eller dei er fenomenalt heldige.

I den same månaden som den mystisk veltima Hindenburg-eksposeen av Adani dukka opp, i januar 2023, publiserte det statleg eigde, britiske BBC ein TV-dokumentar som antyda Modi si rolle for tjue år sidan i 2002 i religiøse opptøyar i Gujarat då han var guvernør der. BBC-rapporten, som har blitt forboden i India, var basert på upublisert etterretning gjeven til BBC av det britiske utanrikskontoret. Interessant. [ii]

Modi-regjeringa utførde ekstraordinære tiltak for å sensurere India: The Modi Question, BBC-filmen, i India. Indiske styresmakter gjekk til åtak på BBC for å produsere «propaganda», raida BBC-kontor i India for påståtte skattebrotsverk, og påkalla naudmakter for å tvinge sosiale medieselskap til å fjerne linkar til BBC sine videoar. Politiet arresterte student-demonstrantar som organiserte visningsfestar på campusar rundt om i landet. [iii] BBC, med hjelp frå det britiske utanrikskontoret, trefte ein rå nerve.

Indisk-russiske band

Ved å nekte å slutte seg til NATO-sanksjonar mot Russland, og halde på eit sterkt nøytralitetsprinsipp som dei har gjort sidan Den kalde krig-æraen, har Modi drege nytte av tilgang til russisk råolje som USA og EU no nektar. Russland er no den største forsynaren av råolje til India, og har gått forbi Irak og Saudi-Arabia. I desember kjøpte India 1,2 millionar fat med råolje frå Russland kvar dag – heile 33 gonger meir enn året før. Ironisk nok blir noko av den russiske oljen raffinert i India og re-eksportert til EU, som akkurat forbaud russisk olje. Ifølgje energianalytikarar «kjøper India rekordmengder av høgt rabattert russisk råolje, køyrer raffineria sine over kapasitet, og fangar den økonomiske renta av skyhøge krakk-spreiingar og eksporterer bensin og diesel til Europa.» [iv]

Før byrjinga på Ukraina-krigen kjøpte India berre éin prosent av Russlands råolje. Det talet steig til 28% i januar. Ikkje noko anna land har auka forbruket av russisk råolje so mykje, ikkje eingong Kina, som òg har betydeleg auka kjøpet sitt av russisk olje. Dersom vi legg til import av russisk gjødsel og solsikkeolje og andre produkt, steig India sin import frå Russland meir enn 400% på åtte månader til november frå eit år tidlegare.

Det er verdt å notere seg at når det gjeld å tene grovt på å kjøpe djupt rabattert russisk olje, har Reliance Industries Ltd, Indias største selskap etter marknadsverdi, vore ein større privatsektor-kjøpar av russisk råolje. Reliance, som eig verdas største raffineri når det gjeld kapasitet, i Jamnagar, fekk 27% av oljen sin frå Russland i mai 2022, opp frå berre 5% før april. Den summen har sannsynlegvis stige sidan den tid. Som leiar i Reliance er Mukesh Ambani med i styret til Davos World Economic Forum, som er ein stor fremjar av å gjere slutt på råolje og gass for FNs 2030 Grøne agenda. [v] Ideologi er bra, men diger profitt er tydelegvis betre.

George Soros

Og inn kjem George Soros

Som vidare indikasjon på at Washington og London er ute etter regimeendring i India, kom George Soros i ein tale 17. februar på den årlege tryggleikskonferansen i München, med ei illevarslande erklæring om at Modi sine dagar i praksis er talde.

92-årige Soros fastslo: «India er eit interessant tilfelle. Det er eit demokrati, men leiaren deira Narendra Modi er ingen demokrat.» Det er litt som at panna kallar kjelen svart. Med klar referanse til BBC-dokumentaren la Soros til: «Å oppfordre til vald mot muslimar var ein viktig faktor i hans meteoraktige stigning.»

Soros la ut om sin tiltale av den indiske leiaren: «Modi held på nære relasjonar med både opne og lukka samfunn. India er medlem av the Quad (som òg inkluderer Australia, USA og Japan), men dei kjøper mykje russisk olje til særs fordelaktig rabatt og tener mykje pengar på det…» [vi]

Soros har vore involvert i kvar einaste fargerevolusjon sidan 1980-talet, inkludert i Jugoslavia, Ukraina, Jeltsin sin 90-talsvaldtekt av Russland, i Iran, mot Orbans Ungarn, og tallause andre land som ikkje speler etter Washington sin agenda om frimarknads-«demokrati». Det handlar om open dokumentasjon.

Soros antyda sterkt at Hindenburgforskings-eksposeen av Modi-allierte Adani ikkje er tilfeldig. Han sa:

«Modi og forretningskjempa Adani er nære allierte: lagnaden deira er samanvoven… Adani er skulda for aksjemanipulering og aksjane hans kollapsa som eit korthus. Modi er stille rundt temaet, men han vil måtte svare på spørsmål frå utanlandske investorar og i parlamentet. Dette vil betydeleg svekkje jarngrepet Modi har på Indias føderale regjering, og opne døra for eit driv mot sårt tiltrengde institusjonelle reformer.» [vii]

Han konkluderte:

«Eg kan vere naiv, men eg forventar ei demokratisk gjenoppliving i India.» [viii]

Det er Soros si forkorting for regimeendring, over til nokon som er meir lydige overfor NATO sin globalist-agenda.

Millardær og hedgefondsspekulant George Soros har blitt skulda for mykje, men aldri for å vere naiv. Forvent at dei komande månadene vil signalisere ei massiv eskalering av vestlege skitne triks-operasjonar for å prøve å styrte Modi og svekkje BRICS-gruppa av land som i aukande grad prøver å opponere mot diktata frå Washington og Davos-globalistar.

Fotnotar

[i] Hindenburg Research, Adani Group : How The World’s 3rd Richest Man Is Pulling The Largest Con In Corporate History, January 24, 2023, https://hindenburgresearch.com/adani/

[ii] BBC, BBC India offices searched by income tax officials, 14 February, 2023, https://www.bbc.com/news/world-asia-india-64634711

[iii] Ibid.

[iv] Conor Gallagher, Russia’s Sanction Proof Trade Corridor To India Frustrates The Neocons, February 1, 2023, Zero Hedge, https://www.zerohedge.com/geopolitical/russias-sanction-proof-trade-corridor-india-frustrates-neocons

[v] Charu Sudan Kasturi, Why India Can’t Quit Russian Oil, July 13, 2022, Foreign Policy, https://foreignpolicy.com/2022/07/13/india-russia-oil-imports-energy-ukraine-war/

[vi] George Soros, Remarks Delivered at the 2023 Munich Security Conference, February 16, 2023, https://www.georgesoros.com/2023/02/16/remarks-delivered-at-the-2023-munich-security-conference/? utm_source=substack&utm_medium=email

[vii] Ibid.

[viii] Ibid.

Forsidebilde: Lexica

Redaksjonen har lagt til bilder.

Tidligere publisert på derimot.no

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • USA har mappe på alle land i verden av interesse, dvs. land som kan gi strategisk fordel og har ressurser som kan hjelpe betale sin kreditorer, den privateide sentralbank og Wall Street. Om ikke «myk» innblanding ved styring av andre lands valgresultat gir ønsket resultat, lages en skjerpet plan med «uro og sivil ulydighet», hjelper ikke det starter «gatedemonstrasjoner» som gradvis tweakes til å bli mer voldelig, derfra ruller uro -og revolusjonshjulet av seg selv, neste steg blir å opprette terror -og geriljagrupper. Større og rikere landene er (som Russland, Kina, India) tykkere blir operasjons -og virkemiddelsmappa og høyere oppe i CIA-skuffa ligger den. Selvsagt ønsker USA borgerkrig i India og alle andre land de ser fordeler. Noe annet vil være i strid med det landet har levd av siden 1776. Deres største eksport har alltid vært vold, terror, sult, naturkatastrofer, pandemier, sykdommer og krig.

    Svar
    • Ja, Pulver.
      Og dette er altså våre (?) politikeres allierte!

      ‘ For å utføre sin plan, oppmuntret lederne i Washington først til en konflikt ved hjelp av land rundt Libya, for å finne en casus belli for militær aksjon, mens de tok seg av de logistiske behovene til opposisjonsgrupper kontrollert av CIA, som begynte en kampanje for sabotasje av økonomien, infrastrukturen og regjeringen. ‘
      midtifleisen.wordpress.com/2019/02/03/vil-venezuela-oppleve-hva-chavez-fordomte-i-libya/

      Svar
  • India er et underlig land, – nesten et kontinent; med en underlig religiøs kultur.
    Delvis ødelagt som koloni av England antagelig.
    Men allikevel…..
    Hvis India kunne få til et samarbeid med Kina, med SIN spektakulære utviklingsreise, vil det kanskje greie en utvikling ut av det frenetisk oppsplittende religiøse?
    Hvis bakmennene i USA/Israel greier å få feste er nok løpet kjørt. Det er nok ikke vanskelig å lage opprør og splitte i India.
    Vi får krysse fingerne.
    Det er et håp nå, når et økonomisk samarbeid BRICS-landene imellom gjør at gærningene som vil styre verdensvalutaen og rentene w.w. mister noe av kraften i sitt dødlige våpen som de har brukt for å underlegge seg, slavebinde og styre nasjon etter nasjon de siste hundre år. ( minst.)

    En fin bok om India kan anbefales. Skildringer av både natur, historie og politikk. Og ikke minst de forskjellige religionene.
    Faktisk morsom, i all sin tragiske historie. ( Ja, altså morsomt SKREVET. 😉 ) :

    ‘ India. Stevnemøte med skjebnen.’
    Av Torbjørn Færøvik. ( Som også har skrevet gode bøker om Kina.)

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Inntrykk fra Donetsk og norske mediers formidling av den.

Her skytes inn i byen hele tiden og ingen medier sier noe.

Forrige innlegg

Krigen koster USA lite:

Nato-landene tømmer sine våpenlagre og må kjøpe nye våpen fra USAs krigsindustri.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.