POSTED IN EU

EU-ledere holder resultatløst stormøte i Praha.

Men det er de som ikke deltok (Russland og USA) som setter dagsorden.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Analysene til Thierry Meyssan er alltid interessante og tankevekkende. Dette møtet som skulle sette Frankrike i det politiske førersetet ble ifølge Meyssan en fiasko. Det er i USA beslutningene om EUs deltakelse taes, ikke av EU-lederne. For å sitere en politisk kommentator:

«Det er ingen som diskuterer beslutninger med hunden sin. Det er ingen som spør møblene hvor de skal plasseres».

Slik er forholdet mellom USA og EU blitt og jeg tror det er slik russiske ledere helt korrekt oppfatter det.

Knut Lindtner
Redaktør

Det europeiske politiske fellesskapet:  eit slag i vatnet

av Thierry Meyssan

Sidan starten på den russiske militæroperasjonen i Ukraina, har dei internasjonale relasjonane vore blokkerte. Ingen posisjon endrar seg. President Macron trudde han kunne endre spelereglane ved å stokke om på korta på eit møte mellom dei europeiske fiendebrørne, Det europeiske politiske fellesskapet. Men president Putin overrumpla han ved å sjølv endre grensene og spelet.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 11. OKTOBER 2022

I Praha var alle gjestane utvalde fordi dei i teorien fordømde Russland, men i praksis er det noko anna.

Den franske presidenten, Emmanuel Macron, veit ikkje korleis kriser skal løysast. Han stokkar i staden om på korta for å kunne trekke inn nye moglege løysingar til vurdering. Av den grunn lanserte han – møtt med ein mangel på debatt om Ukraina-konflikten – eit initiativ sist mai: «Det europeiske politiske fellesskapet» (European Political Community, EPC).

Etter François Mitterrands «den europeiske konføderasjonen» og Nicolas Sarkozys «Union for Middelhavet», har Élysée-palasset prøvd å overtyde partnarane sine om nytta ved ein ny «ting».  Forøvrig har Frankrike innført variasjonar: Mitterrand-konføderasjonen fremja ein allianse mellom vest og aust, mellom Brussel og Moskva, det macronistiske fellesskapet går den tvert motsette vegen.

Frankrike, som hadde presidentskapen i Det europeiske rådet under første halvdel av 2022, inviterte logisk nok den tidlegare statsministeren av Belgia, Charles Michel som no er president for denne strukturen. Han steppa ivrig inn i rolla. Han trudde han kunne samle EU-flokken rundt seg og spele ei stor rolle på bekostning av rivalen, Kommisjonspresident  Ursula von der Leyen.  Tolmodig sette dei franske diplomatane han på plass, så han var ikkje ein gong til stades på scena under den siste pressekonferansen. Og for  Ursula von der Leyen sin del, vart ho berre invitert som ein formalitet.

Førebuingane til EPC vart gjort med EU-ressursar, men ikkje på vegner av EU. Dei førebuande møta vart ikkje haldne i Unionen sine lokale, men i den belgiske borga Val Duchesse. Dette var uunngåeleg dersom ein skulle hindre at Storbritannia og Tyrkia vart involverte. London, post-Brexit, ønsker seg ingen supranasjonal struktur, og Ankara har venta så lenge ved dørene til EU at dei ikkje vil la seg føre på nye villspor. Storbritannia har til og med kritisert tittelen «Det europeiske politiske fellesskapet», som minner altfor mykje om det dysfunksjonelle «europeiske økonomiske fellesskapet», forgjengaren til «den europeiske unionen». Tyrkia, for sin del, stilte krav om garantiar for at ei deltaking i EPC ikkje ville bli berre ein ny distraksjon som ville halde dei på pinebenken.

Det enda opp med at 44 statar deltok i forumet, dvs. alle dei europeiske med unntak av Russland og Kviterussland, som heilt tydeleg er utpeikte til fiendar. Uheldigvis tok det seks månadar å førebu dette møtet, som kom litt seint. Då dei førebudde det, var tanken å alliere Kontinentet mot dei evig vonde russarane som hadde invadert det unge ukrainske demokratiet. Sjølvsagt var det nokre statar som ikkje såg det på denne måten. Tyrkia plasserte seg varsamt i midten, mellom sine ukrainske og Vestlege allierte på den eine sida og sin russiske allierte på den andre. Eller Serbia, som på same vis som Tyrkia nekta å sette i verk dei anti-russiske sanksjonane, utan å ein gong skjule sin russofili. Innan EU demonstrerte Austerrike og særleg Ungarn høgrøysta sin venskap med Moskva, men det var mest tomme ord. Men så spelte president Vladimir Putin i siste augneblink ut trumfkortet med mobiliseringa av 300 000 veteranar og opptaket av fire ukrainske fylke til Den russiske føderasjonen. Med dét skaka han opp spelet, mykje meir enn Emmanuel Macron, som berre hadde angripe spelereglane.

Viss NATO held fram med våpenoverføringane sine, angrip dei ikkje lenger dei ikkje-anerkjende Donbas-republikkane og den uinviterte russiske arméen i Ukraina, men i staden angrip dei Den russiske føderasjonen direkte ved å angripe deira territorium. For tretti år sidan var britane overtydde om at Krim, Novorossia og Donbas var russiske. Det å kalle innlemminga for «annektering» endrar ikkje realitetane.

Ved nye angrep vil NATO trampe på folk sin sjølvråderett, som rettferdiggjer uavhengigheita til desse regionane og deira frie tilslutning til «Moderlandet». For alle dei tidlegare koloniserte statane vil dei sjå ut som det dei er: ein koalisjon av revansjistar som desperat prøver å redde stumpane av sin gamle verdsdominans.

På den andre sida, om NATO bestemmer seg for å stoppe, så vil leiarane der – som aldri har slutta å rope om at dei forsvarer fred og rettferd – sjå ut som Mao Zedongs «papirtigrar». Alle vil konkludere med at æraen for deira dominans er over.

Statsminister Petr Fiala var den første regjeringssjefen som reiste til Kiev, saman med sine to polske og slovenske motpartar, den 15. mars. Det er det einaste vil vil hugse om han. Utbrota hans mot homofile og global oppvarming betyr null og niks samanlikna med den tygleslause atlantisismen hans.

Møtet vart opna av den særs russofobe tsjekkiske statsministeren, Petr Fiala, som straks sette anti-Putin-tonen – propagandaen til denne gjengen driv alltid med personifisering. Vane tru intervenerte Ukrainas president, skodespelaren Volodymyr Zelensky, per video og annonserte at russiske stridsvogner snart ville «marsjere mot Praha [der møtet fann stad] og Warszawa» (sic). Publikum var stoisk, og nøydde seg med å applaudere høfleg, utan varme.

EU vil sende ein «sivil misjon» for å hjelpe til med grenseoppdraginga mellom Aserbajdsjan og Armenia. Dette har ingenting å gjere med føremålet for Praha-toppmøtet, men det hastar med å få grep om problem som ein vanligvis lar forverre seg før ein gjer noko.

Møta på sidelinja av toppmøtet var nesten alle mislykka, med unntak av Armenia/Aserbajdsjan-møtet, som starta kaldt, men heldt fram til utover kvelden.

Dei tematiske sesjonane gjorde kjend kva dei ulike partane tenkte om ulike saker. Etter sabotasjen av Nord-Stream-røyrleidningane vart idéen om forsvar av felles infrastruktur reist, sjølv om det ikkje var klart om dette berre var ei bekymring eller om det også var ein dom over US-amerikansk overhøgheit. Den terroristiske aksjonen mot Krim-brua hadde enno ikkje funne stad. I kulissane var alle einige om heidre USAs spesialstyrkar, men undra seg på kor langt Washington var villig til å gå.

På slutten av møtet hadde dei ikkje planlagt ei felles erklæring, og det hadde heller ikkje vore mogleg. Dei vart einige om å sette opp nye møte for forumet: om seks månadar i Moldava, neste år i Spania og deretter i Storbritannia. Ingen veit sikkert korfor dei deltar, eller om forumet i det heile framleis vil eksistere når den tid kjem.

Jag bort det naturlege, så kjem det snart tilbake til deg. Møtet vart dekka av Eurovisjonen, ein struktur som NATO skapte på 1950-talet, som gav Ukraina førsteplassen i siste Melodi Grand Prix. Eit uformelt møte i Det europeiske rådet, følgd av møtet til Det europeiske politiske fellesskapet. Dei 27 drog konklusjonar frå denne snakksalige og ubrukelege forsamlinga.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

Forsidebilde:
Valya Polishchuk

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Det europeiske politiske fellesskapet», som minner altfor mykje om det dysfunksjonelle «europeiske økonomiske fellesskapet», forgjengaren til «den europeiske unionen».

    Ikke noe nytt under solen:

    ‘….så ble de enige om at alle Europas ‘ulver’ skulle ha møte i Genève for å ‘ordne’ hele verden og for å organisere freden; Sic.
    Hadde det ikke nå vært riktigere å si: Erfaring viser at en politisk stat er uhensiktsmessig fordi det er lettere å ordne seg og skape fred i det små og enkle og spesielle, enn i det store og kompliserte og sammensatte. Alt som hører livets virkelighet til begynner i det små. Finn først nøkkelen til vanskelighetene i det små, i det hjemlige, lokale og oversiktlige. Generaliser framfor alt ikke. Hadde ikke en slik tanke vært atskillig nærmere det riktige?
    I stedet sier man som så: Da villfarelsene i det enkelte land er vanskelig å rette på, må vi samle all europeisk villfarelse i en sal.
    …Hvis den ene gale «stats»-mann ikke er gal nok så vil han nå kunne lære av de andre og ta med seg hele kofferten av mer galskap hjem til sitt eget land. Vi må bygge et tårn som er så høyt at det rager helt til himmelen. Der oppe fra kan vi våke over Europas fred og slå ned på enhver som skaper uro. «Da presidenten i Folkeforbundet åpnet det første møte ble det dødstille i salen. Alle følte stundens alvor», het det i dagspressen. Alle tok seg selv helt alvorlig. Tyskerne og jødene også. Hambro og Mowinckel ikke minst. Tenk for en ære. Tenk på alle de nye muligheter som åpnet seg for alle de små nasjoner. Men Satan lo så det rystet i hele helvete. «Menneskene har en ubetvingelig trang til å ta seg selv ved nesen og misforstå seg selv,» sa Satan og slo seg på folkeforbundspolitikk. ‘
    samfunnsliv.no/kunst-07.html

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ble kravet til sikker utprøving av vaksinene forlatt?

Ble fortjeneste prioritert fremfor helse?

Forrige innlegg

x-CIA Larry Johnson:

Det går Russlands vei. Nato er i trøbbel.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.