Forbode i Europa: Korleis EU eksporterer sprøytemiddel som er for farlege for bruk i Europa
Av Laurent Gaberell og Géraldine Viret; data-visualisering: Martin Grandjean, 10. September 2020



Public Eye og Unearthed avslører for første gong omfanget av Den europeiske unionen (EU) sin eksport av visse pesticid («plantevernmiddel») som dei forbyr sine eigne bønder å bruke. Granskinga vår viser hykleriet i å la agrokjemiske selskap oversvømme låg- og middelsinntektsland (LMIL) med substansar som er vurderte til å vere altfor farlege for europeisk agrikultur. Giganten Syngenta, med hovudkontor i Basel, speler ei leiande rolle.



Syngenta sitt best-selgande sprøytemiddel, paraquat, er så farleg at berre ein liten slurk kan vere dødeleg. Kronisk eksponering, sjølv i små dosar, kan forårsake Parkinson’s disease (PD). Det dødelege herbicidet vart marknadsført for første gong i 1962, men har vore forbode i EU sidan 2007, så vel som i Sveits sidan 1989, på grunn av at det er for farleg for europeiske bønder, sjølv når dei bruker verneutstyr.
Likevel held Syngenta fram med å produsere middelet på anlegget sitt i Huddersfield, Storbritannia, og dei eksporterer det til land i Sør-Amerika, Asia og Afrika, der det forgiftar tusentals kvart år. Granskinga vår viser at britiske styresmakter i 2018 godkjende eksport av over 28 000 tonn av ein mikstur basert på paraquat.
Paraquat er eit flaggskipsprodukt i denne «Made in Europe»-skandalen. EU skipar ut sprøytemiddel som er for giftige for EU, og derfor forbodne, til land med svakare regelverk. Praksisen er legal og kjend, men hovudaktørane skjuler likevel aktivitetane sine bak eit slør av «kommersiell konfidensialitet», forretningsløyndommar.
Ei banebrytande kartlegging
Men Public Eye og Unearthed, Greenpeace UK si granskingsavdeling, har brukt fleire månadar på å undersøke rolla til «Det gamle kontinentet» i produksjonen og eksporten av nokre av verdas farlegaste sprøytemiddel. Vi leverte inn fleire dusin krav om tilgang til informasjon til European Chemicals Agency (ECHA) og til nasjonale styresmakter.
Slik fekk vi tak i tusentals «export notifications», utførselsdeklarasjonane som selskapa må ha i orden for å få lov til å eksportere sine forbodne kjemikaliar til land utanfor EU, ifølge ECHA-regelverket.
Dei faktiske eksporttala kan variere i høve til dei som er siterte i desse papira, men papira gir oss likevel den hittil komplettaste dokumentasjonen på denne dødelege handelen. Vi publiserer det fulle datasettet som vi har brukt under denne granskinga.
Resultatet av gravearbeidet vårt er eit nybrotsarbeid: vi kartla eksporten av alle dei pesticida som er rekna for for giftige for EU, gjennom eit heilt år.



Godkjent for eksport: Meir enn 81 000 tonn forbodne pesticid
Undersøkingane våre viser at EU-medlemslanda i 2018 godkjende eksport av 81 615 tonn med pesticid som inneheld substansar som er forbodne å bruke på EUs jorder. Dei er forbodne på grunn av den uakseptable risikoen dei medfører for menneskes helse og miljøet.Storbritannia, Italia, Nederland, Tyskland, Frankrike, Belgia og Spania står for over 90 prosent av volumet.
Tre fjerdedelar av dei 85 importerande landa er låg- eller middelsinntektsland (LMIL), der bruken av slike substansar medfører den høgaste risikoen. Brasil, Ukraina, Marokko, Mexico og Sør-Afrika er blant topp ti-importørane av pesticid «forbodne i Europa».
Rundt tretti selskap fører an
Syngenta er den desidert største eksportøren av desse dødelege pesticida. Denne giganten, som har sitt hovudkontor i Basel, eig eit svært nettverk av fabrikkar rundt om på kontinentet, inkludert i Storbritannia og Frankrike, og dei brukar desse fabrikkane til å produsere fleire pesticid som er forbodne i EU, som til dømes paraquat og atrazine. I 2018 eksporterte dei nesten tre gongar så mykje som den næraste rivalen, det multinasjonale selskapet Corteva i USA, gjorde. Data frå sveitsiske styresmakter viser at Syngenta eksporterer forbodne pesticid frå Sveits óg.
Men Syngenta er ikkje aleine om å ville ha ein del av kaka. I 2018 eksporterte rundt 30 selskap forbodne pesticid frå europeisk jord, inkludert dei tyske kjemi-gigantane Bayer og BASF. Mange mindre selskap speler og ei betydeleg rolle, inkludert Italias Finchimica og Tysklands Alzchem.
Lista over dødelege gifter er lang
Totalt 41 forbodne pesticid vart deklarerte for utførsel frå EU i 2018. Den helsemessige og miljømessige risikoen forbunden med desse substansane, er dramatisk: død ette inhalering, fødselsdefektar, sjukdommar i reproduksjons- og hormonsystemet, eller kreft. Substansane vil i tillegg forureine drikkevasskjelder og forgifte økosystem.



Syngentas bestseller Paraquat i hjartet av skandalen
Paraquat aleine står for meir enn ein tredjedel av Europas eksport av forbodne pesticid. Trass i at stoffet er svært giftig, blir det brukt i massivt omfang til monokultur-odling av mais, soyabønner og bomull. Og sjølv om fleire enn 50 land har forbode det dødelege toksinet, går salet framleis strykande for Syngenta.
Gifteksportens Topp 3:
Første plass: Paraquat
I desse landa er herbicidet mykje brukt under risikable tilhøve, og dei er ofte involverte i forgiftningar hos bønder.I den vestlege delen av den indiske delstaten Odisha i fjor, t.d., gjekk legar til hungerstreik og kravde eit forbod mot Paraquat, etter at sprøytemiddelet hadde tatt livet av rundt 170 personar i berre eitt distrikt på to år. I Vietnam, innrapporterte legar over 1000 Paraquat-relaterte dødsfall kvart år fram til landet forbaud det i 2017.
Utruleg nok seier Syngenta at “Paraquat er eit trygt og effektivt herbicid når det blir brukt slik instruksane seier på merkelappen”. Selskapet seier dei “aktivt arbeider for å minimere slike hendingar via støtte til sjølvmordsforhindring og treningsprogram for sluttbrukarar”.
Trass i desse faktuma, vaks Paraquat-eksporten frå Europa rundt 30 prosent til 36 000 tonn i 2019, særleg driven av høgare eksportvolum til USA og Indonesia, der kjemikaliet blir brukt på palmeoljeplantasjar.
Andreplass: Dikloropropen
Dikloropropen (1,3-D) er det nest mest eksporterte “forbodne pesticidet”. Det blir brukt som “jord-fumigant” (middel til utrøyking eller utgassing av jorda for desinfeksjon) i odlinga av grønsaker, og det er truleg kreftframkallande (eit karcinogen). EU forbaud det i 2007 på grunn av risiko relatert til konsument-eksponering, forureining av grunnvatn og potensiell skade på fuglar, pattedyr, vassorganismar og andre organismar ein ikkje var ute etter å eliminere.
Granskinga vår fann at 15 000 tonn av kjemikaliet var eksportdeklarert i 2018, ofte blanda med kloropikrin, eit anna forbode fumigant-pesticid som vart produsert som eit kjemisk våpen under Første verdskrig.
Dikloropropen blir laga av dei US-amerikanske selskapa Corteva og Inovyn, dotterselskap av den britiske kjemi-giganten Ineos. Og Marokko er ein av hovuddestinasjonane, der dikloropropen blir brukt til å dyrke tomatar. I 2015 viste ein FAO-studie (fransk) at berre 4 prosent av produsentane brukte det rekommanderte verneutstyret.
Tredjeplass: cyanamid
Likevel blir kjemikaliet framleis framstilt i Tyskland, av eit selskap kalla Alzchem. I 2018 eksportdeklarerte selskapet over 7000 tonn av ein formel kalla «Dormex». Størsteparten av dette gjekk til land som Peru, Chile, Sør-Afrika og Mexico. I Egypt, som mottok 300 tonn i 2018, er substansen ofte involvert i forgiftning av bønder.
Då Public Eye og Unearthed kontakta Alzchem, svara dei: «Landa vi eksporterer til han strenge lover for godkjenning av plantevern-produkt, og vi trener bønder opp i trygg bruk av produkta våre».
På tide å sette stopp for denne elendige praksisen
Ikkje rart at tre dusin av FNs menneskerettsekspertar i juli i år bad EU om å stoppe denne elendige praksisen. I ei felleserklæring sa dei at rike land må stenge «smotthola» som tillet eksporten av desse forbodne pesticida til land som “manglar kapasitet til å kontrollere risikomoment” og der dei resulterer i vidtrekkande “krenking av menneskets rett til å leve”.
Men praksisen aukar. Når EU forbyr pesticid som er påvist skadelege for menneskehelsa eller miljøet, legg dei uforvarande nye namn til lista over farlege landbrukskjemikal produsert for eksport. Unearthed og Public Eye har oppdaga at i 2019 vart ni nye substansar – med eit totalt volum på 8000 tonn – eksporterte for aller første gong.
Ironisk nok er hovuddestinasjonane for denne eksporten av forbodne produkt – USA, Brasil og Ukraina – nett dei same landa som forsyner EU med mat. Som ein boomerang, kan difor dei forbodne pesticida finne vegen tilbake til europeiske konsumentar via importert mat dyrka fram med den forbodne gifta.
Selskap prøver seg med villeiing
Av dei 30 selskapa vi kontakta, var det rundt halvparten som svara, deriblant Syngenta. Produsentane rettferdiggjorde eksporten sin med hovudsakleg fire hovudargument:
- produkta deira er trygge, og dei tenker på risikoreduksjon,
- dei respekterer lovene til landa dei opererer i,
- kvart land har sin suverene rett til å bestemme kva slags pesticid som best møter behova til bøndene der,
- mange pesticid blir selde til utlandet, men ikkje i Europa, fordi dei to regionane har ulike tilhøve og agrikulturelle behov.
Her må vi minne lesarane om at dei 41 pesticida det gjeld, alle har blitt eksplisitt «forbodne» i EU «for å beskytte menneskeleg helse eller miljøet». Det er grunnen til at dei er inkluderte på lista over hasarddiøse kjemikalium i EUs PIC-regelverk og er gjenstand for krav om eksportvarsel.



«Dersom EU, med alle sine ressursar, kjem fram til den konklusjonen at desse pesticida utgjer ein uakseptabel risiko, og er altfor farlege til å bruke, korleis kan dei då bli trygt brukte i fattigare land, når det nødvendige verneutstyret vanlegvis er utilgjengeleg der,» spør FNs tidlegare spesialrapportør for menneskerettar og farlege substansar og avfall, Baskut Tuncak. «Dei fleste import-landa er dessutan ute av stand til å kontrollere og monitorere bruken av slike farlege substansar.”
Denne nær fråverande kontrollen og den høgare eksponeringsgraden betyr at skaden på menneskes helse eller miljøet er mykje større enn i rike land. Ifølge FN-estimat tar pesticid livet av meir enn 200 000 menneske i utviklingsland kvart år.
“Selskap seier gjerne at dei følger nasjonale lover, men dei arbeider også hardt for å endre og forme desse lovene,” seier Alan Tygel, talsmann for Den permanente kampanjen mot pesticid og for liv i Brasil. «I mitt land driv agrokjemiske gigantar aggressiv lobby-verksemd for å få slakkare pesticid-reglar og svekke tiltak som kan verne folk og miljøet.”
Sette stopp for eit hyklersk system
I mai i fjor lanserte EU sin Farm to Fork-strategi med stor fanfare, og posisjonerte seg som ein global leiar under overgangen til eit meir rettvist, sunnare og meir miljøvenleg mat- og landbrukssystem. Men trass i lovnaden om høgare standardar, vender EU det blinde auge til eksporten av pesticid som er for farlege til å bruke i EU.
Ein offisiell EU-tenestemann fortalde Public Eye at europeiske reglar om eksport av forbodne pesticid allereie var “strengare enn påkravd”. Ho sa eit “forbod mot eksport frå EU vil ikkje automatisk føre til at tredjeland sluttar å bruke slike pesticid – dei kan importere dei frå andre stadar”. Ho argumenterte med at “å overtyde dei om å ikkje bruke slike pesticid, vil vere meir effektivt” og dette skulle vere ein del av “den grøne diplomati-innsatsen” som EU planlegg for å “oppnå meir berekraftige matsystem globalt.”
Når dei blir kontakta av Public Eye og Unearthed, gøymer dei fleste regjeringane seg bak omgrepet statssuverenitet. Europeiske regelverk sikrar at land mottar «robust og sunn informasjon om desse substansane», sa ein tysk representant. «Desse landa kan så bestemme sjølve om ein substans skal tillatast eller ikkje.»
Når dei tillet eksport av forbodne pesticid til land som ikkje kan kontrollere risikoen, bryt desse statane pliktene dei ifølge internasjonale menneskerettslover har, seier FN-ekspertar.
Eitt land, Frankrike, tenker forby denne praksisen frå 2022 av, etter at dommarar avviste eit juridisk krav frå store pesticd-produsentar tidlegare i år. Dommarane sa at restriksjonar på entreprenør-fridommen kan forsvarast på grunn av «skaden på menneskes helse og miljøet».
«EU må vise ekte leiarskap i denne saka,» seier Baskut Tuncak. «Frå der kan vi gå mot ein endå breiare konsensus for å få slutt på denne avskyelege praksisen med diskriminering og utbytting.»
*
Teksten er omsett av Monica Sortland frå ei engelsk omsetting av ein fransk artikkel. Original-artikkelen på fransk finn du her.
Legg også merke til artikkelen er skriven i 2020. Den som vil, kan ta utfordringa med å finne ut om noko har endra seg i mellomtida, om t.d. nokon har slutta å produsere desse stoffa. Litt oppdatering finn du her.
Elles finst det eit opprop ein kan skrive under på, adressert til EUs miljøkommisjonær, Virginijus Sinkevičius.
https://www.publiceye.ch/en/topics/pesticides/banned-in-europe
Forsidebilde: Lexica
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 350 ganger.
1 kommentar. Leave new
Uansett EU og/eller over-nasjonale organisasjoner, som tydligvis ikke er en bremse for slik gift-utvikling/eksport. ( Lobbyistene slipper å reise rundt og promotere overfor hvert lands bønder. Det kan gjøres sentralt i Brussel. )
Men det er vel fortsatt slik at hver nasjons bønder har muligheter til å si nei til bruk giftstoffer?
Det er vel fortsatt slik at hver nasjons innbyggere har muligheter til å si nei til kjøp av produkter/mat med disse stoffene?
Selvfølgelig må det granskninger og avsløringer til, når noe forsøkes holdes skjult. – Som alltid. På alle områder.
Og kanskje går det (enda mer ) i retning av økologisk landbruk i Norge, – og flere land?
Bruk av arbeidskrefter istedet for gift vil muligens gi dyrere ( mer arbeidskrevende) produkter. Så er det (eventuelt) bare slik. Virkeligheten kan ingen stoppe. Men vi kan ( som her i denne artikkelen) dele kunnskap.
Det er en prosess. Vi får vi ta oss sjøl på alvor.
Så får vi la kua og sauen prompe fra giftfrie utmarksbeiter. Og konsentrere oss om virkelige gifter.