POSTED IN Libya

EU bidrar med sitt:

Moderne slaveri i dagens Libya.

6 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

FN: Slavebinding av afrikanske migrantar har blitt ‘big business’ i Libya, takka vere EU-finansiering 

 ALEXANDER RUBINSTEIN, Grayzone

Ei FN-gransking har konkludert med at pengar frå EU til statlege organ i Libya bidrar til brotsverk mot menneskeslekta som spenner frå tvangsarbeid til seksuelt slaveri og tortur.

EU har gjennom si finansielle støtte til den libyske kystvakta og det libyske Direktoratet for kamp mot illegal migrasjon medverka til brotsverk mot menneskeslekta, ifølge ein nyleg publisert FN-rapport.

Den 27. mars, 2023 publiserte FN funna sine etter tre års gransking av forholda i dagens Libya. Dei stadfester at «vilkårleg fengsling, mord, valdtekt, slaveri, seksuelt slaveri, illegale avrettingar og bortføringar (enforced disappearance)” har blitt ein «vidspreidd praksis» i den ein gong så rike nasjonen Libya, som vart kasta ut i borgarkrig av NATOs regimeskifte-krig for over eit tiår sidan.

Brotsverka mot menneskeslekta skjer, ifølge rapporten, over heile Libya, men rapporten fokuserer på situasjonen til inn- og utvandrarar, og skuldar Den europeiske unionen, EU, for å la regjeringa i Tripoli, Government of National Unity, drive med overgrep mot afrikanarar som søker asyl i Europa.

Rapporten slår fast i innleiinga at: «Oppdraget fann at brotsverk mot menneskeslekta vart gjort mot migrantar i forvaringsfasilitetar under faktisk eller nominell kontroll av Libyas direktorat for kamp mot illegal migrasjon, den libyske kystvakta og apparatet for stabilitetsstøtte. Desse einingane mottok teknisk, logistisk og økonomisk støtte frå Den europeiske unionen og deira medlemsstatar til mellom anna avskjering og tilbakesending av migrantar.»

Med andre ord: heller enn å direkte avskjere migrantar som kjem med båt til Europa, har EU delegert skitarbeidet til den libyske kystvakta. Når kystvakta arresterer migrantane, sender dei dei tilbake til Libya, der dei blir overførte til både offisielle og «hemmelege fengsel». I desse blir dei ofte utnytta for økonomisk vinning gjennom tvangsarbeid, løysepengar eller seksulet slaveri.

«Det er rimeleg grunn til å tru at migrantar vart tatt til slavar i forvaringssentra til direktoratet for kamp mot illegal migrasjon,» slår rapporten fast, og legg til at personell frå direktoratet og kystvakta og offisielle tenestemenn er impliserte «på alle nivå» medan høgtståande embetsmenn i skjul samarbeidde («colluded») med menneskehandlarar og smuglarar både i samband med forvaring og avskjering.

«Oppdraget fann også rimeleg grunn til å tru at vakter kravde og mottok betaling for å sleppe migrantar fri, Menneskehandel, slaveri, tvangsarbeid, fengsling, utpressing og smugling skapte betydelege inntekter for individ, grupper og statsinstitusjonar,» hevdar rapporten.

I 2017 rapporterte internasjonale medium at slavehandelen i Afrika hadde gjenoppstått på grunn av kontroversane etter den NATO-støtta regimeskifteoperasjonen for å bli kvitt den libyske leiaren Moammar Gaddafi. FN har no stadfesta at praksisen ikkje berre har halde fram, men at den og har blitt mogleggjort av EU.

«Støtta som EU har gitt til kystvakta i Libya … førte til brot på visse mennskerettar,» fortalde FN-etterforskar Chaloka Beyani. «Det er også tydeleg at direktoratet for kamp mot illegal migrasjon har ansvaret for ei mengd brotsverk mot menneskeslekta i forvaringssentra dei driv. Så støtta som EU har gitt dei, har forenkla dette. Sjølv om vi ikkje seier at EU og deira medlemsland gjorde desse brotsverka, så er poenget at den støtta dei gav har hjelpt og medverka til utøvinga av brotsverka.»

Ifølge ein rapport frå 2021 frå Brookings Institution, har EU slusa $455 millionar til den libyske kystvakta og andre statlege organ sidan 2015.

I mellomtida har ei gransking av The Outlaw Ocean Project og The New Yorker funne at pengar frå EU «betaler for alt frå bussane som transporterer fanga migrantar på sjøen frå hamn til fengsel til likposar brukt til dei migrantane som døyr på havet eller medan dei sit arresterte.»

Ifølge den felles granskinga deira mottok Libyas direktorat for kamp mot illegal migrasjon «30 spesialtipassa Toyota Land Cruiser’ar til å avskjere migrantar i Libyas sørlege ørken,» medan pengar frå EU også hjelpte direktoratet til å kjøpe «10 bussar til å frakte fanga migrantar til fengsel etter at dei er tatt.»

Libyakrigen som Nato stod bak, var en katastrofe for Libyas befolkning. Fra å være Afrikas fremste velferdsstat omgjorde Nato landet til er splittet stat som i etterkant er herjet av borgerkrig og kaos.

Den valdelege styrtinga av Gaddafi-regjeringa av NATO og Salafist-opprørarane dei sponsa i 2011, kasta Libya ut i ein tilstand av borgarkrig, der store delar av landet vart overtatt av Al Qaida og IS-tilknytte bandittar. Då NATO og jihadistane deira nærma seg faretruande, åtvara Gaddafi og at dersom han vart styrta, ville det føre til destabilisering av heile regionar på kontinentet og ei ny innvandringskrise for Europa, med Middelhavet omdanna til eit «hav av kaos».

Gaddafis son, åtvara på liknande vis den gongen om at «Libya kan bli nord-Afrikas og Middelhavets Somalia. Du vil sjå piratane på Sicilia, på Kreta, på Lampedusa. Du vil sjå millionar av illegale immigrantar. Terroren vil vere i nabohuset.»

FN-granskaren professor Beyani, la skulda for krisa som Libya er i på maktrivalisering etter maktvakuumet som Vesten skapte i Libya med reimeskiftekrigen, men unngår å referere direkte til det. Human Rights Watch har også skifta standpunkt, bort frå debattar om NATOs intervensjon i 2011 i dekninga si om FN-rapporten, som dei skildrar som «brutal og fellande».damning.” Kanskje fordi direktøren deira på det tidspunktet, Ken Roth, var ein «ivrig støttespelar» av overgrepet.

Transformasjonen av Libya til eit anarkistisk helvetesliknande landskap har dramatisk redusert risikoen for at potensielle innvandrarar til Europa skulle oppdagast av autoritetar i EU. FN-rapporten estimerer at meir enn 670 000 migrantar var i Libya under delar av granskinga.

Mangelen på ei sterk, stabil, sentral regjering i Tripoli har late ein heil industri utvikle seg, med utbytting av migrantar som business-modell. «Arrestasjonar, menneskehandel med migrantar, er stor forretning i Libya. Det er eit entreprenør-prosjekt,» fortalde Beyani til France 24 etter at rapporten var sleppt.

Medan Den internasjonale straffedomstolen har sikta Russlands president Vladimir Putin for påstandar kokt ihop av USAs utanriksdepartement-sponsa forskarar, har den nye FN-rapporten om Libya blitt behandla mest som ein fornote av media i USA og Europa, trass i Vesten si rolle som nøkkelarkitekten bak marerittet som landet no står oppe i.

ALEXANDER RUBINSTEIN,·17. APRIL, 2023

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 316 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

6 kommentarer. Leave new

  • «Då NATO og jihadistane deira nærma seg faretruande, åtvara Gaddafi og at dersom han vart styrta, ville det føre til destabilisering av heile regionar på kontinentet og ei ny innvandringskrise for Europa, med Middelhavet omdanna til eit «hav av kaos».»

    Norge/Nato/Stoltenberg/Støre er ikke bare ansvarlig for ødeleggelsen av Afrikas best fungerende land.
    Men også de enorme lidelsene på Middelhavet for de som lokkes til å reise. – Og som media nå gråter krokodilletårer over.
    ( Og kaoset det skaper i Europa.)
    Gadaffi hentet hjem landets enorme gullreserver som skulle understøtte den nye valutaen for Afrika, Libyske Gulldinarer, som et alternativ til dollar for å frigjøre Afrika fra vestlig/amerikansk økonomisk kvelertak i tiår etter tiår.

    Men hvor er det blitt av dette gullet?
    Er det stjålet av de samme som tok kontroll over Libyas store oljekilder?
    De samme som stjal Afghanistans statskasse?

    ‘Anslagsvis 31.000 sivile har blitt drept i Afghanistan bare siden 2001 og mer enn 30.000 i Libya siden invasjonen i 2011, for å ta bare to eksempler.’
    midtifleisen.wordpress.com/2017/12/18/jens-stoltenberg-og-angelina-jolie-onsker-nato-intervensjoner-for-a-fremme-likestilling/

    ‘Muammar Kadhafi var et av verdens største hatobjekter, en brutal diktator svært mange i Vesten ønsket å styrte. For USA gjaldt Libya-spørsmålet ikke minst olje, for franskmennene utgjorde hans plan om å finansiere opprettelsen av en felles afrikansk myntenhet, «gulldinaren», en økonomisk og politisk trussel.
    Oljens og «gulldinarens» betydning ble avslørt gjennom Wikileaks offentliggjøring av Hillary Clintons e-poster, men denne nyheten nådde ikke i særlig grad fram til Norge.
    Qatar var sterkt militært inne i Libya mot Kadhafi, og Al Jazeera støttet naturlig nok dette engasjementet. Flere av kanalens påstander, ikke minst om luftangrep mot sivile, viste seg ikke å holde vann. En av dem hadde ett sivilt vitne som kilde.
    I MARS 2011 kunne Al Jazeera fortelle at Kadhafi hadde brukt voldtekt som våpen. Tv-kanalen rapporterte at soldatene hans var utstyrt med kondomer og Viagra. Saken ble videreformidlet av en lang rekke internasjonale nyhetsmedier, og FN-ambassadør Susan Rice brukte den i USAs propaganda.
    FN-etterforskere fant ingen beviser for massevoldtekter i Libya, det gjorde heller ikke Amnesty. Mye tyder på at Viagra-historien var fabrikkert.
    Men Vesten lærer visst aldri, heller ikke at det ikke lønner seg å ljuge. ‘
    dagbladet.no/kultur/ny-bok-fra-kontroversiell-forsker-lognene-om-libya/69772264

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      18 mai 2023 10:57

      Godt oppsummert. Korleis trur du ein kunnskapstest om det norske åtaket på Libya hadde slått ut blant avgangselevar i vidaregåande skule?

      Svar
      • Ja,, si det, T.S.

        Denne boka burde ihvertfall stå i 17 mai-hylla i ethvert hjem i Norge:

        ‘ Libyakrigen har blitt en humanitær katastrofe. I denne boken avslører Ola Tunander de uærlige metodene som ble brukt for å påvirke verdensopinionen til å forlange en humanitær intervensjon i Libya i 2011. ‘
        https://www.libyakrigen.no/

        Kanskje sammen med denne uttalelsen fra Stoltenberg? 😉 :

        ‘To verdenskriger, den kalde krigen og kampen mot terror har lært oss alle, også amerikanerne, at vi er tryggere og får til mer sammen enn hver for oss, sier Stoltenberg ‘
        dagbladet.no/studio/nyhetsstudio/5?post=11022

        Svar
  • ‘En gang i Libya levde ikke folk bare for å betale regningene – det var ingen leiekostnader, det var ingen strøm- og bolig-kostnader, utdanning og medisinsk hjelp var gratis. Libya var i flere årtier en blomstrende sosialistisk stat. I 1986 mislyktes et forsøk på å drepe Gaddafi.
    I 1992 ble det innført sanksjoner mot Libya. Vi vet i dag at sanksjoner handler om å bruke makt, angripe inntektsstrømmer – i dette tilfellet olje – de handler om å fryse finansielle eiendeler.
    Da Libyas økonomi var så avhengig av olje var det eneste alternativet å knytte bånd til Vesten, og Libya gikk med på å demontere de fleste Libyas væpnede styrker.
    Gaddafi sluttet med sine militære programmer, og oljebutikken gjenopptrådte.

    «Den eneste feilen jeg gjorde var å stole på de vestlige» sa Gaddafi.
    I dag hersker interetnisk konflikter og landet er i oppløsning.
    Gaddafi hadde advart om at Libya var den eneste virkelige sperren av flyktninger mellom Afrika og Europa. Uten en holdning mot til menneskehandel, profeterte Gaddafi at «det europeiske kontinentet vil bli svart.»
    Den libyske regjeringen pleide å patruljere sine kyster, og holdt grensene restriktivt. Gaddafi ble kritisert for dette av overveiende Human Rights NGOS.
    I dag er det uavbrutt menneskehandel, og disse kan gjøre opp til en million dollar per båt last av flyktninger til Europa.
    Som forklart av Putin i videoen, innførte den vestlige koalisjonen, ved hjelp av de relevante verktøyene i internasjonal lov – FN – en flyforbudsone over Libya. I fullstendig og ulovelig overtredelse ble Gaddafis regiment ødelagt ved bruk av militære droner.’
    youtube.com/watch?v=NLflLdIJeMw

    Svar
  • Northern Light.
    18 mai 2023 18:15

    Livet i USAs regelbaserte orden: Lovverket mot barnearbeid svekkes.

    Av Marty Hart-Landsberg.
    Jakten på profitt fører til en stadig mer uthuling av arbeidslovgivning og praksis. Et eksempel: den kraftige økningen i antall stater som vil svekke lovverket mot barnearbeid. Vi må kjempe mot denne trenden og skal vi lykkes må vi være tydelige på hvem vi kjemper mot. Talsmenn for å lempe på lovverket mot barnearbeid er ikke noen ytterliggående galninger; de er noen av de mektigste høyreorienterte stiftelsene og lønnsomme selskapene i USA.

    The Economic Policy Institute har følgende oversikt over den siste utviklingen:
    Allerede i 2023 er det innført åtte lovforslag for å svekke lovverket mot barnearbeid i seks delstater i Midtvesten; Iowa, Minnesota, Missouri, Nebraska, Ohio og South Dakota og i Arkansas, hvor et lovforslag som opphever restriksjoner for arbeid for 14- og 15- åringer er nå lovfestet. Ett lovforslag som ble innført i Minnesota ville tillate 16- og 17-åringer å jobbe på byggeplasser. Ti stater har innført, vurdert eller vedtatt lovgivning som svekker beskyttelsen for unge arbeidstakere i løpet av bare de siste to årene.

    Iowa-lovforslaget, som ble godkjent av statens senat i april, sier litt om hvordan ting kan utvikle seg nasjonalt. Blant annet lettes det på restriksjoner på farlig arbeid som lar tenåringer så unge som 14 år jobbe i kjøttkjølelagre og industrielle vaskerier og tenåringer så unge som 15 år å jobbe på samlebånd. Den gir også tillatelse til å opprette spesielle tillatelser, som vil tillate tenåringer så unge som 14 ½ å kjøre til arbeidet mellom 05:00 og 22:00.

    Kapitalen bestemmer.
    Tilhengere av Arkansas-lovforslaget hevdet at de kun var motivert av deres ønske om å avlaste foreldrene for «foreldede» og «vilkårlige byrder» som forstyrret deres rett til å bestemme hva som var best for barna deres. Og vi kan forvente å høre dette argumentet gjentatt i andre stater.

    Årsaken er at fremstøtet for å svekke lovverket mot barnearbeid i stor grad er planlagt og finansiert, av store høyreorienterte stiftelser og tenketanker som Foundation for Government Accountability (FGA) og State Policy Network, og næringslivs-organisasjoner som The National Federation of Independent Business, The Chamber of Commerce, National Restaurant Association, og listen fortsetter. Disse gruppene arbeider sammen, utvikler forslagene, skreddersyr dem ofte til spesifikke statlige forhold, og tilbyr deretter konservative lovgivere argumentene og lobbystøtten som trengs for å få deres godkjenning i bytte mot fremtidige kampanjebidrag.

    Vår utfordring.
    I følge Department of Labor-statistikk har det vært en økning på 69 prosent i antall illegale mindreårige siden 2018, inkludert en økning på 37 prosent det siste året. I 2022 anmeldte Arbeidsdepartementet 835 selskaper for å ha ansatt mer enn 3800 barn ulovlig. Selvfølgelig er dette bare lovbruddene funnet av inspektører på arbeidsplassen; det faktiske tallet er garantert mye høyere. Samtidig, ettersom lovforslagene som er fremhevet ovenfor blir lover, vil mange av de samme praksisene på arbeidsplassene bli lovlige.

    Profittjaget for å utnytte våre barn og unge drives av de samme aktørene som forsøker å ødelegge fagforeninger, svekke statlige reguleringsorganer og ødelegge sosiale tjenester. For eksempel var et av firmaene som ble anmeldt i 2022 for brudd på barnearbeid-lovgivningen, Packers Sanitation Services, som eies av Blackstone Group, verdens største private investerings-selskap. De hadde ulovlig ansatt 100 barn, hvorav mange var migranter, i farlige yrker ved kjøttpakkeanlegg eid av noen av de største og mest fagforeningsfiendtlige firmaene, inkludert Cargill og Tyson.

    Vi må gå høyt ut mot denne offensiven mot barn, og avsløre de politiske og økonomiske interessene som driver den. Særlig fagforeninger har en kritisk rolle å spille i å organisere motstand på arbeidsplassen og i samfunnet mot utnyttelsen av barn til arbeid.

    Fra Global Research, publisert 16 mai 2023.
    Oversatt fra engelsk. Linker i orginalartikkelen. Skrevet av Martin Hart-Landsberg, professor emeritus i økonomi ved Lewis and Clark College, Portland, Oregon, og forsker ved Institutt for samfunnsvitenskap, Gyeongsang National University, Sør-Korea.
    Orginalartikkel: The Rollback of Child Labor Protections Is Well Underway.

    Kommentar:
    Det er grunn til å tro at svekkelsen av lovverket som skal beskytte mot barnearbeid, kommer for å kynisk utnytte millioner av barn blant migranter fra Sør-Amerika til USA.

    «To 10-åringer ble funnet å jobbe til klokken 02.00 på en McDonald’s restaurant i Louisville, med én tillatelse til å betjene frityrkokeren. En Kentucky McDonald’s restaurant ble bøtelagt av myndighetene denne uken etter at den tillot barn å utføre ulønnet arbeid, hvor en av dem ulovlig brukte frityrkokeren».
    Kilde: Fortune com.

    Svar
  • Russland og Kina gjorde en tabbe ved bombingen av Libya. Begge land stemte avholdende i FNs sikkerhetsråd da denne saken var til avstemming. Dermed fikk bombingen av Libya et FN mandat. Hadde Russland og Kina stemt mot bombing av Libya, så ville norsk bombing ha vært en krigsforbrytelse iflg FN.
    Det kan se ut som Russland hadde en veldig naiv holdning til vestmaktene i denne og andre saker.
    For å si det slik: så er det viktig at stormaktene har en realistisk holdning til spørsmål og krig og fred og ikke lar seg lure av feks vennlig tale fra USA.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Freden bryter ut i verden.

Når snakket Nato sist om fred?

Previous Post

Sikre deg daglig litt motgift.

Derimot.no sitt nyhetsbrev beskytter mot ensidighet og krigspropaganda.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.