POSTED IN Klima

EU avlyser klimakrisen:

Grønnmaler kjernekraft og fossilt drivstoff.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email


EU erklærer fossilt drivstoff og kjernekraft for «grøne» energikjelder

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den europeiske union (EU) har stemt for å kalle investeringar i gass- og kjernekraft «grøne» og «øko-vennlege», noko som gjev eit dødsstøyt til anti-fossildrivstoff-agendaen som lenge har hatt som mål å rasere Vesten.

Innlegget er hentet fra saksyndig

Onsdag [6.juli 2022] kasta EU ut forsøk på å blokkere ein lov som vil adressere gass- og kjernekraft til EU si «taksonomi»-regelbok frå 2023. Den lova, som nesten sikkert vil bli vedteken, vil late investorar merke og marknadsføre investeringar i desse sektorane som grøne.

«Stemma opnar opp for at EU sitt lovforslag kan bli ein lov, med mindre 20 av dei 27 medlemsstatane vel å gå imot det, noko ein reknar som svært usannsynleg,» rapporterte Reuters om EU-stemma.

«Av 639 lovgjevarar til stade, gjekk 328 mot forslaget som søkte å blokkere EU sine gass- og kjernekraftforslag.»

Europa-kommisjonen ønskte visstnok resultatet velkommen, sidan dei kom med desse reglane tilbake i februar etter meir enn eit år med forseinkingar og «intens lobbyverksemd frå regjeringar og industriar,» forklarte rapportar.

«Complementary Delegated Act er eit pragmatisk forslag for å sikre at private investeringar i gass og kjernekraft, som vi treng for vår energiovergang, møter strenge kriterium,» annonserte leiar for EU sine finansielle tenester Mairead McGuinness.

Det er anten fossilt drivstoff eller straumbrot etterfølgt av døden: Kva blir det til, Europa?

Sidan gass produserer langt mindre utslepp enn kol, som Reuters skildrar som «planet-varmande», er somme EU-statar viljuge til å vedgå at det er betre å produsere og bruke det, enn å rett og slett risikere mørke i vinter so fort russisk import går tom.

Bedre med varme fra gass enn å fryse.

Ikkje kvar EU-stat er einig, naturlegvis, og klimafanatikarar tørnar fordi dei ser på alt fossilt drivstoff som det verste nokosinne for planeten, og helst føretrekkjer bråkete, stygge vindmøller overalt, og digre solpanel-gardar som øydelegg det naturlege landskapet.

Kjernekraft, samstundes, produserer ingen utslepp, men bakdelen er at det har som avfallsprodukt radioaktivt materiale, som er omtrent so ille for miljøet som det går an å bli når det fyrst slepp ut.

Det er for det meste dei vest-europeiske medlemmane av EU som framleis er fanga i vrangførestillingar om vind- og solkraft, medan Slovakia, til dømes, er opprømte over at fossilt drivstoff går tilbake til den grøne kategorien den høyrer heime i.

«Vi vil framleis halde oss på vegen mot klimanøytralitet innan 2050,» sa den slovakiske statsministeren Eduard Heger til støtte for valet.

I kontrast til dette går Luxembourg og Austerrike i harnisk over avgjerda, og lover å utfordre den i domstolane.

«Det er ikkje truverdig, ambisiøst eller basert på kunnskap, det set framtida vår i fare og er meir enn uansvarleg,» jamra den austerrikske klimaministeren Leonore Gewessler.

Greenpeace, ei miljøekstremist-gruppe, er òg kritiske til at olje og gass blir inkludert i den grøne kategorien, og har lovd å byggje ei juridisk sak mot den.

«Dette er eit dårleg signal til resten av verda som kan underminere EU sin leiarskapsposisjon rundt klimahandling,» klaga Anders Schelde, leiande investeringsoffiser ved det danske pensjonsfondet AkademikerPension.

Industrileiarar slik som Ingbert Liebing, direktør ved Tysklands VKU [Forbund for kommunale føretak; oms.an.], lovpriste EU-stemma, og kalla den «eit viktig teikn på rolla til naturgass som ei bru til å oppnå klimamål».

Der er framleis standardar knytte til olje- og gassindustrien, berre for å vere tydeleg. Gasskraftverk, til dømes, må gå over til låg-karbongassar innan 2035, so vel som å møte visse utsleppsgrenser. Om loven blir vedteken, vil ikkje lenger olje og gass bli sett på som «skitne» og uakseptable i Europa.

Forsidebilde: Johannes Plenio

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Skrivefeil?
    «olje og gass blir inkludert i den grøne kategorien».
    Det er vel kjernekraft og gass man snakker om?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

SAS-Pilotene kjemper for alle arbeidstakeres rettigheter.

Hovedfienden er eierne og systemet.

Forrige innlegg

Globalister bruker alle verktøy de har!

Krig mot småbøndene

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.