9/11-familiar saksøker NIST for rapport om World Trade Center Bygg 7
av AE911Truth
7. september, 2021
Ei gruppe på åtte familiemedlemmar som mista barn, foreldre, søsken eller ektefellar den 11. september 2001, har i dag tatt ut søksmål mot National Institute of Standards and Technology (NIST, USAs nasjonale institutt for teknologi og standardisering, underlagt Handelsdepartementet. Omsett til norske forhold tilsvarer det vel ei slags blanding av Justervesenet og tidlegare Statens Teknologiske Institutt, som i 2002 vart heilprivatisert og fekk namnet Kiwa AS, mrk.). Søksmålet hevdar at NIST braut føderal lov då dei nekta å etterkome ein førespurnad om å rette opp feil i 2008-rapporten om kollapsen til Bygg 7 i World Trade Center-komplekset. Dei har bede NIST om å forkaste konklusjonane dei der kom fram til.

Dei åtte familiemedlemmane har fått med seg på søksmålet 10 bygg-ingeniørar og arkitektar pluss organisasjonen Architects & Engineers for 9/11 Truth (Arkitektar og ingeniørar for sanninga om 9/11). Alle dei tre gruppene saksøkarar har tidlegare skrive under på den opprinnelege førespurnaden om korreksjon, som identifiserte åtte måtar som NIST tar feil på i sitt brannbaserte scenario for kollapsen til Bygg 7. Dei viser at NIST si forklaring både er fysisk umogleg og ikkje i samsvar med tilgjengelege tekniske bevis.
Målet med søksmålet er å skaffe ei rettsleg avgjerd, at ein dommar avseier ei avgjerd om å tvinge NIST til å utføre nye analysar og utvikle ein ny «sannsynleg kollapssekvens» som er fysisk mogleg og i samsvar med tilgjengelege bevis. Saksøkarane argumenterer med at det einaste moglege scenarioet av slik art, er at det var ei kontrollert sprenging av bygget som skjedde.
I august 2020 kom NIST med si første avgjerd om å nekte å etterkome bøna om korreksjon. Architects & Engineers for 9/11 Truth fordømde avgjerda og kalla den eit «grovt forsøk på å vike unna unna dei argument og fakta som førespurnaden inneheldt.» Då gruppa i september 2020 anka avgjerda, måtte dei vente lenge på respons. Ikkje før i juni 2021 la NIST fram si endelege avgjerd – sju månadar lengre enn det vanlegvis tar byrået å svare på slike anker.
I søksmålet hevdar saksøkarane at NIST sin uvilje til å etterkome førespurnaden om korrigering er eigenmektig, lunefull og lovstridig fordi byrået sine svar på argumenta i førespurnaden er irrasjonelle, unnvikande og utilstrekkelege.
«Vi la fram hundretals sider med dokument som viser at historia deira om korleis Bygg 7 kollapsa, er totalt falsk,» sa Bob McIlvaine, som hadde ein son, Bobby, som døydde i World Trade Center – og som skulle ha vore med i dei 30 minutta som vart fjerna frå Spike Lee sin dokumentarfilm NYC Epicenters 9/11 → 2021½. «NIST har mislykkast i å gi ein meiningsfull respons fordi rapporten deira er usann, og dei veit det.»
Matt Campbell er ein britisk statsborgar som mista bror sin, Geoff Campbell, i angrepa. Familien hans søkte i førre månad om ei ny gransking av Geoff sin død. Etter søknaden sa Matt: «Det er djupt problematisk at NIST stadig villeier folket om kva som eigentleg skjedde. Alle som med eit ope sinn ser på kollapsen til Bygg 7, ser at det er ei kontrollert sprenging. Det er vanskeleg å fatte at dette i det heile tatt blir diskutert, og at så mange folk er medskuldige i å hindre sanninga i å kome ut.»
Hovudklagepunktet i søksmålet er NIST si tilståtte utelating av eit svært viktig strukturelt element i computer-modellen sin – saman med byrået si «irrasjonelle» forklaring på korfor det er utelate. Saksøkarane argumenterer med at ei inkludering av strukturelementet ville ha hindra at feilen i NIST sitt kollapsscenario hadde oppstått. Dei har bede NIST køyre analysane sine på nytt, med strukturelementet inkludert, men NIST nektar å gjer det.
Saksøkarane klagar også på at NIST nektar å undersøke ein bit smelta stål frå Bygg 7, og at byrået nektar å intervjue vitne som har opplyst om eksplosjonar. Desse inkluderer Gigi Stone Woods, reporter for NY1, som på ein video som dukka opp i fjor vitnar om «ein utruleg høglydt eksplosjon», og som i januar stadfesta historia si for Architects & Engineers for 9/11 Truth.
NY1 Reporter Gigi Stone Woods den 11. september, 2001: “Brått høyrdest ein høglydt, utruleg høglydt eksplosjon.”
Omsett av Monica Sortland (mine uthevingar)
Originalartikkelen, på engelsk, finn du her: https://www.ae911truth.org/nist?fbclid=IwAR2YN9q2LmEuId_QgliHobVXD4wgSWHcR23mvY5tI1oP-sUKN1dT7vZl0i4
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 473 ganger.
9 kommentarer. Leave new
Dokumentarfilmen SEVEN som konkluderer med at NIST tar feil, ligger på
https://www.bitchute.com/video/N6gTexNhcWLe/
NRK ser ut til IKKE å ville vise denne dokumentaren. Surprise.
» Sannheten», hvem er vel interessert i sannhet? Dette er politikk.
Som podcasten i NRK for noen dager siden :
https://radio.nrk no/podcast/oppdatert/sesong/1
Der et «tidsvitne» forteller om 2 kaprere (blaa. «hovedmannen») tar 2 fly med mellombytte, for å komme til Boston-flyplassen. – I stedet for å kjøre 15 mil med bil rett til flyplassen.
» Jeg burde ha stoppet han, han hadde ikke riktig billett, – da kunne jeg avverget hele terrorhandlinger»
Ja, R. K, media, generelt, og NRK, spesielt, er mest interessert i å formidle historier fra «tidsvitner» som underbygger den offiselle historien. Uten spørsmål eller kritisk blikk. Slikt blir bare forstyrrende
Frikar skrev:
«Sannheten”, hvem er vel interessert i sannhet? Dette er politikk.»
Enhver som er interessert i sannhet undersøker vel – grundig – begge sider av saken?
Begge sider av eit massemord? Planlagt over mange år! Berre atomvåpen kan skape høg nok temperatur til å omgjere hundre etasjer stål og betong til støv. Nye tre tusen er døde av blodkreft etter all asbesten i støvet. Dette er fakta. Min tanke er at Mossad fekk med seg CIA til å sende ei kruserrakett inn i reknskapskontoret i Pentagon, så utvida dei sjølve angrepet til New York. Og CIA sat i saksa.
Slangen skrev:
«Nye tre tusen er døde av blodkreft etter all asbesten i støvet. Dette er fakta»
Og helt irrelevant i spørsmålet om hvorvidt angrepene var planlagt eller ikke.
«Berre atomvåpen kan skape høg nok temperatur til å omgjere hundre etasjer stål og betong til støv.»
Eller gigantiske laservåpen, som noen konspirasjonsteoretikere mener?
Fantasifulle konspirasjonsteorier bidrar ikke til en fornuftig debatt. Som nevnt: Om man søker sannhet, må man alltid sette seg inn i begge sider av en sak. Det gjelder i alle livets mange fasetter. Men når man velger å kun forholde seg til en side av saken, så blir resultatet deretter: Et forvrengt bilde av virkeligheten.
Den kompakte viljen til åpenbare feilslutninger om hendelser knyttet til 11.september bare dokumenterer at kollektiv, kognitiv svikt er et faktum. Fiksjon foretrekkes framfor fakta. Uhyggelig.
Fysiske lover trumfer medialøgner. Prøv å kaste ei halvfull brusboks gjennom eit tett nettinggjerde, aluminiumsboksa faller ned på utsida. Enorme jarnsøyler stod tett, men ingen aluminiumsfly falt ned på utsida.
Men CIA var truleg med på massedrapet av amerikanske borgarar frå starten av, mange der med dobbelt statsborgarskap. USA er ein narkostat og CIA er verdens største narkotikasyndikat.