POSTED IN Konspirasjoner / Sammensvergelser, Krig-fred

Etter nederlaget i Ukraina:

Nye kriger står for tur i Afrika.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Ein ny krig blir førebudd til etter nederlaget mot Russland

Av Thierry Meyssan. 

Krigen i Ukraina er eit synsbedrag. Bak det som ser ut som eininga av NATO og deira konsolidering av nye medlemmer, spring fleire store spelarar med haren og jaktar med hundane. I røynda veit alle dei som ikkje er blinda av sin eigen propaganda, at deira side kjem til å tape, og planlegg allereie andre fiendar på andre slagmarker. Washington gjer det beste ut av ein dårleg situasjon og bruker russisk press for å slutte rekkjer.

Den Straussianske regjeringen (USA) samlet 85 stater i Marrakech for å planlegge den neste krigen i Sahel. Titalls milliarder av dollar i våpen, offisielt bestemt for krigen i Ukraina, hoper seg allerede opp på Balkan før de leveres til Daesh-jihadiste

Lengst framme på scena forsikrar NATO at dei har blitt styrka av «Putins galskap». Ukraina, kraftig væpna av Vesten, fører eit motoffensiv og støyter tilbake «invaderaren». På det internasjonale nivået ber sanksjonane frukter. Finland og Sverige, som kjenner seg truga, valde å bli med i den Atlantiske allianse. Snart vil russarane styrte «diktatoren» i Kreml.

Denne strålande forteljinga blir motsagt av fakta: berre rundt ein tredjedel av vestlege våpen når fronten. Men den ukrainske hæren er utsliten. Nesten overalt trekkjer den seg tilbake, og enkelte bragder endrar ikkje heilskapen. To-tredjedelar av vestlege våpen, spesielt dei tyngste, er allereie tilgjengelege på svartebørsen i Balkan, spesielt i Kosovo og Albania, som har blitt hovudpunkta for handel i dette området. Vestlege sanksjonar utgjer ein risiko for hungersnaud, ikkje i Russland, men i resten av verda og spesielt i Afrika. Tyrkia og Kroatia er imot å ta opp nye medlemmer til NATO. Det er mogleg å overtyde dei, men prisen for det er radikale politiske endringar som Vesten alltid har vore mot.

Finland og Sverige søkte om NATO-medlemskap 18. mai 2022.

Sjølv om Russland er kloke nok til å ikkje feire sigeren for høgt, som dei gjorde i Syria, vil det bli sett på som nederlaget til den største militærstyrken i historia, NATO. Ein siger som ikkje appellerer, sidan den Atlantiske allianse var fysisk involvert i kampen medan den stod rundt slagmarkene i Syria. Mange av Washington sine vasallstatar vil prøve å bryte laus. Det er sannsynleg at deira sivile leiarar vil halde seg mentalt orienterte mot Vesten, medan deira militære leiarar vil vende seg raskare mot Moskva og Beijing. I åra som kjem vil kortstokken bli omstokka. Det vil ikkje dreie seg om å flytte seg frå Washington-linja til den til dei nye sigersherrane, men å skape ei multipolar verd der alle er ansvarlege for seg sjølve. Det som står på spel er ikkje ein redefinisjon på påverknadssoner, men slutten på mentaliteten rundt det å etablere eit hierarki mellom folkeslag.


______________________________________________________
Innlegget er hentet fra saksyndig
______________________________________________________

Frå dette framtidige synspunktet er det fascinerande å observere vestleg retorikk. Mange ekspertar frå gamleverda forklarer at Russland ønskjer å byggje oppatt imperiet sitt. Dei påstår at dei allereie har gjenerobra Ossetia og Krim og at dei no går til åtak mot Donbass. Dei rekonstruerer historie med falsifiserte sitat frå president Putin. Alle som studerer noverande Russland og sjekkar ut data, veit at dette ikkje er sant. Tillegginga av Krim til Den russiske føderasjon og den framtidige tillegginga av Ossetia, Donbass og Transnistria har ingenting å gjere med eit imperium, men med rekonstitueringa av den russiske nasjonen, som vart hoggen i stykke under kollapsen av Sovjetunionen.

I denne konteksten byrjar ein liten del av den vestlege leiarskapen å utfordre vala til sin amerikanske herre. Det same fenomenet fann stad under det siste trimesteret på slutten av embetet til den franske presidenten Nicolas Sarkozy. Sistnemnde, i lys av den menneskelege katastrofen han hadde bidrege til å framprovosere i Libya og hans nederlag i Syria, sa seg einig i å forhandle ein separat fred med Damaskus. Washington, som var rasande over hans uavhengigheit, organiserte derimot hans valnederlag i favør av Francois Hollande. I dagane etter hans innlemming i Élysée-palasset relanserte sistnemnde den vestlege krigsmaskina i eit tiår. Det er nøyaktig på denne tida at Russland forplikta seg sjølv til å intervenere i Syria. I to år gjorde dei seg ferdige med å utvikle nye våpen, for deretter å kjempe mot jihadistane som vart væpna av Vesten og styrt av NATO fråd eira Allied Land Command i Tyrkia.

Medan NATO sine avtalte frasar triumferte i den vestlege pressa, vart våre studiar om historia, betydninga og plassen til Banderistane i noverande Ukraina breitt sirkulert i leiarskapssirklar rundt om i verda. Mange av Washington sine «allierte» nekta no å støtte desse «ukrainarane» som dei veit er nynazistar. Dei tek til etterretning at i denne kampen er det Russland som har rett. Tyskland, Frankrike og Italia har allereie autorisert visse medlemmer av sine regjeringar å snakke med Russland utan at dette endrar den offisielle politikken i landa sine. I det minste speler desse tre medlemmene av den Atlantiske allianse forsiktig eit dobbeltspel. Dersom det går gale for NATO, vil dei vere dei fyrste som snur.

På same vis har Den heilage stolen, som kom nær å tale for eit nytt korstog mot «Det tredje Roma» (Moskva) og hadde i omløp bilete av paven som ber med koner av Banderist-medlemmer frå Azov-regimentet, òg teke kontakt ikkje berre med patriark Cyril, men òg med Kreml.

Alle desse kontaktane, same kor diskrete dei kan vere, irriterer Washington, som allereie prøver å fjerne dei hemmelege emissærane. Men nøyaktig det faktum at dei har blitt offisielt sendt vekk gjev desse emissærane større rom for å forhandle. Det viktige er at dei står til ansvar for dei rette folka for det dei gjer. Dette er eit farleg spel, som ein fekk bevis for i president Sarkozy sitt valnederlag då han prøvde å frigjere seg from sin amerikanske sponsor.

Kroatia og Tyrkia deler felles interesser på Balkan. Her presidentene Zoran Milanović og Recep Tayyip Erdoğan under sitt møte i New York i september i fjor.

Hypotese 1: Det at NATO blir større kan bekrefte deira nye føremål

Lat oss prøve å ta eit steg tilbake frå hendingane og sjå korleis dei kan utvikle seg.

For at Tyrkia og Kroatia skal akseptere Finland og Sverige sitt medlemskap i NATO, må NATO seie seg enige i vilkåra deira. For Tyrkia er dei 1) inkluderinga av PKK og Hizmet (Fethullah Gülen) på lista over terrororganisasjonar, arrestasjonen og utleveringa av deira medlemmer, 2) gjeninnsetjinga av deira våpenindustri i F-35-produksjonsprogrammet, og for Kroatia, 3) endringa av vallover i Bosnia-Herzegovina for å tildele politisk likskap til deira kroatiske minoritet.

  • PKK representerer ikkje kurdarar generelt, men berre nokre av dei. Dei byrja som eit marxist-leninist-parti som kjempa mot det tyrkiske militære diktaturet under Den kalde krigen. So, etter arrestasjonen av leiaren deira og oppløysinga av Sovjet, skifta dei sider og vart eit libertariansk parti som tente Pentagon i Midtausten. I dag er det ein leigesoldatmilits som tener som eit dekke for den amerikanske okkupasjonen i Syria. Å sjå på dei som ein terrororganisasjon vil tyde å evakuere GI-ane frå Syria og returnere oljebrønnane til Damaskus.
  • Fethullah Güllen er den åndelege faren til ein svær veldedigheitsorganisasjon med ei tilstadevering i mange land. Å utlevere han frå USA og sjå på hans organisasjon som terroristisk vil frårøve CIA for avløysarar i mange afrikanske og tyrkisktalande asiatiske land. Dette kan berre vere gjennomførleg for Washington dersom AfriCom vart sendt til det afrikanske kontinentet i staden for å bli sendt i eksil til Tyskland. Forhandlingar er undervegs for å etablere dei i Somaliland, som vil bli ein internasjonalt anerkjent stat. Sett dei lange seriane av åtak som PKK har utført i Tyrkia og attentatforsøket på president Erdogan følgt av eit kuppforsøk i juli 2016 der Hizmet spelte ei sentral rolle på vegner av CIA, er Ankara sine krav legitime.
  • Å gjeninnsetje Tyrkia blant dei F-35-produserande nasjonane kostar ingenging, men det å fjerne de ifrå lista var ein sanksjon mot det tyrkiske militæret sitt kjøp av russiske S400-luftvernvåpen. Å gjere Ankara tilfredse for å gjere NATO større mot Russland vil vere, for å seie det mildt, motseiiande og uleseleg. I tillegg er det å få F-35-ar produsert av ei makt som ikkje har vore blyge rundt kritikk av deira påståtte kvalitet, kan òg vise seg å vere audmjukande.
  • Bosnia-Herzegovina vart skapt av straussarane (Richard Perle var ikkje ein medlem av den amerikanske, men den bosniske delegasjonen til Dayton-traktatane). Ein førestelte seg dei som ei homogen eining i samsvar med den straussiske tenkjemåten. Den kroatiske minoriteten (15% av befolkninga) vart difor utstøytt. Språket deira er ikkje anerkjent og dei har ingen politiske representantar. Å gje etter for kravet som Kroatia gjer på deira vegner vil tyde å stille spørsmål ved grunnane til at straussarane organiserte krigane i Jugoslavia (for å skilje etniske grupper og skape homogene befolkningar). I tillegg er det straussarane som er i aksjon i Ukraina.

Å gå utifrå at desse tre vilkåra er oppfylde eller at dei politiske leiarane som formulerte dei er styrta, vil forstørringa av Den atlantiske allianse ved å inkludere Finland og Sverige bekrefte endringa i NATO sin natur. Det vil ikkje lenger vere ein struktur som har som mål å stabilisere den nordatlantiske regionen som stipulert i avtalen, som fekk president Boris Jeltsin til i 1995 å alvorleg vurdere å slutte seg til landet hans. NATO ville ha fullført si forvandling om til ein amerikansk militæradministrasjon av sitt vestlege imperium.

Dobbelt så mange våpen som de som brukes i Ukraina lagres i Kovoso og Albania før de sendes til et annet operasjonssenter. For Straussianerne (de som leder USAs regjering, red.) vil det kommende nederlaget i møte med Russland ikke være en stor sak. Andre kriger kan utkjempes mot andre fiender og holde virksomheten i gang

Hypotese 2: Vestlege sanksjonar og militærhjelp har som føremål å førebu andre konfliktar

Lat oss no sjå på dei verkelege konsekvensane av vestlege sanksjonar. Tiltaka å ekskludere Russland frå det internasjonale finanssystemet påverkar dei ikkje. Dei held fram med å importere og eksportere so mykje som naudsynt, men dei er tvinga til å endre forsynarar og kundar. Dei set raskt opp ekvivalenten til SWIFT med Brics (Sør-Afrika, Brasil, Kina og India), men dei kan ikkje lenger handle direkte med resten av verda. Det er allereie umogleg å kjøpe kaliumkarbonatgjødsel i Afrika. Faktisk er Russland og Kviterussland hovudeksportørane. Ei hungersnaud bryggjer. Generalsekretæren i FN, António Guterres, har allereie slege alarm. Han ber om at Vesten tillèt eit unntak til embargoen på kaliumkarbonat-gjødseltypar.

I det mest sannsynlege utfallet, at Washington ikkje vil endre politikken sin, vil hungersnaud føre til nye krigar og storskala migrasjon til Den europeiske union.

Det er mildt sagt overraskande at USA etter Mariupols fall var viljuge til å sende 40 milliardar dollar meir til Ukraina når dei allereie hadde tapt 14 milliardar dollar allereie. I røynda nådde to-tredjedelar av pengene aldri målet sitt. Desse summane har blitt feil-tillagt. Snart vil våpen til ein verdi av rundt 18 milliardar dollar vere tilgjengelege i Kosovo og Albania. Anten kastar Pentagon rundt seg med pengar eller dei investerer ved å halde dette enorme lageret ute av syne for Kongressen.

Den amerikanske undersekretæren for politiske affærar, Victoria Nuland, reiste difor til Marokko 11.mai for å styre eit møte i Den globale koalisjonen mot Daesh (IS: red). 85 statar deltok på nivå av sine utanriksministrar. Som føresagt fordømte Nuland reformasjonen av Daesh, ikkje lenger i Midtausten, men i Sahel. Ho inviterte alle deltakarar til å slutte seg til USA i å kjempe mot denne fienden. Derimot, sidan alle hadde sett den massive Pentagon-støtta for jihadistane i Irak og Syria, forstod alle dei tilstadeverande diplomatane at stormen snart ville bryte ut. Våpen mangla og Pentagon ville ikkje bli tekne på fersken i å igjen levere dei til jihadistane. Dei vil berre måtte få dei frå Balkan, der dei framleis ventar på målgruppa i kassane sine.

Ein krig i Sahel vil ikkje vere eit problem: den vil spare dei store maktene og berre resultere i afrikanske offer. Den vil vare so lenge den blir mata, og ingen alliert vil late seg sjølv merke at denne konflikten berre eksisterer av di dei invaderte og øydela Libya. Alt kan halde fram som før: for ein del av menneskeheita vil verda forbli unipolar med Washington i sitt sentrum.

Omsett av saksyndig.

Forsidebilde: MARIOLA GROBELSKA

https://www.voltairenet.org/article217016.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Ja hva skal man si om denne artikkelen ?.Av ti mulige poeng gir jeg den tolv.

    Svar
  • USA har offisielt uttalt at deres mål i dagens situasjon er å svekke Russland mest mulig også permanent (i tillegg har Biden uttalt at USAs mål er regimeskifte i Russland). Men dette er trolig et mål som USA har hatt i veldig mange år, kanskje helt siden 1918 eller før. I praksis betyr slike mål som dette krig og ikke fred. Innenfor NATO er det USA som bestemmer det aller meste, de andre landene i NATO tilpasser seg stort sett USAs krigerske mål.
    USAs mål betyr ikke det samme som at USAs mål feks er å få til en rask seier for Ukraina. Målet er å få drept flest mulige russiske soldater og få brukt opp og ødelagt store mengder av Russlands militærmateriell (når det gjelder konvensjonelle våpen så er Russland en relativt liten militærmakt, selv om Russland er en større militærmakt enn Ukraina). For USA er det viktig at krigen trekkes ut i langdrag og med flest mulig døde og tap på russisk side bla ved å pumpe inn store mengder med våpen i Ukraina. Dette mål vil medføre også store dødstall og ødeleggelser for Ukraina («USA er villig til å kjempe til siste ukrainer»). Men hvor lenge vil folk i Ukraina akseptere dette? Faren er at USAs politikk på et eller annet tidspunkt kan føre til at Russland begynner å ta i bruk taktiske atomvåpen i Ukraina pga store russiske tap.

    Hovedkonflikten i dagens verden går mellom USA og Kina (og man kan også si USA mot aksen Kina/Russland/Iran). Dette kan påvirke hvilke andre konflikter USA involverer seg i og på hvilken måte.

    Svar
    • Jeg tror nesten Derimot bör anbefale SHOhei,s innlegg med ,»anbefales for de mellom 105 og 115 år med lese og skrivevansker..Jeg tror det er SHOhei,s målgruppe.

      Svar
    • Wasan Totland
      29 mai 2022 9:36

      Flott og edruelig beskrivelse. Hans Rustad skriver også om det angivelige IS barbariske angrep i Kongo. Vi vet godt hvem disse representerer og det burde Rustad også klare å se. De dukker opp som paddehatter når land som USA ønsker det.

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USAs Biologiske laboratorier i Ukraina.

Hvilket formål hadde de?

Forrige innlegg

Til vinteren kan Europa havne i svart:

EU Straffer Russland ved å bli mørklagt og iskaldt.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.