POSTED IN Midt-Østen

Etter møtet mellom Biden og Putin i juni:

Er det Russland som sitter i førersetet?

0
Print Friendly, PDF & Email

Nok en gang fører Thierry Meyssans analyser av verdens-situasjonen til helt andre konklusjoner enn de som er logiske ut fra den informasjonen Main Stream media bringer til torgs. Dette er forfriskende lesning og tvinger oss til å tenke motsatt den rådende tenkningen om det som skjer i verden. Det kan så langt i det minste se ut til at denne virkelighetsforståelsen har like mye for seg som de vestlige eksperter serverer.

Men naturligvis vil det som skjer vise hvilke analyser som holder vann. Dessuten forandrer verden seg ofte uforutsett og i en annen retning enn forventet…

Knut Lindtner (redaktør derimot.no)

Ei ny verdsordning tek form (del 5)

Russland førebur teppefall

av Thierry Meyssan

Russland gjer store sprang i å implementere Genève-avtalane frå sist juni. Det bringer Styria tilbake til nasjonanes konsert, førebur seg på å kaste ut Tyrkia, gjere seg til venner igjen med Israel og Iran, får ein fot innafor i Afrika og distribuerer absolutte våpen i Asia. USA er ikkje lenger herskaren over verda. Dei som ikkje følgjer dei noverande omveltningane vil vere taparane i den nye æraen som er under førebuing. 

Implementeringa av konklusjonane til USA-Russland-toppmøtet i Genève (kjent som «Yalta II»), halden 16. juni 2021, held fram. Det verkar som om konsesjonane gjort av Washington til Moskva er mykje meir betydelege enn ein tidlegare har trudd. President Vladimir Putin held fram med å få verda tilbake i orden igjen ikkje berre i den vidare Midtausten, men også i Afrika og Asia. Substansielle endringar er allereie observerbare på fire månader. Etter den russiske tradisjonen er ingenting annonsert, men alt vil bli avdekt i eitt stykke når ting har blitt irreversible. 

Anglo-saksarane har akseptert sitt nederlag

Tidleg i september 2021 hinta USA at det gav Hisbollah løyve til å bryte amerikanske embargo-lover mot Syria og Iran og til å skaffe iransk drivstoffolje via Syria. Då opna Jordan grensa si til Syria. Endeleg byrja den anglo-saksiske pressa ein serie med artiklar retta mot å reinvaske president Bashar al-Assad for brotsverka han var anklaga for og å rehabilitere han. Det heile starta med ein artikkel i The Observer, sundagsutgåva av The Guardian, med tittelen «Pariah Assad sold to West as key to Middle East peace» (fritt omsett: «Utstøytte Assad selt til Vesten som nøkkel til fred i Midtausten», oms.an.). 

Ein ting førde til ein annan og Newsweak hadde den syriske presidenten på framsida med tittelen «He’s back», med undertittelen «In a triumph over the United States, Syrian leader Bashar al-Assad claims a place on the world stage» (fritt omsett: «Som ein triumf over USA, krev den syriske leiaren Bashar al-Assad ein plass på verdsscena», oms.an.). PC-utgåva av vekebladet går til og med lenger med ein faksimile av eit bilete som snakkar om det antatte kjemiske åtaka i Ghoutta, der presidentane av USA og Frankrike, Barack Obama og Francois Hollande, hadde anklaga det «kriminelle regimet» med namn for å ha kryssa «den raude linja». Dermed eit farvel til tiårsretorikken «Bashar må gå av». 

Det militære nederlaget som president Joe Biden innrømte i Genève i juni er no i ferd med å bli assimilert av den anglo-saksiske pressa. Resten av Vesten kan berre følgje etter. 

Syrias reetablering på den internasjonale scena er undervegs: Interpol har teke korrigerande handling for å ende det at dei sit på sidelinja, kong Abdullah II av Jordan og sjeik Mohamed bin Zayed av Dei sameinte arabiske emiratar har antyda at dei har snakka med president Assad. FNs høgkommisjonær for flyktningar, Fillipo Grandi, har stille reist til Damaskus for å diskutere, omsider, å returnere landsmenn i eksil. Vesten har stilt seg mot dette i eit tiår og har betalt landa som husar dei fyrsteleg for å ikkje late dei få vende heim.

På veg heim frå Afrika snakkar president Erdogan og hans team med pressa ombord i flyet sitt, der dei trugar med å sende tilbake ambassadørane frå ti land, inkludert USA, Frankrike og Tyskland

 

Tyrkia eit offer for sin dobbeltmoral

Den tyrkiske presidenten Recept Tayyip Erdogan har til parlamentet sitt presentert fornyinga av hans armé sin misjon om å kjempe mot kurdiske PKK-terroristar i Irak og Syria; to land som han ulovleg okkuperer. 

Han speler eit dobbeltspel: som medlem i NATO, forhandlar han våpen med Washington (80 F-16 jagarfly og 60 flåtemoderniserande sett), men han forhandlar om andre med Moskva, som han allereie har kjøpt S-400-ar frå; eit risikofylt spel som nærmar seg slutten. Washington og Moskva tek med seg våpen til Syria og kan ha slått seg saman om å setje Ankara på plass slik dei gjorde med London, Tel Aviv og Paris i 1956 under Suez-ekspedisjonen. I motsetnad til kva det ser ut som, veit Russland at det ikkje vil lukkast i å skilje Tyrkia frå USA. Det kjempar mot den tyrkiske hæren i Libya og Syria, det hugsar president Erdogans personlege involvering i Tsjetsjenia, og meir generelt opposisjonen mellom Russland og ottomanane. 

Den syriske hæren avslutta slaget om Deraa (sørlege Syria) i sin favør, noko som lét Jordan gjenopne grensa si. Jihadistane føretrekte å heller leggje ned våpna enn å søkje tilflukt i Idleb, beskytta av den tyrkiske hæren. Frå no av samlar syriske troppar seg framfor det okkuperte Idleb-guvernatet (nord for landet), klare til å frigjere territoriet sitt. 

Den vestlege pressa gav ingen informasjon om dette fryktelege slaget, under den forståinga at Deraa ikkje kunne ha blitt frigjort utan Israel og USA si diskrete tilbaketrekking. Folket, som har lidd enormt, ser for tida ut til å hate både sine medkjemparar og sine førre allierte som har forlate dei. 

Tyrkia framandgjer gradvis alle sine partnerar. Det konkurrerer mot USA og Frankrike i Afrika. Hæren deira kjempar i Libya. Dei har ein militærbase i Somalia, ønskjer maliske soldatar velkomne for å trene på si jord, sel våpen til Etiopia og Burkina, og har signert ein samarbeidsavtale med Niger (for ikkje å nemne deira militærbase i Qatar og deira involvering i Aserbaidsjan). 

Den osmanske Kavala-affæren, døypt soleis etter den venstreorienterte forretningsmannen som vart George Soros’ mann i Tyrkia, som vart arrestert i 2017, lovar ille. Eit dusin nasjonar – inkludert USA, Frankrike og Tyskland – sette i omløp eit brev på sosiale nettverk der ein kravde den umiddelbare lauslatinga av den tiltalte anklaga for å vere involvert i forsøket på militærkupp 15. juli 2016. 22. oktober reagerte president Erdogan med å apostrofere (en retorisk henvendelse, red.) dei aktuelle ambassadørane med sin vanlege arroganse: «Er det i dykkar stad å lære Tyrkia ei lekse? Kven trur de at de er?».

President Erdogans personlege posisjon verkar meir og meir delikat. Ein vind av opprør blæs i hans eige politiske parti. Han kan bli takka av sine eigne dersom det går gale for landet hans i Idleb. 

Scene frå borgarkrig i Beirut, 14.oktober 2021

Libanon mellom ei lys framtid og borgarkrig

President Joe Biden verkar bestemt på å overlate Libanon til Russland og utnytte gass- og oljereservane på begge sider av Libanon og Israel. Han har sendt sin langtidsrådgjevar, israelsk-amerikanske Amos Hochstein, å fare mellom Beirut og Tel Aviv. Tilstadeveringa hans attesterer kor ekstremt viktig emnet er. Denne IDF-offiseren var rådgjevar til Joe Biden då han var USAs visepresident. På den tida, i 2015, hadde han [Hochstein, oms.an.] allereie teke seg av denne saken og hadde nesten kome fram til ein avtale. Han kan lukkast, sidan denne amoralske forretningsmannen kjenner både den politiske saken og dei tekniske føringane til hydro-karbon-utnytting. Han er pådrivar for utnyttinga av reservane utan å løyse dei vanskelege grenseproblema. Dei to landa kan saman utnytte og dele fordelane via førehandsinngått avtale. 

I Libanon prøver leiarane av dei sekteriske gruppene kvar moglege manøver for å halde på deira svinnande makt, sjølv om det betyr å øydeleggje framtida til landet. 

Parlamentet har nattleg stemt inn to tillegg til vallova. Den fyrste tek sikte på å framskunde datoen for lovvalet frå 8.mai til 27.mars. Muslimane spurde om å få vere i stand til å konkurrere effektivt sidan det [lovvalet] fall midt i Ramadan-månaden. Men den nye datoen ser ut til å vere ein måte å hindre general Abbas Ibrahim, leiaren av [landet si] kontraetterretning, frå å bli valt og etterfølgje talaren i parlamentet Nabbi Berry. Grunnlova krev at høgstrangerande tenestemenn har forlate sine embete seks månader før dei går inn i politikken. 

President Emmanuel Marcon har planlagt å setje ut franske troppar for å «sikre» dei valde embeta. 8.mai vil kan ikkje lenger vere president i Den franske republikken og det er ingen bevis for at etterfølgjaren hans vil godkjenne avgjerda hans. 2.mars vil han derimot framleis vere den som bestemmer. 

Det andre tillegget endrar måten borgarar busett i utlandet vil vere i stand til å røyste. Dei kjem ikkje til å velje nest-kommanderande frå utlandet, men dei kjem til å stemme på nest-kommanderande frå deira heimlege valkrins. Enkelte håper dette vil fundamentalt endre utfallet. Faktisk er alt dette mindre viktig sidan valsystemet avgjer på førehand talet på parlamentsmedlemmar per trusgruppe utan relasjon til den demografiske røyndommen; eit fint døme på val utan demokrati. 

Den andre hovuddebatten går på etterforskning relatert til eksplosjonen i Beirut hamn 4.august 2020. Dommar Tarek Bitar kan sjå på eit tal av immunitetar, som startar med den til tidlegare statsminister Hassan Diab, som flykta til USA so fort han forlét embetet, og er gjenstand for ein arrestordre. Hisbollah, som betalte prisen for etterforskninga rundt snikmordet av Rafik Hariri, ønskjer ikkje at etterforskninga følgjer dette dømet, men det kjem opp mot hemmeleghaldet av etterforskninga. Endeleg har han svært bestemt kravt at dommaren skal bli avsett og har organisert ein demonstrasjon for å oppnå dette. Då dei kom fram til eit kristent nabolag, vart følgjet gjort åtak på av medlemmar av Samir Geageas libanesiske styrkar. Dei drap sju sjiittar og skadde om lag tretti andre. Borgarkrigens spektrum vart igjen tent. Det er ikkje klart kor vidt dei libanesiske styrkane handla på eiga hand eller etter oppfordring frå Saubi-Arabia, der kristne Samir Geagea har blitt deira meister. 

Sidan USA ikkje lenger er kva det brukte å vere, og sidan ein fjerdedel av israelittar er russisktalande, kom statsminister Nafata Bennett til Sochi for å respektfullt introdusere seg sjølv 22.oktober 2021

Den langsame forsoninga til fiendebrørne, Israel og Iran

Moskva nærmar seg Israel-Iran-konflikten som eit heile. Dei to nasjonane snakkar ultrakrigersk om kvarandre, men dei praktiserer nokso ulikt. Faktisk handlar dei med kvarandre mot visse politiske trendar heime. Fallet til Benjamin Netanjahu (ein disippel av kolonialist-tenkjaren Vladimir Jabotinsky) opnar veg for forsoning. 

Medan USA påførde Teheran sanksjonar for å tvinge det til å gå vekk frå sitt militære atomprogram, trudde aldri Russland at det vart halde fram etter 1988. Under 5+1-forhandlingane frå 2013-15 som førde til Vienna-avtalen om iransk atomkraft, kravde ikkje Moskva slutt på atomprogrammet, men moglegheita til å kontrollere at det ikkje blir militært. Dette er framleis deira [Moskva sin] posisjon. Dei noverande diskusjonane fokuserer på tekniske detaljar slik som installasjon av overvakingskamera i iranske kraftverk. 

Det at Teheran handterer dette problemet so sakte, jobbar mot dei. Sjølvsagt forhandlar Raissi-regjeringa i mellomtida med Saudi-Arabia, som sleper seg mot å normalisere sine relasjonar med Israel. President Ebrahim Raissi håper å nå ei rolledeling med Riyadh og å kunngjere det når han vil gje opp atomovervaking, men saudiane er utolmodige og kan også skade han, som vi såg med åtaka mot Hezbollah-demonstrantar i Beirut. 

Israelittane, for sin del, legg vekt på at Teheran simpelten ikkje stoler på utanlandske sjiitt-samfunn som dei påstår å gjere, men på alle anti-israelske styrkar, om dei er sjiittar eller ikkje. Difor held Iran Sunni Hamas med våpen. Denne alliansen er desto farlegare fordi Hamas er den palestinske greina av Det muslimske brorskap, støtta av Tyrkia og Qatar og ikkje av Saudi-Arabia. I det muslimske samfunnet er det ikkje lenger to leiarar (sjiittar/sunniar), men tre (Iran/Saubi-Arabia/Tyrkia og Qatar). 

Moskva går tolmodig framover med Tel Aviv. Målet er å få Israel til å gje tilbake dei okkuperte Golan-høgdene til Syria ved å gje garantiar på Irans ikkje-aggressivitet og deira tilbaketrekking frå Syria. 

I eit TV-sendt intervju 8.oktober 2021, anklaga Malis statsminister Choguel Kokalla Maïga Frankrike for å trene opp jihadistane som trugar landet

(bilettekst: I eit TV-sendt intervju 8.oktober 2021, anklaga Malis statsminister Choguel Kokalla Maïga Frankrike for å trene opp jihadistane som trugar landet.)

Mali fryktar Frankrike og søkjer russisk beskyttelse

Det vestlege nederlaget i Syria har uføresette konsekvensar i Afrika. Alle har forstått at verdsordenen har blitt snudd og at det er betre å vere alliert med Moskva enn med Vesten. Medan somme afrikanske nasjonar søkjer å mangfaldiggjere si militære støtte ved å vende seg mot Tyrkia, var Den sentral-afrikanske republikk og Mali dei fyrste som stilte spørsmålsteikn ved vestleg bistand. 

Sidan 2018 har Russland følgt Den sentral-afrikanske republikk i å løyse stammekonflikter, haldne i gang av Frankrike, som har styrta landet ut i borgarkrig. Men Moskva nektar å sende troppane sine medan situasjonen forblir ustabil, og har i staden sendt eit privat militært selskap, Yevgeny Progozhins Wagner-gruppe. I 2019 underteikna regjeringa ein fredsavtale med dei 14 væpna hovudgruppene. Landet har stablisert seg, men regjeringa kontrollerer framleis berre ein liten del av det. 

Mali er eit direkte offer for styrtinga av libyisk-arabiske Jamahiriya i 2011. Muamar Gaddafi arbeidde for forsoninga mellom arabarar og svarte, men attentatet på han vekte opp hundreår med krig, på den eine sida ved å reetablere slaveri i landet hans, og på den andre sida ønsket om arabisk dominans over den svarte befolkninga i Mali. Det er denne konflikta som er uttrykt gjennom det arabiske jihadist-framstøytet nord i landet. For tida prøver dei franske styrkane til Operasjon Barkhane å unngå at det blir rekonstruert eit islamsk Emirat i Sahel. I praksis tydar dette å hindre at nomadiske arabar-jihadistar erobrar eit område med ei roleg svart befolkning, men ikkje å kjempe mot deira organisasjonar. 

8. oktober bles den maliske statsministeren Choguel Kokalla Maïga lòket av problemet ved å sei til RIA Novosti at Frankrike sjølv trena opp jihadistar i sin Kidal-leir, som det hadde forbode frå maliske styrkar. Intervjuet vart vidt dekt av russisk TV, men nådde ikkje franske luftbølgjer. På det meste publiserte Le Monde ei tydeleggjering frå Choguel Kokalla Maïga, men han nektar berre forhandlingane sine med Wagner-gruppa og bekreftar at han snakkar til Moskva… om Wagner-gruppa. 

Anklagen at jihadistane vart manipulerte er svært sannsynleg: på byrjinga av denne intervensjonen, hadde Frankrike halde tilbake soldatane sine sånn at dei kunne gje det qatariske leiarskapet av jihadistane tid til å trekkje seg tilbake. Andre jihadistar, denne gong i Syria, organiserte demonstrasjonar for å fordømme den franske dobbeltmoralen i å støtte dei i Midtausten og kunngjere at dei kjempa mot dei i Afrika. Når den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov uttrykte overrasking til sitt dåverande franske motstykke Laurent Fabius, lo Fabius og svarte at dette var ‘realpolitik’. 

Juntaen til oberst Assimi Goïta (ein disippel av Tredje verd-revolusjonære Thomas Sankara), forhandlar med Russland om å forsvare seg sjølv mot jihadistane som er overvaka av Frankrike. Moskva burde gå fram som i Den sentral-afrikanske republikk og sende tusen menn frå Wagner-gruppa for å gjenopprette sivil orden. Tenesta til det russiske militærselskapet burde bli betalt for av Algerie.

 

Det ultimate våpenet: vesle Nord-Korea har visstnok skote opp eit overlydsmissil, Hwasong-8.

Maktbalansen er gjenstand for spørsmål

Kina og Nord-Korea har visstnok skote opp overlydsmissil i rask rekkjefølgje. Kina nektar for det, men Nord-Korea kunngjer det høgt og tydeleg. Amerikanske ekspertar, parlamentære og generalar er skremde fordi landet deira ikkje kan meistre denne teknologien, noko som gjer dei sårbare. Denne typen missil er basert på sovjetisk teknologi. President Vladimir Putin kunngjorde overfor Den føderale forsamlinga i 2019 at Russland var på vippen til å meistre desse missila med atomstridshovud, som er i stand til å slå ned kor som helst på Jorda utan å bli avskorne. Sidan det verkar umogleg at Kina og i endå mindre grad Nord-Korea plutseleg har nådd dette teknologiske nivået, vurderer ekspertar einstemt at Russland har gjeve dei ein versjon av sitt eige våpen. 

Denne teknologiutvekslinga burde ha funne stad før kunngjeringa til Australia/UK/USA Alliance (AUKUS). Det underminerer Washingtons innsats med å konfrontere Beijing og Pyongyang. Vesten har ikkje berre lidd eit frykteleg nederlag i Syria som tvingar dei til å akseptere ein ny verdsorden, «missilskjoldet» deira er kraftlaust, hærane deira er no fullstendig utdatert. 

Omsett av HFANoreg. 

https://www.voltairenet.org/article214450.html

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Skadetallene for svineinfluensaen i 2009 ble omtalt som en katastrofe.

I dag er de langt høyere, men ingen sier noe.

Forrige innlegg

George Soros starter mediekanal.

Den skal formidle sannheten og motarbeide «fake news».

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.