POSTED IN Konspirasjoner / Sammensvergelser, Ytringsfrihet

Et system i krise.

Kritiske stemmer skal kveles og falske nyheter skal spres.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Vesten gir avkall på ytringsfridommen

av Thierry Meyssan

Dette er ein debatt vi trudde var avslutta: Vest-maktene hadde slått fast at ytringsfridommen er ein ubetinga føresetnad for demokratiet, og at dei aldri meir skulle krenke den. Men USA, Storbritannia, Polen, Italia og Tyskland har allereie gitt seg ut på sensurvegen. No finst det ting ein ikkje får lov å seie.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 10. NOVEMBER 2022

I Frankrike prøver statssekretæren for statsborgarskap, Sonia Backès, å diskreditere ikkje-konforme meiningar. Ho liknar dei med sekteriske avsporingar. Staten, kunngjorde ho, vil organisere  «Assises des dérives sectaires et du complotisme» (sic, konferansar om farlege sekteriske utviklingstendensar og samansvergingsteoriar). I Sovjetunionen vart opponentar plasserte i psykiatriske sjukehus.

Ytringsfridom har vore eit trekk ved Vesten sidan 1700-talet. Den var grunnlaget som det av middelklassen støtta politiske regimet  var bygd på: demokrati. Prinsippet om at den generelle viljen ville oppstå av konfrontasjon mellom ulike meiningar, var ikkje lenger omstridd. Angrep på denne fridommen vart sett på som angrep på ei fredeleg konfliktløysing.

Men på starten av 1900-talet, då verdskrigen reiv sund Vesten, nølte ikkje verken amerikanarane eller britane med å bruke moderne propagandametodar, ikkje berre mot fiendane sine, men også mot sitt eige folk [1]. For første gong sette demokratiske regjeringar i verk program til å bedra medborgarane sine. Då krigen var over, var britane stolte av den suksessen dei hadde hatt, og såg føre seg at det skulle kunne brukast krigspropaganda også i fredstid. Då det kapitalistiske økonomiske systemet var trua, og sjølv før Andre verdskrig starta, vart demokrati og ytringsfridom sett på vent og propagandaen gjenopptatt, først i Italia og Tyskland, og deretter i heile Vesten.

I tre kvart av eit hundreår har Vesten sverga på å forsvare verdiane sine og ikkje lenger praktisere propaganda til intern bruk.

I dag, som på trettitalet, er det kapitalistiske systemet trua av at ulikskapen mellom velgarane har endra seg, men på ein måte vi ikkje har sett før. Om industrialisten Henry Ford under 1929-krisa sa at ei sjefsløn ikkje skulle overstige 40 gongar løna til arbeidarane hans, så har i dag Elon Musk 38,5 millionar gongar løna til nokre av hans tilsette i USA. Det demokratiske prinsippet om «Éin mann, éi røyst» har ikkje lenger noko med røynda å gjere.

Det er i denne samanhengen at ytringsfridommen har blitt utfordra av Vesten. Sosiale medium, inkludert Facebook og Twitter, sensurerte regjeringar og til slutt den sittande presidenten av USA. Dei braut ikkje grunnlova, sidan denne berre garanterte slik fridom når konfrontert med politisk maktmisbruk. Det at Elon Musk nett har kjøpt opp Twitter og annonsert at han vil gjere det til eit fritt nettverk, endrar ikkje det som skjedde. Tanken om at vi ikkje kan seie alt, har alt festa seg.

Intelligentsiaen vêrar ei økonomisk og politisk endring. Dei siste åra har mange av dei forvandla seg til tilhengarar av makta, finansiell eller politisk, og har gitt opp sin kritiske funksjon. Same korleis det går, vil dei alltid stå på makta si side. I seks år har dei fortalt oss om farane med Fake News, altså forfalska nyhende, og behovet for å kontrollere kva folk seier og skriv. Diskursen deira gjer skilnad på folk som står for sanninga og folk som tar feil, og bryt prinsippet om demokratisk likskap.

Anglo-saksarane, som har falle i Thukydides-fella, framprovoserte krigen i Ukraina og den russiske intervensjonen for å ende den. Gradvis går Vesten inn i krigen, militært mot Russland og økonomisk mot Kina. Alle fordommar om at det ikkje er mogleg å føre krig mot nokon ein har intensd økonomisk utveksling med, blir motsagt. Som under dei to verdskrigane, er verda delt inn i to leirar som no skiller seg meir og meir frå kvarandre.

Så regjeringspropagandaen er tilbake i Vesten.

For første gong i 2020 vart presidentvalet i USA ispørjesett. Kongressen erklærte Joe Biden til vinnar, men i realiteten kan ingen vite kven som vann. Ein kan ikkje, slik dei gjorde i tilfellet Bush versus Gore i 2000, berre telje om att røystesetlane, for det er ikkje der problemet ligg: på mange plassar vart røysteopptellinga halden bak stengde dører. Kanskje var det ingen som juksa, men der var ingen transparens i valet; ein vesentleg del av prosedyrane i eit demokrati. Allereie i år 2000 avbraut den føderale høgsteretten ei gjenopptelling av røystesetlane, fordi grunnlova ikkje seier noko direkte om allmenne direkteval av president, men overlet det ansvaret til dei einskilde delstatane. Som resultat var måten Florida bestemte vinnaren på, ikkje innanfor føderal jurisdiksjon.

Mellomvala er difor dominerte av spørsmålet om «den demokratiske leiren» sin mangel på respekt for demokratiske prosedyrar.

USA

USA har eit Global Engagement Center (GEC, Senter for globalt engasjement), det vil seie ein struktur innanfor utanriksdepartementet som skal koordinere dei allierte sine offisielle talar. Dei har også, framleis under utanriksdepartementet, ein undersekretær med ansvar for propaganda i utlandet under tittelen «Public Diplomacy and Public Affairs». Men i april 2022, vart eit steg tatt: «den utropte presidenten» Joe Biden omgav seg no med ein propagandaspesialist, Nina Jankowicz.

Ministeren for Homeland Security, tidlegare dommar Alejandro Mayorkas, oppretta eit såkalla «Disinformation Governance Board» (eit slags råd for desinformasjonsstyring) og utnemnde Jankowicz til leiar for det. Det handla utelukkande om å gjenopprette det verktøyet for krigspropaganda som president Woodrow Wilson oppretta i 1917 [2] .

Nina Jankowicz vart presentert som ein ung forskar, spesialist på «russisk desinformasjon». I røynda var ho tilsett ved Madeleine Albright sitt National Democratic Institute, med ansvar for forsvar av Biden-familien i Ukraina.

Denne sjarmerande dama arbeidde i teamet til kandidaten Volodymyr Zelensky, som no er presidenten i Ukraina [3] . Ho var tidlegare, midt i borgarkrigen, i teneste hos Pavlo Klimkin, utanriksministeren til president Petro Poroshenko. Ho var då motstandar av Minsk-avtalane, sjølv om dei hadde blitt godkjende av FNs Tryggingsråd. Under det lange opphaldet i Ukraina utvikla ho ein teori om russisk desinformasjon som ho dediserte ei bok til: «How to lose the information war: Russia, fake news and the future of the conflict» (Korleis tape informasjonskrigen: Russland, falske nyhende og dei komande konfliktane). Umedviten om borgarkrigens realitetar og dei 20 000 døde, eksponerte ho alle klisjéane vi no høyrer om dei stygge russarane som ville utvide imperiet sitt til Donbass ved å lyge til europearane.


Under denne perioden brukte Nina Jankowicz den ukrainske organisasjonen StopFake, subsidiert av National Endowment for Democracy (NED, med andre ord CIA), den britiske regjeringa og George Soros, til å skape eit inntrykk av at Maidan-kuppet var ein folkeleg revolusjon [4] .

I videoen under held ho fram med sine løgner og hylling av «dei integrerte nasjonalistane» sin Aidar-milits (som praktiserer ein form for tortur som Amnesty International allereie har fordømt),, Dnipro-1 og sjølvsagt Azov-bataljonen.

I 2018 forsvarte ho nazistiske C14-militsen [5] og forsikra om at dei ikkje hadde praktisert pogromar mot sigøynarar; at alt dét var russisk desinformasjon.

Denne eksperten på løgner laug igjen i USA om forræderiskuldingane mot Donald Trump (Steele-fila) og då ho nekta for brotsverka til Hunter Biden [6] . Ho gjekk til og med så langt at ho kalla presidentsonen si datamaskin, beslaglagt av FBI, for «eit russisk påfunn».

I møte med kritikk vart Disinformation Governance Council oppløyst den 17. mai [7], men protokollar frå ein region innan Cybersecurity and Infrastructure Security Agency (CISA), eit av byråa til Department of Homeland Security, viser at rådet består i ei anna form [8]. I tillegg er rådets funksjon framleis nødvendig, ifølge generalinspektøren Administrasjonen [9].

STORBRITANNIA

Britane, for sin del, valde å sette sin lit til ei «foreining», Institute for Strategic Dialogue (ISD), for å få gjort regjeringa sitt arbeid utan at regjeringa treng ta ansvaret for det. Denne tankesmia, skapt av Lord George Weidenfeld, Baron Weidenfeld, ein “Adamantinsk Zionist” som han sjølv kallar seg, er meint å kjempe mot ekstremisme. I røynda er han óg dedikert til å spreie løgner for å kvele grelle sanningar. ISD skal med hans egne ord kjempe mot ekstremisme. I virkeligheten er han også dedikert til å spre løgner for å kvele grelle sannheter. The ISD skriv rapportar på eige initiativ (eller helst regjeringa sitt), men også på førespurnad frå europeiske regjeringar som finansierer foreininga.

Det som er sant for oppfinnarane av den moderne propagandaen, er også sant for Europa.

POLEN

I februar, det vil seie heilt i starten av krigen i Ukraina, gav det polske Forsvarsrådet det franske selskapet Orange, som er den største internett-tilbydaren i landet, ordre om å sensurere fleire internett-sider, inkludert  Voltaire Network sine (Voltairenet.org). Selskapet vart kontakta med rekommandert brev og ønska ikkje å sende oss brevet frå polske styresmakter. Når det gjeld sistnemnde, svarte dei oss rett og slett ikkje. I samsvar med europeiske traktatar har Forsvarsrådet mynde til å pålegge militær sensur av omsyn til den nasjonale tryggleiken.

ITALIA

I mars avslørte Corriere della Sera eit regjeringsprogram for overvaking av folk dei kalla «pro-russiske» [10]. Pressebyrået ANSA har til og med publisert ei utgåve av  Hybrid Bulletin som det italienske Departmentet for informasjonstryggleik ( Dipartimento delle Informazioni per la Sicurezza ) dedikerer til saka [11].

TYSKLAND

I Tyskland har også innanriksministeren, sosialdemokraten Nancy Fraeser, oppretta eit kontrollråd. Ho går mykje lenger enn dei andre og ga dei oppdraget å «harmonisere nyheitene» i media. Under fleire månadar har ho i største løyndom samla i hop dei store pressesjefane og forklart dei kva som ikkje bør publiserast.

Italia og Tyskland hadde stygge erfaringar med sensur under fascismen og nazismen, så det er spesielt urovekkande å sjå at dei no vel denne stien. Dei same årsakene produserer alltid dei same verknadane. Det kjem difor ikkje som noka overrasking at, for første gong sidan Andre verdskrig, Italia og Tyskland, den 4. november, 2022 i FNs Generalforsamling, nekta å røyste for ein resolusjon til fordømming av nazismen.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] “The techniques of modern military propaganda”, av Thierry Meyssan, omsett av Pete Kimberley, Voltaire Network, 18 May 2016.

[2] « Why Biden is in Danger of Replicating Woodrow Wilson’s Propaganda Machine », John Maxwell Hamilton & Kevin R. Kosar, Politico, May 5, 2022.

[3] « How the Biden administration let right-wing attacks derail its disinformation efforts », Taylor Lorenz, The Washington Post, May 18, 2022.

[4] « Meet the Head of Biden’s New “Disinformation Governing Board” », Lev Golinkin, The Nation, May 12, 2022.

[5] “Ukrainian racial law”, Voltaire Network, 9 March 2022.

[6] « La décadence de l’Empire états-unien », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 6 septembre 2022.

[7] «The Disinformation Governance Board, Disavowed», The Editorial Board, The Wall Street Journal, May 18, 2022.

[8] «Disinformation Governance Board Minutes», CISA, June 14, 2022.

[9] «DHS Needs a Unified Strategy to Counter Disinformation Campaigns», Office of Inspector General, August 10, 2022.

[10] “NATO monitors influencers who question official version of Ukraine war”, Voltaire Network, 19 June 2022.

[11Hybrid Bulletin n°4, Dipartimento delle Informazioni per la Sicurezza, 15 maggio 2022.

Forsidebilde: Eugenia Loli

https://www.voltairenet.org/article218388.html



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 776 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Då krigen var over, var britane stolte av den suksessen dei hadde hatt, og såg føre seg at det skulle kunne brukast krigspropaganda også i fredstid.»

    Og beskyldte og latterliggjorde altså Nasjonalsosialistene i Tyskland for å gjøre det samme.
    ( Disse brukte propaganda; . men kalte det også propaganda bevisst .)

    På samme måte som samme ( bakmennene i)England beskyldte Hitler/Nasjonalsosialistene for å ville erobre verden. 😉 Det var rette raua som feis. Et England som allerede HADDE erobret verden, gjennom sin utstrakte kolonivirksomhet og røverier. De var selvfølgelig redd for å bli fratatt denne makta.

    ( Ellers ser vi jo de samme beskyldninger nå. Denne gangen mot Russland. Samme bakmenn ?)

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    13 november 2022 17:59

    No kan folk sjølv spekulera på kor mange som skal drepast i Ukraina for å lukkast med fullt Nato-medlemskap, økonomisk ruin, retten til språkleg og politisk einsretting og utrydding av alt som heiter fagforeinigsrettar.

    Er vest-ukrainarar stokk dumme, eller berre verkar det slik?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

En leveregel for eliten, en annen for røkla

Globalister på klimatoppmøte nyter gourmetmat mens de oppfordrer vanlige folk til å spise insekter

Previous Post

Det er mange som bekymrer seg i dag.

Hva er det for en verden vi omgir oss med?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.