POSTED IN 9/11

Et mirakel hvis en bygning faller rett ned.

Dette skjedde med tre høyhus i løpet av få timer.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Korfor meiner ekspertar at 9/11 var ei kontrollert sprenging?

av Keith Lamb

Global Research, September 12, 2021

På den skjebnetunge dagen 9/11 (11. september, 2001), såg heile verda scener av destruksjon så stormfulle at ein skulle tru dei var henta rett ut av ein Hollywood-film. Kringkasta på direktesendt TV frå New York fekk alle sjå at Tvillingtårna vart pulveriserte til ein dunge støv. Kollapsen til desse bygga, vart vi fortalde, skjedde på grunn av to fly som brasa inn i dei, styrte av saudi-arabiske terroristar med, i beste fall, amatørmessige flygarevner; alt saman kontrollert av ein mann i ei hole i Afghanistan.

Problemet er at tusentals ekspertar, inkludert vitskapsfolk, arkitektar og ingeniørar, så vel som augevitne som utrykkingspersonale som brannfolk og helsearbeidarar, er ueinige i denne offisielle konspirasjonsteorien. Ei meiner at eit fly som krasja inn i Tvillingtårna ikkje kunne ha fått dei til å rase, og at det har funne stad ein svær, organisert dekkoperasjon som omfattar øydelegging av vitskapelege bevis, media og akademia.

Til dømes hevdarArchitects and Engineers for 9/11 Truth at dei offisielle bevisa, som rapporten til National Institute of Standards and Technology (NIST) berre dekkar hendingar før kollapsen. Professor Niels Harrit, tidlegare Associate Professor ved Københavns Universitet, ved senter for nanovitskap, kallar rapporten for «akademisk svindel».

Om desse ekspertane har rett, så er heile hensikten med å invadere Afghanistan (og la oss ikkje gløyme Irak) bygd på ein haug med støv, bokstaveleg talt. Om folket i Vesten har blitt loge til, så kastar det tvil over heile naturen til den liberale verdsordenen. Vestens folk ville stille spørsmål ved om liberalismen framleis står for objektivitet og vitskap. Dei ville måtta spørje om krigane dei er førte inn i er for ei rettferdig sak, og dei ville måtta spørje om media deira ikkje er noko meir enn eit propagandabyrå som arbeider for å forvrenge sanninga.

Niels Harrit: Videnskabeligt bevis for gammel viden om 9/11
Professor Niels Harrit

Med dette i tankane, om Tvillingtårna ikkje vart øydelagde av fly som krasja inn i dei, kva var det så som fekk dei ned? Vitskapelege bevis peikar på ei kontrollert sprenging. Det var i alle fall ikkje brann, for ingen brann har nokon gong ført til pulverisering av bygg med stålskjelett for ikkje å snakke om ein brann som varte i under to timar, det vil seie før 9/11. Til dømes så brann Windsor Tower i Madrid i 26 timar, men bygningsskjelettet var kom unna intakt. Ein kan påstå at det at eit fly flyg inn i eit bygg ikkje har skjedd før, men det stemmer ikkje. Empire State Building vart treft av eit bombefly i 1945 som eksploderte då det traff bygget. Bygget, som tok eld, viste seg å vere langt meir robust enn flyet som brakk opp i tydeleg identifiserbare bitar strødd rundt i bygget og spreidd utover gata nedanfor.

Faktum er at brannen i Tvillingtårna 9/11 ikkje var i nærleiken av varm nok til å smelte stålkonstruksjonane og få tårna til å kollapse. Det viser også den tjukke, svarte røyken. Likevel fordampa heile stålskjelettet.

Byggingeniør  Kamal Obeid seier at «ein lokalisert svikt i eit stålskjelettbygg kan ikkje forårsake ein katastrofal kollaps, likt eit korthus i fritt-fall-akselerasjon». Men Tvillingtårna fall i ein fart nær fritt fall-fart. Det tyder på at det fann stad ei kontrollert sprenging og at det må ha vore plassert sprengladningar i bygget. Og det var 156 augevitnerapportar, 121 av dei frå naudutrykningstenestene, som skildra eksplosjonar. Desse vitna vart forkasta frå NIST-rapporten. Eitt av vitna, brannmannen Christopher Fenyo, sa at «på det tidspunktet (etter eksplosjonane) starta ein diskusjon å rase, for persepsjonen var at bygget såg ut til å ha blitt tatt ned med sprengladningar.»

På utsida av bygget såg ein eksplosjonar, kjend som «squibs» i rivningsindustrien [ei rekke «små», lokale utblåsningar, mrk.], som dytta ut materiale på same måte som ved ei kontrollert rivning. Architects and Engineers for 9/11 truth skildrar Tvillingtårna som at dei vart øydelagde av bølger med eksplosjonar som pulveriserte både bygg og innhald. Nett som ved kontrollert rivning fall det ned i eige fotavtrykk. Scott Grainger, brannvernsingeniør, stadfestar at «kollapsane var uniforme i sin natur. Naturlege kollapsar på grunn av uplanlagte hendingar er ikkje uniforme». Niels Harrit som analyserte støvet frå 9/11, fann fleire indikatorar på at termitt (eksplosiv som blir brukt til å kutte stålbjelkar med, mrk.] var blitt brukt til å øydelegge Tvillingtårna.

File:Scud downed by Patriot missiles.JPEG - Wikimedia Commons
Påstanden om at USA invaderte Irak fordi landet hadde masseødeleggelsesvåpen var en grov løgn, men ga USA det påskuddet de trengte til å invadere landet. 9/11 hendelsen var utløseren til alle Midt-Østen-krigene, også Afghanistankrigen, som USA og Norge nå har tapt.

Faktum er at vi veit Irak var basert på løgner. Saddam Hussein hadde ikkje masseøydeleggingsvåpen, og han hadde ingenting å gjere med 9/11. Afghanistan angreip heller ikkje USA. Ifølge det godkjende konspirasjonsnarrativet var det Bin Laden, ein saudi-arabisk statsborgar, men han nekta óg for angrepet. Uansett sa Taliban at dei ville utlevere Bin Laden dersom det vart lagt fram bevis for at han var skuldig, noko som ikkje vart gjort.

Desse forvrengingane og løgnene, som den transnasjonale liberale kapitalen drog fordelar av, var angrep både på det globale Sør og på innbyggarar i Vesten som betalte for desse krigane med blodet sitt og skattepengar. Med dette i bakhovudet må vi spørje om grunnlaget for desse avskyelege løgnene som rettferdiggjorde terror mot det globale Sør, også speglast i dei avskyelege løgnene og terroren heime med 9/11. Tragisk nok er dét konklusjonen til tusentals vitskapsfolk, arkitektar og ingeniørar som vågar å snakke høgt om det.

Den originale kjelda til denne artikkelen er Global Research

Copyright © Keith Lamb, Global Research, 2021

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Mika Baumeister

https://www.globalresearch.ca/why-do-experts-believe-911-controlled-demolition/5755484



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 569 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Det vil være et SKIKKELIG mirakel hvis norsk media hadde turt å skrevet om disse bruddene på kjente fysiske lover.
    Dvs Hvis Norge hadde hatt et selvstendig/ etterrettelig media.

    Svar
  • Bjørnar Bolsøy
    20 september 2021 4:44

    «Vitskapelege bevis peikar på ei kontrollert sprenging»

    Rent bortsett fra at det ikke finnes noe vitenskapelig bevis for dette. I hvert fall ikke slik man normalt tolker et vitenskapelig bevis i følge vitenskapen.

    «Faktum er at brannen i Tvillingtårna 9/11 ikkje var i nærleiken av varm nok til å smelte stålkonstruksjonane og få tårna til å kollapse.»

    Så var det heller aldri snakk om at stål ble smeltet, men at temperaturene var høye nok til å svekke stålet tilstrekkelig slik at det mistet bærekraften.

    Fakta, som har vært lett tilgjengelig i 20 år og man må undres over hvordan konspirasjonsteoretikerne den dag i dag velger å over slike enkle fakta.

    Svar
  • Bjørnar Bolsøy
    20 september 2021 10:03

    I mengden av artikkelens misoppfatninger og irrelevante sammensuriumer tar vi med oss et moment til:

    «Ein kan påstå at det at eit fly flyg inn i eit bygg ikkje har skjedd før, men det stemmer ikkje. Empire State Building vart treft av eit bombefly i 1945 som eksploderte då det traff bygget. Bygget, som tok eld, viste seg å vere langt meir robust enn flyet som brakk opp i tydeleg identifiserbare bitar strødd rundt i bygget og spreidd utover gata nedanfor.»

    Bombeflyene i WW2 var ganske puslete sammenlignet med moderne passasjerfly. Vi snakker her om et relativet lite to-motors propellfly på rundt 10 tonn som traff traff Empire State i relativt beskjedne 400 km/t. Sammenlignet med passasjerflyet som traff WTC på vel 130 tonn og 850 km/t.

    På ungdomskolen lærte jeg at kinetisk energi dobler seg ved dobling av vekt og firedobler seg ved dobling av fart. Så det skal ikke mye matematikkkunskaper til for å se at dette er to forskjellige verdner.

    I tillegg var Empire State en helt annen, og på mange måter, mer robust konstruksjon enn WTC-tårnene. I prinsippet offret WTC styrke for å spare vekt og kostnader.

    På 60-tallet var det sågar sterke krefter i sving mot konstruksjonen av WTC:

    «Led by Lawrence Wien, an owner of the Empire State Building, the Committee for a Reasonable World Trade Center joined a growing number of critics arguing that the twin towers would be unstable at such a massive height—and unsafe in the case of an airplane collision or fire.» (kilde: history.com).

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Valget

Velgerne gikk imot Oslo-mediene: Men vil vi merke en ny politikk?

Previous Post
Kommuneoverlege: Vaksinemotstandere er de mest forvirrete mennesker på Internet.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.