POSTED IN Konspirasjoner / Sammensvergelser, Russland, Tyskland

Et fredelig samarbeid mellom Tyskland og Russland ville fjerne behovet for USA-baser og våpen i Europa.

Og så spør en hvem som stod bak sabotasjen?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Nord Stream I og II er no bekrefta SABOTERT: Tredje verdskrig lurer i horisonten

Av Ethan Huff, Natural News, 27.september 2022. Omsett av og henta frå saksyndig.

Europa si livlinje til russisk energi har offisielt blitt kappa over, noko som akselererer dyttet mot Tredje verdskrig.

Ifølgje rapportar har både Nord Stream I og II-gassleidningane frå Russland til Europa mist trykket og rivna over natta, noko som sender skyer av boblande metan opp frå vassflata i Austersjøen.

Statlege tenestepersonar mistenkjer ugler i mosen, og mange på sosiale media peiker på ingen ringare enn Joe Biden, som lovte at røyrleidningane ikkje lenger ville finnast dersom Russland invaderte Ukraina – sjå her.

Dersom Nord Stream I og II faktisk vart utsett for målretta åtak, måtte det ha vore gjort av spesialstyrkar slik som marinedykkarar eller ein ubåt.

«Vi kan ikkje lenger førestille oss eit anna scenario enn eit målretta åtak,» sa ein person som kunne gje ei føderal vurdering av emnet. «Alt talar mot eit samantreff.»

Éin ting er sikkert: Øydelegginga av Nord Stream I og II er ikkje eit samantreff

Skuldingane flyg medan dei ulike sidene i dette gryande samanstøytet nektar å ta ansvar for åtaket.

Vestlege makter skuldar Russland medan andre peiker på Biden og hans illevarslande trugslar til verda. Der er til og med spekulasjonar om Ukraina kan vere den ansvarlege parten.

«Med den mellombelse nedstenginga av Nord Stream-leidningane, kan gassleveransar frå Russland til Tyskland og Sentral-Europa berre vere moglege via Yamal-leidningen som går gjennom Polen, eller det ukrainske leidningsnettverket,» forklarer ein rapport, som gjev ei mogleg forklaring relatert til Ukrainas motiv.

Det er derimot overvegande sannsynleg at NATO er den ansvarlege parten. Den allestadsverande maktstrukturen har allereie drive og straffa Europa ved å tvinge oss til å stå bak øydeleggjande sanksjonar som i staden for å skade Russland, trugar med å kollapse Tyskland og Den europeiske union.

Ei anna moglegheit er at Scholz-regjeringa som no styrer Tyskland, autoriserte eller til og med godkjende øydelegginga av leidningane for å lette det politiske presset om å opne Nord Stream II for fyrste gong, eller gjenstarte bruken av Nord Stream I.

«Dei Grøne er i regjering her, og deira støttande journalistar har gått so langt som å krevje at leidningane blir demonterte for å skade Putin, so dette er langt frå sprøtt,» skriv «eugyppius» på sin Substack.

Der er òg den moglegheita at Russland øydela leidningane sjølve i ein «falsk flagg»-operasjon for å «drive opp gassprisane».

Den amerikanske romanforfattaren og filmmakaren Gonzalo Lira seier i mellomtida at øydelegginga av leidningane er ei krigshandling gjort av USA mot Europa.

Den britiske sosiologen Noah Carl har skrive omfattande om det han kallar «Nord Stream II-teorien», som argumenterer at Russland-Ukraina-konflikten alltid handla om å sabotere Nord Stream II, og presenterer dette som det grunnleggjande argumentet:

«I ei verd der Tyskland og Russland er venner og handelspartnerar, er der ikkje behov for amerikanske militærbasar, ikkje behov for dyre, amerikansk-laga våpen og missilsystem, og ingen behov for NATO. Der er heller ingen behov for å inngå transaksjonsavtalar om energi i amerikanske dollar, eller involvere det amerikanske finansdepartementet for å få balanse i kontoane. Transaksjonar mellom forretningspartnerar kan bli utført i deira eigne valutaer, som uunngåeleg kjem til å få den amerikanske dollaren til å falle drastisk i verdi, og føre til eit dramatisk skifte i økonomisk makt.»

Kva trur de om denne siste utviklings i den bryggjande globale konflikten? Kven trur de er ansvarlege for øydelegginga av Nord Stream I og II?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Der er heller ingen behov for å inngå transaksjonsavtalar om energi i amerikanske dollar, eller involvere det amerikanske finansdepartementet for å få balanse i kontoane. Transaksjonar mellom forretningspartnerar kan bli utført i deira eigne valutaer, som uunngåeleg kjem til å få den amerikanske dollaren til å falle drastisk i verdi, og føre til eit dramatisk skifte i økonomisk makt.» »

    Nettopp.
    I egne valutaer, byttemidler, ikke valuta-våpen. Basert på varene/produktene man vil selge/kjøpe/bytte.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

De kan si hva som helst fordi det ikke finnes kritisk journalistikk.

Vet ikke norske seniorforskere hva de sier?

Forrige innlegg

Her er for mange tilfeldigheter.

Sprengningen av rørledningene er ingen tilfeldighet men en del av en plan.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.