POSTED IN Globalisering, Økonomi

Er vi der nå?

Tredje verdskrig for dummies.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

av Gaius Baltar – pseudonym, 25. desember, 2023

Første gong publisert på bloggen the Saker, den 18. juni. 2022

Visse kunnskapsrike personar, tilsynelatande inkludert Paven, byrjar mistenke at det føregår meir her i verda enn berre krigen i Ukraina. Dei seier Tredje verdskrig allereie har starta, og at ting vil bli verre frå no av. Dette kan det vere vanskeleg å stadfeste når vi manglar det historiske perspektivet medan vi deltar i hendingane som utfaldar seg. Det er tvilsamt om folk tilbake i 1939 innsåg at dei var vitne til starten på ein svær, verdsomspennande konflikt, sjølv om nokre kan ha mistenkt det.

Den globale situasjonen no er på mange måtar eit digert puslespel, der folk flest berre ser ein ørliten del av det fulle bildet. Dei fleste skjøner ikkje ein gong at det kan finnast fleire bitar, og dei spør ikkje ein gong desse enkle spørsmåla: korfor skjer alt dette og korfor skjer det no?

Ting er meir kompliserte enn dei fleste forstår. Det dei ser er den vonde trollmannen Vladimir Sauron Putin som invaderer uskuldige ukrainarar med orke-hæren sin – heilt utan grunn. Dette er eit simplistisk syn, for å seie det mildt, for ingenting skjer utan grunn. La oss sette ting i perspektiv og sjå kva som eigentleg er på gang – og korfor verda går av skaftet rett framfor auga på oss. La oss sjå kva Tredje verdskrig handlar om.

Trykkokaren

Vesten (som vi her kan definere som USA og EU) har i mange tiår halde oppe presset på heile verda. Dette gjeld ikkje berre land utanfor Vesten, men også Vestlege land som har forvilla seg bort frå diktata til Vestens herskarar. Dette presset har vore diskutert vidt og breitt og tillagt allslags motiv, inkludert nykolonialisme, tvungent finansielt overherredøme og så vidare. Det interessante, særleg over dei siste 20 åra, er kva for land som har blitt pressa og kva dei ikkje har til felles.

Blant dei pressa landa finn vi Russland, Kina, Cuba, Venezuela, Libya, Syria, Serbia, Thailand og Iran, for å nemne nokre få. Det har også kome nye til nyleg, inkludert India og Ungarn. Om vi skal forstå korfor dei har blitt pressa, lyt vi finne ut kva dei har til felles. Det er ikkje lett, for dei er ekstremt ulike på dei fleste måtar. Det er demokrati og ikkje-demokrati, konservative og kommunistiske regjeringar, kristne, muslimske og budhistiske land og så vidare. Likevel er mange av dei heilt tydeleg allierte. Ein må spørre seg korfor konservative og religiøse land som Russland og Iran vil alliere seg med gudlause kommunistar på Cuba og i Venezuela.

Det alle desse landa har til felles, er ønsket om å styre sine eigne saker; å vere uavhengige land. Dette er i Vestens auge utilgiveleg, og det må taklast med alle nødvendige middel, inkludert økonomiske sanksjonar, fargerevolusjonar og beint fram militær aggresjon.

Vesten har med si militære grein, NATO, kringsett Russland med fiendtlege land og militærbasar, væpna og manipulert Ukraina til å bli brukt som hammar mot dei, og tatt i bruk sanksjonar og truslar. Det same har skjedd, og skjer framleis, i Asia, der Kina blir kringsett med alle tilgjengelege middel. Det same skjer med alle dei ovanfornemnde uavhengige, i større eller mindre grad. Gjennom dei siste 10 åra eller så, har presset på dei uavhengige auka massivt, og det nådde nesten kokepunktet året før den russiske invasjonen av Ukraina.

USAs militærbaser

Gjennom året før den ukrainske krigen [sic, borgarkrigen i Ukraina starta i 2014, mrk.], sende USA sine diplomatar rundt om i verda for å skru opp presset. Dei var som eit omreisande sirkus eller eit rocke-band på turné: kjøp dette av oss og gjer som vi seier, elles vil det få konsekvensar. Hastverket var absolutt og handgripeleg, men så kom Ukraina-krigen, og presset steig til 11. Under krigens første månad var heile Vestens diplomatkorps fullt engasjert i truslane mot «resten av verda» for å isolere Russland. Det fungerte ikkje, og dermed braut det ut panikk i politiske og diplomatiske krinsar i USA og Europa.

Alt dette presset oppigjennom åra, og all frykten og panikken då det ikkje fungerte, er tydeleg relatert til hendingane i Ukraina. Dei er ein del av det same «syndromet», og har same årsak.

Gjeldsdimensjonen

Det har vore mange forklaringar for det som skjer, og den vanlegaste er kampen mellom to moglege framtidsscenario; ei multipolar verd der det fins fleire maktsenter, og ei unipolar verd der Vesten styrer verda. Dette er til ein viss grad korrekt, men det fins ein annan grunn som forklarer både korfor det skjer akkurat no og all hastverken og panikken i Vesten.

Nyleg twitra den newzealandske teknologi-guruen Kim Dotcom ein tråd om gjeldssituasjonen i USA. Ifølge han overstig summen av gjelda og obligasjonar utan dekning i USA den totale verdien på heile landet, inkludert alt landareal. Denne situasjonen er ikkje unik for USA. Dei fleste landa i Vesten har gjeld som berre kan betalast tilbake ved å selge ut heile landet og alt det inneheld. På toppen av det er dei fleste ikkje-Vestlege landa neddynga i dollar-gjeld og i praksis eigde av dei same finansiørane som eig Vesten.

Gjennom dei siste tiåra har økonomiane til USA og Europa blitt falsifiserte på eit nivå som er vanskeleg å fatte. Vi i Vesten har levd langt over måte, og valutaane våre har blitt massivt overvurderte. To mekanismar har gjort oss i stand til å gjere dette:

1.       Den første er reserve-statusen til dollaren og semi-reservestatusen til euroen som har late Vesten eksportere digitale pengar og motta varer i retur. Dette har skapt ei enorm finansiell makt for Vesten og late dei fungere som ein parasitt på verdsøkonomien. Vi har fått mykje gods gratis, for å seie det mildt.

2.       Den andre falsifiseringsmekanismen er aukinga av gjelda til eit nivå der vi i grunnen har pantsett alt vi eig, inkludert hus og tuft, for å halde oppe levestandarden vår. Vi eig ingenting no når gjelda er trekt ifrå. Gjelda har for lenge sidan blitt umogleg å betene – langt utover evna vår til å betale rentene – noko som forklarer korfor rentene i Vesten ligg nær null [per juni 2022, mrk.]. Ein auke ville gjere gjelda ubetenleg, og vi ville alle gå formelt konkurs på ein dag.

På toppen av alt dette, har falsifiseringa skapt kunstig sterke valutakursar i Vesten, som har boosta kjøpekrafta for varer prisa i ikkje-vestlege valutaar. Desse mekanismane har også late Vesten drive oppbåste og dysfunksjonelle tenesteøkonomiar der ineffektiviteten er ufatteleg. Vi har svære grupper folk i økonomiane våre som ikkje berre skapar null verdiar, men også systematisk øydelegg verdiar. Det som opprettheld Vestens levestandard no, er ein liten minoritet av produktive menneske, konstant gjeldsauke og parasittisme overfor resten av verda.

Folka som eig all denne gjelda, eig faktisk alt vi trur vi eig. Vi i Vesten eig ingenting no – vi berre trur vi gjer det. Men kven er dei eigentlege eigarane? Vi veit meir eller mindre kven dei er, fordi dei møtest kvart år under Verdsøkonomisk forum (WEF) i Davos saman med Vestens politiske elitar, som dei óg tilfeldigvis eig.

Det er tydeleg at eigarane våre har blitt stadig meir bekymra, og bekymringane deira har auka synkront med det auka presset som Vesten har lagt på resten av verda, særleg på dei uavhengige. Under det siste Davos-møtet var stemninga kald og panikkarta på same tid, mykje likt panikken blant Vestens politiske elitar då isolasjonen av Russland slo feil.

Kva som er i ferd med å skje

Panikken til eigarane våre og politikarane deira er forståeleg, for vi har kome til enden på vegen. Vi kan ikkje lenger halde oppe levestandarden vår med gjeldsauke og parasittisme. Gjelda aukar utover det vi eig som sikkerheit og valutaane våre er i ferd med å bli verdilause. Vi vil ikkje lenger greie å skaffe oss gratis-varer frå resten av verda eller betale tilbake gjelda vår – for ikkje å snakke om rentene på låna. Heile Vesten er i ferd med å gå konkurs, og levestandarden vår er i ferd med å gå ned mange prosent. Det er det som gir eigarane våre panikk, og dei klarer berre å sjå to scenario:

1.       I det første scenarioet erklærer dei fleste landa i Vesten, og alt og alle i dei, seg konkurs og utsletter gjelda ved diktat – noko uavhengige statar kan gjere. Dette vil også utslette rikdommen og den politiske makta til eigarane våre.

2.       I det andre scenarioet tar eigarane våre over panten under konkursen. Panten er oss og alt vi eig.

Ein treng ikkje vere eit geni for å skjøne kva for eit scenario dei valde. Planen for scenario nummer 2 er klar og blir implementert akkurat no. Den blir kalla ‘The Great Reset’ (den store nullstillinga/tilbakestillinga) og vart konstruert av folka bak Verdsøkonomisk forum. Denne planen er ikkje hemmeleg; den kan til ein viss grad undersøkast på WEF sine nettsider.

The Great Reset er ein mekanisme for å legge beslag på all gjeldspanten som inkluderer all eigedommen din, eigedommen til byen eller kommunen din, eigedommen til staten din og det meste av selskapseigedom som eigarane våre enno ikkje sit på.

Denne eigedomsovertakingsmekanismen har mange komponentar, men viktigast er dei følgande fire:

1.       Avskaffing av suverenitet: Eit suverent (uavhengig) land er eit farleg land, fordi det kan velge å misleghalde gjelda si. Innskrenking av suvereniteten har vore ein prioritet for eigarane våre, og det har vore prøvd ulike prosjekt, til dømes Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP, Transatlantisk handels- og investeringsavtale) og Trans Pacific Partnership (TPP, Stillehavsavtalen for frihandel). Det mest vellykka prosjektet er utan tvil Den europeiske unionen (EU) sjølv.

2.       Nedjustering av økonomien: Den Vestlege økonomien (og den globale økonomien) må tonast ned kraftig. Denne nedjusteringa er nødvendig fordi Vestens økonomi no er massivt falsifisert og må takast ned til sitt reelle nivå – som kan vere så lågt som halvparten av det den no er – eller meir. Den sakte nedtakinga har også til hensikt å unngå eit raskt samanbrot som kunne føre til massiv sosial uro, noko som ville utgjere ein trussel mot eigarane våre. Dei føretrekker difor ei kontrollert nedtaking framfor eit ukontrollert samanbrot. Denne kontrollerte nedjusteringa er allereie i gang og har vore i gang ei god stund. Ein kan nemne mange døme på slik nedjustering, inkludert energi-politikken til EU og USA, som er designa for å sabotere Vestens økonomiar, og dei openlyse forsøka på å øydelegge etterspørselen under og etter epidemien, inkludert dei ganske bisarre logistikkproblema som brått dukka opp frå lause lufta.

3.       Eigedomsinnhausting (du vil eige ingenting og vere ‘glad’): All eigedom som kan sjåast på som pant for vår private og kollektive/offentlege gjeld vil bli overtatt. Det er eit tydeleg fastslått mål for Den store nullstillinga, men det er mindre tydeleg korleis det skal gjennomførast. Total kontroll over dei Vestlege regjeringane (og alle regjeringar) verkar vere nødvendig for å få det til. Det vilkåret er nærare enn ein skulle tru, for Vestens regjeringar ser ut til å vere i forbund med Davos på dette punktet. Dei vil selge prosessen som nødvendig sosial restrukturering på grunn av ei økonomisk krise og global oppvarming, og det heile vil resultere i massiv nedgang i levestandarden til vanlege folk, sjølv om elitane ikkje blir råka.

4.       Undertrykking: Svært mange vil ikkje like dette, og opprør er ein sannsynleg respons, sjølv om nedjusteringa blir gjort gradvis. For å hindre at det skjer, blir det implementert ein mekanisme for sosial kontroll som vil utslette den personlege fridommen, ytringsfridom og privatliv. Den vil i tillegg gjere individet fullstendig avhengig av staten. Dette må gjerast før den økonomiske nedjusteringa kan fullførast, elles blir det revolusjon. Denne mekanismen blir allereie entusiastisk implementert i Vesten, slik alle med auge og øyre kan sjå.

Russland, Kina og andre uavhengige

Korleis passar Russland og Kina og krigen i Ukraina inn i dette reknestykket? Korfor alt presset frå Vesten oppigjennom åra, og korfor all denne panikken no? Noko av grunnen til presset på dei uavhengige, særleg Russland og Kina, er rett og slett at dei har stått imot Vestens overherredøme. Det er nok til å kome på Vestens slemmingliste. Men korfor har dei auka presset dei siste åra?

Grunnen er at Russland og Kina ikkje kan kuast med konkursar og innhausting av eigedom. Dei har ikkje mykje gjeld i Vestleg valuta. Det betyr at dei som eig Vesten via gjeld, ikkje eig Russland og Kina (slik dei eig Vesten og den gjeldstyngde «tredje verda»), og dei kan ikkje overta dei ved hjelp av gjeld. Den einaste måten å ta dei på, er gjennom regimeskifte. Regjeringane deira må svekkast med alle middel, inkludert økonomiske sanksjonar og militære middel, om nødvendig – ergo bruken av Ukraina som rambukk mot Russland og Taiwan mot Kina.

Det å kue Russland og Kina er eit eksistensielt spørsmål for Davos-eigarane våre, for når dei raserer Vestens økonomiar, må alt anna raserast óg. Viss Vestens økonomi er nedjustert og ei svær økonomisk blokk ikkje deltar i nedgangen, vil det vere katastrofalt for Vesten. Den nye blokka vil vinne massiv økonomisk makt og kanskje eit slags unipolart overherredøme, medan Vesten søkk ned i ein føydal mørkealder og irrelevans. Derfor må heile verda takast ned for at Den store nullstillinga skal fungere. Russland og Kina må med alle middel underkuast, og det må óg India og andre eigenrådige nasjonar.

Det er dette som har drive fram den situasjonen vi no er i, og som vil drive framhaldet av Tredje verdskrig. Dei Vestlege eigar-elitane går til krig for å halde på rikdommen og makta si. Alle som set seg imot må undertrykkast, slik at dei kan følge Vesten inn i Great Resets planlagde Mørkealder.

Grunnen til at elitane i Vesten no har panikk, er at Ukraina-prosjektet ikkje går som planlagd. I staden for at Russland blør ihjel på slagmarka, er det Ukraina og Vesten som blør. I staden for at den russiske økonomien krasjar og resulterer i at Putin blir erstatta med ein Davos-kompatibel leiar, er det Vestens økonomi som krasjar. I staden for at Russland blir isolert, er det Vesten som blir stadig meir isolert. Ingenting fungerer, og for å toppe det heile, har Europa gitt Russland middela og motivet til å øydelegge den europeiske økonomien ved å delvis stenge ned industrien deira. Utan russiske ressursar er det ingen europeisk industri, og utan industri er det ingen skatteinntekter til å betale arbeidsløysetrygd, pensjonar, alle flyktningane og stort sett alt anna som held europeiske samfunn ihop. Russarane kan no skape eit ukontrollert samanbrot i Europa, og det var ikkje dét Davos planla. Eit ukontrollert krasj kan føre til at Davos-hovud rullar, bokstaveleg talt, og dét skapar frykt og panikk i elite-sirklane. Den einaste løysinga for dei, er å dure vidare med Tredje verdskrig og håpe på det beste.

Kva må gjerast

Verdsøkonomiens Store nullstilling er den direkte årsaka til Tredje verdskrig – om vi antar at det er det som er på gang. Kva kan gjerast med det? Frå Vesten si side kan lite gjerast. Den einaste måten er å på ein eller annan måte få fjerna Davos frå likninga, men dét vil mest sannsynleg ikkje skje, av to grunnar: Den første er at dei store nullstillarane til Davos er altfor samanfletta med Vestens økonomi og politikk. Davos er som ein blekksprut med armane og sugekoppane sine langt inne i elitesirklane, media og regjeringane i alle landa. Dei er altfor fast forankra til at dei enkelt kan fjernast. Den andre grunnen er at folket i Vesten er altfor hjernevaska og uvitande. Dei er så hjernevaska at ein stor del av dei faktisk vil bli fattige – sjølv om dei brukar ordet «grøn» i stadedn for «fattig», fordi det høyrest betre ut. Men visse ting tyder på indre splitting i Vestens elitar. Nokre av dei, særleg i USA, kan motsette seg Den store nullstillinga, som primært er eit Europa-design – men om denne opposisjonen er reell eller stridsfør, gjenstår å sjå.

World Economic Forum arrangerer Davos-møtene.

Men utanfor Vesten fins det visse tiltak ein kan og må ta. Nokre av desse tiltaka er drastiske, og nokre av dei blir tatt i skrivande stund. Blant tiltaka er følgande:

1.       Dei uavhengige, leidde av Russland, Kina og India, må danne ei blokk for å isolere seg frå det radioaktive Vesten, Denne isolasjonen må ikkje vere utelukkande økonomisk, men også politisk og sosial. Dei økonomiske systema deira må vere åtskilde frå Vesten og gjort autonome. Kulturen og historia deira må forsvarast mot Vestleg påverknad og revisjonisme. Denne prosessen ser ut til å vere på veg.

2.       Dei uavhengige må straks forby alle Vestleg sponsa institusjonar og frivillige organisasjonar i landa sine, uavhengig av om dei er sponsa av Vestlege statar eller individ. Vidare må dei forby dei media som mottar Vestlegn sponsing og fjerne all Vestleg sponsing og påverknad frå alle skular og universitet.

3.       Dei må forlate alle internasjonale institusjonar opp til, og kanskje til og med, Dei foreinte nasjonane (FN), fordi alle internasjonale organ er kontrollerte av Vesten. Dei må deretter erstatte dei med nye institusjonar innanfor blokka si.

4.       Dei må før eller seinare erklære dollar og euro for myntslag

 non grata. Det betyr at dei bør erklære misleghald på all gjeld i desse valutaane, men ikkje anna gjeld. Dette vil mest sannsynleg skje på eit seinare tidspunkt, men det er uunngåeleg.

Dette vil skape ein situasjon der Vesten vil søkke ned i mørket utan å dra andre med seg – dersom vi greier å unngå den kjernefysiske elden.

***

Merknad: Artikkelen vart skriven for bloggen the Saker, i juni 2022. 

Omsett av Monica Sortland

https://gaiusbaltar.substack.com/p/repost-ww3-for-dummies

Forsidebilde: Hong Lei (2004)

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Dette er en perfekt analyse fra Gaius Baltar som burde vært pensum i Vesten fra grunnskolen til de såkalte universitetene. Vår del av verden er kommet til point of no return, slik alle penge- og gjeldsbaserte verdensriker er nødt til å ende. Spørsmålet er bare om også de tapende bakmennene – lik Adolf – finner at det er like greit å utrydde det meste av liv på Tellus ved hjelp av ABC-våpen & co. Eller om «alle» henfaller til NWO. Det er jo dette halmstrået menneskeheten henger i.

    Svar
  • Kanskje er det mulig med noen enklere og mer grunnleggende forklaringer?
    !) Det Internasjonale energibyrået (IEA) sa rundt 2000-2010 noe slikt som at det vil være et åpent spørsmål om verden vil ha tilgang på tilstrekkelig med energi etter 2020 (pga nedgang i tilgangen på fossil energi samtidig med vanskeligheter med å få på plass nok med nye energikilder – og spesielt innenfor området flytende drivstoff). Sikkert mulig å gjøre mange tiltak, men vil det skje raskt nok og vil det gi stort nok resultat i tide?

    2) I tillegg har USA latt seg selv av-industrialiseres (og har åpnet opp for kraftig industrialisering av Kina).
    Globalisering i regi av USA har sporet helt av.
    Globalisering uten tilgang på mye billig energi, ressurser og ledig arbeidskraft er dømt til å kollapse når det blir knapphet på viktige innsatsfaktorer («det er nå slutt på overfloden i verden» sa president Macron om knapphet på innsatsfaktoer).
    Og også slutt på økonomisk vekst.
    Kostbar energi og kostbare ressurser reduserer økonomiens lønnsomhet, og hva skal da krympes: er det profitter eller lønninger?

    Svar
  • «Nedjustering av økonomien»

    Det vi ( myndighetene/penge-økonomene /bakmennene) driver med hele tiden er Opp-justring av økonomien; – dvs. tallene.
    Det er dette som ER kapitalisme, en oppjustering av kapitalverdiene. – Som bakmennene som styrer rentene vil. ( Og folk flest er lurt til å tro, uansett politisk parti-tilhørlighet. )
    Det som burde være naturlig er NED-justring av prisene/tallene. Altså det motsatte av kapitalisme.
    De-kapitalisering.
    Motpolen til kapitalisme er altså ikke sosialisme. Sosialister ser ut til å ha like store glede av penge-tenking som ‘kapitalistene/de rike’. Og er minst like mye for sentral/stats-styring.
    Når produksjoner effektiviseres burde prisene naturlig gå ned. Likeledes lønn og renter.
    Men verdiene, realverdiene, av velstanden/produktene vil være de samme.

    Og:
    Om vi kaster alt av penger/gull/sølv i havet vil alle de skapte velferdsverdiene være igjen på land. Sammen med produksjonskreftene og teknikk/teknologi som kan skape velstand videre.
    Det er kun snakk om et (tall-) systems endelikt.

    Men:
    Det burde ikke kalles ‘gode tider’ når vi mangler det meste, priser og renter stiger ( blir satt opp), og vi må arbeide 24/7.
    Og ‘dårlige tider’ når stabburene er fulle og priser og renter synker. Og vi har ‘arbeidsløshet’, og flere frie livstimer.
    Det er OMVENDT.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USA leverer dem og er medskyldige.

Israel slipper kjempebomber over Gaza.

Forrige innlegg

Også fra Canada kommer det nå tall om overdødelighet:

Myndighetene har et forklaringsproblem. Vaksiner er tabu!

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.