POSTED IN Krig-fred, Virkelighetsforståelse

Er pensjonerte USA-offiserer dumme eller…

Står de på lønningslisten til krigsindustrien?

0
Print Friendly, PDF & Email

PENSJONERTE OFFISERAR LYG FRAMLEIS OM UKRAINA MEDAN MEDIA BYRJAR FATTE KATASTROFEN

29. september 2023 av Larry Johnson 

Larry Johnson er x-CIA analytiker.

Puh! Det var ei lang overskrift. Sorry, men det måtte seiast. La oss starte med David Petraeus. Han lærte seg aldri krisehandterings regel nummer ein – «når du er i eit hol, slutt å grave.» Viss han held fram med dette, vil han grave ut eit hol som fører til Kina. Her er det han nyleg posta på Linked-In-sida si:

2. september 2023: Ein eksepsjonell reportasje frå New York Times’ Marc Santora som skildrar korleis ukrainarane driv dei offensive operasjonane som no sakte tar tilbake territorium i sør – og validerer vurderingar om at ukrainarane har tilpassa sine metodar effektivt…

Hovudpoeng:
«Oppdraget for den ukrainske avdelinga var å ta eit enkelt hus i ein landsby som berre er ein liten flekk på kartet, men tente som militærstilling for russiske soldatar.

Andriy, ein marine-veteran, hadde venta i tre dagar med sitt vesle angrepsteam – ingen av dei hadde vore i kamp før – medan andre ukrainske avdelingar kravla gjennom minefelt, storma skyttargraver og rydda veg til jordbruksbygda Urozhaine. Endeleg… der kom ordren om å relokere. . . .

Den månadslange kampanjen for å bryte tungt forsterka russiske linjer, blir ført i … mange former for kamp, med artilleriduellar og droneangrep langs heile breidda av fronten … Men motoren som driv innsatsen er hundretals småskala-angrepsgrupper, ofte berre åtte eller ti soldatar, kvar av dei med oppgåve å angripe éi skyttargrav eller trelinje eller eitt hus

I denne taktiske framgangsmåten er små landsbyar viktige. Dei ligg langs asfalterte vegar, noko som gjer transport enklare, og bygga, sjølv dei som er raserte av bombing, gir ei form for dekning…

Effektive operasjonar? Vent no litt. NY Times er ute med eit anna stykke. Kva med myten om at Ukraina tar meir territorium enn russarane? Grafikken i NY Times-stykket fortel ei anna historie [at Russland har tatt nær 500 km2 meir areal enn Ukraina har]:

The New York Times vil ikkje gjerne innrømme at reportasjane deira har tatt feil – artikkelen som Petraeus hyllar er eit godt døme – om Ukraina sin framgang i motoffensiven dei så lenge hadde venta på. Men avisa innrømmer faktisk motstrebande:

Ukrainas motoffensiv har kjempa for å presse seg framover over dei vidt opne markene i sør. Dei møter vidt utstrekte minefelt og fleire titals mil med forsterkningar – skyttargraver, anti-tank-grøfter og betong-hindringar – som Russland bygde sist vinter for å sakke ned ukrainske køyrety og tvinge dei inn i posisjonar der dei er lettare mål.

Når vinstane for begge sider er talde opp, kontrollerer Russland nesten 500 kvadratkilometer meir territorium i Ukraina, samanlikna med i starten av året.

Russland kopierer ei side i Muhammed Ali sitt manus – Rope-a-Dope. Det gjeld særleg for sør-fronten. Ukraina kastar nådelaust troppar og køyrety mot robuste russiske forsvarsverk. Dei tre «Surovikin»-forsvarslinjene er ikkje forsvarsverk av Alamo-typen. Kva meiner eg med det? Dei russiske troppane har ikkje sverga å forsvare kvar linje til siste mann. Niks. Den russiske doktrinen er å bøye seg, trekke seg tilbake til nye stillingar og skape eit nytt framspring. Deretter rundjular dei dei ukrainske avdelingane med ein massiv sperreeld av artilleri, missil og bomber, som tvingar ukrainarane til tilbaketrekking, med forferdelege tap i prosessen. Kanskje kan vi kalle dette «Rumble in the Steppes».

Strategien til Ali’s gjekk ut på å la Foreman slå til han vart utmatta, og deretter ta han med straffeslag. Det er nøyaktig det Russland gjer i sør langs Surovikin-linjene, og det er derfor Ukraina ikkje ein gong har brote igjennom første forsvarslinje.

Bell er ein elendig analytikar. Han kjem med falske påstandar om at Russland har redusert bruken av angrepshelikopter ved frontlinjene fordi Ukraina skyt dei ned. Niks. Dei russiske Alligator-helikoptera blir nytta mot pansra kolonner. Og gjett kva – Russland har øydelagt så mange av Ukrainas pansra verdiar at Ukraina – noko NYT og andre stadfester – ikkje lenger sender slike køyrety framover. Ukraina nyttar i staden pick-up-lastebilar til å sleppe av små grupper soldatar som så må marsjere framover og inn i skytselden utan panservern. Viss ein har færre mål å råke, vil ein også ha færre flygingar.

Og ein ting til. Russland produserer helikopter raskare enn Ukraina kan skyte dei ned.

Ray McGovern og eg snakka om dette og andre aspekt ved krigen i Ukraina med Judge Napolitano i dag:

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Marten Bjork

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Israel legger ikke skjul på sin målsetting, å utradere Palestina:

I FN viste Netanyahu Stor-Israel-kart.

Forrige innlegg

Robert Kennedy jr. stiller kanskje som uavhengig presidentkandidat.

Men USAs politiske kurs bestemmes i liten grad av presidentvalget.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.