POSTED IN Diverse, Norge

Er det verdt prisen?

Ødelegge et helt samfunn for kanskje å redde noen få.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Jeg publiserer denne artikkelen fordi den fremfører den opplevelsen jeg selv sitter med. Jeg ville ikke brukt de samme ordene som i artikkelen, men opplevelsen min er den samme. Det som skjer er fullstendig forrykt. Vi ødelegger samfunnet for en virus-epidemi som – etter hva tallene i dag viser – ikke er vesentlig farligere enn en vanlig influensasesong.

Fagfolk og politikere har sluttet å se på realiteter. Forstår de ikke ikke hva tallene betyr? De tror åpenbart at det er katastrofe nå vi har 25 (eller er det 30) døde av Koronaviruset mens det dør rundt 1000 i Norge uten oppstuss i en vanlig influensasesong. Det dør ca. 50000 årlig i Norge. Ingen lager nummer av dette. I en influensasesong dør det kanskje 50 eller enda flere daglig når den går for fullt.

Det publiseres tall over døde internasjonalt men ingen tall vi kan sammenligne med i forhold til det totale antallet døde. I Spania bor det 7 ganger flere enn i Norge, i Italia 10 ganger flere. Tallene derfra må derfor nødvendigvis bli langt høyere enn i Norge. Det er også andre forhold som bestemmer dødeligheten i f.eks. Italia.

Statistikk kan brukes og misbrukes. I dag misbrukes ikke statistikk. Den brukes ikke. Mediene presenterer løsrevne tall som ikke forteller noe som helst. Hva betyr det at 50000 er døde til nå av Korona i hele verden? For den enkelte er det en katastrofe, men hvilken statistisk relevans har det?

I Kina bor det nesten 300 ganger flere mennesker enn i Norge. «20 døde i Norge tilsvarer altså rundt 6000 i Kina. I USA dør 100 000 i tilknytning til en vanlig influensasesong.

En influensasesong i Italia tar vanligvis 10000-12000 liv, de harde influensaene opp til 50000 – uten at det blir medieoppslag av dette. Bergens Tidende har daglige oppslag om antall innlagte i Bergen på grunn av Korona og antallet døde. Dette er rein skremselspropaganda og tjener ikke til opplysning men til formørkning og angst.

Problemene som innleggelser i helsevesenet  sliter med i influensasesonger forsterkes av at helsevesenet er «effektivisert» de siste årene for å spare penger. Et resultat av New Public Management-politikken. Også lokale forhold forsterker problemene i visse land og områder. Men dette forandrer ikke realitetene: Korona er så langt vi kan se ingen farlig epidemi – det er tiltakene og skremselen i media som formørker verden. Det som nå kalles Korona-krisen er en krise skapt av mediene og meningsløse, samfunnsødeleggende tiltak.  

Men hvis de tiltakene som nå iverksettes virkelige er berettiget må grunnen være skjult for opinionen og da står vi overfor en annen type krise – en tillitskrise. Det kan godt hende at det er det dette ender opp med hvis de samfunns-ødeleggende tiltakene fortsetter og utvides.

Knut Lindtner

Planetarisk hysteri: oppkonstruert COVID-19-«helsekrise» skyv menneskeslekta, det globale samfunnet, inn i total nedstenging

av Larry Chin

Global Research, 26. mars, 2020

COVID-19-farsen er det største samanbrotet av det menneskelege samfunn i moderne historie, kanskje til og med i heile historia sidan mennesket oppstod.

Denne «helsekrisa» er ei Stor Løgn. Den er den største Store Løgna nokon gong i historia.

Stoffet som samfunn er vevd av har blitt trevla opp, menneskeleg samhandling har blitt endra, økonomiar desimerte. Alt basert på eit oppkonstruert påskott, massemanipulasjon og medieindusert massepanikk.

Menneskeslekta vart gitt eit liknande paralyserande sjokk med falskt flagg-hendinga 9/11 [World Trade Center i New York 9. september, 2001, mrk.], den oppkonstruerte globale «Krigen mot terrorisme». Men denne hendinga no gjer alle tidlegare hendingar til dvergar i samanlikning, og alle tidlegare krigar, inkludert Verdskrigane.

Autoritetane – globale, nasjonale, regionale, lokale, samfunn etter samfunn – har gått som ein hønseflokk i skremmande samforstand. Dette er Djupstaten, ute i dagslys.

Maleri av Charles Bruleau (1799-1852) Kan de helt ødeleggende tiltakene mot Koronaen rettferdiggjøres av epidemiens farlighet? 

Dei har krasja alle økonomiar. Lite og stort forretningsliv, stengt ned og tapt, liv og levebrød står på spel. Dei har lagt på oss allskens variasjonar av unntakstilstand, inkludert åtferdsmessig unntakstilstand, frå hushald til hushald, person til person. Menneske er bokstaveleg talt fangar, «i ly heime» som dyr i bur. Dei som ikkje gir akt på heimefengslinga blir trua med hittil usette politiaksjonar. «Episenter» som California og New York lir under streng nedstenging; dei korrupte guvernørane deira er ivrige etter å gjennomføre nye useielege tiltak under dekke av «folkets tryggleik» og tilbyr null håp om gjenopning medan dei pressar på for føderale krisehjelpsmidlar. Verksemder i Los Angeles som nektar å føye seg, har blitt trua med stenging. Lokalpoliti nektar å respondere på anna enn «naudrop», sjølv om det blir farlegare og farlegare ute på gatene. Sjølvmord, vald, sivil ulydnad, plyndring, opprør med meir blir sannsynlegare di meir spenningane aukar.

Er ikkje dette definisjonen på totalitær undertrykking?

Farten og omfanget som denne konstruerte krasjen har stengt ned ein heil planet med, har aldri før vore opplevd, og er horribel. Denne erobringa skjedde i løpet av berre dagar. Utan motstand. Kvart hjørne av kloden, kvart individ, fanga både mentalt og fysisk. Alt som skulle til var ei Stor Løgn, ei Stor Frykt.

Ver ikkje i tvil. Denne «helsekrisa» tener som dekke for ei global supermakt sin «økonomiske krig» i eit omfang vi aldri før har sett. Denne krigen utviklar seg raskt og gjer analyse vanskeleg, om ikkje umogleg. Der er tallause agendaer i spel og tallause aktørar i det politiske universet i denne uhorveleg store manipulasjonen. Å bestemme kven eller kva som til sist har ansvaret, vil bli varmt debattert undervegs.

Uansett, alle desse individa – kvar og ein av dei, i kvar nasjon og på kvart nivå ned til verdas byar og landsbyar – må haldast ansvarlege for det dei har gjort, for den skaden vi alle opplever. Der er mange agendaer og mange slag som finn stad, men faktum er at vi – du, eg, kvart menneske – er utilsikta skadelidande. 

Det sentrale, uomtvistelege faktum – og det mest skremmande aspektet ved heile dette elendet – er at dette er augneblinken som dei omsynslause verdsformarane har lengta etter. No har dei faktisk gjort det.

Når panikkens tidevatn overveldar livet sjølv, blir folk gløymske overfor fakta, gløymske overfor tydelege bevis for at dei blir kriminelt manipulerte, utbytta og kontrollerte.

Sjølv dei mest ivrige og besette blant kriseobsesrvatørar feiltolkar, fornektar eller ignorerer rasjonelle data, og dei femner begjærleg om ferdige statistikktolkingar som passar dei.  

Trusselen som COVID-19 sjølv representerer er relativt låg etter det vi no kjenner til (og sett i forhold til informasjon frå tidlegare pandemiar). Sjølv om det framleis er ein reell risiko for eldre menneske med svekka immunsystem og underliggande sjukdom, er sjukdommen «overlevbar» i følge alle målingar hittil.

I Det kvite hus sin pressekonferanse den 23. mars 2020 fastslo USA sin visepresident og «Coronavirus task force»-leiar Mike Pence at «9 av 10 som trur dei har koronaviruset , har det ikkje ein gong».

Under unntakstilstand overlates makten til «autoriteter» og ikke til demokratiske organer. Maleri av Nikolay Nevrev.

I nedstengde samfunn rundt om i verda tar sjølvrettferdige krigarar for ny sosial rettfed – militante New Age-kollektivistar – på seg oppgåva å te seg som Raudegardistar på steroidar, «tvingar fram» høveleg «sosial distansering», tystar på medmenneske som «ikkje greier innpasse seg», krev ny politihandheving av desse nye distanseringsparadigma, medan ekkoet deira lyd av debattpoenga til Verdas helseorganisasjon (World Health Organization, WHO), Center for Disease Control (CDC), den store farmasiindustrien og deira utvalde politiske idol – dei same agentane vi finn ved kjelda til denne «krisa».

Propagandaen har vore så effektiv, så overveldande – overalt, ikkje til å flykte frå – at den har robba sjølv «intelligente» folk for vitet sitt, til eit punkt der dei ikkje klarer slutte å vere maniske, og ikkje greier stoppe å snakke om COVID-19.

Dei verkar ikkje legge merke til eller bry seg om at ulike populasjonar og nasjonar (Kina, Sør-Korea og andre) er godt inne i full restitusjon. Dette viruset vil, som andre virus før, køyre sitt løp og bli ferdig, kanskje i løpet av månadar. Men dei livredde og paranoide vil ikkje tru eller håpe på dette sterke sannsynet.

Dette er verkeleg ein global pandemi: ein pandemi av sinnsjukdom. Av vondskap, og den mest massive hjernevaskingsoperasjonen i historia. Med unntak av ein knøttliten del av menneskeslekta, kven spør ein gong spørsmål medan jernstøvelen knusar våre strupar?

Er det begynnelsen på utvidet overvåking vi nå står overfor?

«Sosial distansering»? «Sjølv-karantene»? «Tometersregelen»? «Innandørs ly»? Frivillig overvaking og sporing? Det er som henta frå ein science fiction-roman som skildrar eit øydelagt samfunn og apokalypse.

Underdanig kollektivisme, både militant pålagt og sjølvpålagt. Vi ser verkeleg våre samfunn bli øydelagde, både ovanfrå og ned og frå botnen og opp.

Maktene som styrer prøver å skape ei «sameinande hending». «Samein dykk mot viruset». Men «krisa» er eit bedrag. Massane «sameinar seg» rundt sin eigen servilitet, sin eigen destruksjon.

Vi burde verkeleg sameinast. Mot hjernevasken og bedraget. Mot alle dei som brukar det for sine usmakelege og brutale føremål, som bokstaveleg talt drep oss no, og som til og med held tilbake kurar, stønad og naudhjelp. Mot saueflokken som tillet og godtar overgivinga av alle fridommane våre.

«Vi er alle i same båt»? Nei. Det er vi ikkje. Og bør heller ikkje vere.

Ugjenoppretteleg skade har blitt gjort. Det er sett presedens, noko av det irreversibelt.

Sjølv når tilfriskninga kjem, har denne krisa bevist at «vi» ikkje har kontrollen. «Dei» har, og dei er mektige nok til å bokstaveleg talt totalt ha erobra heile menneskeslekta – oss, du og eg – på berre dagar og veker.  

Omsett av Monica Sortland

Artikkelen er noke nedkorta.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Venezuela:

USAs kupp-president har tapt.

Forrige innlegg

Korona:

Kan brukes til påskudd for utvidet overvåking av hele befolkningen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.