POSTED IN Virkelighetsforståelse

Er det slik vi vil ha det?

Internasjonal lov og rett skal gjelde for alle, men med USA-bestemte unntak.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Når det gjeld å støtte internasjonal lov og orden, er USA svært fleksible

Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Russland er vonde. Dei er svært, svært vonde fordi dei ublu bryt dei heilage Reglane som sikrar Internasjonal Orden. Du skjøner, Vesten har «sementert den regelbaserte verdsordenen» og Russland er rett og slett for dumme til å skjøne dei, ifølgje European Journal of International Law. Følgjande vart publisert i juli 2021:

«Etter Vladimir Putin sitt møte med Joe Biden i Genève sist månad, signaliserte herr Lavrov at han var misfornøgd med ‘åtvaringane’ som hadde blitt ytra av amerikanske tenestefolk etter samtalane i Villa La Grange hadde slutta…

På desse møta skulle Vesten visstnok ha ‘sementert det regelbaserte verdsordenkonseptet’ i motsetnad til dei universelle prinsippa i internasjonal lov, med FN-charteret som si primærkjelde. Russland sin hovudprotest er mangelen på klarheit. Herr Lavrov fastslår at Vesten ‘feigar ut frå å presisere ‘reglane’ dei påstår å følgje, akkurat som dei avstår frå å forklare kvifor ein treng dei’. Alle som handlar mot viljen til Vesten blir straks, og utan nokon bevis, skulda for å vere ein regelbrytar, skriv han. Spesiell forakt blir reservert for vanen som dei vestlege familien har for å kalle seg sjølv ‘eit anker for demokrati, fred og tryggleik’.»

pink bicycle parked beside brown concrete wall
Noe bryter regler når det passer dem.

Eg føler meg plikta til å hjelpe herr Putin og herr Lavrov med å forstå desse nye reglane i lys av deira sjølverklærte forvirring rundt substansen til desse reglane. Her kjem det:

Regel 1: Ingen innanlands politisk opposisjonspartigruppe har rett til å protestere mot eit val eller bruke makt for å endre ei regjering. Men der er nokre få unntak til denne regelen. Dersom du er ein amerikansk kolonist som gjer opprør mot Storbritannia (USAs avhengighetskamp som startet i 1773, red.), er protestar og vald greitt so lenge som du kjempar for din eigen fridom. Det same gjeld om du er ein russisk organisasjon som opponerer mot Vladimir Putin. Dersom de er iranarar som gjer opprør mot mullahar, er det ein fabelaktig ting. Den amerikanske policyen er temmeleg fleksibel på dette punktet. Den er kraftig motstandar av at innanlands politiske opposisjonsparti bruker protestar og vald mot ei legitimt valt regjering med mindre protestane og valden er retta mot Ukraina sin president Janukovych i tidleg 2014, eller Vladimir Putin. Då er det greitt.

Regel 2: Dersom Washington ikkje likar fyren eller dama med makta i eit land i utlandet, er det greitt å sleppe laus ein mobb og drepe nokre folk for å erstatte den leiaren. Det er grunnen til at det var «lovleg» for USA å intervenere i utlandet og eliminere leiarar slik som Saddam Hussein, Muammar Qaddafi og Manuel Noriega. Deduksjonen til denne regelen er at USA òg har rett til å vigle opp til ein borgarkrig i Syria, væpne islamistiske ekstremistar og grafse til seg olje. Nokon må betale for desse militære eventyra.

Regel 3: Det er strengt forbode å gripe inn i val i utlandet med mindre desse landa tilfeldigvis er Irak, Venezuela, Hellas, Ukraina, Pakistan og Israel. USA reserverer einerett til å finansiere utanlandske opposisjonsleiarar so lenge som det tener interessene til Washington.

Regel 4: Ingen land kan invadere eit anna land med mindre leiaren av det invaderande landet overbeviser hans eller hennar borgarar om at ei nasjonal tryggleiksinteresse står på spel. So fort du påkallar nasjonal tryggleik kan du invadere Irak (to gonger), Afghanistan, Syria, Vietnam, Panama, Balkan, Somalia, Den dominikanske republikk, Mexico og Libanon. Dersom du er USA treng du ikkje løyve frå FN.

Kjenner du til armbandet WWJD? (What would Jesus do [«kva ville Jesus ha gjort?»]). Eg føreslår at ein lagar eit nytt armband og presenterer det som ei gåve til Vladimir Putin. På armbandet skal det stå WWUSD. Det tydar What would the United States do? [«kva ville USA ha gjort?»]. Eg trur det vil vere til stor hjelp for Putin og Lavrov i å navigere denne nye verdsordenen av vestlege sementerte reglar.

Derimot har Fredsinstituttet i Oslo (òg kjent som PRIO) nokre åtvaringar til Russland:

«Putin argumenterer at NATO har brote sin lovnad om å ikkje utvide austover. Men ingen bindande lovnad vart nokosinne gjort. I alle tilfelle er det avgjerande bidraget til internasjonal lov i denne debatten at ein stat sin rett til sjølvbestemming òg inkluderer Ukraina sin rett til å velje sine eigne alliansar.»

So lenge som amerikanarane hadde fingrane kryssa bak ryggen, tel ikkje ein lovnad. Med mindre amerikanarane og russarane viftar med veslefingeren og sver på å forsyne USA med billeg olje, er ingen lovnad gyldig.

Business fraud stock photo
Slike løfter gjelder altså ikke. (Foto iStock)

«Ei heller kan Russland påkalle retten til sjølvforsvar jamfør Artikkel 51 av FN-charteret som eit forsvar mot NATO-utviding. Ingen slik rett til førebyggjande sjølvforsvar er anerkjent i internasjonal lov.»

Absolutt! Sjølv om du ser at ein fiende byggjer opp den militære styrken sin ved grensa si og utfører militærøvingar, kan du ikkje handle for å stoppe dei før dei faktisk går til åtak på deg. USA braut dette prinsippet under den kubanske missilkrisa. Dei burde ha venta til atommissila var klargjorde og ladde.

«Vidare påstår Russland at eit folkemord blir begått mot russarar i det austlege Ukraina. Men folkemord krev ein intensjon om å delvis eller fullstendig utradere ei etnisk gruppe, og dette er openbert ikkje tilfellet.»

Lat meg tenkje. Eg kan vagt erindre at den Bandera-elskande ukrainske regjeringa forbaud bruk av det russiske språket i den offentlege sfæren:

«I april 2019 vedtok det ukrainske parlamentet ei ny lov, lova «om å støtte funksjonen til det ukrainske språket som statsspråket». Lova gjorde bruken av ukrainsk obligatorisk (fullstendig eller jamfør kvotar) i meir enn 30 sfærar innan offentleg liv, inkludert offentleg administrasjon, valprosessar, utdanning, vitskap, kultur, media, økonomisk og sosialt liv, helse- og omsorgsinstitusjonar og aktivitetane til politiske parti. Lova regulerte ikkje privat kommunikasjon. Somme unntak vart gjort for dei offisielle språka i Den europeiske union og for minoritetsspråk, ekskludert russisk, kviterussisk og jiddisk.»

Ikkje berre prøvde Ukraina å setje stoppar for bruken av det russiske språket, dei bombarderte sivile område i Donbasd med artilleri og rakettar frå og med 2014.

«Dessutan, sjølv om eit folkemord hadde funne stad, ville Russland ha ingen rett under internasjonal lov til å utføre ein sokalla humanitær intervensjon. Slike intervensjonar må godkjennast av FNs tryggleiksråd (‘ansvar for å beskytte’).»

Berre FNs tryggleiksråd kan stoppe folkemord. Dersom det ikkje godkjenner intervensjon, må det altso ikkje vere folkemord. Skjøner du? Dette er vrien logikk og du må vere ein spesiell type åndssvak for å fatte den.

«Putin kan òg ikkje bruke ein invitasjon frå dei to utbrytarrepublikkane for å rettferdiggjere invasjonen. Ein rett til å gå ut av nasjonen kunne berre vere relevant for dei to regionane i fall ekstremt menneskerettsmisbruk av Ukraina, noko vi ikkje har sett.»

Eit absolutt fast prinsipp, skrive i stein, med mindre du er Kosovo. Dersom Kosovo ber NATO om å redde dei frå Serbia er ikkje det forbodet lenger gyldig. NATO-intervensjon går over alt FNs tryggleiksråd erklærer.

I grunnen treng Russland berre å halde kjeft, bøye seg og late Vesten ta dei bakfrå til USA og NATO er fornøgde, for so å sitje stille i eit hjørne og ikkje lage meir styr. Kva er gale med det?

Forsidebilde: Shane



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 514 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Reidar Kaarbø
    15 januar 2023 8:19

    En håndbok til CIA (2005) sier at USA per definisjon ikke kan utøve terrorisme, bare andre land kan det. Handlinger som USA gjør er ekskludert fra definisjonen, mens forsvar mot angrep fra USA er inkludert i definisjonen og er derfor terrorisme.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    15 januar 2023 20:50

    Men éin ting skal USA ha: presse og politikarar er mindre likt-tenkjande enn i Noreg:

    Geoffrey M. Young
    @GeoffYoung4KY
    My summary: Ukraine & NATO are still losing decisively and Russia is still winning decisively. This has been true from the beginning of March, 2022 until today. There is no way Russia can lose this war and no way Ukraine & NATO can possibly win it. (Twitter)

    Politikaren Geoffrey Young seier Nato ikkje kan vinna i Ukraina, og vil ha Biden for retten. Vis meg den norske politikaren som torer noko tilsvarande.

    Svar
  • Torfinn Slettebø
    16 januar 2023 10:18

    Me må rosa USA når me kan:

    https://twitter.com/i/status/1614328996371521537

    Svær demonstrasjon i New York 14. januar mot NATO og militær-løyvingar, og for å bruka pengar på det folk treng.

    Greier Oslo og Bergen slikt?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

I Afrika ble svært få vaksinert mot Covid.

Likevel slapp de unna sykdommen.

Previous Post

CIAs finger er lang.

USAs utvalgte tar makten i Peru.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.