POSTED IN Helse, Sanksjoner

Er det noen som lurer på hvorfor USA er hatet av mange iranere:

Blokkerer for insulin-levering til landet.

0
Print Friendly, PDF & Email

Nye sanksjonar frå USA kveler Irans insulinforsyningar

Dei siste tiltaka retta mot Iran sin finanssektor skjerpar ein allereie eksisterande mangel på medisinar

Dave DeCamp

anti-war den 2. november, 2020

Då Trump-administrasjonen i oktober kunngjorder sanksjonar mot 18 iranske bankar, og med dette eigentleg svartelista heile Irans finanssektor, understreka dei at det skulle vere unntak for humanitære varer. Men iranarane kjenner allereie på kvelartaket som sanksjonane har lagt på landet sin medisinske kapasitet.

Iranske legar og pasientar har snakka med Middle East Eye om innverknaden som dei nye sanksjonane til USA har på insulinforsyningane, som allereie var under restriksjonar frå tidlegare US-amerikanske sanksjonar.

«Det har gått eit år sidan insulinpennane forsvann frå alle apotek,» sa journalisten Niloufar Zolfaghari, som har ein far som desperat treng insulin, til Middle East Eye. «Men dei siste vekene har ting blitt endå verre, for no finn vi ikkje ein gong noko på svartemarknaden.»

Diabetes er eit aukande helseproblem i Iran. No lir 11 prosent av folk over 25 i landet av sjukdommen. Den 26. september, før dei nye sanksjonane frå USA slo til, skreiv ei gruppe på 120 endokrinologar eit brev til Irans president Hassan Rouhani og bad han gjere noko med insulinkrisa.

Dr. Arasj Anissian, styremedlem ved eit sjukehus i Teheran, forklarte til Middle East Eye korleis sanksjonane som var retta mot finanssektoren har gjort det vanskelegare å importere medisinar. «Problemet er at i den nye fasen med sanksjonar, kan ikkje bankane våre samhandle direkte med utlandske bankar, bankar ein brukar som mellomledd har også mange restriksjonar, og sentralbanken kan ikkje tilby utlandsk valuta p.g.a. Redusert sal av olje,» sa han.

Europeiske land og humanitære organisasjonar har åtvara om verknadane av dei nye US-amerikanske sanksjonane. Då han kunngjorde tiltaka, sa skatteminister Steven Mnuchin at sanksjonane ville «halde fram med å sleppe igjennom humanitære transaksjonar for å støtte det iranske folket.» Men å svarteliste heile finanssektoren til eit land, gjer at internasjonale finansinstitusjonar kviar seg på å gjere forretningar med landet, uansett kva for fritak som er gitt.

Dei nye sanksjonane frp USA vart også gitt medan Iran rapporterte om sine høgste daglege dødstal p.g.a. Koronaviruset. I dei tidlege dagane av pandemien ropte det internasjonale samfunnet opp om at USA skulle lette på sanksjonane for å hjelpe regjeringar til å nedkjempe sjukdommen. Men Trump-administrasjonen svarte med å slå nye sanksjonar i fjeset på Iran.

«Wuhan-viruset er ein mordar, og det iranske regimet er medskuldig,» sa utanriksminister Mike Pompeo i mars, medan Iran sleit med si første bølge koronavirus og ferske US-amerikanske sanksjonar var sett inn.

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: nikko macaspac

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Maskebruk:

Kan være helseskadelig.

Previous Post

Om USAS fall:

Steigan mot Tvedt