POSTED IN Virkelighetsforståelse

Er det en fordel at mennesker og maskiner smelter sammen?

Kan verden bare reddes ved at den kollapser?

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Dette innlegget presenterer vi som en meningsytring fordi vi ønsker debatt om de tema som taes opp her. Vi er ikke nødvendigvis enig i alle problemstillingene som presenteres. Men vi anser ikke det som viktig om en er enig eller ikke, men at en del av de synspunktene som presenteres her blir diskutert. Uten at allment aksepterte meninger problematiseres vil ikke tenkningen kunne bevege seg.

Knut Lindtner
Redaktør

Tankar om tida vi lever i

av Marie Rørvik

Vi står i fleire verdikampar, kampar mellom fakta og ideologi, mellom det individuelle og det kollektive.

Vi ser at totalitære tendensar aukar i det som hittil har blitt sett på som frie demokrati. Nokon av oss meiner  at mediene og politikarar flest er styrt av idéar som drar oss i destruktiv retning. Finnes løysingar?

Stemmer det at fakta har komme i bakleksa og at ideologisk tenkning har grep om det meste slik at økonomisk støtte blir fordelt slik at 

  • – vitskapsfolk øydelegg fakta
  • – mediene øydelegg informasjon
  • – legar øydelegg helse og  
  • – regjeringar øydelegg for frihet?

Fleire land har brukt koronasituasjonen til å få suspendert menneskerettigheter og innført nye reglar som reduserer frihet, trygghet og sjølbestemmelse. Dei er blant våre eksistensielle behov.

Alle menneske har dei same behova, men i ulik grad til ulik tid. Har vi kontakt til behova, har vi kontakt til oss sjølve, til våre medmenneske og –  til det guddommelige. Kjærlighet er å sjå og respektera kvarandres behov. Lidelse er konsekvens av at behov ikkje blir møtt.

Eric Arthur Blair, mest kjent under pseudonymet George Orwell, var en britisk forfatter som er mest kjent for sine allegoriske politiske romaner… (Fra Wikipedia)

Et anna sentralt behov for god psykisk helse, er behovet for meining. Det skjer best gjennom realitetsorientering. George Orwell er berømt for boka 1984. Han sa at i tider med universelt bedrag, er det å fortelje sannheten ei revolusjonærande handling. 

Orwell såg og at, for å kontrollere eit folk, må du kjenna dets frykt.

Vi ser no tyranniske tendensar på fleire område, og det bidrar til folks frykt. 

Mattias Desmet er ein belgisk professor som har sett på dei psykologiske fenomena som har utfalda seg i koronatida. Ca. 30% slukte det rått det mediene utbasunerte. Ei stor gruppe hang med av ulike grunnar –  og eit mindretal var avventande eller sto imot det offisielle narrativet. Etter kvart kom motstemmer fram –  til hån og risiko for å missa familie, venner og jobb.

Med koronaen fekk Desmet inntrykk av at dei matematiske modellane som blei presentert, viste langt høgare fare for død enn den reelle faren ved viruset har vist seg å vera. Han skreiv 2 artiklar om det.

5% av kollegaene hans var interesserte i det han presenterte. Nokon blei rett og slett fiendtlige mot han. Dei fleste blei i det rådande narrativet. 

Desmet har blitt verdskjent. Han blei klar over at 85% av akademiske artiklar var feilinformasjon, og med det bekreftar han påstanden om at vitenskapsfolk øydelegg fakta, bl.a. ved hjelp av korrupsjon.

Desmet meiner at det har med psykologisk masseformasjon å gjera at folk bit på. Sjøl om det var eit fenomen han hadde studert lenge, tok det han ei par månader å sjå at dette med koronaen var ein storskala masseformasjon. 

Mattias DESMET | Professor | Ghent University, Gent | UGhent | Department  of Psychoanalysis and Clinical Consulting
Mattias Desmet

Desmet meiner at høgt utdanna er minst like tilbøyelige til å falla for slikt som mindre utdanna. Dette har ikkje med intelligens å gjera, men med psykisk konstitusjon

Desmet meiner at masseformasjonsfenomenet no er sterkare enn det var i nazitida. Hanna Arent har forklart  masseformasjon som ei diabolsk pakt mellom massane og deira leiarar. Statsformer blir endra av dette , og har ulikt utgangspunkt enn klassiske diktatur. I diktatur er det ei lita gruppe som styrer og som folk blir redde for. 

I totalitære tyranni er det ideologisk tenkning som er førande. Ei redde– verden–tenking uten  spirituelle aspekt. Desmet hevdar at i totalitære statar skjer det først masseformasjon der ca. 30% begynner å tru på ein ideologi. Den kan skapast gjennom propaganda. 60– 65% tar minste motstands vei og heng seg på dei 30% som eig narrativet.

5% går ikkje med. 

Når me veit dette, veit me kva den vesle gruppa må gjera, seier Desmet. Dei må snakka ut på ærlig og alvorlig måte. Det er ekstremt viktig, understrekar han.

Desmet forklarer årsakene til at masseformasjon skjer no:
Nr. 1 er  Einsemd. Den har auka etter den industrielle revolusjonen. 

Så mange som 40% av befolkningen opplever seg åleine og har kontakt kun kontakt gjennom nettet. Sosial kontakt er eit eksistensielt behov.

2. Opplevelse av meining i livet har merkelig nok minka med samfunnsutviklinga. Ser me ikkje samanhengar i det som skjer i og rundt oss, kan det skapa konfliktar og lidelse. 60% har jobb uten meining. Meining og opplevelse av samanheng er eksistensielle behov.

Frittflytande angst og aggresjon kan oppstå hos menneske som ikkje får slike behov møtt, men dei veit gjerne ikkje kva dei er redde for eller sinte på. Slikt kan skje når kulturen har lav grad av behovsbevissthet.

woman in brown coat standing near graffiti wall during daytime
Kan frykt gi livet mening?

Dersom befolkningen er i frykttilstand og eit narrativ blir presentert, får dei eit tydelig objekt å frykta; og vipps så får livet meining. Me har blitt grundig innsausa i forteljingar om klimakrise og  påstandar om ein viruspandemi som mest sannsynlig er ein klassisk epidemi. 

Når det samtidig  med fryktinngydande narrativ blir presentert ei løysing, er viljen stor til å bidra til fellesskapet. Det kan opplevast som ein heroisk kamp, vi får kontakt med andre, og vipps får livet meining.

Vi menneske er sosiale vesen. Under masseformasjon blir det ubalanse mellom individualisme og kollektivisme. Vi treng både og for å oppretthalda trygghet og frihet.

Klima og korona har fått herja som masseformasjons–pådrivarar. Dei er stadig tema i mediene, men i kulissene  lurer ein ideologi som er minst like skummel:  

Transhumanisme ein moderne ideologi, seier Wikipedia. Transhumanistane  vil hjelpa evolusjonen og radikalt betra menneskets kår ved hjelp av vitskapelige midlar. Biologi og elektronikk er fag som har blitt slått saman på fleire universitet for dette formålet. Dei ser ikkje at mennesket har både kropp, psyke og sjel.

Transhumanism | Philosophy Talk

WEF-folket viser oss at draumen om den ultimate manifestasjonen av eit mekanisk verdsbilete ikkje er langt unna. Med ekspertar på teknologi i leiinga, kan dei styra massane og resten av naturen. Då skal livet bli perfekt.

Ein av sjefsideologane i WEF, Yuval Noah Harari har sagt at  «Folk flest vil ikkje merka overgangen til eit totalitært regime. Vi assosierer totalitærianisme hovedsakelig med konsentrasjonsleirar, men dei er berre endestasjonen på ein lang prosess.» meiner han.
Kor langt er det til endestasjonen? spør eg.

Maurice Strong er ein annan av WEF sine ideologar, og han er klimaendringane sin gudfar: Han har sagt at me kan komme dit at den einaste måten å redda verda på er at sivilisasjonen kollapsar. Strong ha hatt sterk posisjon i FN.

WEF– frontfiguren Klaus Schwab vil restarta verda. Pandemien ser han som perfekt mulighet. Med seg på laget har han kong Charles. Charles er  med–arkitekt i The Great Reset og The New Green Deal. 

Dei ser det som sitt ansvar å redda naturen frå menneskets destruksjon.

Det er for mange unyttige folk på jorda, seier dei og brukar begrepet useless eaters om majoriteten av oss. Charles har ein far å slekta på. Prins Philip ønskte å bli gjenfødd som farlig virus, slik at han kunne ordna opp….

Masseformasjon er ein slags gruppehypnose som øydelegg vår individuelle etiske sjølbevisthet og fjernar oss frå mulighetene til å tenkja kritisk. Denne prosessen er så lumsk at folk blir offer for den uten å ana kva som skjer. Derfor er det heilt nødvendig å kjenna det i oss som blir definert som eksistensielle behov og å hjelpa kvarandre å få dei møtt. Å ta ansvar gir meining.

Ikkevoldskommunikasjon er ein filosofi og metode som kan hjelpa oss til betre kontakt med oss sjølve og kvarandre. Marshall B Rosenberg har skapt ein tradisjon som har blitt famna av ulike trussamfunn, og han blei nominert til Nobels Fredspris fem gonger for arbeidet sitt. Metoden er enkel, men ikkje lett i den kulturen vi har. Interesserte kan få eit innblikk i tradisjonen på www.ivk.no. Der lærer vi om observasjon vs tolking, følelsar vs tankar, behov vs strategiar og å be om det vi treng uten at det blir formulert som krav. IVK kan hjelpa oss til å løysa konfliktar og styrka både det individuelle og det kollektive.

Forsidebilde: Hadija Saidi

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • «Desmet meiner at det har med psykologisk masseformasjon å gjera at folk bit på. Sjøl om det var eit fenomen han hadde studert lenge, tok det han ei par månader å sjå at dette med koronaen var ein storskala masseformasjon.
    1. Einsemd.
    2. Opplevelse av meining
    …..Når det samtidig med fryktinngydande narrativ blir presentert ei løysing, er viljen stor til å bidra til fellesskapet. Det kan opplevast som ein heroisk kamp, vi får kontakt med andre, og vipps får livet meining.»

    Derfor (mis-)brukte også politikerne/maktapparatet begrepene ‘dugnad’ og ‘borgerplikt’ for å få til massevaksinering.
    ( I tillegg frykt, for å skape hysterikere som lettere kunne styres. )

    Vi skal derfor vite. Og se/skjønne; at disse politikerne/maktapparatet ikke er våre herrer. Og heller ikke medborgere som er i stand til å gi oss fellesskap eller mening.
    De er et manipulerende , løgnaktig maktapparat, – med et tilsvarende media.
    Fei de ut.
    I sum bygges ikke et land/ en nasjon, av en stat og maktglade politikere og/eller penger.
    Men det bygges av et folk.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Russland spiller ikke poker, men sjakk.

I sjakk betyr en bløff å tape.

Forrige innlegg

Tilliten til EU smuldrer opp

Mangelen på venstreside gir ytre høyre storseier i Italia.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.