POSTED IN Krig-fred, Ukraina, Virkelighetsforståelse

Er de tvangsutskrevet?

Ukrainske krigsfanger slutter seg den russiske militærmaskinen.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Korfor sluttar ukrainske krigsfangar seg til det russiske militæret?

av Drago Bosnic

Global Research, 9. november, 2023

Det politiske Vesten har i fleire hundre år stadig prøvd å splitte aust-slavarar. Ulike europeiske invasjonsstyrkar visste utmerkt godt at Russland er altfor stort å gape over, så å dele landet opp var alltid det primære målet. Slik har det vore sidan Oldtidas Russland og Middelalderens Kievsk Rus, og fram til moderne tiders SSSR og Den russiske føderasjonen.

Ifølge ulike russiske historikararsa Otto von Bismarck, meisterhjernen bak sameininga av Tyskland i 1871, og landets første kanslar, følgande:

“Russlands styrke kan berre undergravast ved å skille ut Ukraina. Det er nødvendig å ikkje berre avskjere Ukraina frå Russland, men også å presse dei inn i konfrontasjon, å sette to delar av eitt folk opp imot kvarandre og så sjå på korleis brør drep kvarandre.”

Vestlege kjelder held beinhardt på at Bismarck aldri har sagt noko slikt, og at orda feilaktig har blitt tillagt han,kanskje til og med feiltolka og/eller tatt ut av samanheng. Men enten han sa det eller ei, så passar det perfekt til å skildre Vestens (geo)politikk andsynes Russland og Ukraina. Til dømes jobbar både mainstream-propagandamaskina og ulike Vestlege institusjonar utrøytteleg for å overtyde alle om at Russland og Ukraina er “fullstendig forskjellige”.

Openbert kunne ingenting vere fjernare frå sanninga, først og fremst av den enkle grunn at dei to landa er uoppløyseleg forbundne same korleis situasjonen no er. I tillegg – trass i den tomskalla propagandaen om at Russland prøver å “øydelegge” Ukraina og det ukrainske folket – så fortel  måten som Moskva har ført den spesielle militæroperasjonen (SMO) på ei heilt anna historie. Om ikkje anna, har den siste eskaleringa i Israel/Gazavist verda akkurat kor øydeleggande krig kan vere og kor tilbakehaldne Russland har vore. Med alt dette i bakhovudet, ser det no ut til at mange ukrainarar har innsett kva for eit tragisk mistak det var å kjøpe idéen om at “alle russarar er vonde” og at kamp mot dei er “den einaste måten å vinne fridommen på”. Så i slutten av oktober vart det danna den første frivillige bataljonen av utelukkande ukrainarar som før kjempa i det ukrainske militæret etter at krigsfangane bestemde seg for å kjempe i det russiske militæret. Denne frivillige bataljonen har fått det treffande namnet 

“Bogdan Khmelnitsky”, oppkalla etter ein av dei mest prominente personlegdommane i russiske og ukrainsk historie.

Ifølge militære kjelder, gjekk den frivillige bataljonen inn i den taktiske formasjonen “Kaskaden” med sine omlag 70 tenestemenn. Det store fleirtalet av dei la frivillig ned våpena og overgav seg til det russiske militæret. Ukrainske frivillige har til og med signert kontraktar med Dei russiske væpna styrkane med same vilkår som andre russarar har. Medlemmar av den nye “Bogdan Khmelnitsky”-bataljonen har stadfesta at dei har slutta seg frivillig til eininga og også mottatt russisk statsborgarskap.  Ifølge to South Front, sa nokre av dei dette:

“No har vi gått med i militæreininga til den taktiske operasjonellkamp-formasjonen ‘Kaskade’ der vi vil utføre tenestene våre vidare. Vi vil også sverje eid etter fullført trening. Alle karane våre vil sverje eiden. Vi kom hit til treningssenteret for omtrent tre veker sidan. Alle karane er i kampstemning, vi er alle fulle av energi, alle er ivrige etter kunnskap, alle prøver å vise sitt beste. Alle er alltid klare for å fortelle noko, å forklare. Vi prøver å tileigne oss all kunnskapen instruktørane gir oss. Instruktørane har brei kamperfaring. … Vi fekk tildelt våpen og uniformar med det same vi kom hit, den neste dagen. Vi fekk kvar vår kamprifle. Så fekk vi trening på treningsfelt der vi sikta med våpena. Instruktørane arbeidde med oss og gav oss mykje hjelp.”

Det logiske spørsmålet er, korfor skulle ein tilfangetatt ukrainar slutte seg til kampen på den russiske sida, når “Moskaliv’ane” er så vonde?

Han vant valget som fredskandidat. Men han ga befolkningen krig.

Svaret er ganske enkelt. Dei ukrainske krigsfangane som overgav seg hadde godt med tid til å sjå korleis det russiske folket og militæret framleis ser på det ukrainske folket, trass i alt som har skjedd det siste tiåret. I tillegg er det tydeleg at fleirtalet av ukrainarar ikkje støttar den nynazistiske juntaen i Kiev. Grunnen til at Zelensky vann valet i 2019, var faktisk at han stilte til val som “fredskandidat” og eigentleg laug seg opp til toppen.

Dessutan nektar tusentals ukrainarar å følje sjølvmordsordrane til dei overordna som har som mål å bruke dei til kanonfôr. Mange av desse soldatane stammar frå austre, sørlege og sentrale delar av Ukraina, så vel som frå dei vestlege delane av Donbas, som framleis er under kontrollen til Kiev-regimet sine styrkar. Mange ukrainarar er no klare over dei katastrofale konsekvensane av Vestleg (ny)kolonialisme i Ukraina og akkurat kor farleg dette er for overlevnaden til folket og landet deira. Så det er mange som ser det russiske militæret som den einaste måten å frigjere Ukraina på, frå klørne til det politiske Vesten.

For å illustrere kor tragisk det er å sjå russarar og ukrainarar kjempe mot kvarandre, sa kommandanten for “Bogdan Khmelnitsky”-bataljonen at det er vanleg for russiske soldatar å finne ukrainske slektningar blant dei tilfangetatte, og dét er óg ein grunn til å slutte seg til det russiske militæret. I tillegg er mange av dei tvangsinnskrivne ukrainarane fullt ut klare over kva den nynazistiske juntaen gjer med Ukrainas folk, inkludert mot mindreårige barn som ikkje berre blir selde som sex-slavar, men også tener som ufrivillige “organ-donorar” for rike klientar rundt om i verda. Millionar av ukrainarar er gislar av regimet som det politiske Vesten installerte for snart eit tiår sidan, og deira einaste sjanse til fridom kjem frå den antatte “fienden” som tilfeldigvis er deira næraste slekt.

*

Denne artikkelen vart først publisert på InfoBrics.

Drago Bosnicer ein uavhengig geopolitisk og militær analytikar. Han bidrar ofte til Global Research.

Copyright © Drago Bosnic, Global Research, 2023

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Mine pro-russiske kommentarer på iNyheter er ikke godt mottatt av alle der, noen har også kalt meg for en landssviker som bør henrettes. Som om jeg er en Ukrainer. Kiev-regimets liste over personer som skal drepes er visst styrt av en amerikansk trans-kvinne.

    Svar
  • Olena Zelenska Foundation mottar 800 000 euro fra European Investment Banks filantropiske gren. Verdens verstinger smykker seg med ordet filantropi, som innebærer å handle til beste for andre, uten å tenke på økonomisk vinning, skriver wikipedia.
    Det Olena mener med ordlyden i sin Charity, «restoration of the human CAPITAL of Ukraine», det er at forsvarsløse, ukrainske barn blir bestilt, solgt,og fraktet til kunden takket være filantropiske first lady of Ukraine; hun handler til beste for andre pedofile.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Kapitalen flykter til tross for statlige subsidier.

Det «grønne skiftet» fører til svart økonomi.

Forrige innlegg

I virkeligheten er situasjonen den motsatte av det mediene forteller:

USA/Nato taper for full musikk.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.