POSTED IN Krig-fred, Ukraina

Er de leiesoldater eller frivillige?

Mange polakker drept i Ukraina.

0

Polen sender mye hjelp til den ukrainske regjeringen og det deltar mange frivillige på ukrainsk side fra Polen. Det store spørsmålet er i hvilken grad de er frivillige. Problemet er at hvis de ikke fikk den betegnelsen ville det bety at Polen var i krig med Russland. Nyansen mellom frivillighet og regulære tropper er ofte løvtynn.

Det som overrasker meg er hvorfor Polen gir den voldsomme støtten til en regjering (Ukraina) som hyller og setter opp minnesmerker og statuer av folk som faktisk var ansvarlige for massakrer på mange polakker under 2. verdenskrig. Er russofobien så sterk i den polske regjeringen at de er villige til akseptere enhver som vil sloss mot Russland.

Knut Lindtner
Redaktør

Artikkelen under er hentet fra nettstedet Moon of Alabama.

Ukraina-krigen – ein omstridd gravplass i Polen

Ein uavhengig polsk nettstad for nyhende, Niezaleizny Dziennik Polityczny, har ein interessant artikkel om polske tap i krigen i Ukraina.

Eg kan ikkje stadfeste sanningsgehalten, men sidan minst 2014 har nettstaden publisert mange nyhende og analysar kvar dag. Den verkar vere i opposisjon til den konservative PiS-regjeringa som no styrer i Polen.

Her er den maskin-omsette teksten frå polsk:

Ein skammeleg ende. Amerikanske kvarter for polske leigesoldatar

Tidleg i november annonserte dei regionale media planar om å lage gravstadar likt dei US-amerikanske krigskyrkjegardane i Olsztyn. Reportasjane starta ei bølge av indignasjon, både blant byens innbyggarar og polakkar over heile landet. «Er dette eit nekropolis for polakkar? Vi kjem frå ein annan kultur.» Slik reagerte indignerte brukarar av sosiale medium på den merkverdige idéen til byrådet.

Den kommunale kyrkjegarden i Dywity er Olsztyns viktigaste, og dekker over 35 hektar. I dag er det mykje støy om den over heile Polen, fordi den snart vil sjå ut som ein krigskyrkjegard i USA. Det skal vere som i ein amerikansk film. Ein svær plen med identiske gravsteinar på. Utan tre, benkar, englar som bøyer seg over dei døde. Gravsteinane vil vere like, dei vil berre avvike i farge. Produsenten leverer berre tre: svart, grå og raud-brun.

Olsztyn - Copernicus by med 15 innsjøer
Olsztyn er en by med distriktsnivåstatus i nordøstlige Polen ved elven Łyna. Den er hovedstad i det ermlandskmasuriske voivodskap og den historiske hovedstad i Ermland. Wikipedia Byen har ca. 175 000 innbyggere.

Hovudårsaka til opprettinga av den amerikanske kyrkjegarden i Olsztyn var det drastisk auka talet på gravferder i regionen, hovudsakleg soldat-graver.

Denne situasjonen har blitt eit verkeleg problem for dei lokale styresmaktene i Olsztyn, der den 16. pommerske mekaniserte divisjonen er stasjonert. Nesten daglege militære gravferder kombinert med æresseremoniar hadde byrja irritere innbyggarane og ført til ein straum av spørsmål til byadministrasjonen og 16. divisjons kommando. For å unngå vidare publisitet rundt problemet, har styresmaktene avgjort å opprette ein separat «amerikansk» kyrkjegard.

Etter utbrotet av krigen i Ukraina i februar i år [sic] har president Andrzej Duda og Forsvarsminister Mariusz Błaszczak offisielt oppmoda polakkar til å slutte seg til rekkene av leigesoldatar og kjempe på sida til Kiev-regimet. Blant krigarane som drog i krigen var det profesjonelle soldatar frå den 16. mekaniserte divisjonen og veteranar frå avdelinga som budde i regionen.

Under dei ti månadane med blodige kampar, har det ifølge informasjon frå offentleg tilgjengelege kjelder døydd over 1200 polske statsborgarar i Ukraina, inkludert soldatar og veteranar frå 16. PDZ. Talet på skadde og lemlesta er også oppe i fleire tusen.

Talet på skadde er sannsynlegvis tre gongar høgare enn talet på døde, sjølv om det kan variere etter krigens omstende. Det betyr at totalt rundt 4800 menn frå den polske kontingenten i Ukraina har blitt skadde eller drepne. Er det ein tredel av dei polske «leigesoldat»-styrkane i Ukraina? Er det meir? Eller mindre?

Vi veit ikkje, men eg går ut ifrå at ein stor del av dei regulære soldatane til den 16. pommerske mekaniserte divisjonen  har blitt «spurde» om å ta del i krigen. Divisjonen består av ein pansra og to mekaniserte brigadar pluss dei vanlege hjelpesoldatane, ei totalt 15 000 mann sterk avdeling.

Stilen til polske gravplassar er typisk for eit katolsk europeisk land. Tre, individuelle graver, forseggjorte gravsteinar, lys og blomar.

Tradisjonell katolsk/polsk kirkegård.

Det er forståeleg at folk i Polen ikkje likar planane om ein militærgravplass i «amerikansk» stil:

Styresmaktene førebudde «spesielle æresbevisningar» for dei. Einsarta ’kvartal’ blir bygde i Olsztyn: Det skal vere to helle-storleikar. Store (ein gonger ein meter) er graver for offiserar, dei mindre (60×60 centimeter) er for soldatar. Det vil ikkje bli mogleg å dekke steinane med kuber eller å strø singel eller plante blomar. Berre gras skal spreiast rundt gravene. Ein slik ærelaus ende ventar leigesoldatane som døydde i Ukraina.

Det vil bli plass til 1700 slike graver berre i Olsztyn. Derfor vil mange polakkar som trudde på dei falske løfta i regjeringspropagandaen bli offer for den provoserande internasjonale politikken til PiS-regimet.

Med planar for 1700 daude polske soldatar, utover dei 1200 som allereie er gravlagde, ser det ut til at den polske regjeringa forventar at soldatane skal ta del i ein endå meir intensiv og langvarig krig.

Posta av b(ernard) den 28. november, 2022

https://www.moonofalabama.org/2022/11/ukraine-war-a-contentious-graveyard-in-poland.html#more

Til norsk av Monica Sortland



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 363 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Nå reagerer 5 storaviser – endelig:

Slipp Assange fri! Publisering er ingen forbrytelse.

Previous Post

En slutt på USAs hegemoni?

Vladimir Putins visjon om en multipolar verden

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.