POSTED IN WEF, Økonomi

Endelig noen som tør:

Vil løsne WEF sitt klamme grep.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Den flamske regjeringa førebur seg på å kansellere medlemskapet i World Economic Forum: «Vi er ein suveren nasjon»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig.

Den flamske regjeringa vurderer forslag om å kansellere medlemskapet sitt i World Economic Forum på grunn av den globalistiske organisasjonen sitt antidemokratiske syn.

Det flamske konservative partiet, Vlaams Belang, pressar regjeringa til å kansellere sitt medlemskap i World Economic Forum (WEF). I år vil den flamske regjeringa betale sjokkerande 200 000 euro i medlemskapsavgift til WEF og rundt 27 000 euro i deltakingsavgift på deira årlege møte i Davos.

RAIR Foundation rapporterer: I ei pressemelding av Vlaams Belang sa den flamske parlamentsmedlemmen Sam van Rooy at «den flamske regjeringa legitimerer og subsidierer ein verdsomspennande lobbyist-organisasjon som openlyst følgjer ein veldefinert ideologisk agenda, nemleg den til globalisme.»

Sam van Rooy - Wikipedia
Sam van Rooy

«Denne agendaen ser ut til å ha nyleg krystallisert seg til den sokalla ‘Great Reset’, som har som mål å skape ‘ei tryggare, meir likeverdig og meir stabil verd’ ved å ‘agere kollektivt og raskt for å fornye alle aspekt i samfunnet og økonomien vår, frå utdanning til sosiale kontraktar og arbeidsforhold.’ Dei jobbar iherdig for ei verdsregjering basert på klimahysteri og sosial kontroll.»

WEF sin påverknad på politikken til den flamske regjeringa

Fordi borgarar i ein demokratisk grunnlovsfesta stat har rett på openheit når det gjeld kva politikk som blir følgt, stilte parlamentsmedlem van Rooy den flamske minister-presidenten Jan Jambon spørsmål om den flamske regjeringa sine band og samarbeid med WEF.

I svaret sa Jambon at den flamske regjeringa «har ingen strukturelle kontaktar med WEF utanfor si deltaking i WEF-møte i Davos», men at der er «jamlegare kontakt på flamsk regjeringsnivå». Ifølgje statsministeren har desse kontaktane òg som mål å følgje opp dei ulike aktivitetane og prosjekta som finn stad årleg, inkludert utanom Davos-møta.

Fram til 2020 betale den flamske regjeringa ei årleg medlemskapsavgift på 55 000 euro til WEF. Sidan 2022 har derimot Flandern blitt «forfremja» til «tilknytt partner» [«associate partner»] til WEF, som krev ei medlemskapsavgift på ikkje mindre enn 175 763,87 euro per år. Dette bidraget har allereie blitt betalt for 2022; den same rekninga vil kome i 2023.

Om den «tilknytte partnarskapen» seier Jambon følgjande: «Den tilknytte partnarskapen tilbyr fordelen at Flandern kan delta i fleire aktivitetar gjennom året og, i tillegg, blir prosjekt jobba på i ei tematisk plattform, ‘Shaping the Future of Trade and Investment’. Desse aktivitetane og prosjekta tilbyr tilleggssynlegheit og moglegheita for å lære og bidra når det gjeld policy.» So samanviklinga mellom den flamske regjeringa og WEF aukar difor, seier van Rooy.

Jambon kallar òg WEF-medlemskap «eit policy-verktøy til den flamske regjeringa for å oppnå måla i koalisjonsavtalen. Statsministeren erklærte at han vil styrkje vidare samarbeidet med WEF i den komande perioden.

Globalistmål

Ifølgje Jambon: «målet til World Economic Forum er å forbetre verdas tilstand,» men det oppdraget har vist seg å vere politisk korrekt og woke: WEF har ein ideologisk agenda om inkludering, mangfald, opne grenser og klima og klimaendring. CO2-hysteri, forklarer Vlaams Belang. Jambon hevdar at «WEF ber oss ikkje om å følgje ein spesifikk agenda», men han legg til at hans «deltaking på Davos-møtet kan resultere i policy-føretak». Det verkar difor særs truleg at den flamske regjeringa følgjer globalistmålet til WEF so mykje som mogleg i byte mot tilgang til WEF-nettverket av multinasjonale, bankar, journalistar og NGO-ar.

Vlaams Belang-parlamentsmedlem van Rooy trur at Jambon sine svar er avslørande fordi dei er so vage, og reiser tilleggsspørsmål. Han ber difor den flamske regjeringa om å kansellere sin WEF-medlemsskap: «Å utveksle idear og trekkje til seg investeringar er naturlegvis ærverdige ambisjonar i seg sjølve, men det burde ikkje hende i konteksten til og ved hjelp av støtta til WEF, ei lobbyist-gruppe som følgjer ein globalistagenda og difor ikkje på nokon måte kan sjåast på som eit nøytralt forum for dette,» forklarer van Rooy.

Forsidebilde: Del av et større bilde av Breughel 

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

For å dempe uroen hos allierte når det gjelder Ukraina-krigen:

USA lyger om forhandlinger som ikke finner sted.

Forrige innlegg

«Wir schaffen das»

Merkel måtte velge mellom en million flyktninger eller krig med Russland i 2015

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.