POSTED IN Media, Ukraina

En uavhengig ukrainsk medium?

Nærmere gransking tyder på at den er finansiert av USAs organisasjon for regimeskifter, NED.

5 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Eit djupdykk ned i Kyiv Independent

Medarbeidarane i Kyiv Independent skryt av korleis «uavhengig journalisme er hjørnesteinen til demokratiet», men samtidig blir dei i det stille finansierte av vestlege styresmakter – eit faktum som burde få alarmklokkene til å ringe hos kritiske mediekonsumentar.

av Alan Macleod

KIEV, UKRAINA – Det russiske angrepet på Ukraina har fått ein dominerande plass i det globale nyheitsbildet. Det har samtidig ein tidlegare lite kjend nyheitskanal kalla  The Kyiv Independent. Sidan oppstarten i november i fjor, har  Independent  sinprofil stige raskt, og både sosiale medium-gigantar og den korporative pressa har promotert og gått god for avisa.

Kyiv Independent Feature photo

Kyiv Independent er den nye kongen på haugen. Det verkar nesten umogleg å skru på TV-nyheitene utan å bli møtt med reporterane deira – på CNNFox NewsMSNBCABCCBS eller andre kanalar. Staben deira har fått sjansen til å skrive fleire kronikkar på sidene til  The New York Times og The Washington Post, noko som mange journalistar ser på som det ultimate godkjent-stempelet. Dei som lyttar på NPR har kanskje også høyrd intervju med reporterar frå Independent.

Men sjølv om dei nesten alltid blir presenterte som eit kollektiv av fordomsfrie journalistar som produserer truverdig innhald, så antydar  Independent si historie, finansieringskjeldene og nærleiken som fleire nøkkelpersonar i staben har til vestlege regjeringar at nyheitsorganisasjonen ikkje er halvparten så uavhengig som namnet deira skulle tilseie.

Sidan november har mediekanalen samla i hop over to millionar Twitter-følgarar, opp frå berre ca. 20 000 éi veke før den russiske invasjonen av Ukraina den 24. februar. Twitter promoterer også konstant innhaldet deira på heimesida si, oppmodar fleire hundre millionar folk til å lese og følge dei.

 Independent har også greidd å reise meir enn 3,2 millionar dollar frå to ulike kronerullingskampanjar på GoFundMe og hovar inn meir enn 72 000 dollar i månaden frå supporterar på Patreon. Dette er delvis på grunn av godkjenninga frå slike som  The Washington PostCBS News og PBS, som roste finansieringsmåten deira som den perfekte måten å gjere noko for å hjelpe Ukraina på.

«Journalistar hos The Kyiv Independent har gjort ein kjempejobb med dekninga av krigen. Dei har gitt verda konstante oppdateringar medan dei fryktar for seg sjølve, familiane sine og heimane sine,» skreiv Washington Post. Samstundes har New York Times med jamne mellomrom signalforsterka dekninga deira i tillegg og rekommandert den til lesarane som ein måte å «unngå å drukne i eit hav av informasjon» Ein annan artikkel, som instruerer lærarar i korleis dei skal diskutere krigen, slår fast at «ukrainske kjelder som t.d. The Kyiv Independent» er eit «godt startpunkt» som «pålitelege nyheitskjelder».

Kort sagt har det vore ikkje mindre enn ei ringande, vegg-til-vegg-godkjenning av den nyoppstarta nyheitsorganisasjonen. Men få, om nokon, av desse rapportane og framsyningane gir noko hint om kor nær The Kyiv Independent og mange av dei tilsette der er til vestlege politiske styresmakter.

Ein nyfødd fostra opp på regimeskifte-mjølk

The Kyiv Independent vart fødd i november, då fleire dusin av dei tilsette i Kyiv Post barka i hop med eigarane om avisa si politiske dekning. Den nye eigaren av Kyiv Post, Adnan Kivan, skal ha bede sine tilsette om ei meir nyansert skildring av administrasjonen til president Volodymyr Zelensky, og det førte til ei bitter skilsmisse, der eit dusintal fekk sparken og starta sin eigen kanal. Somme peikar på dette som eit døme på Independents truverde og uvilje til å bli kontrollert, andre er ikkje så sikre.

I ein kommentar til oppsplittinga, seier journalist Mark Ames at «Ukrainas Vest-støtta sivilsamfunn (så vel som den harde kjernen av den ukrainske diasporaen) forakta Zelensky heilt fram til invasjonen. Dei mistenkte han for å ikkje vere nok nasjonalistisk.» Den Moskva-baserte avisa til Ames, The eXile, vart stengd ned av Putin i 2008. Analysen hans ser ut til å ha blitt verifisert av sjefsredaktøren for Independent, Olga Rudenko, som i New York Times skreiv at «Hr. Zelensky, show-mannen og rollehavaren, har fått maska riven av seg av realitetane. Og det har avslørt han som deprimerande medioker.»

Dei 30 medarbeidarane i Kyiv Post kunne straks finansiere si nye satsing, takka vere over 200 000 kanadiske dollar i kontantar frå den kanadiske regjeringa, som gjennomførte donasjonen via European Endowment for Democracy. Utanom Russland har Canada verdas største ukrainske diaspora, og landet har tatt ei aktiv rolle i forsøket på å forme Ukrainas politiske bane.

Etablert i 2013 og direkte modellert etter USA sitt National Endowment for Democracy (NED), er European Endowment for Democracy (EED) ein EU-organisasjon som fungerer på mykje same måte som NED gjer. Sjølv om dei tilslører aksjonane sine med frasar som «demokrati-promotering», så er hensikten med organisasjonen å dele ut svære pengesummar, støtte og opplæring av politiske grupper, journalistar og frivillige organisasjonar i fiendeland. Målet er å promotere EU sine interesser, inkludert styrting av fiendtlege regjeringar. Dei driv ikkje med «promotering av demokrati» innanfor EU sine grenser; operasjonane er avgrensa til aust-Europa og regionen Midtausten/nord-Afrika. Dei siste åra har dei støtta anti-regjeringsrørsler i Kviterussland, Russland, Syria og Libanon.

Ingenting av denne informasjonen, inkludert tilknytinga til Canada eller EED, er å finne på nettstaden til Kyiv Independent. Kanalen presenterer seg faktisk som totalt uavhengig og støtta av lesarane. I seksjonen ’Om oss’ proklamerer dei at «Kyiv Independent vil ikkje vere avhengig av ein rik eigar eller ein oligark. Publikasjonen vil vere avhengig av pengestøtte frå lesarar og donorar og, seinare, av kommersielle aktivitetar.» Det blir ikkje sagt noko om kven desse donorane er. Men staben deira presenterer finansieringa som legitim: «Vi tar ikkje skitne pengar,» sa ein reporter. MintPress bad både Kyiv Independent og den kanadiske ambassaden i Ukraina om ein kommentar angåande finansieringsarrangementet deira, men har ikkje fått noko svar.

 Problematiske CV’ar

Men dei problematiske tilknytingane som underminerer Kyiv Independent sitt truverde, endar ikkje der. Til dømes brukte ein av redaktørane, Liliane Bivings, å jobbe og skrive for NATO-tankesmia The Atlantic Council, der ho spesielt dekka Ukraina. Produsent Elina-Alem Kent arbeidde for USAs ambassade i Kiev i 2017; ikkje akkurat den bakgrunnen ein assosierer med uavhengige grasrotsmedium. Økonomisjef Jakub Parusinski var tidlegare tilsett ved International Center for Policy Studies, ei Ukraina-fokusert tankesmie som er sponsa av fleire vestlege regjeringar. I 2020 fekk kulturreporter Artur Korniienko tilbod om å arbeide for Radio Free Europe/Radio Liberty, ein organisasjon som New York Times ein gong skildra som eit «verdsomspennande propagandanettverk bygd av CIA.» Ein annan skribent for Kyiv Independent, Lucy Minicozzi-Wheeland, arbeidde før for Council on Foreign Relations. Ho fekk stipend frå utanriksdepartementet for å studere Ukraina, og arbeidde seinare ved Ukraine Crisis Media Center, ein organisasjon som er direkte finansiert av USAs regjering.

Men den uomstridde stjerna i Kyiv Independent er forsvarsreporter Illia Ponomarenko, som på kort tid har bygd opp ein følgarskare på over 1,1 millionar på Twitter. Frå frontlinjene går tweetane og videoane hans viralt dagleg og leverer grunnlaget for mykje av dei vestlege media si rapportering om konflikten. Men Ponomarenko er langt ifrå nokon nøytral aktør, og han brukar mykje av tida si i samrøre med Azov-bataljonen, den nynazistiske gruppa han kallar sine «gode vener» og «våpenbrør».


Azov-bataljonen er ei nynazistisk paramilitær gruppe som har blitt formelt inkorporerte i Ukrainas væpna styrkar. Avdelingane deira har wolfsangel-merket på erma, symbolet som nazistane sin 2. SS panser-divisjon – ei avdeling berykta for å forvalte den systematiske utryddinga av jødar og slavarar i aust-Europa – brukte under Andre verdskrig.

Azov sin øvste leiar, parlamentarikaren Andriy Biletsky, har sagt at han har ein misjon om å «føre dei kvite rasane i verda i det siste korstoget … mot semitt-leidde Untermenschen,» same ord som Hitler brukte til å beskrive jødar og andre «undermenneske», inkludert ukrainarar.

Ponomarenko har ved minst to anledningar erklært at han er «konsekrert» av Azov-bataljonen, og han har tidlegare brukt språk som potensielt hintar om hans politiske preferansar. I 2019 tweeta han t.d. at han var «absolutt øydelagd etter å ha fått høyre at min gode ven, Sn. Lt. Igor Prozapas, den tidlegare øvste artillerioffiseren i Azov-bataljonen, har gått bort. Valhalla møter i dag ein dedikert skyttar og sann patriot. Han skreiv også for Kyiv Post.» Moderne nazistar brukar ofte viking-omgrep som t.d. Valhall-etterliv for krigarar drepne i slag.

Kanskje ikkje så overraskande, gitt bidragsytarane deira, verkar verken Kyiv Post eller Kyiv Independent spesielt interesserte i å sette søkelyset på Azov-bataljonen eller den nynazistiske opprørsrørsla i Ukraina. Sistnemnde kallar faktisk Azov for «Mariupol-forsvararar».

Uavhengig journalistikk: levert av CIA

Som sagt kom nesten heile kjernestaben til Kyiv Independent frå Kyiv Post. Men Post sine inntektskjelder er, om mogleg, endå meir augebrynsreisande enn Indepentent sine, ettersom dei kjem frå den av CIA utkarva organisasjonen National Endowment for Democracy.

Rundt den tida russarane invaderte, trakk NED tilbake frå nettsidene sine all informasjon om sitt omfattande prosjekt for finansiering av eit breitt spenn ukrainske politiske parti, frivillige organisasjonar (NGO’ar), mediekanalar og borgargrupper (såkalla civil-society organizations, CSO’ar). Men utifrå dei få, uoffisielle og ukomplette, arkiverte bevisa for NED-subsidiar som framleis eksisterer, har MintPress vist at Kyiv Post, via sine filialar, har søkt om og mottatt minst 459 000 dollar frå NED. Minst 394 000 gjekk via Media Development Foundation (MDF), ein kapitalreisande mekanisme som Kyiv Post starta i 2013 og ei av hovudinntektskjeldene deira, ifølge tidlegare sjefsredaktør Brian Bonner.

65 000 av dei gjekk til eit anna Kyiv Post-prosjekt, the Free Press Foundation (FPF), inkludert eit bidrag på 35 000 dollar til å «støtte redaktørane i ei leiande uavhengig avis for å produsere undersøkande journalistikk om korrupsjon og overgrep på mediefridommar.» At denne «leiande uavhengig avisa» var Kyiv Post, er det knapt noko spørsmål om, sidan FPF sin grunnleggar og fungerande direktør var Kyiv Post sin forretningsdirektør, og derfor ansvarleg for kapitalreisinga. Vidare deler Kyiv Post adresse med FPF, som har eit nettsdomene som seier nesten rett ut at dei to organisasjonane i alt vesentleg er ein og same.

Eit anna NED-prosjekt til 30 000 dollar, skryt FPF, betalte for over 100 Kyiv Post-artiklar, podcast’ar og videoar som dekka valet i 2019, pluss etableringa av eit faktasjekk-team. I Ukraina strekk tydelegvis US-dollaren svært langt til.

NED document Ukraine
Eit no sletta NED-dokument frå 2018 viser ein svær donasjon til Kyiv Post si primære finansieringsreiskap, “Media Development Foundation.”

Eit anna døme på kor langt NED-pengane strekk til, er eit bidrag på 15 000 dollar til MDF med tittelen «promotering av reformar i nøkkelsektorar». Til gjengjeld for pengane, slår avtalen fast at Kyiv Post skulle «publisere minst 100 artiklar og analysar om progresjonen til reformane» i sektorar som t.d. forsvar, rettsvesen og helsevesen. Det tyder på at dei direkte betalte for innhald som skulle produserast. Men på nettsidene sine insisterer Kyiv Post på at «donoren har ingen innverknad på innhaldet.»

NED Ukraine
Ein Kyiv Post-artikkel frå 2019 vedgår at avisa er finansiert av NED.

Det «reform» her siktar til, kan vere den massive økonomiske «sjokk-terapien» der styresmaktene selde ut statlege verksemder og verdiar på billigsal, og dermed demonterte velferdsstaten og fjerna barrierar for vestlege korporasjonars operasjonar i landet. Denne prosessen har bidradd til å oppretthalde Ukrainas status som det fattigaste landet i Europa, sjølv om både ukrainske og internasjonale milliardærklassar har profitert enormt.

Kyiv Post gav allereie kraftig støtte til mange av desse reformane. Avisa har ein heil artikkelserie dei kallar «Reform Watch», stappfull av over 2600 artiklar dedikerte til vurdering og promotering av reformane. Av desse har meir enn 1500 blitt publiserte i 2017 og seinare. Dei har også publisert forførande reklame i nyheitsartikkelformat ( infomercials ), retta mot utlandske investorar, som skildrar i skinande detalj korleis dei «djuptgåande reformane» har omforma Ukraina til ein lovande plass for internasjonal forretningsverksemd.

Når ein les språket i desse gåvebreva, er det tydeleg at å «auke kapasiteten» til mediekanalar somKyiv Post var av primær viktigheit for USA. Det fekk Washington til å betale for opplæring av eit umåteleg stort tal lærlingar innan skriving, videoredigering, kamerabruk og andre journalistiske ferdigheiter som trengst til å «leie Kyiv-mediekanalar» – først og fremst Kyiv Post. Storleiken på finansieringa auka også raskt i åra som kom. Det starta med relativt moderate summar i 2014, men vaks til over 200 000 dollar i 2018, og bygde utan tvil betydeleg kapasitet.

«Utan NED ville det ikkje ha vore noko»

NED vart stifta av Reagan-administrasjonen på 1980-talet, eksplisitt som ein front for CIA som hadde fått ryet sitt alvorleg tilsmussa av ei rekke skandalar. Som ein teknisk sett privat organisasjon, og difor ikkje utsett for same reglar for offentleg innsyn eller juridiske reguleringar, sette NED ut i livet CIA sine skitnaste operasjonar utanlands, særleg slikt som gjekk på regimeskifte og innblanding i andre lands saker. Dette er dei relativt opne om, sjølv om dei omhyggeleg kler aktivitetane sine i ein retorikk som handlar om «promotering av demokrati».

«Det hadde vore forferdeleg for demokratiske grupper rundt om i verda å bli sett som CIA-subsidierte,» sa NED-president Carl Gershman då han fortalde om stiftinga av organisasjonen. Medgrunnleggar av NED Allen Weinstein samtykte: «Mykje av det vi gjer i dag, vart gjort i skjul av CIA for 25 år sidan,» fortalde han til Washington Post.

NED har spelt ei nøkkelrolle i nylege US-amerikanske regimeskifte-forsøk. I Hong Kong slusa dei inn pengar til leiarane av protestrørsla der, for å halde dei oppe. I Venezuela har dei organisert konsertar for undergraving av Maduro-administrasjonen. I fjor sommar oppmuntra dei til landsomfattande demonstrasjonskampanjar på Cuba. Og dei har for tida 40 aktive prosjekt på gang i Kviterussland, alle med mål å fjerne Alexander Lukashenko som president. Men Ukraina er NED sin «topprioritet», ifølge årsrapporten deira frå 2019.

Kyiv Post søkte også, og mottok, pengestøtte frå andre høgt problematiske kjelder, inkludert – og det innrømmer dei sjølve – frå den danske regjeringa og NATO sjølv.

Ukraine NED Feature photo
Dokument avslører at USAs regjering brukte 22 millionar dollar på å promotere eit anti-russisk narrativ i Ukraina og i utlandet.Dokument som MPN har gått igjennom viser at den CIA-skapte National Endowment for Democracy (NED) brukte over $22 millionar på propaganda i Ukraina..

Under det NATO-støtta Euro-Maidan-opprøret i 2014, der den demokratisk valde presidenten, Viktor Yanukovitsj, vart styrta og erstatta av ein etterfølgar som var handplukka av USAs regjering, hastevedtok European Endowment for Democracy det dei kalla «krisestøtte» til Kyiv Post. Nøyaktig kva denne støtta omfatta, er ikkje avslørt i særleg detalj, og det får kynikarar til å spekulere på om EU kanaliserte pengar til føyelege lokale medium for å presse igjennom eit kupp.

Kyiv Post sin stab etter oppsplittinga kan også reise nokre skeptikar-augebryn. Blant dei er den nye sjefsredaktøren, Bohdan Nahaylo, som i to tiår arbeidde for Radio Free Europe/Radio Liberty, og deretter steig i gradene til å bli direktør for Ukraina-avdelinga mellom 1989 og 1991. Sjefen til Nahaylo, Richard Carlson (Tucker Carlson sin far) har sagt at Radio Free Europe/Radio Liberty spelte ei «svært kritisk [viktig] rolle» i oppløysinga av SSSR og overgangen til ein hyper-kapitalistisk modell, og at:

Internasjonale kringkastarar var omtrent like viktige med omsyn til å legge grunnlaget for dei demokratiske revolusjonane vi har sett. Er det ikkje utruleg korleis vestlege og alle dei aust-europearane høyrest ut når dei snakkar om fridom, demokrati, frie verksemder, miljøsaker. Og dei fekk ikkje desse idéane frå sine eigne medium eller frå lærebøker i sine eigne land; dei fekk dei hovudsakleg frå internasjonale kringkastarar som Voice of America, BBC, Radio Liberty og Radio Free Europe.”

Desse inntektskjeldene betyr at bortimot samtlege ved Kyiv Post eller Kyiv Independent i ganske lang tid var løna av NATO og/eller U.S. national security state. Daryna Shevtsjenko, som no er sjef for Kyiv Independent og den gong var skribent for Kyiv Post, innrømde i 2015 ope kor mykje den CIA-skapte organisasjonen hadde gjort for ho og kollegaane hennar. «Til våre partnarar, National Endowment for Democracy, utan dei hadde det ikkje vore noko,» skreiv ho. Shevtsjenko kom med denne kommentaren etter eit kurs i regi av Media Development Foundation, som journalistar frå Kyiv Post/Kyiv Independent var deltakarar på. Andre som deltok var Aric Toler frå Bellingcat, ein annan NED-sponsa mediekanal som kler seg ut som uavhengig journalistikk. Toler byrja seinare å jobbe for The Atlantic Council.

Sjølv om desse journalistane ofte snakkar i eit objektivt og nøytralt språk, er dei samtidig krystallklare på at formålet med Kyiv Independent er å «kontre det russiske narrativet», med orda til sjefsredaktør Rudenko. Så dei oppfattar seg sjølve som krigarar i ein informasjonskrig. Og medan kampen om folkeopinionen rasar, er dei eit av Vestens mest potente våpen.

Nødvendig skepsis

Medan ekspertane er ueinige om kor bra eller dårleg det går med den militære invasjonen, så verkar det klart nok at Russland tapar informasjonskrigen. President Putin har blitt breitt fordømd, har blåse nytt liv i NATO, og har foreint europeiske land i motstandskamp. Russiske mediekanalar og pro-russiske kjelder har blitt reinska ut av internett. Og om enn Putin har erklært at poenget med denne «militære spesialoperasjonen» var å «denazifisere» naboen, er det få som har godtatt dette premisset, trass i at opprøret til høgreekstreme i Ukraina er veldokumentert. Ei vidare undergraving av påstanden hans vart gjort i ein video som vart publisert denne veka. Den skal vise leiaren for den russisk-støtta Folkerepublikken Donetsk som gir medalje til ein soldat som har to ulike fascist-symbol på jakka si.

Trass i at Russland er hovudkrigføraren i denne krigen, og at nokre russiske kjelder spreier falsk informasjon, må vi likevel vere skeptiske mot påstandar frå den andre sida. I krig, sa den gamle, greske diktaren Aiskhylos, er sanninga alltid første offer.

Om enn kampane har vore ville, så har propagandakrigen vore meir intens. Og antatt «uavhengige» ukrainske mediekanalar har spelt ei nøkkelrolle i det heile. Det er i moderne diskurs allereie eit seriøst problem med uttrykket «uavhengige medium», ein frase det er vanleg å bruke om alskens mediekanalar – same kor stort imperium dei er ein del av – som ikkje er eigd eller finansiert av staten (som om dét er den einaste typen avhengigheit eller kontroll eit medium kan utsettast for).

Men sjølv ved dette ekstremt lave hinderet fell Kyiv Post og Kyiv Independent. Samstundes som nøkkelmedlemmar av staben deira skryt av korleis «uavhengig journalisme er hjørnesteinen i eit demokrati,» så blir dei altså i det stille finansierte av vestlege styresmakter – eit faktum som bør få alarmklokkene til å ringe hos kritiske mediekonsumentar. Igjen: dette betyr ikkje at det dei publiserer er usant, eller at det ikkje blir gjort noko av verdifull journalistikk. Men det undergrev faktisk påstandane deira om at dei er uavhengige og nøytrale. At Kyiv Independent ikkje ein gong nemner at dei er finansierte frå utlandet, men presenterer seg som lesar-finansierte, er spesielt problematisk.

av Alan Macleod

Mintpress News, 8. april, 2022

Bildet på toppen: ein reporter filmar Kiev-ordførar Vitali Klitschko (til høgre) under ein pressekonferanse i Kiev, Ukraina, den 23. mars, 2022. Vadim Ghirda | AP

Alan MacLeod er seniorstabsskribent for MintPress News. Etter å ha fullført doktorgraden sin i 2017, publiserte han to bøker: Bad News From Venezuela: Twenty Years of Fake News and MisreportingogPropaganda in the Information Age: Still Manufacturing Consent,  i tillegg til fleire akademiske artiklar. Han har også bidradd til FAIR.orgThe GuardianSalonThe GrayzoneJacobin Magazine, og Common Dreams.

Republish our stories! MintPress News is licensed under a Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 3.0 International License.

Omsett av Monica Sortland

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

5 kommentarer. Leave new

  • «uavhengig journalisme er hjørnesteinen til demokratiet»,

    Har du kanskje lagt merke til at det ikke bare er vanlig sladdderpresse som kommer med daglig «informasjon» om Ukrainakrigen?
    De «objektive» Forskning. no. Og Teknisk ukeblad er en av flere som har begynt å komme sin vinkling.
    Helt nøytralt selvsagt. Profesjonelt «nøytralt». Godt pakket inn i informasjonspapir, forskning og teknikk. Pakk opp.
    Som Nrk. har SIN vinkling med gråtende ukrainske mødre. Kun informasjon selvfølgelig. Norge er ikke diktatoriske/ovenifra styrt som Russland. Dette er medfølelse. Følelser. 😉
    Forskning og følelser er en uslåelig kombinasjon. Da er det jo objektivt? 😉

    Det «snakkes om» russisk desinformasjon. – Så er temaet satt.

    Litt Russland, litt jøder…. Litt «forsknings-informasjon». Dvs. objektivt. Er det krig, så er det krig. 😉

    Litt «pussig» at man ikke bruker vestlige kriger, f.eks. Norges nylige angrepskrig på Libya; etter MASSIV løgn-propaganda i norske aviser? 😉
    Eller masssiv demonisering og interneringen av alle sivile japanere, – som en laverestående rase/apekatter, i USA i 1942.
    ( Eller jødiske uttalelser om at jøder står over alle andre raser.)

    Men det er tydeligvis krig for tida i Norge, da må vi vel regne med massiv desinformasjon?
    – Som «informasjon» 😉

    ‘For tiden snakkes det mye om russisk desinformasjon i forbindelse med krigen i Ukraina ‘

    forskning.no/historie-krig-og-fred-media/desinformasjonens-uhyggelige-historie-fra-oppdiktede-nazister-til-folkemord-pa-kakerlakker/2010923

    Svar
  • Takk for veldig informativ artikkel.
    Synspunkt fra Kina er interessante:
    https://theepochtimes.com/kremlin-danger-of-nuclear-war-serious-real_4428562.html?slsuccess=1
    og fra India, presentert ved smellvakre Palki Sharma:
    youtube.com/watch?v=TzgPjeYZaOU

    Svar
  • Veldig innholdsrik artikkel. Spasiba!
    NRK har kalt inn en viss Atle Grønn, sjakkekspert og professor i russisk, for å stemple russiske idrettsstjerner som støtter Putin og det russiske flagg som nyttige idioter. «Frå utsida blir det berre ekkelt å sjå på, slår han fast». Ekspertuttalelse. Hykleriet når komiske høyder. Og Therese Johaug stiller i Holmenkollen med Ukrainaflagg på brystet og dropper verdenscup i Russland, og mener FIS må ta ansvar og flytte finalen. Jeg må le.

    Svar
    • Torfinn Slettebø
      27 april 2022 21:02

      Dersom me set same moralske krav til USA som til Russland, må USA boikottast og sanksjonerast i 100 år, minst. Den tanken har neppe streifa politiske sosekoppar som Grønn og Johaug.

      Og slike som Johaug skal me plagast med lenge. Når idrottskarrieren er slutt, skal dei resirkulerast til æveleg tid i «underhaldningsprogram». Er det rart me slår oss på flaska?

      Svar
  • Thierry Meyssan bruker begrepet straussianere, etter Leo Strauss, jøde med fullstendig nazi innstilling; Victoria Nuland er et levende eksempel. NeoCons er et annet ord. Leo Strauss forherliger løgn som et redskap og dette med moral er for fotfolket og ikke noe straussianere bryr seg om.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Politisk klima:

Stormen mot steigan.no

Forrige innlegg

Ukrainakrigen endrer karrakter.

I praksis en stedfortrederkrig mellom USA og Russland.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.