POSTED IN Coronavaksiner, Helse

En tilfeldighet?

Overdødeligheten i Tyskland startet samtidig med covid-vaksineringen.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Studie avslører: Overtalsdødsfall i Tyskland byrja fyrst å dukke opp etter at covid-«vaksinane» vart sleppte laus

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Tyske forskarar samla ein studie som ser på børa til Wuhan koronavirus (covid-19)-dødelegheit i Tyskland. For å seie det enkelt viser den at der var ingen betydelege overtalsdødsfall i landet før etter at dei sokalla «vaksinane» vart sleppte laus i samband med Operasjon Warp Speed.

Christof Kuhlbandner og Matthias Reitzner samanlikna dei registrerte tala av dødsfall av alle årsaker (altso talet døde som fann stad uavhengig av alle underliggjande årsaker) med talet statistisk forventa dødsfall av alle årsaker. Dei gjorde dette ved bruk av ein fyrsteklasses metode av statistikkutrekning basert på befolkningstabellar, livstabellar og trendar knytt til forventa levealder.

Enkelt forklart estimerte denne metoden som Kuhlbander og Reitzner brukte i studien det forventa talet døde av alle årsaker som ville ha funne stad mellom 2020 og 2022 om der ikkje hadde vore ein faktisk «pandemi» (som enkelte meiner var tilfellet, sidan ingen prøver av SARS-CoV-2 nokosinne vart isolert ved bruk av Kochs postulat).

(Relatert: I kvart land der covid-«vaksinasjonsdekninga» er høg, går overtalsdødsfall i taket.)

Dødfødslar auka òg etter utrullinga av covid-sprøyter

For året 2020, som var før utrullinga av covid-sprøyter, var dei observerte tala dødsfall i Tyskland omtrent kva som var forventa basert på kva media påstod om viruset. Alt i alt var der 4000 registrerte overtalsdødsfall det året i landet.

I 2021, derimot, året etter lanseringa av Operasjon Warp Speed av Trump-administrasjonen i slutten av 2020, var talet overtalsdødsfall i Tyskland «to empiriske standardavvik over det forventa talet», rundt 34 000.

I 2022 etter utrullinga av «booster»-sprøyter, skaut talet overtalsdødsfall endå meir til himmels, og nådde «meir enn fire gonger det empiriske standardavviket» kalkulert av vitskapsfolk. Overtalsdødsfall i 2022 nådde 66 000, som kombinert med 2021-tala gjev kumulativt 100 000 overtalsdødsfall i Tyskland etter utrullinga av covid-injeksjonar.

Denne tabellen er hentet fra forskningsartikkelen som denne artikkelen bygger på.

Studien forklarer at denne eksepsjonelt høge overtalsdødelegheitsraten både i 2021 og 2022 hovudsakleg var på grunn av ein auke i dødsfall blant folk i alderen 15 til 79 frå rundt april 2021 og framover – dette var akkurat på den tida då injeksjonane vart massedistribuerte.

«Eit liknande dødelegheitsmønster vart observert for dødfødslar, med ein auke på rundt 9,4% i andre kvartal og 19,4% i fjerde kvartal i året 2021, samanlikna med tidlegare år,» står det vidare å lese i artikkelen, som òg skriv at før utrullinga av covid-injeksjonar hadde ein enno ikkje sett overtalsdødfødslar i ein betydeleg rate.

Andre studiar kom til liknande konklusjonar og er nemnde i denne studiens «diskusjonsseksjon», som merkeleg nok unngår å nemne injeksjonane i noka særleg grad. I staden skuldar dei på regjeringa sine restriktive covid-tiltak slik som nedstengingar og munnbindpåbod, som førde til vegulykker, forseinka medisinsk behandling og andre faktorar.

Som mange slike studiar ser denne ut til å gå ut av sitt gode skinn for å ikkje leggje skulda på sprøytene, og fastslår at «vaksinasjonskampanjen som byrja i 2021 burde vere synleg i redusert overtalsdødelegheit eller, endå betre, som ein svikt i dødelegheit.» Med andre ord, om det ikkje hadde vore for sprøytene, hadde der vore endå fleire overtalsdødsfall i 2021 og 2022, som ser ut til å vere påstanden som artikkelen kjem med.

Same kor hardt dei prøver å få merksemda til alle vekk frå sprøytene, er det tydeleg for dei som har følgt denne sagaen nøye at ting verkeleg byrja å gå ad undas etter lanseringa av Operasjon Warp Speed. Før dette såg ein for det meste dansande TikTok-sjukepleiarar i tomme sjukehus fordi nokon knapt nok var sjuke før sprøytene kom.

Forsidebilde: duanearmix007

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «I 2021, derimot, året etter lanseringa av Operasjon Warp Speed av Trump-administrasjonen i slutten av 2020,»

    Så var det vel også slik at Trump gikk i mot WHO sin makt (-galskap) og sjøl sa at Covid’ -influensaen han ble smittet av var en lett influensa. Han ble politisk presset til å godta restriksjoner men latterliggjorde munnbind og andre forordringer.

    Svar
  • Når ein er inne på Trump, påstår David Sörensen i Stop World Control at Trump lanserte Operasjon Warp Speed lenge før skjema, slik at eliten brått fekk hastverk i å iverksetje sin vondsinna agenda. Opphavleg hadde eliten tenkt å halde heile verda nedstengt under strenge restriksjonar i heile TO ÅR, før mRNA-injeksjonane vart lanserte som «løysinga» på den påståtte pandemien. Intensjonen var å gjere folk desperate nok til å ta sprøytene, berre for å få tilbake fridommen sin og leve eit normalt liv. I nordmenn sitt tilfelle, slik eg ser det, var det nok med litt under eit år med nedstengingar og restriksjonar, før dei alle flokka i veg til vaksinestasjonane og skrytte av vaksinasjonsstatusen sin på Facebook.

    Heile Sörensen sin artikkel kan lesast her:

    https://stopworldcontrol.com/trumpkeys/

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Mange som kaller seg venstreorienterte er ikke progressive.

De er det motsatte: tilhengere av tvang og motstandere av frihet.

Forrige innlegg

Hvorfor informerer ikke myndigheter og medier om vaksineskadene?

Et jernteppe har senket seg mellom dem og befolkningen.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.