POSTED IN Helse

En svensk lege:

Hvor farlig er Korona?

7 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Kor farleg er eigentleg covid? (Frå perspektivet til ein svensk lege)

av Sebastian Rushworth M.D.

den 4. august, 2020

Ok, eg vil innleie denne artikkelen med å slå fast at den er heilt anekdotisk og basert på mine erfaringar under arbeidet som lege ved akutten på eit av dei store sjukehusa i Stockholm, Sverige, og i livet som medborgar i Sverige. Som mange veit, er Sverige kanskje det landet som har hatt mest avslappa haldning i forhold til covid-pandemien. Ulikt andre land, har Sverige aldri gått til komplett nedstenging (lockdown). Ikkje-essensielle forretningar har halde ope, folk har halde fram med å gå på kafé og restaurant, barn har framleis vore på skulen, og veldig få har brydd seg om å bruke ansiktsmaske i det offentlege rom.

Covid råka Stockholm som ein storm midt i mars. Den eine dagen såg eg folk med blindtarmbetennelse og nyrestein, dei vanlege tinga du ser på akutten. Den neste dagen var alle desse pasientane borte, og det einaste som kom til sjukehuset var covid. Praktisk talt alle som vart testa hadde covid, same kva symptoma dei hadde. Folk kom dit med naseblod, og dei hadde covid. Dei kom inn med magesmerter, og dei hadde covid.

Dette er ikke måten å bekjempe Covid-19 på.

Så, etter nokre månadar, forsvann alle covid-pasientane. Det er no fire månadar sidan starten på pandemien, og eg har ikkje sett ein einaste covid-pasient på over ein månad. Når eg testar nokon fordi dei har hoste eller feber, så blir testresultatet utan unntak negativt for covid. På toppen, for tre månadar sidan, døydde hundre om dagen av covid i Sverige, eit land med ei folkemengd på ti millionar. Vi er no nede i kring fem som døyr per dag i heile landet, og det talet går stadig nedover. Sidan folk generelt døyr rundt tre veker etter infeksjonen, betyr det at nesten ingen lenger blir infiserte. Om vi går ut ifrå at rundt 0,5 prosent av dei som blir smitta døyr (som eg trur er raust rekna; meir om det seinare), så betyr det at det for tre veker sidan vart smitta 1000 personar per dag i heile landet. Det gir ein dagleg risiko for ein person å bli smitta på 1 av 10 000, som er minimal. Og hugs at risikoen for å døy om du faktisk blir smitta, på det meste er 1 av 200. Og det var for tre veker sidan. I grunnen er vi praktisk talt ferdige med covid i Sverige. Etter fire månadar.

Totalt har covid tatt livet av under 6000 menneske i eit land på ti millionar. Eit land med ein årleg dødsrate på rundt 100 000 menneske. Med tanke på at 70% av dei som har døydd av covid var over 80 år gamle, så ville ganske mange av desse 6000 ha døydd uansett i år. Dét gjer at covid, når det gjeld effekt på dødsrate, er nærast ubetydeleg.

Skal vi gå med ansiktsmasker i hver influensasesong fremover?

Difor blir det nonsens å samanlikne covid med andre store pandemiar, som t.d. pandemien i 1918 som tok livet av titals millionar. Covid vil aldri kome i nærleiken av slike tal. Men likevel har mange land stengt ned heile økonomien sin, stoppa barn i å gå på skulen, og gjort store delar av befolkninga arbeidslause for å takle denne sjukdommen.

Media har stadig proklamert at berre ein liten prosent av befolkninga har antistoff, og at det difor er umogleg at det har utvikla seg flokkimmunitet. Vel, dersom flokkimmunitet ikkje har blitt utvikla, kor er alle dei sjuke? Korfor har infeksjonsraten falle så bratt? Med tanke på at dei fleste i Sverige no lever sine liv som normalt, utan sosial distansering, utan masker, så burde der framleis ha vore høge infeksjonsratar.

Grunnen til at vi testar for antistoff, er at det er enkelt og billig. Antistoff er eigentleg ikkje kroppen sitt hovudforsvar mot virusinfeksjonar. Det er det T-cellene som er. Men å måle T-celler er vanskelegare enn å måle antistoff, så vi gjer det eigentleg ikkje klinisk. Det er heilt mogleg å ha T-celler som er spesifikke for covid og på den måten bli immun mot sjukdommen, heilt utan å ha antistoff. Personleg trur eg det er det som har skjedd. Alle som jobbar på akutten, der eg jobbar, har tatt antistofftesten. Veldig få av dei har antistoff. Dette trass i at dei blir eksponerte for svære mengder smitta, også i starten av pandemien, før vi skjønte kor vidt spreidd covid var, då ingen enno brukte verneutstyr.

Eg nektar ikkje for at covid er forferdeleg for dei som blir verkeleg sjuke, eller for familiane til dei som døyr, nett som det er forferdeleg for familiane til folk som døyr av kreft, influensa eller opiatoverdose. Men storleiken på responsen i det meste av verda (ikkje inkludert Sverige) har på ingen måte stått i forhold til storleiken på trusselen.

Det er bedre å rive plasteret brått av enn langsomt.

Sverige reiv av det metaforiske plasteret raskt, og gjorde seg ferdige med epidemien på kort tid, medan resten av verda har vald å prøve å pirke plasteret av sakte. På noverande tidspunkt betyr det at Sverige har ein av dei høgaste totale dødsratane i verda. Men covid er over i Sverige. Folk har returnert til sine normale liv, og nesten ingen blir lenger infiserte. Eg er villig til å vedde på at dei landa som har stengt ned heilt, vil sjå nye toppar i dødsraten når dei opnar opp att. Dersom det skjer, så har det ikkje vore noko poeng med nedstenginga i første omgang, for alle desse landa kjem til sist til å ende opp med same tal daude uansett. Å stenge ned heilt for å redusere det totale dødstalet, har berre noko for seg dersom du er villig til å halde alt stengt heilt til ein vaksine er blitt tilgjengeleg. Det kan ta fleire år. Ikkje noko land er villig til å vente så lenge.

Covid har til no drept færre enn 6000 i Sverige. Det er svært usannsynleg at talet på daude vil stige til over 7000. I eit vanleg influensaår i Sverige døyr i snitt 700 av influensa. Betyr det at covid er ti gongar verre enn influensa? Nei, for influensa har funnest i hundretals år, medan covid er eit heilt nytt fenomen. I eit gjennomsnittleg influensaår har dei fleste allereie ein viss grad av immunitet, fordi dei har vore smitta av ein liknande virusstamme tidlegare, eller fordi dei er vaksinerte. Så det er mogleg, til og med sannsynleg, at dødsraten per tilfelle smitta for covid er den same som for influensa, eller berre litt høgare, og at heile skilnaden vi har sett kjem av den fullstendige mangelen på immunitet i populasjonen ved starten av pandemien.

Denne konklusjonen set dei svenske dødstala inn i eit forståeleg perspektiv – viss vi har nådd eit punkt der det knapt finst aktive infeksjonar lenger i Sverige, trass i at det knapt skjer sosial distansering, så betyr det at minst 50% av befolkninga allereie har fått smitten og har utvikla immunitet, og det er fem millionar menneske. Dette talet er heilt fornuftig dersom vi går ut i frå eit reproduksjonstal [r-tal, mrk.] for viruset på to: Dersom kvar person smittar to nye, med ein femdagars periode mellom det at ein sjølv blir smitta og til ein smittar andre, og du startar med berre éin smitta person i landet, så vil du nå eit punkt der fleire millionar har fått smitten på berre fire månadar. Om berre 6000 er daude av fem millionar infiserte, så gir det ein rate på berre 0,12 prosent daude per smitta, grovt rekna det same som ved ein vanleg influensa av den gamle typen, som ingen er det minste redd for, og som vi ikkje stenger ned våre samfunn for.

Dersom du synst denne artikkelen var interessant, så er du kanskje interessert i oppfølgarartikkelen om den beste måten å måle ratar for covid-smitte i ei befolkning: https://sebastianrushworth.com/2020/08/08/what-is-the-best-way-to-measure-rates-of-covid-immunity/

Omsett av Monica Sortland

Bilder m/tekst: Knut Lindtner

Forsidebilde: Ricardo Gomez Angel

@https://sebastianrushworth.com/2020/08/04/how-bad-is-covid-really-a-swedish-doctors-perspective/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

7 kommentarer. Leave new

  • Eller er det bare slik at det er færre som dør, generelt. Fordi Korona ikke er farlig?

    https://www.nrk.no/norge/fa-rusmisbrukere-har-fatt-korona-_-overrasker-fagfolk-1.15108708

    ‘ Andrea da Silva fryktet det verste da koronapandemien rammet favelaen hun bor i. – Jeg gikk inn i en depresjon. Jeg var redd for alt: For viruset. For at familien skulle sulte.»
    https://www.nrk.no/urix/faerre-koronadode-enn-fryktet-i-brasils-storste-favela-1.15124153

    Frykt, frykt, frykt. Ikke bry dere om fakta og tall. Så skal vi styre dere.

    Svar
  • Dette er verken den første eller siste pandemien som truer oss. Dersom vi ikke lærer oss å isolere smittsomme sykdommer vil vi rammes igjen og igjen. Her trengs nytenkning, utvikling og innovasjon – som vil tjene oss på sikt. Late som ingenting er en elendig strategi som vil straffe seg, akkurat som det straffet seg å ikke lytte til Kina i utgangspunktet.

    Svar
  • Den eneste pandemien vi har sett er den fryktpandemien som media <og myndigheter har spredt. I norge er ca. 260 døde, samtidig som langt flere er døde av tiltakene fordi de bla ikke har fått de operasjoner og helsehjelp de har hatt behov for. På toppen av dette kommer den skade frykten har skapt i befolkningen. Hvilke langtidseffekter har det fått? Hva med de økonomiske konsekvenser? Langtidseffekten av disse? Norsk regjering handlet i panikk og det uten faglig grunnlag. Et slikt reaksjonsmønster for kommende kriser tegner ikke bra.

    Men størst alvor ligger i avsløringen av hvor mange i Norge som ikke evnet tenke kritisk, ikke evnet stille kritiske spørsmål. Konformiteten er bra for makthavere, ikke for folket.

    Svar
  • 50% av befolkninga er ikke immuna. Og 6000 eldre har fått en grusom død. Hadde Sverige kjørt den norske modellen så hadde det vart 500 kanskje. Igjen nytimes har flere sammenliknelser på gjennomsnittlig død globalt og nasjonalt. Men Sverige ligger ikke mye over normalen der men andre land har signifikant mer døde. Men den økonomiske krise som kommer nå, kommer helt sikkert å resultere i en enn verre ødeleggelse av økonomier med hemske konsekvenser. Men det er i et økonomisk system som uansett var på vei å kollapse.

    161,000 Missing Deaths:
    Tracking the True Toll of the Coronavirus Outbreak
    https://www.nytimes.com/interactive/2020/04/21/world/coronavirus-missing-deaths.html

    Svar
  • Hvor mange positive/negative tester stemmer i verden?
    Hvor mange «Korona-dødsfall» er kun vanlige dødsfall ( på eldre/syke) som ville dødd allikevel, i denne «døds-pandemien»?

    ‘ I ettertid kjørte laboratoriet på Sørlandet sykehus den første testen flere ganger, og resultatet ble negativt.’
    https://www.nrk.no/norge/er-14-av-15-positive-koronaprover-falske_-1.15133235

    Svar
  • Her er litt biografisk info som kan inkluderes i kommende artikler fra Rushworth, eller i omtale av hans covid-19-bok som snart kommer ut.

    «Sebastian Rushworth, som bor i Sverige, ble ferdig utdannet som lege i januar 2020. Tre dager senere fikk han jobb på et akuttmottak på et av sykehusene i Stockholm. Han hadde en tid før dette tenkt på å opprette en blogg der han i fritiden skulle skrive artikler der han fremmer steinalderkostholdet, og hvor han ville distansere seg fra det lille som det var meningen at han skulle svelge rått i løpet av de tre timer (!) med undervisning i ernæringslære som han totalt fikk i løpet av hele sin legeutdannelse. Men jobben som akuttlege krevde sitt, og så kom COVID-19 til Sverige.

    Rushworth ble raskt klar over det store gapet mellom hva som sto i de akademiske artiklene om COVID-19 og det hysteri som mainstream media daglig fremmet. Han bestemte seg for at hans
    aller første blogginnlegg skulle være en akademisk basert populærartikkel om COVID-19-situasjonen i Sverige, som forhåpentligvis kunne rette opp det feilaktige inntrykk som folk fikk fra mainstream media. Han opprettet bloggen, og den 4. august 2020 la han ut sin første artikkel, ‘How bad is covid really? (A Swedish doctor’s perspective)’. Responsen var umiddelbar og overveldende. Bloggen fikk raskt over en halv million besøkende; artikkelen ble gjengitt i engelske aviser og i alskens blogger; og en rekke TV- og radiostasjoner ba om å få et intervju med ham. Artikkelen har også blitt oversatt til norsk, ‘En svensk lege: Hvor farlig er Korona?’ (derimot.no). Nedenfor et kort avsnitt:

    «Totalt har covid tatt livet av under 6.000 menneske i eit land på ti millionar. Eit land med ein årleg dødsrate på rundt 100.000 menneske. Med tanke på at 70 % av dei som har døydd av covid var over 80 år gamle, så ville ganske mange av desse 6.000 ha døydd uansett i år. Dét gjer at covid, når det gjeld effekt på dødsrate, er nærast ubetydeleg.»

    Rushworth skriver sine bloggartikler på engelsk. Som lege prøver han å skrive mest mulig forståelig for ikke-medisinere, og han forklarer de fleste medisinske termer som han bruker. Leserne hans ba om å få flere artikler om COVID-19, og stilte ham mange spørsmål som krevde at han måtte fordype seg i en rekke ulike COVID-19-relevante emner. Dette er bakgrunnen til at han nå står bak en av de mest leste bloggene, både i Sverige og internasjonalt, om COVID-19. En forlagsredaktør spurte Rushworth om han kunne skrive en bok om COVID-19; den skal komme ut tidlig i 2021.»

    Svar
    • Fra blokken til Rushworth , Myhre:

      ‘ De brede massene er langt mer redde for å miste sin ubetingede
      tillit til «mor» og «far» (regjeringen og media) enn de er mot viruset. Akkurat som ekte mødre og fedre, kan myndigheter og media lyve, stjele, jukse og til og med drepe – uten å miste tilliten til barna sine.
      Selvfølgelig er de brede massene ikke lenger barn, – men hysj!
      Det har ikke regjeringen og media fortalt dem. ‘ ;-)

      Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Godnyheter presenteres som skremsel:

Sykdommen blir borte.

Forrige innlegg

Poststemmer

Diskutere ordninga, eller bare kritisere Trump?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.