To verder, iscenesette den 6. og 9. mai
av Thierry Meyssan
London og Moskva er scene for store kollektive hendingar. Kvar av desse uttrykker sine eigne verdiar. I England maskerer all prakten opphavet til dei kostbare ornamenta, som ofte var skruppellaust stolne. I Russland er det ei fedrelandsplikt å feire martyrane til Andre verdskrig. I London måler dei suksess etter kva du har tatt. I Moskva blir det målt etter kva du har ofra for folket ditt.
VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 9. MAI 2023
Feiringa av 6. mai i London og 9. Mai i Moskva manifesterer to verder som er framande for kvarandre.

ISCENESETTINGA TIL STORBRITANNIA
I England, de 6. mai, var vi vitne til kroninga av den største av alle kongar. Den britiske pressa hadde på førehand forsikra oss om at han ikkje har nokre politiske rettar, berre ein representativ funksjon. Er det eigentleg slik? Korleis greidde då Prinsen av Wales å endre agendaen til House of Commons hundre gongar og få fjerna folk han var misnøgd med, medan mor hans styrte? Ekspertar forsikrar oss om at det berre var små lovforslag, men kva slags rett hadde prinsen, og ikkje parlamentsmedlemmane, til å rekne dei som ubetydelege?
Som Prince of Wales har Charles blitt ein velgjerar for Det muslimske brorskapet, ein hemmeleg, politisk organisasjon oppretta av MI6 under koloniseringa av Egypt. Dei er forbodne i mange muslimske land på grunn av sine pro-britiske terrorist-gjerningar. I 1993 vart han velgjerar for Oxford Centre for Islamic Studies, som gir Brorskapet og MI6 høve til, i Lawrence of Arabia-anden, å spreie innverknaden sin over heile Nære Austen. Prinsens tenesteiver er så stor at London vart forvandla til Londonistan, vertsby for mange leiarar av Brorskapet, inkludert saudi-arabaren Osama Bin Laden. Prinsen drog 120 gongar for å møte Golf-monarkar som støtta organisasjonen.

ENDEN PÅ EI VERD
Under namnet Charles III vart Prinsen av Wales krona til monark av Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Belize, Canada, Grenada, Jamaica, New Zealand, Papua New Guinea, Storbritannia (UK), St. Kitts og Nevis, St. Lucia, St. Vincent og Grenadinane, Solomon-øyene og Tuvalu. Avdelingar frå arméane til kongedømma hans marsjerte for å eskortere han til palasset sitt.
Rundt hundre stats- og regjeringssjefar kom, eller var representerte. Dei offisielle BBC-bileta viste ikkje dei. Dei var berre gjestar, ikkje noko meir enn det.
Nord-koreanarane, syrarane og russarane var ikkje velkomne under kroninga. Kinesarane var inviterte, men forårsaka ein skandale ved å sende visepresidenten, Han Zheng, som i Storbritannia blir framstilt som mannen som er ansvarleg for den anti-britiske framferda i Hong Kong.
Seremonien hadde ikkje endra seg stort sidan dekoloniseringa av Imperiet der «sola aldri går ned». Kanskje var det fjerna frå Kronjuvelane nokre av juvelane som var stolne frå India.
Det er sjølvsagt dumt å evaluere ein gamaldags seremoni utifrå ein annan æras standardar. Men britane valde gamle symbol, som om dei framleis var akseptable i det 21. hundreåret. Til dømes var kongen skjerma av eit vakkert brodert tøystykke då han vart salva av Erkebiskopen av Canterbury, slik at Guds lys ikkje skulle blende publikum. Var det nokon som verkeleg var redd for å bli blenda? Etter kroninga vart kong Charles III utropt til «Guds løytnant på Jorda». Korleis kunne andelege av mange religionar delta i denne maskeraden?
Desse pompøse hendingane verka ikkje samsvare med koma til ein konge – heller gravferda til ei verd. Den til Vesten som dominerer over menneskeslekta.

FEDRELANDETS DAG
I dag, 9. mai, feirar Russland Sovjetunionens siger over nazismen. Det sovjetiske folket leid like mykje som det polske folket under Andre verdskrig. 27 millionar menneske døydde, inkludert meir enn halve arméen. Totalt 1 av 7 sovjetarar (samanlikna med 1 av 10 tyskarar, 1 av 83 franskmenn og 1 av 655 US-amerikanarar).
For å møte fienden, samla landet seg. Generalsekretær Joseph Stalin frigav fangane etter borgarkrigen (gulag’ane var befolka med dissident-kommunistar, mensjvikar). Han stoppa religiøs forfølging og inngjekk ein allianse med den ortodokse kyrkja. Denne tragiske perioden er altså samtidig ein smeltedigel for forsoning og nasjonal sameining.
Feiringane den 9. mai er derfor både ei påminning om krigsgruen og evna til å redde kvarandre. I dag er russarane klare over at «dei integrerte nasjonalistane» dei kjempar mot i Ukraina er etterkomarar av dei som slo seg saman med nazistane for å massakrere så mange jødar, sigøynarar og slavarar som mogleg (ifølge dagens offisielle ukrainske dogme, er ukrainarar ikkje slavarar, men etterkomarar av væring-vikingar blanda med slavarar).

DEI UDØDELEGES REGIMENT
Tradisjonelt marsjerer russarane, sidan 1965, på Sigersdagen 9.mai, til ære for sine besteforeldre og oldeforeldre som vart drepne i kamp mot nazistane. Frå 2012 vart paraden spreidd vidt utover landet og orgsnisert under namnet «Dei udødeleges regiment». I dag handlar det ikkje så mykje om å ære den døde, som å vise seg som etterfølgar, å seie at vi er klare for å døy for å forsvare andre. Russarar er patriotiske, ikkje sjåvinistiske, men i stand til å ofre seg.
På grunn av dei ukrainske angrepa vil dei fleste av desse paradane ikkje gå av stabelen i år. Vladimir Putin vil leie festlegheitene, inkludert den tradisjonelle militærparaden på Den raude plass. I Vesten blir han skildra som ein diktator som lever i luksus langt unna folket sitt. Medborgarane hans veit at det ikkje er sant. Han er av russisk kultur, og tenker derfor at luksus ikkje skal få han til å gløyme at han er ein mann.
DEI TO VERDENE
Om undersåttane til kong Charles III er fascinerte av Kronas storslagenheit, så tenker medborgarane til president Putin at det ikkje sømer seg å smykke seg med stolne juvelar. For dei er det berre det ein har tent sjølv som har verdi.
Omsett av Monica Sortland
https://www.voltairenet.org/article219277.html
Forsidebilde: Ambreen Hasan
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 049 ganger.
2 kommentarer. Leave new
«Seremonien hadde ikkje endra seg stort sidan dekoloniseringa av Imperiet der «sola aldri går ned». »
Og det var altså denne stormakta som beskyldte Nasjonal- sosialistene /Hitler for å ville erobre hele verden. 😉
Verre er det at det er noen kler seg i disse perlene og glansbildene , og vil bli tatt alvorlig.
– Og selvfølgelig enda verre at noen tar de alvorlig.
Det er ikke lenge siden vi ble lært opp til å gjøre narr av ‘ infødte’ som tilbad stener og trær.
Selvinnsikt er et viktig ord.
Men det kan umulig ha stor plass i vår kultur.
Er dette en Montey Python- sketsj? :
https://www.youtube.com/watch?v=0FTpS5wW6q4
Nei, men den er like absurd som denne. Som også handler om vår underlige respekt for autoriteter og makt, religion – og penger :
https://www.youtube.com/watch?v=c3NF349aEHM