POSTED IN EU, Mat/Landbruk

En ny krig i Europa.

EU mot bøndene.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

EU i konflikt med bøndene

av Thierry Meyssan

Over heile Den europeiske unionen reiser no bøndene seg i protest mot den felles landbrukspolitikken som subsidierer dei. Regjeringane svarer med justeringstiltak, byråkratiske forenklingar og trøystande ord. I røynda står dei makteslause i møtet med ein struktur som er designa for bruk av ein ideologi som har vist seg å vere sinnssjuk.| 27 FEBRUAR 2024

DESPERASJON OG RASERI BLANT EUROPAS BØNDER

Rundt om i vest- og sentral-Europa demonstrerer bøndene. Først i Nederland, Italia, Sveits og Romania, no i Spania, Frankrike, Tyskland og Polen. Dette opprøret på kontinentet er ein protest mot EU sin felles landbrukspolitikk (Common Agricultural Policy, CAP).

For tre uker siden demonstrerte ifølge politiet bønder med minst 1000 traktorer mot EUs politikk i Brussel.

Då Roma-traktaten, som etablerte Det europeiske økonomiske fellesskapet (EEC), vart signert i 1957, aksepterte dei seks grunnleggar-medlemmane (Belgia, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Luxembourg og Nederland) prinsippet om fri flyt av varer. Såleis forbaud dei nasjonal landsbrukspolitikk.

For å sikre bøndene inntekt, sette dei opp ein felles jordbrukspolitikk. EU-stønad blir betalt til regionane som distribuerer den til bøndene, eller den blir betalt direkte til bøndene (som i Frankrike). Dette er kjent son «Første søyle». I tillegg fastset EU-kommisjonen produksjonsstandardar for å betre kvaliteten på livet til den rurale befolkninga og produkta deira. Dette er «Andre søyle».

Første søyle har ikkje tolt utvidinga av unionen og overgangen til global frihandel (EU gjekk med i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) i 1995), som har ført til ein uforholdsmessig stor auke i fellesskapets subsidiar. Den andre søyla har blitt pulverisert av Den grøne pakta for Europa (2019), som har som målsetning å senke Jordas temperatur ved å kutte i utsleppa av drivhusgassar.

I fråver av ein global CAP finst det inga løysing på fallitten til Den første søyla: anglosaksarane sitt prinsipp om global frihandel er inkompatibelt med det europeiske frihandelsprinsippet som følger europeisk CAP. Annonserte minsteprisar for jordbruksprodukt vil ikkje redde bøndene; tvert imot vil dei ta livet av dei, sidan vi kjem til å halde fram med å sleppe inn importvarer til mykje lågare prisar.

Og Den andre søyla følger ikkje lenger eit politisk mål, men eit ideologisk. Påstanden om at global oppvarming ikkje er lokal, men global, er motbevist av temperaturmålingar. Påstanden om at global oppvarming ikkje skjer på grunn av astronomiske faktorar, men på grunn av menneskeleg aktivitet, held ikkje stand i ein vitskapeleg debatt.

Ein bør hugse på at Det mellomstatlege klimapanelet (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC) ikkje er eit vitskapeleg akademi, men ei forsamling høgtståande tenestemenn (nokre av dei er vitskapsfolk, men like fullt høgtståande tenestemenn) som vart oppretta i 1988 på Margaret Thatcher sitt initiativ for å rettferdiggjere at ein gjekk frå kol til olje og deretter atomkraft [1]. Panelets konklusjonar vart godkjende av regjeringar som kan dra nytte av overgang til atomkraft, men har blitt kraftig tilbakeviste av vitskapelege miljø, inkludert det prestisjetunge Russiske vitskapsakademiet [2]. Den såkalla «vitskapelege konsensusen» om emnet eksisterer ikkje noko meir enn det berømde «internasjonale samfunnet» som «sanksjonerer» Russland. Og forresten så fungerer ikkje vitskap med konsensus, men med prøving og feiling.

Er det vitenskapelig å vedta med reint flertall at jorden er flat?

Forsøk på å utvikle grøn turisme i rurale område vil ikkje berge bøndene. Det vil i beste fall la dei leige ut rom på gardane sine nokre få veker i året. Problemet er ikkje å endre aktivitet, men å sikre at bøndene kan overleve og skaffe folket mat.

I dag er bøndene i vest- og sentral-Europa avhengige av europeiske subsidiar. Dei er ikkje imot EU, som lar dei overleve, men opponerer mot unionens motsetningar, som kveler dei. Så det ikkje eit spørsmål om å oppheve den eine eller andre regelen, men om kva slags europeisk union vi ønsker å bygge.

Det neste EU-valet går av stabelen i juni. Ein skal då velge medlemmane av EU-parlamentet, dei einaste medlemmane i unionen som blir valde. Når det gjeld Kommisjonen, blir den ikkje vald i det heile tatt, men representerer interessene til unionens sponsorar.

DEI ULIKE EUROPEISKE KONSTRUKSJONSPROSJEKTA

For å forstå dette merkverdige systemet, og kanskje modifisere det, la oss sjå tilbake på opphavet: frå mellomkrigsperioden (1918-1939) til den nære etterkrigsperioden (1945-57), var det seks rivaliserande unionsprosjekt.

1- Det første vart fremja av Dei radikale republikanarane. Målet var å sameine statar som skulle administrerast av samanliknbare regime. På den tida var tanken å sameine europeiske og latinamerikanske land styrte av republikkar.

Definisjonen på republikkar og monarki hadde ingenting å gjere med val eller dynastisk arvefølge. Kong Henrik IV av Frankrike kalla seg «republikanar» (1589-1610), i det forstand at han via seg til undersåttanes felles beste, og ikkje til interessene til adelen. Vår tolkning av republikkar og monarki stammar frå demokratia (folkestyre, av folket og for folket). Der er fokuset på reglane dei styrande blir utvalde med, ikkje på kva dei gjer. Såleis ser vi på dagens Storbritannia som meir demokratisk enn Frankrike, og tar ikkje omsyn til dei enorme privilegia som den britiske adelen nyt til skade for folket.

Hipólito Yrigoyens Argentina (den gong Amerikas leiande økonomiske makt) ville i denne unionen ha stått skulder til skulder med Aristide Briands Frankrike (som hadde eit imperium som strekte seg over kontinent). Det faktum at desse reublikkane ikkje nødvendigvis var naboland, sjokkerte ingen. Tvert imot garanterte det at unionen aldri ville bli omdanna til ein supra-nasjonal struktur, men heldt seg som eit organ for mellomstatleg samarbeid.

Dette prosjektet kollapsa med den økonomiske krisa som starta i 1929 og fascismen som då oppstod.

2- Det andre var ein union som skulle garantere fred. Frankrikes finansminister, Louis Loucheur, forsikra oss om at viss berre Tyskland og Frankrike gjekk saman i eit felles militær-industrielt kompleks, ville dei ikkje lenger kunne krige mot kvarandre [3].

Det kom til då anglosaksarane etter Andre verdskrig bestemde seg for å atter ruste opp Tyskland militært. I 1951 oppretta tidlegare Petain-minister Robert Schumann Det europeiske kol- og stål-fellesskapet (EKSF, ECSC).

Denne unionen tok slutt i 2002, og vart integrert i Den europeiske unionen, med Nice-traktaten.

Richard Nikolaus von Coudenhove-Kalergi var en østerriksk forfatter, politiker og grunnlegger av Paneuropa-unionen… (Fra Wikipedia)

3- Det tredje unionsprosjektet lånte frå dei førre to. Den austerrisk-ungarske greven Richard de Coudenhove-Kalergi laga utkastet. Målet var å sameine alle statane på kontinentet (unntatt Storbritannia og Russland) i eit «Pan-Europa». I starten ville dette ha vore ein Sveits-liknande føderasjon, men til sist ville det ha blitt til ein supra-nasjonal heilskap etter modell av USA og den stalinistiske Sovjetunionen (som forsvarte kulturane til etniske minoritetar) 4].

Dette prosjektet vart meir eller mindre gjennomført med USA si støtte. I 1949 vart Europa-rådet oppretta. Eg skriv «meir eller mindre» fordi Storbritannia er ein av grunnleggar-medlemmane, noko som ikkje var planen frå starten av. Dette Rådet teikna opp ein Konvensjon for vern av menneskerettar og fundamentale fridommar (SCHRFF). Det vart oppretta ein Europeisk menneskerettsdomstol (ECHR) for å sjå til at konvensjonen vart følgd.

Men sidan 2009 har mange av domstolens dommarar blitt sponsa – for ikkje å seie korrumperte – av den US-amerikanske (/ungarske) milliardæren George Soros. Gradvis har dei tolka Konvensjonen meir på måtar som endrar hierarkiet til normene. I dag meiner dei til dømes at internasjonale avtalar om berging av skipbrotne (som krev at havaristar til havs skal fraktast til næraste hamn) ikkje har forrang framfor migrantars rett til å søke om asyl i Europa.

I dag dømmer denne retten in absentia og fordømmer systematisk Den russiske føderasjonen, sjølv om sistnemnde vart suspendert frå Rådet, og deretter trekte seg frå det.

4- Det fjerde prosjektet, «Den nye europeiske ordenen», var det til Det tredje riket frå 1941 og framover. Tanken var å sameine det europeiske kontinentet ved å dele inn folka etter region og lingvistiske kriterium. Kvart regionale språk, t.d. bretagnsk, skulle ha sin eigen stat. Den overlegent viktigaste staten ville ha blitt den tysk-talande (Tyskland, Austerrike, Liechtenstein, Luxembourg, tysk-talande Sveits, italienske Tyrol, Tsjekkoslovakias Sudetenland, slovakiske Karpatane, rumenske Banat osb.). Rasekriterium skulle og ha bestemt kva for folk som skulle «reduserast» (jødar, sigøynarar og slavarar) og gjerast til slavar.

Dette prosjektet vart forhandla fram mellom kanslar Adolf Hitler og duce Benito Mussolini med den tyske juristen Walter Hallstein som meklar. Det vart delvis realisert under Andre verdskrig, men kollapsa då Det tredje riket fall.

5- Det femte prosjektet vart formulert i 1946 av britanes statsminister Winston Churchill [5]. Målet var å gjenforsone franskmennene og tyskarane og halde sovjetarane ute. Det var i samsvar med visjonen til Atlanterhavserklæringa (som Roosevelt og Churchill underteikna i 1941), som sa at etterkrigsverda skulle styrast av USA og Det britiske imperiet i fellesskap. Vidare var det ein del av Churchills visjon om Storbritannias dominans over resten av Samveldet. På Atlanterhavssida utvikla dei ein privilegert relasjon med USA, og på den kontinentale sida hadde dei overoppsyn med Europa, som dei ikkje oppfatta seg som ein del av.

Winston Churchill lanserte fleire institusjonar samtidig. Til sist vart det dette prosjektet som bar frukter, først i form av EEC i 1957, deretter som EU i 1993. Det lånar element frå tre av desse tidlegare prosjekta, men aldri frå Unionen av republikkar.

EUs regjering er ikke valgt, men utnevnt.

Anglo-Saksarane har alltid kontrollert EEC/EU via Den europeiske kommisjonen. Det er derfor denne ikkje blir vald, men utnemnd. London utnemnde faktisk Walter Hallstein, kanslar Adolf Hitlers ex-rådgivar for europeiske saker, til kommisjonens første president. I tillegg hadde kommisjonen i starten den lovgivande makta den no deler med EU-parlamentet. Den brukar denne makta til å føreslå reglar som parlamentet enten kan godta eller avvise. Alle desse reglane gjenspeglar ordrett NATO-reglane som, i motsetning til det folk flest trur, ikkje berre handlar om forsvar, men også av organisering av samfunn. NATO sine kontor, opprinneleg lokaliserte i Luxembourg, og no rett ved sidan av Kommisjonen i Brussel, overfører direktiva sine til sistnemnde. Direktiva handlar om alt frå vegbreidd (for å mogleggjere at panserkøyrety kan passere) til samansetninga av sjokolade (i samsvar med soldatrasjonane).

6- Det sjette prosjektet vart utvikla av Frankrikes president Charles De Gaulle som svar på det britiske prosjektet. Han ville bygge ein ikkje føderal institusjon, men ein konføderal: eit «Europa av nasjonar». De Gaulle var kritisk til Roma-traktaten, men godtok den. I 1963 og 1967 forbaud han Storbritannia å slutte seg til. Han spesifiserte at ei eventuell utviding skulle skje frå Brest til Vladivostok, altså utan Storbritannia, men med Sovjetunionen. Framfor alt kjempa han med nebb og klør for å sikre at spørsmål om nasjonal sikkerheit berre skulle kunne avgjerast einstemmig.

Visjonen hans forsvann med han. Britane slutta seg til EEC i 1973, berre for å trekke seg ut att i 2020. Russland fekk aldri noko spørsmål om å delta, og i dag stablar EU opp «sanksjonar» mot dei. Og som krona på verket inkluderer reformen av EU-traktatane at det rekk med kvalifisert fleirtal når ein skal røyste om saker som innverkar på den nasjonale sikkerheita.

OG KOR STÅR BØNDENE OPPI ALT DETTE?

I høve til bildet av den felles landbrukspolitikken, var det ingenting i EUs struktur som varsla den noverande krisa. Det er den uuttalte britiske ideologien til EU som er årsaka.

Då dei gjekk inn i WTO, oppgav EU i det stille den europeiske frihandelen til fordel for den globale. Med det følgde dei, i samsvar med sitt DNA, Winston Churchills målsetningar. EU-stønad vil aldri kunne kompensere for konkurransen frå utlandet, som følger andre reglar. Litt etter litt går vi mot ei global spesialisering av arbeidskrafta. Europeiske bønder vil få ei stadig meir avgrensa rolle å spele, fram til den dagen den internasjonale handelen blir avbroten, og europearane vil måtte gjenoppbygge jordbruket sitt eller svelte.

Sameleis er Kommisjonspresident Ursula von der Leyen si Grøne pakt for Europa ikkje eit svar på klimaendringane, men på ein ideologi som er bygd opp rundt desse. Når dei gjer dét, følger EU programmet til Margaret Thatcher. Ambisjonane der er ikkje lenger å produsere med ein sterk industri og sterkt landbruk, men med finanstenester. I Storbritannia har denne politikken resultert i at ørvesle City of London har blitt styrtrike og at stor-Manchester har kollapsa økonomisk.

For å redde Europas bønder, rekk det ikkje å opponere mot EUs supra-nasjonale utvikling; vi må først og framfor alt kvitte oss med ideologien deira. Denne ideologien er ikkje fastlagt av traktatane, men er frukta av organisasjonens historie.

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Heiko Janowski

[1] « 1982-1996 : L’écologie de marché », par Thierry Meyssan, Оdnako (Russie), Réseau Voltaire, 22 avril 2010.

[2Voltaire, International Newsletter – N°44 – June 9, 2023

[3Carnets secrets, 1908-1932, Louis Loucheur, Brepols, 1962.

[4Praktischer Idealismus, Richard de Coudenhove-Kalergi, 1925. English version : Practical idealism: Nobility – Technology – Pacifism.

[5] “Winston Churchill speaking in Zurich on the United States of Europe”, by Winston Churchill, Voltaire Network, 19 September 1946.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • Bønder med egen jord er naturlig nok en hovedfiende for globalistene, som ikke bare vil eie all jord, men kroppene våre også. Krigen er ikke bare mot bøndene, men mot alle frie mennesker, mot oss som heller vil være organiske enn transhumane GMOer. Tyrannenes og deres lakeiers hensikt med utmattelseskrig mot folket? De vil gjøre oss til fattige, syke og avhengige livegne som må ta til takke med det de får å spise etter at all jord er i verdensmafiaens hender, det er sånn de hadde tenkt det; så kan mat og vann tilsettes hva som helst i enda større grad enn det som allerede er faktum.
    Ingen bryr seg mindre om kloden og skaperverket enn co2-løgnerne og WEFerne. .

    Svar
  • Northern Light.
    14 mars 2024 16:54

    Globalistens plan for å legge ned alle gårdsbruk og ta over matproduksjonen.

    Av Ethan Huff.
    Mange av verdens bønder er fortsatt ikke klar over den globalistiske planen om å overta jorden deres og gjøre den til villmark, alt for å gå å til «netto null» for klimaet.

    Som forklart av forfatteren Dr. Vernon Coleman, er ingenting ved klimaendringer-og global oppvarming-agendaen tilfeldigheter. Det er grundig planlagt, sluttspillet er ødeleggelsen av tradisjonelt jordbruket og overgangen til syntetisk «mat» for massene.

    «De grønne» som mange ofte kaller dem, er nå helt åpne om deres sanne agenda. Mange av dem uttaler rett ut og offentlig; at hvis verdens gårder ikke kan være «bærekraftige», som definert av globalistene, så må de legges ned. «Landbruket har intet valg», er en av dem sitert for på et nylig arrangement. «Det må være bærekraftig, ellers blir det ikke opprettholdt».

    Dette er grunnen til at bønder i Nederland, Frankrike og Italia kjører traktorene sine gjennom byens torg og inn i nasjonenes respektive hovedsteder, for å kaste gjødsel på politiske ledere: Fordi de forstår faren med dette. Det mange av dem imidlertid ikke forstår, er at det ikke er idioti eller uvitenhet som driver den grønne agendaen. Det er en kaldhjertet, samordnet depopulasjon som pågår, alt under dekke av å «redde verden».

    «Mange bønder har blitt presset til å støtte det absurde programmet med å gjøre dyrket mark om til villmark, noe som fremmes med så stor entusiasme av de som tror på klimaendrings-narrativet». «Herskerklassens plan er å redusere mengden areal tilgjengelig for dyrking av mat for å skape matmangel, for sult og en påfølgende, uunngåelig reduksjon av den globale befolkningen. Målet er at mellom en tredjedel og det halve av alt jordbruksland skal bli villmark».

    (Relatert: Den såkalte «grønne» agendaen er en trojansk hest utformet for å desimere matforsyningen og tvinge alle til å spise insekter mens de lever under et tyranni).

    Å gjøre dyrket mark om til villmark betyr avfolking.
    Så hyggelig kan være for noen å tenke på at verdens land, igjen blir vill natur i stedet for et kulturlandskap med dyrket mark for mennesker, må man også erkjenne at for å ville la planeten gro til igjen nytt, blir den også avfolket i prosessen.

    Når «de grønne» snakker om å la kulturlandskap bli villmark igjen, mener de ikke bare parkområder, våtmarker og andre allerede for det meste naturlige miljøer. De betyr også gårdsbruket ditt, og til og med huset ditt, for ikke å nevne hele handelen og industrien slik er en del av landskapet.

    Herskerklassen mener at bare de fortjener å leve. Du og familien din må forsvinne slik at de kan utvide naturlige habitater og skape et nytt Edens hage-lignende miljø for deres egen fornøyelse og nytelse – uten deg i den. «For å sikre at verken bønder eller andre av befolkningen gjør inngrep i land som er satt av til å bli villmark, vil de slippe ut ville dyr,» advarer Coleman.

    «I dag ser det ut for de fleste bønder at problemene deres oppstår som et resultat av dumhet, uvitenhet eller manglende forståelse av deres behov. Men det som skjer med dem har ingenting å gjøre med dumhet, uvitenhet eller manglende forståelse – det hele er bevisst og kaldblodig. Flere og flere europeiske land er nå avhengige av import for det meste av maten og energiforsyningen, og det meste av maten vår vil bli laget i fabrikker eid av milliardærer».

    Fra Natural News, publisert 13 mars 2024.
    Oversatt fra engelsk. Linker i orginalartikkelen.
    Orginalartikkel: The globalist plan to eliminate all farms: No more food, no more humans.

    Kommentar:
    Bare 3 prosent av eierne av all jordbruksland i EU, eier nå over 50 prosent av dyrkbar mark i EU. Eierne er ikke bønder, men for de meste agro-business selskaper (Big Ag.). Globalistisk, men dette er tilrettelagt av EU, som er et globalistisk prosjekt.

    Den samme storkapitalen som eier Big Ag, eier også vestlig hovedstrømpresse og media, som holder vestens befolkning uvitende om faren med at den globale storkapitalen tar over matproduksjonen, som vil gå fra å være lokal, til å bli sentralisert til enorme GMO-industri-gårder eiet av Gates og agrobusiness-selskaper, og til insektbasert mat og kunstig kjøtt fra fabrikker for slaveklassen i herskerklassens nye verdensordning, noe som WEF Davos er helt åpne om.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Macrons forslag betyr krig mellom Nato og Russland.

Er Norge klar for krig mot Russland i Finnmark?

Forrige innlegg

Derimot.no i krigssonen i Donbas.

Ukrainske styrker med terrorbeskytning av Donetsk by.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.