POSTED IN Israel, Krig-fred, Libanon

En krig mot Hizbollah vil åpne en politisk avgrunn.

Det vil kunne tvinge USA til å gripe inn.

0
Print Friendly, PDF & Email

Vil Israel provosere fram ein kataklysme?

av Thierry Meyssan

Benjamin Netanjahu, den israelske statsministeren som har fleirtal i Knesset, men stort mindretal blant medborgarane sine, truar med angrep på Libanon. Om ein slik operasjon kjem, vil det ikkje lykkast den israelske arméen å aleine overvinne Hizbollah. For å redde den israelske staten, vil USA måtte gripe inn, men i staden for å direkte delta i ein skrekkeleg krig, kan dei støtte eit militærkupp i Tel Aviv .

VOLTAIRE NETZWERK | PARIS (FRANKRIKE) | 25. JUNI 2024

Israels stabssjef, general Herzi Halevi, møtte sine motpartar frå Saudi-Arabia, Egypt, Bahrain, Dei foreinte arabiske emirata og Jordan. I samsvar med avtalane han har signert med dei, informerte han dei om at Israel ville angripe Libanon laurdags kveld den 22. juni.

Nyhende om dette hemmelege møtet spreidde seg raskt på internett. Ulike offisielle kjelder stadfesta det. Vi har og fått vite at det vart slutta ein avtale mellom Tel Aviv og Riyadh. Denne informasjonen forklarer korfor Saudi-Arabia, side om side med den Vestlege alliansen, var involvert i forsvaret av Israel under den iranske gjengjeldsaksjonen den 14. april.

Heile fredag den 21. og laurdag den 22. summa det med motstridande informasjon og utsegner i kansleri rundt om i verda. FNs generalsekretær António Guterres har erklært at den israelsk-palestinske konflikten ikkje kan løysast med våpenmakt. «Folka i regionen og i verda kan ikkje la Libanon bli eit nytt Gaza (…) På begge sider av Den blå linja har allereie mange liv gått tapt, titusentals er tvinga på flukt og heimar og bygg er øydelagde (…) Blindgjengarar (…) utgjer ein ytterlegare trussel mot innbyggarane av Israel og Libanon, så vel som mot FN og humanitært personell (…) Det er på tide at partane på praktisk og pragmatisk vis engasjerer seg i dei diplomatiske og politiske kanalane som er opne for dei,» sa han på ein pressekonferanse.

Men Israel nektar å forhandle, og Hizbollah, som nektar å overgi palestinarane, har erklært at dei ikkje vil forhandle om grenseopptrekking mellom Israel og Libanon så lenge massakren på Gazastripa held fram.

Israels utanriksminister, Israel Katz, svara Guterres: «Israel kan ikkje la terrorist-organisasjonen Hizbollah halde fram med å angripe vårt tettitorium og våre innbyggarar, og vil vil snart ta dei nødvendige avgjerdene. Den frie verda må vilkårslaust stå ved Israel si side i landets krig mot aksen av vondskap leidd av Iran og ekstremistisk islam. Vår krig er også dykkar krig, og Nasrallahs trussel mot Kypros er berre starten.» [1]. Han kunngjorde at han ville «snart ta dei nødvendige avgjerdene» om saka.

I mellomtida trappa begge sider opp småstriden.

Israel fyrte av granatar mot landsbyen Yaroun (i sub-prefekturet Bint Jbeil caza) og Naqoura (Tyre). Dei råka og eit område mellom Taybé og Deir Seriane (Marjeyoun) med våpen med kvitt fosfor, og starta ein brann i området. Om kvelden råka to angrep i rask rekkefølge landsbyen Khiam, i same caza. Israelske luftfarty gjennomførte også eit angrep i Kandouli i landsbyen Meiss el-Jabal.

Hizbollah tok på seg ansvaret for minst fire angrep den dagen. Dei slo til mot den maritime militærbasen Ras Naqoura (som motsvarer den israelske basen Rosh Hanikra, ovanfor Naqoura) «med fleire sjølvmordsdronar, som respons på eit israelsk angrep i Deir Kifa (Tyre caza)» på torsdag, som drap ein Hizbollah-krigar. Dei hevda «å ha øydelagd ein del av staden og skadd fleire folk.» Dei starta også eit anna sjølvmordsdroneåtak på «ein israelsk artilleribase» i Za’oura, nord-Israel, og utførte angrep på dei israelske basane Rouaissat el-Qarn og Zebdine, lokaliserte i dei omstridde Sheeba-gardane, samt på Sammaka, i Kfarchouba-åsane.

USA, som sidan 29. januar har tilrådd innbyggarane sine å ikkje reise til Libanon, av frykt for kidnappingar [2], haldt seg tause, medan Irans FN-misjon tvitra: «Kvar omsynslause avgjerd frå det israelske okkupasjonsregimet for å redde seg sjølv, kan slynge regionen ut i ein ny krig, der konsekvensane kan bli øydelegging av Libanons infrastruktur så vel som territoria som vart okkuperte i 1948. Ein treng ikkje tvile på at ein slik krig vil få éin stor tapar: sionist-regimet. Den libanesiske motstandsrørsla, Hizbollah, har kapasitet til å forsvare seg sjølv og Libanon – kanskje er tida inne for at dette illegitime regimet utryddar seg sjølv» [3].

Den militære maktbalansen har verkeleg endra seg betydeleg sidan den israelsk-libanesiske krigen i 2006 [4]. Den gongen hadde Hizbollah lite erfaring. I dag, derimot, har dei overlevd 12 år med krig i Syria mot jihadistar væpna av NATO og forsvarte av det israelske luftvåpenet [5]. I dag seiest dei å ha 2500 spesialstyrkar (Radwan), 20 000 høgt trente menn, 30 000 reservistar og 50 000 mindre erfarne krigarar. Dei brukte ha kortdistansemissil. I dag har dei 120 000 prosjektil av alle typar, inkludert 150 000 (elektronisk) styrte missil, fleire tusen Zelzal («Jordskjelv»), med ei rekkevidd på over 120 kilometer, og fleire hundre Fateh-110 («Frigjering-110») «) styrte missil [6], med ei rekkevidd på 300 kilometer, og endå fleire tusen kordistansemissil som t.d. iransk-produserte Fajr-1 og kinesisk-produserte Type-107. Dette gigantiske arsenalet burde rekke til å mette Iron Dome og ta frå Israel anti-luftfarty-forsvaret sitt [7]. Om det ikkje skulle greie å mette domen, så har Hizbollah allereie demonstrert, sidan desember 2023, at dei kan øydelegge delar av den og gjere den inoperativ. Framfor alt har dei Sayyad-2 (Fighter-2) bakke-til-luft-missil og kanskje russiske SA-22 Pantsir-batteri [8]. Desse sette den 20. mai stopp for den 76 år lange luftdominansen til Israel. Sjølv om det er uvisst om Hizbollah kan skyte ned luftfarty i store høgder, er det klart at dei kan øydelegge helikopter og luftfarty i som flyg lågt. I tillegg har Hezbollah skaffa seg allslags dronar, inkludert al-Hodhod («Wavy Oyster»), som infiltrerte Haifa og filma marinebasen og våpenfabrikken RAFAEL (Rafael Advanced Defense Systems Ltd), utan at Israels radarar oppdaga den. Og det er ikkje alt: dei har no russiske AT-14 Kornet og iranske Toophan anti-tank-missil, samt tunge panservogner som t.d. den russisk-produserte stridsvogna T-72. Dei har og bakke-til-sjø-missil, t.d. russiske Yakhont.

Det er ingen tvil om at viss Hizbollah skulle konfrontere Israel aleine, utan US-amerikansk intervensjon, så ville dei øydelegge Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) på få dagar. Vi veit ikkje kva som ville skje viss Pentagon kom for å redde sin historiske allierte.

I dette perspektivet er det ei utfordring at opposisjonen mot den israelske okkupasjonen veks, særleg blant unge, amerikanske velgarar. For å bli gjenvald, lyt president Biden gi avkall på Israel. Men dét vil vere einsbetydande med at den hebraiske staten forsvinn. Dersom ein US-amerikansk armada skulle gå inn i krigen, så ville det provosere også Iran inn på banen. Men sidan 14. april har vi visst at Teheran har hypersoniske missil, kanskje av russisk opphav, som Vesten er ute av stand til å avskjere [9].

Korleis fekk Russland og Resistansaksen så store framsteg innan våpen og militærvitskap? Tilbake i 2012 hevda israelske etterretningstenester at Hizbollah hadde 400-dobla bombekapasiteten sin (fire hundre gongar sterkare). På den tida snakka dei berre om kvantitet. I dag må vi vere merksame på kvalitet og [10]. Vendinga skjedde under krigen mot Syria. Vi har skildra den i mange og lange artiklar, men atlantisist-pressa bakvaska det vi sa. Det var viktig å overtyde folkeopinionen i Vesten om at Syria var ein svak stat og at folket ville styrte republikken. I dag er alle NATO-hærane i ein sørgeleg tilstand, med unntak av Frankrike med sin kjernefysiske kapasitet og USA, ikkje berre på grunn av avskrekkingsevna, men også dei konvensjonelle våpena dei har hatt sidan før 1991. På 23 år har NATO blitt omdanna til ein anti-jihadist-koalisjon som sjølvsagt er sterk, men som er ute av stand til å føre ein «høg-intensitetskrig».

Med sine planar om å øydelegge rullebanene på israelske militære flybasar, føresåg Hizbollah at IDF sine fly ville flytte over til dei britiske militærbasane på Akrotiri og Dhekelia på Kypros. Hassan Nasrallah åtvara difor Nicosia om at viss dei let israelske militære luftfarty lande på si jord, så ville dei bli involverte i konflikten og dermed måtte bere konsekvensane.

Sidan starten av Operasjon Iron Sword (8. oktober, 2023) har IDF massakrert folk, medan Hizbollah har passa nøye på å forårsake så få utilsikta tap av liv som mogleg. Medan 37 000 palestinske sivile vart drepne i Gaza, vart berre ca 15 israelske soldatar drepne av den libanesiske resistansen, samanlikna med over 300 Hizbollah-krigarar drepne av IDF. Denne kontrasten gir ved første augekast inntrykk av at Israel alltid er sterkare, medan den i realiteten viser at Hizbollah prøver å avverge ein krig dei føreser vil bli forferdeleg.

I 1945 var undergangen til Det tredje riket brutal under slaga til Den raude armé. I 2024 kan det bli like brutalt for NATO.

Maktbalansen har skifta. Det er ikkje lenger reversibelt, verken på kort eller middels lang sikt. Frå dette synspunktet er det forbløffande å sjå NATO te seg som om dei framleis er verdas overherre. Denne staheita vil gjere fallet desto meir smertefullt.

Det einaste alternativet for USA og Israel ville vere å oppmode til militærkupp i Tel Aviv. Allereie har rundt 1000 høgare offiserar og underoffiserar kome saman med dette i tankane, under slagordet: «Den som trur det er ein manøver i Rafah, tar feil.

Den som veit at der ikkje er ein, men likevel seier at der er ein, lyg!»  [11]. Dei er klare.

Kva Det kvite hus vil bestemme seg for, er uvisst, men utanriksdepartementets topptenestemann på emnet, Andrew P. Miller, Deputy Assistant Secretary of State for Israeli-Palestinian Affairs, gjekk av den 22. juni. Utanriksdepartementet påstår det var av personlege grunnar, men alle veit at han var imot president Joe Biden sin bjørneklem-strategi [12]. Han ville ha implementert sanksjonar mot jødiske suprematistar.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Cole Keister

[1שראל כ”ץ Israel KatzX, 22 juin 2024.

[2] «Lebanon Travel Advisory», US State Department, January 29, 2024.

[3I.R.IRAN Mission to UN, NYX, 22 juin 2024.

[4L’Effroyable imposture 2, Thierry Meyssan, Éditions Alphée.

[5] “Before Our Very Eyes, Fake Wars and Big Lies: From 9/11 to Donald Trump”, Thierry Meyssan, Progressive Press (2019).

[6] “Syria has reportedly delivered Fateh 110 missiles to Hezbollah”, Voltaire Network, 15 February 2010.

[7] «US concerned Israel’s Iron Dome could be overwhelmed in war with Hezbollah, officials say», Natasha Bertrand Alex, Marquardt Kylie Atwood & Jennifer Hansler, CNN, June 20, 2024.

[8] «US intel suggests Syria’s Assad agreed to send Russian missile system to Hezbollah with Wagner group help», Natasha Bertrand, Zachary Cohen & Katie Bo Lillis, CNN, November 2, 2023. «Russia’s Wagner Group Plans to Send Air Defenses to Hezbollah, U.S. Says», Michael R. Gordon, Wall Street Journal, November 2, 2023.

[9] «Iran’s hypersonic missiles establish deterrence through terror, says Scott Ritter«, by Alfredo Jalife-Rahme , Translation Maria Poumier, La Jornada (Mexico) , Voltaire Network, April 21, 2024. «Thierry Meyssan reveals the underside of Iranian-Israeli relations]». Le Courrier des stratèges, Youtube. Note an error in this video: the author indicates that Syria opposed the Western war in Iraq.

[10] “Israel is now just a paper tiger”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 11 December 2012.

[11] «Les officiers de réserve à Gaza en colère : donner des ordres clairs pour occuper Rafah, sinon, tout doit être terminée», Infos Israël news, 5 juin 2024.

[12] «State Dept. expert on Israeli-Palestinian affairs resigns amid Gaza crisis», John Hudson, The Washington Post, June 21, 2024.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

X-president i Ecuador: Julian Assange ble fengslet ikke for å lyve men for å fortelle sannheten.

Han ble levende begravet i Storbritannia.

Forrige innlegg

Det går dårlig, men USA eskalerer hele tiden.

USA vil betale leiesoldatfirma for krigsdeltagelse i Ukraina.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.