POSTED IN Endring av politikken

En krig med andre midler:

Fargerevolusjoner

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Colour-revolusjon er en stedfortreder-krig

Ni teser om krigen vi er med på

 

av: Rostislav Ishchenko

Rostislav Ishchenko

 

27. og 28. april 2016 var det russiske forsvarsdepartementet vert for ein internasjonal konferanse om tryggleik. Eg deltok i eit panel som diskuterte «fargerevolusjonar».

 

Tida vi fekk tildelt til innlegg (5 min) og kommentarar (1 min) var for kort til å presentere heile emnet fargerevolusjonar i moderne politikk og deires innverknad på generell og militær tryggleik for staten som blir utsett for det. Derfor vil eg presentere synet mitt punkt for punkt. Eg vil vere kortfatta, for ein kan skrive svære verk på fleire bind om omgrepet «fargerevolusjon» og hybridkrig generelt og ikkje ein gong då vil emnet bli dekka fullstendig.

 

Tese ein. Berre det faktum at militæret var interessert i dette emnet (der var faktisk representantar for fleire dusin forsvarsdepartement frå ulike land som deltok i denne debatten) viser at «fargerevolusjonar» av moderne statar ikkje blir sett på som ein indre trussel (der politiet og spesialtenester ville vore interesserte), men ein trussel utanifrå. Dei har karakteristikken til eit militært angrep, så dei må møtast med militær makt.

 

Fargerevolusjoner må sees på som en ytre trussel og må reageres på militært

 

Tese to. Fargestatskupp, som eit element av moderne hybridkrigføring, oppstod ikkje berre fordi ein direkte konflikt mellom to atommakter vart umuleg ettersom det garantert ville ført til kolossale øydeleggingar for begge partar. Ulike scenario om ein avgrensa atomkrig eller ein militær konflikt mellom supermakter som berre brukar ikkje-nukleære våpen vart, og blir, vurderte. Men dersom eit land har atomvåpen er sjansen til stades for at dei vil bli brukt i ein militær konflikt, og generalstabar må ha planar for denne eventualiteten.

 

Fargestatskupp var ei løysing på denne låste politiske situasjonen som har oppstått i farvatnet av at det både blant siviliserte nasjonar og i internasjonal lovgiving har spreidd seg ei haldning om at krig ikkje er eit lovleg verkty å bruke for å løyse politiske problem. Dei politiske og moralske kostnadane for ein stat som initierer fiendskap, sjølv når ei svær militær overmakt skulle gi ein rask siger med minimale tap, vart høgare enn dei materielle og politiske fordelane med å kontrollere fienden sitt territorium. Blitzkrieg, for ikkje å snakke om ein langtrekt militær kampanje, vart kostnadsineffektivt.

 

Tese tre. Eit fargestatskupp blir ikkje sett i verk når situasjonen er moden for regimeskifte (klassisk revolusjonær situasjon), men når der er ei ytre kraft som er interessert i å ta kontrollen over offer-staten.

 

Fargestatskupp er ikkje muleg utan innblanding utanifrå. Når mekanismane for eit fargestatskupp er initierte i eit land, så betyr det at landet er under angrep av ein aggressor.

 

Vanlegvis er det enkelt å identifisere denne aggressoren. Men å finne rettslege bevis for hans aggressive intensjonar, uansett kor openberre dei er, er derimot vanlegvis umuleg. Aggressoren vil alltid forklare si innblanding i offer-staten sine indre saker ved å bruke humanitære påskot som t.d. vern av menneskerettar.

 

Eg vil minne dykk om at ifølge Helsingforsavtalen av 1975 (som no gjeld som regelverk for OSSE og FN) kan ikkje forsvaret av menneskerettar vere berre ei indre sak for ein stat.

 

I Ukraina har det vært flere farge-statskupp

 

Tese fire. Likevel må ein aggressor legitimere sine handlingar overfor det internasjonale samfunnet. Derfor prøver han som regel å skaffe seg mandat til innblanding frå FN eller OSSE, eller i det minste å danne ein formell internasjonal koalisjon av fleire dusin statar for å maskere sin aggresjon som eit forsøk på å tvinge eit «diktatorisk regime» til å rette seg etter internasjonale normer.

 

Tese fem. Dette set avgrensingar til kva type stat som kan bruke mekanismane til fargestatskupp. Aggressorstaten treng ikkje berre å vere offer-staten militært svært overlegen (dette er ønskverd, men ikkje absolutt nødvendig). Han treng å ha tilstrekkeleg politisk og diplomatisk gjennomslagskraft til å sikre seg ei legal dekkhistorie for innblandinga si.

 

Tese seks. Som med andre krigar eller militære operasjonar, er også fargestatskuppa nøye planlagde og førebudde. Normalt er det utvikla mange planar, avhengig av motstandsnivået til offer-staten.

 

Det ideelle scenariet involverer kapitulasjon eller forræderi av dei nasjonale elitane. Det er det billigaste alternativet. I dette tilfellet kan alle ressursane til offer-staten, inkludert det politiske systemet og dei administrative strukturane, umiddelbart takast i bruk av aggressoren til hans geopolitiske føremål.

 

Når dei nasjonale elitane ikkje kapitulerer blir metoden med «fredelege gateprotestar» brukt. Den motståande eliten blir tvungen til å overføre makt til sine meir bøyelege kollegaer under trykket av gateprotestane. Det er, kort sagt, eit val mellom på den eine sida frivillig kapitulasjon og på den andre sida å forsøke å stanse protestane med risiko for å skade nokon, noko som i så fall ville gi eit påskot for å kalle regimet «undertrykkande og diktatorisk», skulde dei for «politibrutalitet» og erklære at dei har mista sin legitimitet.

 

Om ikkje denne typen fredeleg press virkar, vil det innan veker eller månadar (avhengig av kor motstandsdyktig offer-staten sitt regime er) skje eit skifte til væpna opprør. I dette fallet er regimet nøydd til å velge mellom kapitulasjon og uunngåelege menneskelege tap ved ein militær konfrontasjon, tap som kan kome opp i fleire dusin eller til og med eit hundretal.

 

Farge-revolusjoner er noe helt annet enn revolusjoner. Her fra den store franske i 1789. Stormen på Bastillen

 

Samtidig som han oppeldar folk til «fredelege protestar» eller militær oppstand, organiserer aggressorstaten politisk og diplomatisk isolasjon av offer-staten.

 

Dersom den væpna oppstanden i hovudstaden ikkje skjer eller ikkje resulterer i regimeskifte, så er neste steg borgarkrig. I dette fallet erklærer aggressorstaten sittande makt som illegitim, anerkjenner «opposisjonen» som legitim og forsyner denne med politisk, diplomatisk, finansiell og deretter militær støtte.

 

Til sist, om borgarkrigen går i stå eller «opposisjonen» er i ferd med å tape, er direkte aggresjon (under humanitært påskot) ein utveg. Den mjukare versjonen av dette er å tvinge fram ei flyforbodssone og massiv innførsel av våpen (inklusiv tunge våpen) til rebellane. Den hardare versjonen involverer direkte invasjon med utanlandske troppar, som regel maskerte som «frivillige» eller implementerte av spesialstyrkar.

 

Tese sju. Som vi ser, til trass for den tilsynelatande fredelege og informasjonelle karakteren til fargestatskuppet er den garantert siger av tilstadeverandet av, bak diplomatar og journalistar, ei militær kraft som, om nødvendig, kan nedkjempe motstanden til den nasjonale eliten, sjølv om denne eliten bestemmer seg for å kjempe til siste slutt.

 

Denne varianten vart brukt i Irak, Serbia og Libya. Så langt har den feila berre i Syria. Men i Syria var der ein viktig ny komponent. Ressursane, inkludert militære, til ei anna supermakt vart engasjerte til støtte for den legitime regjeringa. Situasjonen skifta frå fargestatskupp til direkte konfrontasjon mellom to supermakter, som i krigane i Korea og Vietnam.

 

På denne måten vart eitt av dei nødvendige vilkåra for eit fargekuppscenario eliminert: absolutt politisk, diplomatisk, økonomisk, finansielt og militært fortrinn for aggressorstaten over offer-staten.

 

Her Lenin i den russiske revolusjonen i 1917

 

Dette fører oss til tese åtte. Fargestatskupp kan ikkje stoppast verken ved konsolidering av den nasjonale eliten (det ville simpelthen berre fortsette til neste scenario) eller av å førebu landet sitt militærapparat på kamp (dei vil til sist bli utmatta), heller ikkje av at nasjonale media arbeider effektivt (dei vil bli overvelda av aggressoren sin teknologiske dugleik).

 

At offer-staten er førebudd på motstand er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg vilkår for å blokkere mekanismane til fargestatskuppet.

 

Berre støtte til offer-landet sine legitime autoritetar frå ei anna supermakt som er i stand til å konfrontere aggressorlandet med like sterk kraft, på kva måte som helst og med kva middel som helst, kan stoppe fargeaggresjonen.

 

Til slutt, tese ni og konklusjonen. Dagens fargestatskupp er lokale operasjonar innanfor den globale konfrontasjonen til supermaktene. På same måte som den koreanske, vietnamesiske og andre krigar mellom 1950- og 1990-talet ofte var proxykrigar mellom SSSR og USA på nokon andre sitt territorium. Moderne fargestatskupp er, som ei av formene for hybridkrig, også element til konfrontasjon mellom Russland og USA.

 

Og her fra den kinesiske revolusjonen i 1949

 

Dette er krig. Ein ny type krig. Ikkje krig som forlenging av politikken med andre middel (for å bruke von Clausewitz sitt uttrykk), men fargeteknologi som ei forlenging av krig med andre middel.

Vi engasjerte oss i denne krigen før vi i det heile tatt forstod at vi var i krig. Som det så ofte skjer med Russland, så starta vi med tap i 1990-åra, kom deretter til sans og samling, lærte å kjempe og har kjempa suksessfullt dei siste to åra.
Omsett til norsk av Monica Sortland
Bilder/tekst: Knut Lindtner

Artikkelen er hentet fra derimot.no sine rikholdige arkiver

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Lenin bildet er en gammel fotomontage.
    De trengte bevis på deres vellykkede agitasjon av folket, og dermed så forfalsket dem disse. Svært mange av bildene av disse morderkommunistene sammens med folk ble forfalsket.

    Svar
  • Ola Henriksen
    29 mars 2019 20:43

    En god beskrivende artikkel av våpnenet «fargerevolusjoner». Dette er krig, ja. Lik økonomisk krigføring, om vi ser blir igangsatt mot nasjon etter nasjon.

    En nasjon som vil styrke seg i forhold til fargerevolusjoner, bør sørge for å holde matproduksjon, og fornybar energiproduksjon stor nok til å holde befolkningen i godt liv. Handel med andre nasjoner bør gjøres med nasjonens overskudd, til begge/alle aktøres fordel. Uansett hva som settes i gang på verdensarenaen fra de som ønsker En verden / En leder, – og En valuta, kan nasjonen greie nødvendig velferd meg egne arbeidskrefter.
    Viktig er det også at nasjonen og nasjonens ledere tar samtidig ta hånd om egen valuta og renter.- Og ser forskjell på penger og resurser/arbeidskrefter.
    Med disse grepene alene, og ved samtidig holde grensene stengt for MASSE–innvandring for å bygge en homogen nasjon med felles kultur, er det ellers viktig å samle befolkningen rundt korte og lange framtidsmål. Mål å arbeide etter som gir forutsigbarhet og stolhet.
    En nasjon som har definerte mål å arbeide etter styrker fellesskapet og reduserer mulighet for splittelse og fargerevolusjoner.
    Redsel, frustrasjon og konstruerte motsetninger; f.eks. klimaalarmisme og stadig frykt for økonomiske nedgangstider er trojanske hester i den forbindelse, og er fargerevolusjonens frø.

    Svar
  • Falsk flagg aksjoner er vanlige ved fargerevolusjoner. Zerohedge bringer en oppdatert liste over 69 falsk flagg aksjoner som er INNRØMMET å være falsk flagg aksjoner.

    https://www.zerohedge.com/news/2017-03-07/ever-growing-list-admitted-false-flag-attacks

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Israel Shamir:

Koronavirus-konspirasjonar eller var Isaac Newton konspirasjons-teretikar?

Forrige innlegg

Persiagulfen:

USA fortsetter å vise militære muskler.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.