POSTED IN Covid-19, Helse

En historie fra Bergen kommune.

De sa det var frivillig. Men var det egentlig det?

9 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

– Koronasituasjonen øydela livet mitt. Både privat og profesjonelt.

Av Redaksjonen

Helsefagarbeidar: Koronasituasjonen øydela livet mitt. Det er mitt største ønske at denne historia kjem ut. Samstundes fryktar eg for framtida mi dersom identiteten min blir kjent. Eg ønskjer difor å vere anonym.

Mann, 37 år: Eg har fagbrev som helsefagarbeidar, og mastergrad i kultur og samfunnsvitskap. Eg jobba i Bergen kommune i 15 år. Eg har jobba i bufellesskap, butiltak, på ambulerande team og på sjukeheim. Eg har hatt verv som verneombod og plasstillitsvalt. Eg speler fleire instrument, og brukte å underhalde brukarar og bebuarar.
______________________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra hemali.no
______________________________________________________________________________________

I byrjinga av 2020 hadde eg alt.

I 2017 var eg klar for nye utfordringar og skifta etat. Eg byrja å jobbe på ein sjukeheim i Åsane bydel, og vart godt likt. Mine sterke meiningar om saker og ting vart godtekne og av mange respektert.
– Dei trong folk som sa i frå, sa dei.
Så forelska ei av sjukepleiarane seg i meg. Ho hadde ein liten unge, han og eg fann tonen. I byrjinga av 2020 hadde eg alt. Eg var i eit forhold, eg var stefar til ein liten gut, og eg hadde viktige verv. Eg og min dåverande kjærast snakka om å kjøpe leilegheit saman og få ein unge i lag. Eg hadde tenkt å fri til kjærasten min, og la av pengar til forlovelsesring.

Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.

So kom 12.mars 2020. To veker for å slå ned smitta trakk ut. Alle skulle isolere seg, halde avstand og for all del ikkje stille spørsmål ved effekten av «tiltaka». I mitt tilfelle førde det til at ein i utgangspunktet sosial og triveleg sjukeheim over natta vart forandra til ei spøkjelsesverd av stengde dører. All fellesaktivitet opphøyrde. Prest, aktivitørar, frisør og fotpleiar fekk ikkje kome inn. Det fekk heller ikkje dei pårørande. Bebuarane vart isolerte på si eiga avdeling i fleire månader utan å møte sine kjære. Dei fekk ikkje eingong kome ut dørene og trekkje friskluft. Eg vart hjelpelaust vitne til at dei sakte visna hen. Og det var ingen kommunikasjon mellom avdelingane, heller ingen felles personalmøte. Dialog, helsefagleg diskusjon og refleksjon opphøyrde. Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.

man in black crew neck shirt with black paint on his face
Alle skulle holde kjeft

Panikk og karantene

Tilsette kunne plutseleg bli sett i ulike former for karantene fordi ein tilsett i panikk hadde testa seg fordi ho var litt småsnufsete. Bebuarar kunne plutseleg bli sperra inne på sine eigne rom. Leiinga kalla det «smittevernregime i påvente av prøvesvar». Eg kalla det pining av eldre demenspasientar. Ein av dei låg og ropte i angst heile si vakne tid dei gongene vedkomande vart utsett for dette «regimet».

Forholdet vårt gjekk til grunne fordi vi mildt sagt hadde ulikt syn på koronasituasjonen. Ho var vitskremd av det ho høyrde på nyheitene medan eg, som las uavhengige media, såg raskt at det var inga grunn til bekymring. Eg bekymra meg meir for at styresmaktene over heile verda såg ut til å ha avskaffa både grunnlov og menneskerettar. Eg vart brått singel og kasta ut av hennar leilegheit. Eg såg aldri den vesle guten igjen.

Ny leiar

Så fekk sjukeheimen ny einingsleiar. Vi to var fagleg ueinige om kva som var god eldreomsorg. Ho mangla den jordnære tilnærminga som den førre einingsleiaren hadde, og var skremd frå sans og samling av den ustanselege skremselspropagandaen frå toppen. Ting byrja raskt å gå til helvete.

Tidleg i 2021 starta massevaksineringa av bebuarane. Vaksinane var ikkje formelt godkjende, og ein ante ingenting om langtidsbiverknader. Eg spurde avdelingsleiar kven som hadde ansvaret om bebuarane døydde av vaksinen. Ho trekte på skuldrene og sa: – Erna Solberg.

Flesteparten av dei hadde inga aning om kva som føregjekk. Til det var dei altfor demente.

«Seremonien» fann stad ein kald januardag. Ein sjukepleiar byrja å setje sprøyte på bebuarane. Flesteparten av dei hadde inga aning om kva som føregjekk – til det var dei altfor demente. Ein av bebuarane hadde tjue minutt tidlegare kasta opp, og eg hadde difor isolert ho med den intensjon å ordne ei oppkastprøve for å utelukke magevirus. Sjukepleiaren ignorerte smittevernregimet, og gjekk inn på rommet til ein spysjuk bebuar utan verneutstyr og sette sprøyta. Nokon oppkasttest fann aldri stad.

woman with cloth covering her mouth

Heller døy fri enn leve som skremd slave

Dette var dropen som fekk begeret mitt til å flyte over. Nokon måtte seie i frå, elles kom dette aldri til å ta slutt. Eg var viljug til å vere den som ofra meg, eg ville heller døy fri enn å leve som ein skremd slave. Eg konkluderte at eg i det minste skulle gjere eit forsøk på å få dialog, og byrja å setje meg inn i fakta rundt korona. Eg innsåg at dette kom til å koste meg jobben. Eg rekna med at det ville vere verdt det.

Min undergang starta ved at eg delte «COVID-filmen 2020» på Facebook-sida til tilsette på sjukeheimen. Intensjonen min var å få ein etisk og helsefagleg diskusjon. Og kor skadelege «tiltaka» hadde vore, spesielt for bebuarane. Dagen etter fekk eg ein telefon frå einingsleiar, ho ville eg skulle slette innlegget. Ho gav ingen grunn. Eg sa at det burde vere opp til moderator i gruppa å avgjere om eit innlegg skulle slettast. Då sa einingsleiar at ho ville ha meg inn til samtale. Innlegget vart like etter fjerna.

Det kom kort tid etter påstandar om at eg hadde blitt observert i «bebuarnære relasjonar» utan munnbind. På den tida kravde retningslinjene munnbind dersom tilsette var nærare ein bebuar enn to meter. Inga helsefagleg grunngjeving fanst, og på min førespurnad ville heller ingen gje meg ei. Einingsleiar oppretta personalsak. Så fekk eg skriftleg advarsel for å ha delt ein dokumentar, og for å ha brote retningslinjene for bruk av munnbind.

Eg takka nei til vaksine

I mai kom det plutseleg nye retningslinjer frå etaten, igjen utan noka helsefagleg grunngjeving. Fullvaksinerte slapp no å bruke munnbind i bebuarnære relasjonar, medan uvaksinerte framleis måtte det. Eg var ein av dei få som hadde takka nei til vaksine. Uvaksinerte vart «oppmuntra» til å ta vaksine, slik at dei slapp å bruke munnbind. «Ta sprøyta, so kan du hive maska!» Eg ante konturane av eit medisinsk apartheidsystem.

man in gray crew neck t-shirt covering his face with white textile
Munnbind må brukes selv om de ikke virker.

Så hadde eg arbeidshelg med langvakter. Av oss fire kollegaene, var berre ei fullvaksinert. Soleis var vi tre stykke med munnbind, og ei utan. Måndagen fekk eg telefon frå to av dei. Begge hadde blitt utsett for det dei opplevde som eit ubehageleg avhøyr frå einingsleiar. Spørsmåla hadde dreia seg om min – og berre min – munnbindbruk i helga. Leiaren meinte at ho hadde lov til å utføre slike «kontrolltiltak».

Ingen tenkte sjølv

Eg var lei av at alle sa at dei berre følgde retningslinjene. Ingen tenkte sjølv. Alle berre utførde ordre. Ingen ville ta ansvar, men alle ville behalde moglegheita til å straffe. Så sa einingsleiar og etatsdirektøren at situasjonen hadde «eskalert», og at dei vurderte meg som ein «fare». Eg måtte levere frå meg garderobenøklar og kodebrikke og forlate sjukeheimen umiddelbart. Så fekk eg eit brev frå ein jurist i byrådsavdelinga, Bergen kommune vurderte avskjed.

Etter den beskjeden følgde ei lang rekke «tiltalepunkt». Eit om at det hadde blitt reagert på at eg hadde beroliga ein engsteleg bebuar med at korona ikkje var farleg for folk flest. Ho var redd for at døtrene hennar kom til å bli smitta og døy av korona.

Umogleg å få ny jobb

Avskjed er den verste disiplinærstraffa i Arbeidsmiljølova. Arbeidsforholdet blir avslutta på dagen utan oppseiingstid, og det vil stå i sluttattesten at ein er avskjediga. Å få ny jobb blir i praksis umogleg. Inntekta opphøyrer over natta. Dette blir vanlegvis gjort ved straffbare handlingar som valdsbruk, tjuveri og underslag.

Eg skulle til å gjennomføre sjølvmord, men vart stoppa i siste liten av ambulansepersonell som kom på døra.

don't give up. You are not alone, you matter signage on metal fence

Så var eg i eit nytt møte i byrådsavdelinga. Kommunaldirektøren hadde bestemt at dei skulle velje ei «smidigare» løysing enn avskjed. Eg vart tilbydd ein sluttavtale. Svarfristen var 48 timar, det var ikkje rom for forhandling.

Vaksinere so mange som mogleg med vaksinar som ikkje er skikkeleg vitskapleg testa?

Slik eg tolkar situasjonen, kokte det heile ned til djup, gjensidig mistillit betinga i koronasituasjonen. Eg meinte, og meiner, at Bergen kommune har begått grov medisinsk uforstand ved å ukritisk massevaksinere unge, friske menneske mot eit virus som berre utgjer ein risiko for eldre og personar med alvorlege, underliggjande tilstandar. Det kom interessant nok fram under denne personalsaken at eg ved å dele «COVID-filmen 2020» hadde handla i strid med arbeidsgjevars interesser. Då kan ein spørje seg sjølv kva dei interessene eigentleg er. Vaksinere so mange som mogleg med vaksinar som ikkje er skikkeleg vitskapleg testa?

Godtok avtalen

Eg godtok avtalen, ettersom han trass alt var betre enn rein avskjed. Eit av punkta var at eg sa ifrå meg retten til å søkje på stillingar eller ta oppdrag i Bergen kommune i framtida. Eg jobba i ein nabokommune sommaren 2021, ein jobb eg stortrivdes i. Det er ei stor ulempe at eg ikkje kan ta oppdrag i same kommunen som eg bur i. Det har også vore ei utfordring å forsøke å «bortforklare» kvifor eg berre kan ta oppdrag i kommunane rundt Bergen, og ikkje i sjølve Bergen. Eg har i det siste søkt på fleire stillingar i ein nabokommune.

Framtida mi er usikker, for å seie det mildt.

Kort fortalt utførde Bergen kommune ei juridisk gymnastikkøving for å fjerne det dei oppfatta som ein «brysam» tilsett. Alt er betinga i koronasituasjonen. Kven veit korleis livet mitt hadde vore no om 12.mars hadde vore ein heilt vanleg dag.

Dette er mi historie.

Forsidebilde: Andrew Gook

Knut Lindtner har lagt til bilder m/tekst.



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 570 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

9 kommentarer. Leave new

  • Honnør til den tapre helsearbeideren som har skrevet dette . Vett i pannen mot i blikket, stål i ben og armer, slike sønner de vil gamle Norge ha !!!

    Svar
  • Dette høres flott ut inntil en kjenner historien. Det er en kjerne av sannhet her, nemlig at en ansatt på et eldresenter i Bergen valgte å si opp sin stilling. Vi er flere som har jobbet og jobber samme sted.

    Dette dreier seg om en person som forsøkte å skremme beboere og pårørende med diverse udokumenterte påstander, og som etterhvert ble mer opptatt av sine egne vrangforestillinger enn å gjøre sin jobb – som altså andre måtte gjøre. Fordi vedkommende var mer opptatt av å poste på Facebook, misjonere ovenfor demente beboere og pårørende etc.

    Kort sagt skremte vedkommende vettet av flere eldre og pårørende til en slik grad at han ikke lenger kunne være der.

    Vi savner noe nyansert holdning. Den «tapre helsearbeideren» lot være å gjøre sin jobb og drev med andre ting på jobb. DERFOR valgte han å si opp. Tenk dere en pilot som velger å ikke fly flyet men vil heller poste på Facebook mens andre må fly. Slik var det her.

    Svar
    • Det er alltid to sider av en sak, men sier du altså at det personen som skrev dette lyver? Benekter du at det har vært et enormt press for å ta sprøytene?

      Svar
      • Vi som skriver dette er ansatte som måtte gjøre ekstraarbeid på toppen av vår egen jobb – fordi en person, som nå vil fremstille seg som offer, ikke ville gjøre den jobben han var satt til å gjøre. Han brukte sin tid på jobb til å drive misjonering og aktiv motstand mot ledelsens og kommunes utøvelse av politiske vedtak. Forsøk på å korrigere ham førte til sterk motstand.

        Ser forøvrig at noen her ikke tror på dette fordi man har angivelig blandet begrepene eldresenter og sykehjem. Dette er et samlet senter, men bofelleskap, eldresenter og sykehjem.

        Vi skal ikke gå inn på om det som foregikk var korrekt eller feil, men den aktuelle personen har iallefall oppført seg ekstremt ukollegialt, idet vi andre måtte overta svært mange av vedkommendes arbeidsoppgaver.

        Så hvis du spør oss om han lyver så vil vi nok si et klart «ja». Det som fremkommer i innlegget over er i beste fall en meget farget og ensidig fremstilling, og viser at han nok ikke er i stand til å ta innover seg hva det betyr å være en del av et team. Det var heklt korrekt å si ham opp. Ikke pga hans motstand mot vaksine, men fordi han ikke skjønte at som helsepersonell og kollega må man forholde seg til anerkjent behandling.

        Ved et annet sted i Bergen for 8 år siden ble forresten en sykepleier avskjediget fordi hun ikke ga pasientene smertestillende som ble forordnet av lege. Hun mente Fadervår var bedre. Vi hørte ikke noe slik klaging da.

        Svar
        • Helsevesenet har tapt sin troverdighet og fortjener ikke tillit. Alt fra helseminister, helsedirektorat, folkehelseinstitutt og nedover i hierarkiet til kommuneleger og andre leger og sykepleiere står med et medansvar, i og med at alle fra starten med yrkesstolthet burde vite at injeksjonen som feiaktig bærer navnet «vaksine» er lagt ut på markedet uten å være testet ut. Så de er alle medskyldige i å ha gjort folket til forsøkskaniner. Lev med det når sannheten kommer fram.

          Svar
        • RiverInEgypt
          4 november 2021 11:26

          Det vil som fleire skriv her alltid vere to (eller fleire) sider av ei sak. Når partane er såpass steile som i dette tilfellet, der den eine regelrett beskylder den andre for løgn, vil det vere utfordrande å få fram objektivt det som skjedde. Ein seier A, og ein annan seier B. Klassisk ord mot ord.

          Eg kjenner ikkje artikkelforfattaren personleg. Eg kjenner derimot fleire som har blitt behandla urettferdig av Bergen kommune. Ei av dei var ei venninne av meg som eg kallar «Signe». Ho jobba tjue år i eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma i ein bydel i Bergen. Ho var primus motor for aktivitetar, slik som gruppereiser til utlandet, og byturar. Ho hadde ei høg stjerne hos brukarane. Dette var det desverre enkelte i personalgruppa som ikkje likte. Dei gjekk difor til administrasjonen med ei rekke usanne påstandar om «Signe». Som eit resultat blei ho kalla inn på teppet til dåverande soneleiar og måtte forsvare seg saman med ein tillitsvalt frå Fagforbundet. Ho vart omplassert til ei nattevaktsstilling, og vart kort tid etter langtidssjukemeldt fordi ho ikkje klarte å omstille seg til nattarbeid. Ho er i dag uføretrygda. Slike historier finst det mange av i Bergen kommune. Det bunnar i rein og skjær misunnelse. Kollegaene klarte ikkje å matche «Signe» i hennar arbeid, og derfor måtte ho vekk.

          Eg kjenner til liknande historier. Det er eit slåande fellestrekk. Kollegaer projiserer si utilstrekkelegheit som helsepersonell og omsorgspersonar over på den dei oppfattar som ein outsider eller til og med fienden – og resultatet blir stygt.

          Svar
    • En sak har selvfølgelig alltid flere sider.
      Men her kan det virke som om makta har rådd, og denne makta er dessverre lett gjenkjennelig for mange i offentlig virksomhet, – og lukter ikke godt.

      Skremme? Myndighetene, og dens lakeier, feks. media, har jo ikke gjort annet enn å skremme nå i snart to år?

      Det Må komme et oppgjør etter disse to årene med overgrep.
      Historien som er fortalt burde være et godt utgangspunkt for en, av mange, film om hele dette massive overgrepet mot befolkningen. Fra trussel om Heimevernet og store bøter, til ødeleggelse av smånæringslivet i Norge. Og her altså påbud om munnbind, i alle betydninger, – og yrkesforbud.

      Svar
  • Det der kjenner jeg meg igjen i, prøv å bruk mastergraden din og kunnskapen du har til å komme deg innenfor salg og marketing innenfor helse, du kan bruke det du har lært til å selge gode smarte løsninger de innenfor systemet ikke klarer se, prøv å les litt opp på alternative behandlingsformer innenfor psykiatri og ADHD f.eks, du kan masse håper det løser seg for deg veldig snart… takk for at du deler denne!

    Svar
  • RiverInEgypt
    2 november 2021 9:54

    Bergen kommune har sine svin på skogen. Eg trur meir på artikkelforfattaren enn på «Ansatte». Eg personleg kjenner iallfall to-tre personar som vart mobba ut av Bergen kommune etter at ansatte rotta seg saman mot dei og gjekk til ledelsen. Misunnelse står sterkt i Noreg, og ein skal helst ikkje skille seg ut på nokon måte. Avskjed er uansett drøyt. Kor var dei tillitsvalgte opp i denne saken?

    Den (eller dei?) som har skrive kommentaren, omtaler arbeidsstaden som eit «eldresenter» mens artikkelforfattaren omtaler den som ein «sjukeheim». Eldresenter og sjukeheim er ikkje det same. Eit eldresenter er eit dagtilbod for heimebuande eldre, mens ein sjukeheim tilbyr heildøgnsoppfølging og opphald.

    Det er ikkje anna enn ironisk at «Ansatte» beskyldar artikkelforfattaren for å skremme, når det er nettopp det regjering og media har gjort konstant sidan tidleg 2020.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Vennligst skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Hvem betaler?

Hvem slipper?

Previous Post

Etter dårlige økonomiske råd og press fra USA.

Polen taper nå milliarder og Russland soper inn penger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.