Bustadprisane faller kraftig
Henta frå RT.com. Omsett av og henta frå saksyndig.
Nyheitsformidlaren Bloomberg rapporterer at talet insolvente selskap i Sverige auka kraftig i januar.
Talet konkursar i Sverige skaut opp til det høgste nivået på minst eit tiår i januar, blant aukande press på bygningsselskap frå ein pågåande bustadmarknadsnedgang, rapporterte Bloomberg onsdag [1.februar 2023]. [RT har ikkje lagt til nokon link til Bloomberg-artikkelen, men det kan vere denne dei refererer til. Den ligg bak registreringsmur; oms.komm.]
Ifølgje nyheitsformidlaren, som siterer referansebyrået UC, steig talet konkursbegjæringar til 622, noko som markerer ein auke på 47% frå året før.
Sverige har slite med sin verste bustadpris-kollaps på tretti år. Situasjonen har bidrege til ein auke av insolvens i bygningssektoren, der 130 byggherrar begjærte seg konkurs førre månad. Bustadprisar har visstnok falle med 16% frå ein topp i fyrste kvartal av fjoråret, og økonomar spår at nedgangen vil halde fram.
«I løpet av hausten såg vi konkursar innan kundebehandlande føretak slik som handel, hotell og restaurantar,» seier UC-økonomen Johanna Blome. «No ser vi at den største auken finn stad i sektorar som er nært knytt til industri og meir langsiktige investeringar.»
Ein alvorleg nedgang i den svenske bustadmeklarsektoren har skadd den største økonomien i Norden. Ifølgje estimat frå Sveriges Boverket [det nasjonale styret for bustader, bygging og planlegging], vil bygging av nye bustader falle dramatisk med 44% i år til 33 000. I mellomtida vil eit fall i bygging vidare påverke økonomisk aktivitet, åtvarar rapporten.
Den svenske regjeringa annonserte i slutten av 2022 at landet gjekk inn i ein resesjon som vil vare iallfall til 2025. BNP-et til nasjonen er forventa å falle med 0,7%, medan arbeidsløysa er spådd å stige til 7,8% i 2023 og 8,2% i 2024.
Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 587 ganger.
2 kommentarer. Leave new
Konkurs?
Pussig. De har jo importert mengder med ny arbeidskraft. (?)
Jaja. Så får ihvertfall det svenske politiet opprette en mengde nye arbeidsplasser, om ikke annet.
I et underlig penge- økonomisk system er visst dette også lønnsomt; det blir mer penge/skatte-‘inntjening’ til statskassen.
De svenske innbyggerne opplever seg kanskje rikere? ( Innen kultur ?)
Ifølge svt forrige uke var arbeidsledigheten allerede 8,3 %