POSTED IN Endring av politikken, Virkelighetsforståelse

Du skal lystre og godta det du blir fortalt selv om det strider mot fornuften.

Du mister jobben i Nederland hvis du stiller logiske spørsmål.

0
Print Friendly, PDF & Email

Nederlandsk juniorminister sparka etter å ha kritisert «ulogisk» vaksinepass

Juniorøkonomiminister Mona Keijzer har blitt oppsagt av statsminister Mark Rutte. Brotsverket hennar? Å føreslå at landet sitt vaksinepassopplegg er «ulogisk» og at Nederland burde gå tilbake til den «gamle normalen». 

Frå og med sundag må folk som håper å besøke barar, kaféar, restaurantar og andre utestader, vise bevis for at dei er vaksinert mot Covid-19 eller resultatet av ein nyleg negativ test. Passystemet vart innført trass nylege masseprotestar i Amsterdam, og demonstrasjonar mot det no obligatoriske vaksinepasset fann stad igjen sundag.

Mona Keijzer - Wikipedia
Mona Keijzer

 

Kritikk av opplegget har kome frå både folket og arbeidarar i bevertningssektoren, men også innafrå regjeringa. I eit intervju med avisa Telegraaf laurdag, hadde Keijzer sagt at det var «uforklarleg» at passet var kravd, sjølv om den fullstendige opninga av skular og universitet i august ikkje hadde ført til ein auke i sjukehusinnleggingar. 

«Du kan delta i eit maraton utan eit [vaksinepass], men om du skal ete eit kakestykke i lunsjrommet må du ha det,» hevda ho, og la til at ho «kunne ikkje lenger forklare det logisk». 

«Om vi endar opp i eit samfunn der vi må vere redde for kvarandre med mindre vi kan vise bevis, må du verkeleg klø deg i hovudet og spørje deg sjølv: ‘Er dette vegen vi ønskjer å gå?'»

Keijzers kommentarar førde til at ho vart raskt fjerna frå Rutte sitt kabinett. Etter å ha konsultert med sine nestkommanderande og høgst rangerte økonomiminister, annonserte han på laurdag at Keijzer ville bli oppsagt «med umiddelbar verknad». Kommentarane hennar, sa han, «passa ikkje med avgjerder nyleg tekne av kabinettet». 

Avisa Algemeen Dagblad (AD) rapporterte at Rutte og teamet hans hadde fått kjennskap til Keijzers intervju fyrst seint fredag kveld, og, når dei vart merksame på kva ståstad ho ville ta, med éin gong sa seg einige i å seie ho opp. Ifølgje ADs kjelder, hadde ikkje ministeren forventa at ho skulle bli fjerna. Hadde ho blitt åtvara i forkant om konsekvensane, sa ho, «hadde eg sagt opp». 

Sidan vaksinepasset vart introdusert, har tiltak relatert til sosial distansering nesten fullstendig blitt fjerna. Barar og kaféar må framleis stengje ved midnatt, og ein krev framleis munnbind på offentleg transport og på flyplassar, derimot. 

Rundt 82% av vaksne i landet er no fullvaksinerte, og tilfelle av Covid-19 har falle jamnt sidan juli. I intervjuet hennar påpeikte Keijzer den høge vaksinasjonsdekninga, so vel som kor sjeldan alvorlege symptom var no, som bevis for at vaksinepassa burde bli vraka. «Vi må gå tilbake til den gamle normalen,» sa ho.

Omsatt av HFANoreg

Forsidebilde: Nicholas Green

https://www.rt.com/news/535833-dutch-minister-fired-vaccine-passports/



1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 341 ganger.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

I full offentlighet:

Vaksinekrangel i viktig helsekomite i USA.

Previous Post

Tysk valg

Berlin kjøper opp norsk boligmonopolist? Globalismen sprenger Die Linke?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.