POSTED IN Iran

Drapet på Qassem Soleimani:

En krigserklæring. Krig vil de få men ikke på egne premisser.

4 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

I dag erklærte USA krig, og krig skal dei få

«De kan starte krigen, men det blir vi som bestemmer korleis den skal ende.»

Qassem Soleimani, 2018

av Bernhard ved Moon of Alabama 4. januar, 2020

I dag erklærte USA krig mot Iran og Irak.

Krig er nett det dei vil få.

Tidlegare i dag tok ei US-amerikansk drone eller helikopter livet av generalmajor Qassim Soleimani, den vidkjente kommandanten av den iranske styrken Quds (‘Jerusalem’), medan han var på veg ut av flyplassen i Bagdad som han nett hadde kome til. Han hadde planar om å delta i gravferda til dei 31 irakiske soldatane som USA drap den 29. desember på den syrisk-irakiske grensa nær Al-Qaim.

Qassem Soleimani

Quds-styrken er den ytre armen til den iranske islamske revolusjonsgarden. Soleimani hadde ansvaret for alle relasjonar mellom Iran og politiske og militante grupper utanfor Iran. Hajji Qassim gav råd til libanesiske Hizbollah under krigen mot Israel i 2006 [Hajji på arabisk betyr ein muslim som har vore på pilegrimsferd til Mekka, mrk.]. Støtta hans til irakiske grupper gjorde dei i stand til å kaste USA sine invasjonsstyrkar ut av Irak. Han var mannen som vellykka slo ned Den islamske staten IS i Irak og Syria. I 2015 reiste Soleimani til Moskva og overbeviste Russland om å intervenere i Syria. Støtta hans til houtiane i Jemen gjorde at dei greidde stå imot dei saudiske angriparane.

Soleimani hadde kome til Bagdad med eit vanleg fly frå Libanon. Han reiste ikkje i løynd. Han vart plukka opp på flyplassen av Abu Mahdi al-Muhandes, visekommandanten til al-Hashd al-Shaabi, ein offisiell irakisk tryggingsstyrke under den irakiske statsministerens kommando. Dei to bilane dei reiste i vart øydelagde i det US-amerikanske angrepet. Begge mennene pluss sjåførane og vaktene deira døydde.

USA skapte to martyrar som no vil bli modellar og førebilete for titals millionar ungdom i Midt-Austen.

Houtiane i Jemen, Hezbollah i Libanon, Islamsk jihad i Palestina, dei paramilitære styrkane i Syria, Irak og andre stadar har alle dratt føremoner av Soleimanis råd og stønad. Dei vil alle gå til aksjon for å hemne han.

Moqtada al-Sadr, den uregjerlege shia-muslimen som har kommando over millionar av følgarar i Irak, har gitt ordrar om å gjenaktivere den militære avdelinga ‘Jaish al-Imam al-Mahdi’. Mellom 2004 og 2008 kjempa Mahdi-styrkane mot USA sin okkupasjon av Irak. Det vil dei gjere på nytt.

Dette drapet vil forsterke avskyen for USA over store deler av verden, særlig i Midt-Østen. Var dette gjennomtenkt?

Avrettinga av ein kommandant av Soleimanis kaliber gjer krav på ein iransk reaksjon i minst same storleiksorden. Alle USAs generalar eller høge politikarar som reiser i Midt-Austen eller andre stadar vil no måtte passe seg nøye. Det vil ikkje bli trygt for dei nokon stad.

Ingen irakisk politikar vil kunne argumentere for å halde US-amerikanske styrkar i landet. Den irakiske statsministeren, Abdel Mahdi, har bede om eit parlamentarisk krisemøte for å be om tilbaketrekking av alle troppane til USA:

«Den målretta avrettinga av ein irakisk kommandant er eit brot på avtalen. Det kan utløyse ein krig i Irak og omegn. Det er eit klart brot på vilkåra for USA sitt nærvære i Irak. Eg ber parlamentet om å ta dei nødvendige grepa.»

Irans Nasjonale tryggingsråd skal møte øvste leiar Ali Khamenei for å «utforske responsalternativa». Det finst mange slike alternativ. USA har styrkar stasjonert i mange land rundt Iran. Frå og med no vil ingen av dei kunne kjenne seg trygge.

Ayatollah Ali Khamenei har erklært tre dagars landesorg og deretter gjengjeld. «Hans avreise til Gud er ikkje slutten på hans sti eller misjon,» stod det i erklæringa, «men ein kraftfull hemn ventar på dei kriminelle som har hans blod og blodet til andre martyrar i natt på hendene sine.»

Iran vil knyte responsen sin til den politiske kalenderen. USAs president, Donald Trump, vil gå inn i sin gjenvalskampanje med US-amerikanske soldatar under trussel overalt. Vi kan vente at hendingar som brakkebombinga i Beirut vil skje igjen når han er som mest sårbar.

Trump vil få lære at det å drepe fienden er den lette biten i ein krig. Vanskane oppstår etter det.

Qassem Soleimani var leder for den iranske revolusjonsgarden.

I 2018 svarte Soleimani ope på ei Twitter-melding der Trump hadde trua Iran:

«Herr Trump, gamblaren! […] Du kjenner godt til makta vår og kva vi er i stand til å gjere i regionen. Du veit kor sterke vi er på asymmetrisk krigføring. Kom, vi ventar på deg. Vi er dei ekte mennene på staden, etter di meining. Du veit at ein krig vil bety at de tapar all kapasiteten dykkar. De kan starte krigen, men det blir vi som avgjer korleis han skal ende.»

Sidan mai i 2019 har USA utplassert minst 14 800 fleire soldatar i Midt-Austen. Dei siste tre dagane har flyvåpenet og spesialstyrkar følgd på. USA har klart og tydeleg planar om ei eskalering.

Soleimani vil bli erstatta av brigader Ismail Ghani, ein veteran frå Iran-Irak-krigen som i fleire tiår har vore aktiv i Quds-styrken og har kjempa mot IS i Syria. Han er ein offiser av liknande statur og evne.

Irans politiske retningslinjer og støtte til utlandske grupper vil intensiverast. USA har vunne null og niks med angrepet sitt, men dei vil få kjenne konsekvensane i tiåra som kjem. Frå no av blir deira stilling i Midt-Austen kraftig innskrenka. Andre vil gå inn og ta plassen deira.

Omsett av Monica Sortland

Artikkelen kan lesast på engelsk her: https://www.anti-empire.com/moon-of-alabama-the-us-has-declared-war-and-war-it-will-get/

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

4 kommentarer. Leave new

  • Reidar Kaarbø
    6 januar 2020 7:05

    IL Stupido har utført en krigshandling mot Iran. Men sier at dersom Iran hevner seg, vil han knuse dem. Irak har fått nok av USA og vil kaste amerikanske styrker ut av landet. IL Stupido svarer med å true med sanksjoner dersom de gjør det. Og i denne krutt-tønnen som virkelig kan eksplodere bare med en liten gnist, sitter Israel og er troendes til å lage den gnisten …

    Svar
  • Man bør her stille det eldgamle spørsmålet: Qui bono? Hvem tjener på krigen? Hverken Iran eller USA har noe å vinne på en krig mellom de to landene, tvert imot så vil begge land tape enormt. Derimot så er det et land som vil tjene på krigen, og som har egget til krig mellom USA og Iran i minst 30 år, nemlig Israel.

    Krigen er kommet igang etter påskyndelser av Netanyau og Israel-lobbyen i USA. Trump forstår antagelig dette, men han har neppe noe annet valg enn å gjøre som Israel-lobbyen ønsker.

    https://www.unz.com/pgiraldi/the-soleimani-assassination/

    Svar
  • USA har ikke gjort noe annet enn å drepe og stjele olje i Irak. Og de har også innsatt en regjering som tillater det. Det samme gjorde USA på 1950 tallet i Iran. De stjal olje og drepte og satte inn en regjering som godtok det. Det ble det slutt på i 1979. Men utelukk ikke at USA går inn i Iran igjen.

    Svar
  • Man skal ikke se bort fra at Trump er et misforstått geni og en frekk Faen. Eller han kan være Faen som ikke beregnet sitt publikum. I en rekke intervjuer over flere år har han sagt at han ville ha trukket troppene ut av Irak jo før jo heller (se linken). Netanyahu er ikke et geni, men en skurk desperat etter å redde sitt eget skinn fra korrupsjonsanklager og rettsforfølgelse. De to kan følgelig ha gjort en deal og merk at Trump gav drapsordren uten å konsultere generalene som ville ha fått angst og kaldsvette til hva Trump nå gjorde. Drapet på Suleimani kan ettertiden komme til å se på som det mest effektive enkelttrekket som endte med amerikansk tilbaketrekning fra Irak som igjen førte til lettelse av presset mot Iran.
    https://www.buzzfeednews.com/article/andrewkaczynski/trump-cites-iraq-withdrawal-he-passionately-supported-to-say

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

USAs nye internasjonale moral:

Først dreper vi lederen. Deretter truer vi hvis de vil reagere på drapet!

Forrige innlegg

Norsk forsvar har endret innhold:

Oberstløytnant:

Fra vernepliktforsvar til del av Natos angrepstrategi.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.