POSTED IN FN, Syria

Douma-tragedien og løgnene fra OPCW:

Utskrift fra innlegg i FN-spesialmøte om gassangrepet i Syria.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Dette innlegget er for spesielt interesserte, men det er meget interessent fordi de avslører en omfattende dekkoperasjon av «noen» i OPCW etter at deres først rapport om det kjemiske angrepet i Douma var ferdig. Her er fullstendig utskrift av et innlegg på et Arria-møte i FN som forteller ganske mye.

Knut Lindtner
Redaktør

Vår oversetter Monica Sortland skriver dette om artikkelen under:

OPCW (Org, for forbud mot kjemiske våpen) la i januar ut en ny versjon av rapporten sin om ka som skjedde i Douma, Syria i 2018). Rapporten er et uvitenskapelig makkverk av utelatelsar/hemmelighold, sjølmotsigelsar og en konklusjon som er basert på falske bevis som på mirakuløst vis plutselig har dukka opp no, uten å ha vert nevnt før. Det nye «beviset», prøva som liksom viser at det blei brukt klorgass, er samla inn av en ikkje identifisert tredjepart (som ikkje er OPCW-medlem) og ikkje nevnt i slutt-rapporten fra mars 2019.. Dei som var i Syria og etterforska er blitt erstatta av folk som aldri har vert der, og dei får ikkje uttale seg om feila dei observerer. Bekymringsmeldingar blir returnerte uåpna.

Slik kan dei rettferdiggjøre krigføringa mot Syria.

OPCW sine løgner avslørt

VOLTAIRE NETWORK | 25. MARS 2023

FNs sikkerheitsråd heldt den 24. mars 2023 eit Arria-møte om «Politiseringa av aktivitetane til Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW)».

Greyzone-journalist Aaron Maté avslørte feila i OPCW-rapporten om det påståtte kjemiske angrepet som den syriske arméen fekk skulda for å ha gjort mot sitt eige folk i Douma den 7. april 2018.

[Eit Arria-møte (Arria-formula meeting) er ein uformell type møte som blir arrangert av medlemsland i FNs Sikkerheitsråd for å diskutere spesifikke saker eller tema som ikkje nødvendigvis krev formelle vedtak eller handling frå Sikkerheitsrådet. Dette møtet gir medlemmane av Sikkerheitsrådet høve til å få informasjon, diskutere bekymringar og utveksle synspunkt om aktuelle internasjonale spørsmål. Møteforma er oppkalla etter ambassadør Diego Arria frå Venezuela, som var ein av dei første som brukte denne metoden for uformelle møte i Sikkerheitsrådet på 1990-talet.]

I tillegg til den kortversjonen som vi publiserte på derimot.no 15.09.23 publiserer vi nå utskriften av det han fortalte i videoen over.

Transkripsjon av Aaron Maté si debrifing på Arria-møte i FNs Sikkerheitsråd den 24. mars, 2023:

Dette er no den tredje gongen eg har fått lov å tale til medlemmane av Sikkerheitsrådet om kontroversane rundt OPCW si gransking av det påståtte kjemiske angrepet i Douma. Og om eg får seie mi meining, må eg seie at eg synst det er uheldig at denne kontroversen rundt OPCW-granskinga enno – nesten fem år etter den påståtte hendinga i Douma – blir debattert offentleg i staden for å bli tatt opp i OPCW. For dette er grunnleggande sett ein kontrovers som er intern for OPCW, og i sentrum står minst to veteran-inspektørar frå OPCW med nesten 30 års kombinert erfaring, som arbeidde med Douma-etterforskinga, som vart plasserte i Syria for å gjere denne etterforskinga, og det dei seier er svært enkelt.

Dei har skulda seniortenestemenn ved OPCW for hemmeleghald av funn frå prøvene deira og publisering av ustøtta konklusjonar som grunnlaust anklagar den syriske regjeringa for å vere involvert i eit kjemisk angrep. Og dei krev ikkje at deira eigne meiningar skal stadfestast som den ultimate sanninga; dei vil berre ha retten til å bli høyrd. Men i staden for å høyre desse inspektørane, la dei kome inn og fortelle om det som uroar dei, la OPCW vurdere funna som vart haldne skjulte, så har OPCW nekta å møte dei og til og med sverta dei offentleg. Det skal eg kome tilbake til. 

Når eg talar om hemmeleghaldet av Douma-prøvene, er det ei lang historie som eg har gjennomgått med dykk før, så eg skal ikkje repetere heile historia. La meg berre, for å illustrere, gi dykk eitt døme på det dokumenterte hemmeleghaldet av funna frå Douma-prøvene, som ingen motstrir. Dette er uomtvistelege faktum.

Det påståtte kjemiske angrepet skjer den 7. april, 2018. Etterpå kjem etterforskarane til OPCW til staden – forresten første gong eit OPCW-fakta-finningsoppdrag får tatt seg fram til åstaden for eit påstått kjemisk angrep i Syria. Etter at dei har returnert til Haag – og det eg no skal fortelle, er basert på både offentlege dokument og lekka dokument som har kome ut – så etter at Douma-teamet kjem tilbake til Haag, gjer dei kjemiske analysar av prøvene dei har tatt, og dei oppdagar noko veldig rart. Symptoma til Douma-offera, folka vi ser på fotografia, dei ser ut som om dei har blitt utsette for nervegift. Det er overvettes mykje skum rundt munnane på fleire av offera. Og inne i bustadblokka, der dusintals kroppar vart filma, er offera samla i haugar i sentrum av rommet. Så dette er klassiske teikn på nervegiftangrep, til dømes sarin. Men i OPCW sine kjemiske analysar kjem det ikkje fram noko spor av noka nervegift, inkludert sarin.

Så OPCW-teamet har eit problem. Ein har symptom på eit nervegiftangrep, men ingen bevis for nervegifter i dei kjemiske prøvene. Så dei treng ekspertise. Kva gjer dei? Dei flyg til Tyskland for å konsultere og få hjelp av militære topp-toksikologar [spesialistar på giftstoff, mrk.], og dei viser desse toksikologane – fire av dei – fotografi og video frå hendinga i Douma. Tyskarane kjem raskt fram til ein utvetydig konklusjon. Dei konkluderer med at dei observerte symptoma til Douma-offera ikkje i det heile tatt har noko å gjere med klor. Og ein medlem av Douma-teamet som er til stades på dette møtet, skriv ein e-post som seinare vart lekka – og denne medlemmen er ikkje ein av dei ueinige inspektørane vi kjenner til; denne medlemmen er sjefen for OPCW-laboratoriet – og denne laboratoriesjefen rapporterer til og med at ein av tyskarane tok opp «moglegheit for eit iscenesett angrep» i Douma, for «omstenda rundt dødsfalla passar ikkje med klor». Så det er ein av medlemmane av OPCW, ikkje ein av dei dissenterande inspektørane, som rapporterte tilbake at ein av dei tyske ekspertane peika på at det kunne dreie seg om eit iscenesett angrep, ettersom offera sine symptom ikkje matcha klor.

Så OPCW skriv dette i rapporten sin. Dei fullfører den opprinnelege rapporten i juni 2018, der dei inkluderer alle funna sine, og også vurderingan til dei tyske toksikologane om at dødsomstenda og dei framviste symptoma til offera, som vist i videoen, ikkje stemmer overeins med eksponering for klor. Kva skjer med dette funnet? Det blir sletta. OPCW – nokre ukjende seniortenestemenn ved OPCW – tar original-rapporten som Douma-teamet produserte og slettar dette funnet, og dei legg til ei rekke grunnlause konklusjonar som antyder at det har skjedd eit angrep med kjemiske våpen. Og når dette blir oppdaga av den dissenterande inspektøren kjend som Inspektør B, namnet hans er dr. Brendan Whelan, som var hovudforfattaren av original-rapporten, så protesterer han mot dette bedraget. Og den forfalska versjonen av rapporten blir trekt tilbake. Men tyskarane sitt bidrag som vart sensurert bort, blir aldri offentleggjort. I slutt-rapporten om Douma-granskinga, som var lagt fram i mars 2019, er tyskarane framleis fråverande.

Dr. Brendan Whelan

Denne rapporten seier faktisk at OPCW, etter at dei konsulterte tyskarane i juni 2018, drog tilbake for å høyre med fem andre toksikologar kva dei meinte om saka. Men dei fortel oss ikkje kva desse toksikologane sa. Alt dei seier, basert på innspela til desse fem toksikologane, er at «det er no ikkje mogleg å presist kople årsaka til teikna og symptoma til eit spesifikt kjemikalium»Dette tvetydige språket fordunklar den kjensgjerninga at dei tyske toksikologane som først vart konsulterte, utvetydig hadde utelukka det spesifikke kjemikaliet klorgass. Men denne FFM-rapporten [Fact-Finding Mission, mrk] nemner ikkje vurderinga til dei tyske toksikologane, og den til og med slettar det faktum at desse tyske toksikologane vart konsulterte. Så det er ei detaljert tidslinje for Douma-oppdraget inkludert i denne mars-2019-rapporten, som viser alle stega til OPCW-etterforskninga i Douma, og på mystisk vis er det tyske oppdraget ekskludert. Det eksisterer ikkje lenger.

Dei dissenterande inspektørane har prøvd, først internt, å få leiarane av OPCW til å sette fokus på dette openberre hemmeleghaldet, å få OPCW til å høyre saka deira og vege bevisa som vart skjulte. Kva har OPCW respondert med? Dei har nekta å la desse inspektørane kome inn, dei har nekta å etterkome førespørslane deira om å treffe alle dei opprinnelege medlemmane av Douma-teamet, ikkje berre dei dissenterande inspektørane. Og når andre offisielle tenestemenn, inkludert OPCW-veteranar, har prøvd å reise desse spørsmåla offentleg, så har dei blitt blokkerte. Hausten 2020 prøvde OPCW sin første generaldirektør, grunnleggar-generaldirektør José Bustani å tale til medlemmane av FNs Sikkerheitsråd for å dele bekymringane sine. Han har erfaring med denne saka, for han hjelpte til med utforminga av protokollane som OPCW-etterforskingar som den i Douma følger. Han har også relevant ekspertise fordi han har vore like lenge ved OPCW som dei to erfarne, dissenterande inspektørane. Og kva skjer med José Bustani?  Vitnemålet hans blir blokkert. Visse medlemsstatar her lar han ikkje tale ut.

José Maurício de Figueiredo Bustani er en brasiliansk diplomat som var den første generaldirektøren for Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen inntil han ble kastet ut etter press fra den amerikanske regjeringen i april 2002 over uenigheter om hvordan man skal ta tak i Iraks påståtte masseødeleggelsesvåpen. Wikipedia 

Fleire OPCW-tenestemenn har byrja snakke. I mars 2021 vart ei bekymringsmelding signert av fem tidlegare OPCW-tenestemenn, inkludert José Bustani, generaldirektøren som var med på å stifte organisasjonen. Og han seier mellom anna dette: «Denne saka truar med å påføre ryet og truverdet til OPCW alvorleg skade og underminere organisasjonens vitale rolle i jakta på internasjonal fred og sikkerheit. Det er rett og slett uhaldbart at ein vitskapeleg organisasjon som OPCW nektar å svare ope på kritikk og bekymringar frå sine eigne vitskapsfolk, og samtidig blir assosiert med forsøk på å diskreditere og sverte desse vitskapsfolka. Vi trur OPCW er best tent med at generaldirektøren legg til rette for eit transparent og nøytralt forum der bekymringane til alle etterforskarane kan bli høyrd, så vel som å sikre at ei fullt ut objektiv og vitskapeleg etterforskning blir fullført.» Og eg repeterer: dette er ei erklæring som kjem frå fem tidlegare OPCW-tenestemenn, inkludert den første generaldirektøren.

Korleis responderer OPCW til denne bekymringsmeldinga? Vel, Hans von Sponeck, som var ein tidlegare senior-tenestemann i FN som stod i spissen for erklæringa, han sender erklæringa til generaldirektøren. Og Hans von Sponeck har fortald dette rådet før at han fekk brevet i retur, uopna. Generaldirektøren nekta å ein gong opne brevet.

Det er responsen til OPCW. Dei skjuler eigne funn, nektar å la dei dissenterande inspektørane bli høyrde, og når så andre tidlegare OPCW-tenestemenn sluttar seg til protestane og prøver å ta opp kjensgjerningane, så blir ikkje brevet med førespørselen ein gong opna. Og forresten, det bekymringsmeldinga seier om diskreditering og sverting, refererer til ei gransking som OPCW sette i verk tidleg i 2020 som skulda inspektørane for regelbrot. Ein av inspektørane, Inspector B, dr. Brendan Whelan, vert anklaga for eit regelbrot, men dei spesifiserer ikkje ein gong kva det var, og dei seier desse inspektørane gjer feil og er uinformerte, men dei nektar ikkje for eit einaste faktum som dei har tatt opp. Så det er responsen til OPCW så langt, dei utelet funn og hindrar oppklaring.

No spolar vi raskt fram til januar i år. Endeleg får vi ein respons frå OPCW på alle bekymringane vi har gitt uttrykk for, i form av denne nye rapporten som ITT (Investigation and Identification Team) har levert. Den førre talaren reiste nokre spørsmål rundt stiftinga av ITT. Eg skal legge det til sides og berre forholde meg til ITT sine påstandar og adressere nokre av dei skrikande inkonsekvensane i desse påstandane.

Først av alt: ITT sitt mandat er å identifisere individ, einingar, grupper og regjeringar som er direkte eller indirekte involverte i bruk av kjemiske våpen. Det er eit sitat frå ITT-rapporten. Eit anna sitat derifrå seier: «ITT forstår sitt mandat som eit som er basert på funna til Fact-Finding Mission,”—den faktum-finnande misjonen som produserte sluttrapporten av mars 2019. Men om ein les ITT-rapporten, er der ei mengd nye påstandar og til og med nye påstandar om bevis som blir introduserte, så denne ITT-rapporten er ikkje basert på funna til FFM. Den er eigentleg eit forsøk på å dekke over spora til FFM og dekke over alle inkonsekvensane og dei skrikande hola som dei dissenterande inspektørane sette fingeren på.

La meg gi nokre døme på det. Og eg kan ikkje gå igjennom alt, men la meg gå igjennom to hovudområde.

Området kjemi. Kva fortalde dei kjemiske prøvene oss om kva som skjedde i Douma? Vel, for å påstå at det skjedde eit kjemisk angrep i Douma, som ITT konkluderer med, så baserer dei konklusjonen på funn av det dei kallar eit markør-kjemikalium – eit markør-kjemikalium som er ein signatur for klor-gass. Og dette såkalte markør-kjemikaliet er kalla tetraklorfenol, TeCP (etter eng. TetraChloroPhenol) , og IIT hevdar dei har funne denne TECP-prøva frå ei einskild prøve av betong-restar tatt frå Lokasjon To, som er blokka der Douma-offera vart filma. Og nærværet av TECP i den prøva, slår ITT fast, «peikar spesifikt på eksponeringa for klorgass». Og vidare: «nærværet av TECP peikar tydeleg mot klorgass som den klornerande agenten til stades på scena og i svært høge konsentrasjonar.»

Okay, eg er ingen kjemi-ekspert, så eg kan ikkje fortelle dykk kor vektig dette argumentet er, at TECT spesifikt skal tyde på nærvær av klorgass. Men det eg kan fortelle dykk, er at det er fleire skrikande problem med denne prøva. Det første skrikande problemet, er at denne nye antatte «rykande revolveren» av ei markør-kjemikalieprøve har dukka opp frå ingenting. Dette er den første gongen i nokon OPCW-rapport at denne prøva blir omtalt. Viss du går tilbake til sluttrapporten frå mars 2019, er der ein lang tabell over alle prøvene som vart samla inn av Douma-teamet eller mottatt av tredjepartar i Douma, og den tabellen fortel om ei prøve vart testa eller ikkje. Denne prøva står ikkje ein gong oppført der. Så, på fantastisk vis, nesten fem år etter den påståtte hendinga, dukkar det plutseleg opp frå det blå ei «rykande revolver»-prøve som ITT baserer sin kritiske konklusjon på. Rapporten fortel oss til og med at OPCW mottok denne prøva tilbake i juli 2018, i dei første tidlege vekene av granskinga. Korfor vart den aldri lagt på bordet den gongen? Korfor er den ikkje nemnt i det heile i sluttrapporten frå mars 2019? Dette seier ITT ingenting om.

Plutselig bruker OPCW en uidentifiserbar hemmelig kilde for å underbygge tvilsomme påstander.

Men så finn vi noko som er like skrikande. Denne prøva vart ikkje samla inn av OPCW. OPCW, som eg nemnde tidlegare, sende eit team til staden som samla inn prøver. Dei samla inn fleire dusin prøver. Denne prøva som no er deira nyfunne «rykande revolver», vart ikkje samla inn av dei. OPCW fortel oss i staden at den vart samla inn av ein tredjepart som dei ikkje identifiserer, høgst usedvanleg. Så ein stolar på ei «rykande revolver»-prøve som ein avslører for første gong no, og som ein ikkje ein gong sjølv har samla inn. Dette blir endå meir utruleg når vi veit at OPCWs policy – dei grunnleggande protokollane til OPCW – spesifikt seier at OPCW lyt kontrollere si eiga beviskjede. [Omgrepet beviskjede (eng. chain of custody) refererer til den dokumenterte sekvensen av personar, plassar og aktivitetar som er involverte i handteringa og oppbevaringa av bevis i rettssaker eller kriminaletterforskningar. Dette sikrar at bevisa forblir uendra og pålitelege gjennom heile prosessen. Mrk.]. OPCW-protokollen seier at dersom «ei prøve ikkje var i OPCWs varetekt» på noko tidspunkt under eit oppdrag, «vil den ikkje bli godkjend for OPCW-verifiseringsføremål.» Som ein OPCW-talsmann forklarte tilbake i 2013: OPCW «ville aldri involvere seg i å teste prøver som ikkje våre eigne inspektørar har samla i felten, for vi treng å oppretthalde ei beviskjede av prøvene frå felten til laboratoriet for å garantere integriteten deira.» I Douma har denne grunnleggande protokollen blitt krenka.

Og endå meir usedvanleg blir det når vi får vite at dei nyleg avslørte prøvene som var samla inn av ein tredjepart, var samla inn på nøyaktig same stad som ei av prøvene OPCW samla inn. Så denne usedvanleg nyttige TECP-prøva seier OPCW vart lokalisert «i rommet under krateret og sylinderen». Men om vi går tilbake til sluttrapporten frå mars 2019, som listar opp alle prøvene som OPCW samla inn, ser vi at OPCW sjølv, deira eigne inspektørar, samla inn ei prøve frå betong-restar lokalisert «i rommet under sylinderen», eksakt same stad. OPCW stolar no på ei prøve som dei nyleg avdekka, innsamla av ein ikkje identifisert tredjepart, og dei stolar meir på den prøva enn på ei prøve innsamla av sitt eige team, samla inn på nøyaktig same stad.

Når OPCW stolar på denne prøva, overser dei samtidig eit svært viktig nøkkelfunn. Det er faktisk eitt av deira eigne funn. Så OPCW påstår at nærværet av denne TECP-prøva peikar på eit nærvær av klorgass, men det dei overser, er at ei anna TECP-prøve ifølge mars 2019-rapporten vart samla inn; ei svært lik ei, men ikkje på Lokasjon To. Den vart samla inn i tunnelen som fører til sjukehuset. Men den gongen hevda aldri OPCW at nærværet av den prøva var bevis for klorgass, og ITT hevdar ikkje at nærværet av prøva i tunnelen var bevis for klorgass. Så OPCW hevdar at nærværet av TECP på Lokasjon To er bevis for klorgass, men dei overser det faktum at dei allereie hadde oppdaga TECP i tunnelen som førte til sjukehuset, og dei hevdar ikkje at eit klorgassangrep skjedde der óg. Og dei gjer ingen forsøk på å forklare den mangelen på logisk samanheng.

Eg har tidlegare sagt at eg ikkje er i posisjon til å vurdere verdien av påstanden om at nærvær av TECP spesifikt provar klorgass. Men det eg kan seie, er at eg vart gitt ein studie frå 1992 kalla «Determination of environmental caused chlorophenol levels in urine of the general population». TECP er ein klorfenol, og det denne studien seier, er at desse klorfenolane, inkludert TECP er «bestanddelar av urin i den normale befolkninga». Så påstanden om at nærværet av TECP spesifikt betyr at klorgass er brukt, trur eg sanneleg kan diskuterast, når same klorfenol kan finnast i urin.

Når en organisasjon som skal avdekke ulovligheter begynner med hemmelighold begynner det å lukte ubehagelig.

Vi går over til eit anna nøkkelområde av toksikologien, tilbake til tyskarane si vurdering, som av uforklarte årsaker vart halden hemmeleg. Legg merke til at tyskarane ikkje var dei første ekspertane som reiste tvil om at klorgass var brukt i Douma. Den aller første eksperten som ope reiste tvil, kjem frå OPCW sjølv. Namnet hans er professor Alastair Hay.  Han er toksikolog. På den tida Douma-hendinga inntraff, var han medlem av OPCW sitt Education and Outreach board.  Han er høgt dekorert. Han har mottatt [den såkalte] prisen OPCW-The Hague award for sitt bidrag til Konvensjonen om kjemiske våpen. Og den 10. april, 2018 vart han intervjua av The Washington Post om hendinga i Douma, der han sa dette:

«Det er berre kroppar stabla opp som er så skrekkeleg. Der er små barn med skum rundt nasa og ein gut med skum på munnen. Det liknar mykje, mykje meir på ei nervegift-eksponering enn klor. Klor-offer greier vanlegvis å kome seg ut og til ein stad der dei kan få behandling. Nervegifter drep ganske momentant.»

Men i Douma har offera «stort sett døydd der dei var då dei inhalerte gifta. Dei har berre falle døde om.» Derfor er hendinga, konkluderte Hayes, «ganske så overeinsstemmande med eksponering av typen nervegift.» Og som eg sa tidlegare: Nokre veker seinare, då OPCW konsulterte desse ekspertane i Tyskland, gjekk dei endå lenger og utelukka klor-eksponering. 

Så no får vi ITT sin respons på alt dette, forsøket deira på å tilby eit mot-narrativ. Dei hevda å ha bragt inn ein «uavhengig ekspert-toksikolog som ikkje var involvert i tidlegare vurderingar av hendinga». Vel, først av alt så reiser dette eit openlyst spørsmål. Korfor ikkje konsultere dei toksikologane som var involverte i tidlegare vurderingar av hendingane? ITT sitt mandat er jo basert på funna til Fact-Finding Mission.  Vel, som tidlegare nemnt, fakta-finnings-misjonen fekk vite av tyske toksikologar at klor ikkje stemde overeins med symptoma til Douma-offera. Fakta-finnings-misjonen høyrde også frå fem nye erstatnings-toksikologar, og vi veit ikkje kva dei sa, for OPCW sa det aldri til oss, men korfor ikkje konsultere dei? Og inga forklaring vart gitt på korfor vi burde stole på denne nye toksikologen – ein antatt uavhengig toksikolog – framfor alle dei andre toksikologane som før var konsulterte. Det blir det ikkje sagt noko om.

Denne nye toksikologen feller dommen at offera sine symptom etter deira syn stemmer overeins med klorgass. Men ingen bevis blir lagt fram som kan svare på nøkkelproblemstillinga som dei tyske toksikologane reiser, nemleg at symptoma til Douma-offera ikkje samsvarer med klorgass, inkludert den veldige skumminga rundt munnen. Det er ikkje gjort noko forsøk på å adressere det. Faktisk finn du, om du les ITT-rapporten, ingen plassar der den nye ITT-toksikologen i det heile tatt nemner den veldige skumminga rundt munnen, som dei tyske toksikologane merka som eit hovudspørsmål. Og ingen plass seier denne toksikologen at dei symptoma, særleg den veldige skumminga rundt munnen, samsvarer med klorgass. Det spørsmålet er berre rett og slett ignorert. Plutseleg har denne nye toksikologen inga meining om det. Men denne nye toksikologen fortel oss at skumminga rundt munnen ikkje samsvarer med støveksponering, som er ein rar ting å seie. For det første er det svært openlyst, er det ikkje? Ingen ville tru at støv kunne forårsake sterk skumming rundt munnen. Men det er også totalt irrelevant. Ingen anklagar Syria på å ha sleppt ei støvbombe på Douma, eller bomber som skapte støv som så førte til skumming rundt munnen. Mordvåpenet her skal vere klor. Korfor kan ikkje ITT sin nye toksikolog – som erstattar alle dei andre – fortelle oss om det stemmer eller ikkje at symptoma til offera, og særleg den kraftige skumdanninga, samsvarer med klorgass-symptom? I den grad IIT seier noko om symptoma til Douma-offera, har dei plukka ut slike symptom som svimmelheit og hoste, som stemmer overeins med klor, og ikkje dei symptoma som dei tidlegare toksikologane sa mangla samsvar. Desse symptoma blir ikkje omtalte av ITT, og dét er endå ei skrikande utelating.

Så, la meg avslutte med eit sitat frå José Bustani, som vart nekta retten til å tale til Rådet, grunnleggar-generaldirektøren. I erklæringa hans leverte til Rådet, som han vart hindra i å legge fram, sa han:

«Dei dissenterande inspektørane hevdar ikkje dei har rett, men dei ønsker verkeleg å få ei rettvis høyring. Eg ber respektfullt om at de gir dei den sjansen. Viss OPCW er trygge på integriteten til etterforskninga si og at det vitskapelege arbeidet deira om Douma er robust, så har dei lite å frykte frå ei høyring av inspektørane sine. Men dersom påstandane om hemmeleghald av bevis, selektiv bruk av data, ekskludering av nøkkeletterforskarar med meir ikkje er grunnlause, så er det berre endå viktigare at spørsmålet blir handsama raskt og ope.»

Og forresten, denne retten til å høyre frå dei dissenterande inspektørane står svart på kvitt i Konvensjonen om kjemiske våpen sitt Verification Annex, som seier at alternative meiningar har rett til å bli høyrd. Korfor har desse andre meiningane ikkje blitt gitt retten til å bli høyrd i Douma-saka?

Herr Bustani understreka kor viktig det er for OPCWs eigne integritet og ry å adressere denne skandalen, at den einaste måten ein kan gjenopprette OPCW sitt gode namn og rykte på, er å høyre kva desse dissenterande inspektørane har å seie. Og dessutan ikkje berre dei dissenterande inspektørane, men også alle dei opprinnelege medlemmane av Douma-teamet. Mange av dei vart tatt ut av saka kort etter at teamet returnerte frå Syria, og erstatta av folk som aldri hadde sett sin for i Syria.

Så eg vil be dei medlemsstatane som har blokkert herr Bustani frå å tale, sidan han ikkje vart gitt retten til å tale her. Eg vil gjerne spørje dei, særleg USA, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, eg spør dykk i dag: vil de støtte kravet til herr Bustani, OPCWs aller første generaldirektør, om å høyre på ikkje berre dei to dissenterande inspektørane som vi kjenner til, men alle dei opprinnelege medlemmane av Douma-teamet, alle som drog til Syria for denne etterforskinga, alle saman? Vil de støtte førespørselen til OPCWs generaldirektør om å sitte ned med dei, forvisse dei om at det ikkje vil få politiske etterverknadar og gi dei ein sjanse til å lufte sine bekymringar? Det er spørsmålet mitt til dei delegasjonane frå USA, Storbritannia, Frankrike og Tyskland, dei som førte an i blokkeringa av taleretten til hr. Bustani.

Dette er sentralt for spørsmålet om OPCW sin integritet. Men eg trur, og det er det viktigaste, dette er sentralt for å få løyst spørsmålet om kva som skjedde i Douma. For det er no nesten fem år sidan den forferdelege hendinga, dei forferdelege bilda av alle dei døde kroppane, og den internasjonale vaktbikkja som granska hendinga har halde hemmeleg sine eigne funn om hendinga og late desse dødsfalla forbli uoppklarte.

Og så lenge OPCW held fram med å undertrykke vitskapen, blir det inga rettvise for Douma-offera og familiane deira. Eg ber dykk i dag innstendig om å hjelpe til med å gjenopprette tilreknelegheita til OPCW og hjelpe til med å bringe rettvise til Douma-offera og familiane deira.

Takk.

https://mate.substack.com/p/aaron-mate-at-un-opcw-cover-up-denies

https://www.voltairenet.org/article219073.html

Forsidebilde: Anita Jankovic

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Det vi kan se er at løgner ble satt ut i media for å begrunne både amerikansk krigføring i Vietnam.
    Angrepet på Irak.
    Angrepet på Afghanistan
    Angrepet på Libya.
    For å nevne noen få, i nyere tid.

    Ingen av disse løgnene er det tydligvis interessant å avsløre for vårt media. Selv om det burde generere mange klikk & penger.
    – For det er ikke vårt media. Eierne er de samme som løgnerne.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Jan Hårstad:

Vil den norske «venstresiden» redde den norske kapitalismen fra seg selv?

Forrige innlegg

Ukrainakrigen.

Har vesten og den ukrainske regjeringen noe ansvar for krigen?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.