POSTED IN USA

Dimitry Orlov:

USA-imperiet kollapser fort.

Men det må skje forsiktig.

3 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Dette innlegget ble offentliggjort høsten 2018. Utviklingen etter den tid bekrefter dessverre poenget i det Orlov skriver. USA isolerer seg i økende grad internasjonalt og svekkes også, bl.a. som følge av en varig indre konflikt i dypstaten.

Årsaken til de økende spenningene i og rundt USA skyldes en rekke forhold som er komplekse og sammenvevete. Generelt kan en si at imperier før eller siden vil kollapse slik all historie viser. Ingen ting varer evig. Nå er det USAs tur.

Knut Lindtner

Det suisidale amerikanske imperiet kollapsar raskt, men om det skulle døy no ville det forårsake uakseptable biverknader

Det er grunnen til at landets undersåttar, og sjølv rivalar, er tvungne til å no prøve å halde det flytande.

av Dmitry Orlov

Mykje av åtferda maktposisjonar i USA viser som verkar ueinsarta og merkeleg. Vi ser Trump som legg sanksjonar på land etter land, i håp om å slette USA sitt strukturelle handelsunderskot i forhold til resten av verda.Vi ser nesten heile Kongressen kappast om å legge dei strengaste sanksjonane på Russland. Folk i Tyrkia, eit viktig NATO-land, bokstaveleg talt brenn US dollar og knusar iPhone’ar i raserianfall over urettvis behandling. Konfrontert med ein ny type russiske og kinesiske våpensystem som langt på veg nøytraliserer USA si evne til å dominere verda militært, set USA nye rekordar i storleiken på sine allereie uhyre oppblåste – men klart ineffektive – forsvarsutgifter. Som eit bakteppe for denne sanselause foringa av militære kontraktørar, gjer Taliban stadige framsteg i Afghanistan, kontrollerer no over halvparten av territoriet, og gjer seg klare til å sette ugyldigheitsstempel på denne Amerikas lengste krig, som ei gjentaking av Vietnam. Stadig fleire land blir innstilte på å ignorere eller kompensere for US-amerikanske sanksjonar, særleg sanksjonane mot iransk oljeeksport. På eit talande tidspunkt har Russlands finansminister nyleg erklært US dollar for «upåliteleg». I mellomtida galopperer den US-amerikanske gjelda vidare oppover, med den største gjeldsoppkjøparen omtalt som ein mystisk, kanskje heilt ikkje-eksisterande «Andre».

Sjølv om alt dette kan sjå ut som uttrykk for mange ulike tendensar i verda, trur eg alt kan kokast ned til éin ting: USA – overherren av verdsimperiet – som står på ein avsats og truar med å hoppe, medan undersottane – altfor mange til å nemne – står nedanfor og skrik «Ver så snill, ikkje hopp!» Utan tvil ville fleirtalet blant dei ikkje ha det minste imot å sjå overherren falle og bli smurt utover fortauet. Men her er hovudpoenget: dersom dette skulle skje i dag, ville det forårsake store negative politisk og økonomisk konsekvensar rundt om i verda. Betyr dette at USA ikkje kan unnverast? Nei, sjølvsagt ikkje, ingen er uunnverleg. Men å gjere unntak for dei vil ta tid og energi, og medan den prosessen går sin gang vil resten av verda måtte halde dei kunstig i live, uansett kor uhensiktsmessig, idiotisk og nedverdigande det kjennest.

Kollapsen må skje kontrollert for å forhindre store skadevirkninger.

Det verda lyt gjere, så snart som råd, er å demontere imperiet sitt sentrum, som ligg i Washington politisk og militært, og i New York og London finansielt, medan dei prøver på eitt eller anna vis å redde imperiumsprinsippet. «Kva for noko? Er ikkje imperialisme eit vonde?» Javel, men imperier gjer at ein kan produsere effektivt og spesialisert, og drive uhindra handel over store avstandar. Imperier gjer allslags vonde ting – til og med folkemord – men dei gir også eit jamstilt spelefelt og ein metode til å hindre at småplager eskalerer til stammekonfliktar.

Romarriket, deretter Bysants, deretter Den tartarske/mongolske gylne horde, deretter osmanarane bidrog alle med desse to essensielle tenestene – uhindra handel og tryggleik – i byte mot ein viss grad av konstant rov og plyndring og nokre tilfelle av minneverdige folkemord. Det tartarske/mongolske imperiet var det overlegent mest straumlineforma: dei berre kravde «jarlyk» – hyllest – og knuste kvar ein som forsøkte å stige til nivå der dei ville blitt vanskelege å knuse. Det amerikanske imperiet er noko meir nyansert: dei bruker US dollar som eit våpen til å med jamne mellomrom ekspropriere oppsparte midlar frå rundt om i verda, ved å eksportere inflasjon og samtidig utslette alle som prøver å sno seg unna US$-systemet.

Alle imperier følger ei bestemt bane. Med tida blir dei korrupte, dekadente og avkrefta, og dei kollapsar. Når dei kollapsar, finst det to vegar å gå. Éin er å traske gjennom ein millenniumlang mørk tidsalder – som vest-Europa gjorde etter at det vestre romerske imperiet kollapsa. Ein annan er at eit anna imperium – eller eit sett med samarbeidande imperier – tar over, slik det skjedde etter at det osmanske imperiet kollapsa. Du tenker kanskje at det finst ein tredje veg: med små nasjonar som søtt samhandlar og driv vellykka samarbeid på internasjonale infrastrukturprosjekt som tener fellesskapet. Eit slikt prosjekt kan vere mogleg, men eg hellar mot å ha eit mistenksamt syn på vår apeliknande natur.

alle imperier kollapser – før eller siden.

Vi kjem utstyrt med ApeHjerne 2.0, som har nokre innebygde funksjonar som er svært nyttige for imperialismen, saman med ei viss støtte til nasjonalisme og organisert religion. Desse kan vi stole på; alt anna skulle vere enten ei gjentaking av eit mislykka eksperiment eller ein utesta innovasjon. Visst, la oss innovere, men innovasjon tar tid og ressursar, og det er nett dei to tinga som no manglar. Det vi har er eit permanent overskot av revolusjonære: om dei får det på sin måte bør ein sjå opp for eit terrorvelde følgd av ein etterkomar av Bonaparte. Det er det som skjer kvar gong.

For at du ikkje skal tru at USA ikkje er eit imperium – eit kollapsande eit – overveg følgande. Det US-amerikanske forsvarsbudsjettet er større enn dei nestfølgande ti landa sine – kombinert – men likevel greier ikkje USA å få overtaket på det militært sett knøttvesle Afghanistan. (Det er fordi store delar av forsvarsbudsjettet deira på trivielt sett er stole.) USA har kring tusen militærbasar, i alt vesentleg har dei garnisonar over heile planeten, men med ukjend effekt. Dei gjer krav på heile planeten som sitt herredøme: uansett kor du drar må du framleis betale USA inntektsskatt, og du ligg framleis under USAs lover. Dei kontrollerer og manipulerer regjeringar i tallause land rundt om i verda, alltid med målsetning om å gjere dei om til satrapiar [stattholdarembete] styrde frå USA sitt ambassadekompleks, men med resultat som strekk seg frå uprofitable til pinlege til dødelege. Dei mislykkast no på nesten alle desse tinga, og truar heile planeten med sin dårleg tima bortgang.

Det vi er vitne til, på alle nivå, er ei slags utpressing: «Gjer som vi seier, elles blir det ikkje noko meir imperium for deg!» Den US-amerikanske dollaren vil forsvinne, internasjonal handel vil stoppe opp, og ein mørk tidsalder vil senke seg og tvinge alle til eit slit i skiten i tusen år, medan dei er nedsunkne i gjørma av gagnlause, endelause konfliktar med nabostammar.

Kan vi risikere en ny middelalder hvis USA-imperiet kollapser for fort? Maleri av Bassano Francesco.

Ingen av dei gamle metodane for å oppretthalde den imperiale dominansen virkar; alt som blir attende er trusselen om å falle ned og etterlate seg eit gigantisk kaos som resten av verda vil måtte handsamast med. Resten av verda har no som oppgåva å raskt skape ein situasjon der imperiet USA trygt kan få dødsstøyten, utan at det medfører uheldige sideverknadar – og dét er ei svær oppgåve, så alle blir nøydde til å prøve hale ut tida.

Det føregår mykje militær posering, og politiske provokasjonar førekjem heile tida, men desse er sideshow som er i ferd med å bli ein luksus ein ikkje har råd til: det finst ingenting å vinne på desse metodane, men rikeleg å tape. I hovudsak står striden om pengar. Det finst mykje pengar å tape. Det totale handelsoverskotet til BRICS-landa i forhold til Vesten (USA+EU, hovudsakleg) er på over ein billion dollar i året. SCO – ei anna gruppering av ikkje-vestlege land – kan legge fram nesten same tal. Det er talet på produkt desse landa produserer som dei no ikkje har ein indre marknad for. Om Vesten skulle dunste bort over natta, ville ingen kjøpe desse produkta. Russland aleine hadde i 2017 eit handelsoverskott på $116 milliardar, og i 2018 har dette så langt vakse med 28,5 %. Kina aleine genererte i sin handel med USA aleine $275 milliardar i overskott. Sleng inn nye $16 milliardar for handelen deira med EU.

Det kinesiske handelsoverskuddet er på langt nær stort nok til å kunne kompensere et sammenbrudd i USA-økonomien.

Dette er store tal, men dei er ikkje på langt nær store nok dersom prosjektet er å bygge eit globalt imperium til å erstatte USA+EU på ein tidsrett måte. Dessutan finst det ingen overtakarar. Russland er ganske nøgd med å ha kasta av seg sine tidlegare sovjetavhengige, og er no engasjerte i å bygge eit mangesidig internasjonalt system med styringa basert på internasjonale institusjonar som SCO, BRICS og EAEU. Ei mengd andre land er svært interesserte i å slå seg saman i slike organisasjonar: no sist har Tyrkia uttrykt interesse for å gjere BRICS om til BRICTS. Eigentleg er no alle dei post-koloniale nasjonane rundt om i verda nøydde til å bytte bort noko av sin nyvunne fridom. Stillinga som Eineståande Global Overherre vil sannsynlegvis ikkje få kvalifiserte søkarar.

Det alle ser ut til å ønske seg, er eit audmjukt, låg-kostnad globalt imperium, utan all korrupsjonen, og med mykje mindre av livstruande militarisme. Dette vil ta tid å bygge, og ressursane til å bygge det kan berre kome frå éin plass: frå å gradvis blodtappe USA+EU tørre. For å klare dette må hjula til den internasjonale handelen halde fram med å spinne. Men det er nett dette som alle dei nye tollsatsane og sanksjonane, sabelraslinga og dei politiske provokasjonane, prøver å forhindre: eit skip lasta med soya går no i ring i Stillehavet utanfor kysten til Kina; stålbjelkar rustar i hamnene i Tyrkia …

Sammenbruddet vil komme.

Men det er tvilsamt om desse forsøka vil virke. EU har innsett for seint kor skadeleg det har blitt å vere så avhengig av Washington, og dei vil trenge endå meir tid til å finne måtar å fri seg på, men prosessen har tydelegvis starta. For sin del blir Washington drive av pengar, og ablegøyene dei no held på med kjem helst til å gjere pengemangelen større raskare enn det elles ville – dei som står i ferd med å tape mest, vil få Washington til å føle deira smerte, og dei vil tvinge fram ei kursendring. Som resultat vil alle presse på i same retning: mot ein langsam, stødig, kontrollert imperiumskollaps. Alt vi kan håpe på, er at resten av verda greier å kome saman og bygge i det minste plattforma til ei fungerande imperiumserstatning i tide, for å unngå å kollapse inn i ein ny mørk tidsalder.

Omsett av Monica Sortland

https://russia-insider.com/en/suicidal-american-empire-collapsing-fast-its-death-now-would-cause-unacceptable-collateral-damage

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

3 kommentarer. Leave new

  • Ola Henriksen
    30 august 2018 21:33

    En kollaps , enten det er for USA eller andre stormakter, er en kollaps for et økonomisk system. La det dø.
    Om det er Russland eller Kina som vil overta styringen over verden, etter eventuelt USA og dollarens kollaps. La de dø.
    – Som stormakter, – hvis de har ønske om kontroll over frie nasjoner.

    Norge kan bli fri, enten det er fra den ene eller andre stormakten. Enten bakmennene som bruker jødedommen og verdensvaluta-våpenet griper eller har tatt grepet om den økonomiske makten i en en ny stormakten eller ikke. ( Som i Russland, England eller Nederland tidligere.)
    – Hvis vi styrer kontrollen over vår valuta, rentene og våre byttemidler sjøl. Og sørger for en politikk som brødfør den befolkningen vi ser at vi kan greie i Norge med hav, beiter, og jordbruksareal.
    Og sørger for å bygge opp den hjemmeindustrien og eksportindustrien, boliger, veier og utdanning vi ønsker og har gode forutsetninger til. Uavhengig av penge/valuta-triksing fra bakmennene uten land-tilknytning, – men som kaller seg utvalgte.
    Og ved at vi ser at penger/valuta kun er byttemidler/tall uten egenverdi for Norge som nasjon. At det er nasjonens kompetente arbeidskrefter som er en nasjons gull/ pensjonsfond.
    Vi kan samhandle med andre frie nasjoner til felles materiell effektivitet og glede, hvis det er nødvendig. Ikke for pengene, men den effektive produksjonens skyld. Produksjonssamarbeid, ikke handelskrig. Målet bør være så stor arbeidsledighet/frihet som mulig for frie nasjoners innbyggere. Ikke pengekamp/klassekamp og konstruerte motsetninger.
    La verdens stormakter kollapse, hvis de med å være stormakt mener å være store for å undertrykke, ikke hjelpe ( ikke tjene , men tjene på ) verden.
    Så kan Norge, med egne arbeidskrefter, i stolthet og forutsigbarhet , bygge videre velstand og kultur..- Som alle frie nasjoner bør og har muligheter til. Enhver etter egen kultur/sinnelag og geografiske muligheter.

    Svar
  • Wasan Totland
    31 august 2018 0:48

    eit skip lasta med soya går no i ring i Stillehavet utanfor kysten til Kina; stålbjelkar rustar i hamnene i Tyrkia …

    Få skipet hit. Bøndene manglar for!

    Svar
  • Orlov beskriver en kommende kollaps, men gir lite i form av hva burde gjøres mot disse syklusene med vekst og kollaps.
    Imperier rakner om de heter USA, FN, EU eller NATO. Eller Russland/Kina for dens saks skyld. Globalistene som har ødelagt vesten fra innsiden prøver helst sikkert febrilsk å få innpass i de to sistnevnte.
    Vi må tilbake til etnostaten. Ingen bønn. Og de internasjonale hyenene må i forvaring. Dere vet hvem de er.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Covid-19 tiltakene:

Det vil komme en større politisk endring i etterkant.

Forrige innlegg

Spillegalskap er den nye epidemien.

Eller er det en fattigmannskatt?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.