Omikron: Vi åtvara dykk at Covid-farsen aldri ville ta slutt
Av Brandon Smith, Alt-Market.us. Omsett av saksyndig.
Hugsar de då Anthony Fauci og andre statslønte medisinske «profesjonelle» sa at amerikanarar måtte ta på seg munnbind og halde seg heime i to veker for «å slå ned smitten» til Covid-pandemien? Hugsar de då dei kom tilbake to veker seinare og sa at dei trong eit par veker til? Hugsar de korleis dei roa ned nedstengingar lite grann og deretter kom tilbake og gravde fleire? Hugsar de i 2019 då folk ikkje sat og skalv i sine eigne heimar og gøymde seg bak munnbind for eit virus med ein gjennomsnittleg infeksjonsdødelegheitsrate (IFR; engelsk infection fatality rate) på berre 0,27%? Hugsar de det?
Heilt i byrjinga av pandemiresponsen åtvara eg og mange andre i alternative media at forskriftene og nedstengingane aldri kom til å ta slutt; dei var meint å halde fram til evig tid. Eg føresåg dette basert på ytringar gjort av sjølve globalistane og institusjonane som skreiv manuskripta til Covid-responspolitikken for nasjonale regjeringar. I artikkelen min Waves of Mutilation: Medical Tyranny and the Cashless Society publisert i April 2020, trekte eg fram kommentarar av globalist Gideon Lichfield frå MIT basert på materiale publisert av Imperial College i London. I artikkelen med namn We’re not Going Back to Normal skildrar han verdas framtid under Covid sitt medisinske tyranni:
«For å stoppe koronaviruset må vi radikalt endre nesten alt vi gjer: korleis vi arbeider, trenar, sosialiserer, handlar, tek vare på helsa vår, utdannar barna våre, tek oss av familiemedlemmar. Vi ønskjer alle at ting går tilbake til normalen raskt. Men kva dei fleste av oss truleg ikkje har innsett enno – og snart vil gjere – er at ting ikkje vil gå tilbake til normalen etter nokre veker, til og med ikkje etter nokre månader. Nokre ting vil aldri.»
Han held fram:
«So lenge nokon i verda har viruset, kan og vil utbrot skje dersom det ikkje er streng kontroll for å halde dei tilbake. I ein rapport frå i går føreslo forskarar ved Imperial College London ein måte å gjere dette på: innføre meir ekstreme tiltak rundt sosial avstand kvar gong innleggingar på akuttmottak aukar, og trekkje dei tilbake kvar gong talet innleggingar går ned…»
Lichfield argumenterer:
«Til sjuande og sist spår eg derimot at vi vil gjenopprette evna til å sosialisere trygt ved å utvikle meir sofistikerte måtar å identifisere kven som er ein sjukdomsrisiko og kven som ikkje er det, og diskriminere – lovleg – mot dei som er.»
… ein kan førestelle seg ei verd der ein, for å sleppe om bord på eit fly, kanskje må abonnere på ei teneste som sporar bevegelsane dine via mobilen din. Flyselskapet vil ikkje kunne sjå kor du har vore, men det vil få ein alarm om du har vore i nærleiken av kjende smitta menneske eller smitteutbrotsstader. Det vil vere liknande krav for å kome inn på store innandørsfasilitetar, statlege bygningar, eller offentleg transport. Der vil vere temperaturskannerar overalt, og arbeidsplassen din vil kunne påleggje deg å gå med ein monitor som sporar temperaturen din eller andre vitale teikn. Der nattklubbar spør om legitimasjon, vil dei i framtida spørje om dokumentasjon på immunitet – eit identitetskort eller ei form for digital verifisering via mobilen din, som viser at du har allereie blitt frisk av, eller blitt vaksinert mot den siste virus-stammen.»

To år seinare (i staden for to veker) held Covid-farsen fram. Med farse meiner eg at viruset ikkje er ein helserisiko for det store fleirtalet av folket, men regjeringar og media held fram med å propagere frykt over eksistensen til det medan dei prøver å tvinge folk til å akspertere eksperimentelle vaksinar med ingen langtidstesting som viser at dei er trygge. I nesten kvart einaste land der folk for det meste har blitt fråtekne våpen eller kvart land med ein minimal risiko for opprør, skundar dei Covid-totalitære seg med å stele kvart fnugg av makt før folket blir klar over kva som skjer.
_______________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
_______________________________________________________________________
Eg kan leggje ut i det lange og det breie om det store fjellet av vitskaplege fakta og bevis som fullstendig falsifiserer Covid-panikken, men eg har allereie gjort dette i fleire artiklar. Eg kan snakke om det faktum at 99,7% eller meir av folket ikkje står i fare for å døy av Covid og at berre ein ørliten prosentdel av dei som er sjukehusinnlagt med Covid har langtids-helsebiverknader. Eg kan nemne det faktum at land med høg vaksinasjonsdekning som Israel eller Irland òg har dei høgste infeksjonsratene og mange dødsfall blant fullvaksinerte. Eg kan òg nemne at naturleg immunitet har blitt bevist i studiar i fleirtalsvaksinerte land å vere overlegent på kvar måte i forhold til vaksinasjon. Dei autoritære ønskjer ikkje å høyre det.
I New Zealand og Australia, som ein tidlegare rekna som bastionar for vestleg demokrati og fridom, blir borgarar no utsett for nedstengingar på grunn av byråkratars innfall ved fyrste teikn på ein positiv PCR-test. Eg har sagt i fleire månader at dersom du ønskjer å sjå framtida som etablissementet har som føremål for amerikanarar, treng du berre sjå til land som Australia der dei faktisk byggjer Covid-fangeleirar drivne av militæret. Folk har til og med blitt arrestert då dei prøvde å rømme frå desse leirane. Nei, dette er ikkje ein konspirasjonsteori, dette er fakta.
I desse leirane er du fullstendig underlagt statleg kontroll. Som kvart eit fengsel, gjev dei deg mat når dei ønskjer, dei legg føringar på bevegelsane dine, dei isolerer deg frå venner og familie, osv. Tida di i leirane kan til og med bli «forlenga» av administratorane utan oversyn dersom dei vurderer deg som «ulydig». Det stemmer, det handlar ikkje om kor smittefarleg du er, det handlar ikkje om vitskap, det handlar om kor mykje du underkastar deg.
Og det er verkeleg alt Covid-pandemiresponsen nokosinne har handla om.
Sjå på ein nasjon som Austerrike, som har 65% vaksinasjonsgrad og stadig høgare smittetal. Dei bestemte seg for å leggje skulda på uvaksinerte, so dei påla alle som ikkje hadde bevis på vaksinering å underkaste seg nedstenging. Etter det steig smittetal og dødsfall endå meir. So, i staden for å innrømme den openberre og logiske konklusjonen (at vaksinane ikkje fungerer, eller i det minste, at nedstengingar ikkje fungerer), so beordra dei nedstenging for alle. Kvifor? For å gøyme det faktum at dei uvaksinerte ikkje er problemet.
For å vere klar, den fyrste auken som kravde nedstenging i Austerrike kom opp i rundt 300 dødsfall, størstedelen blant eldre. I Austerrike utgjer sjukeheimspasientar rundt 36% av alle Covid-dødsfall. For å vere klar, eliminerer dei fridommen til ni millionar menneske og kveler økonomien for ein auke på 300 dødsfall. Folk døyr kvar dag i store tal frå ei rekkje smittsame sjukdommar. Dette er livsfakta, det er ikkje noko som skal brukast som eit politisk og sosialt våpen.
For å dra ting lenger, trugar Austerrike no òg med eit lovforslag om vaksineplikt som opnar for bøter og fengsel for uvaksinerte. Vaksinestatus vil bli avgjort av staten og oppfriskningsdoser vil bli kravd når som helst. Berre fordi du er fullvaksinert no tydar ikkje at du vil bli rekna som fullvaksinert i morgon. Det vil aldri ta slutt.
Data viser at vaksinasjon gjer ingenting for å saktne smittetal eller dødsfall; det var fleire Covid-dødsfall i 2021 enn i 2020 trass utbreitt vaksinasjon i år. Det vil seie, vaksinasjon vart introdusert i år og likevel var det fleire Covid-dødsfall enn i fjor. Er ikkje det merkeleg?
Hovudstraumsmedia påstår at dette no er «dei uvaksinerte sin pandemi». Eg trur dei burde fortelje dette til dei fleire tusen fullvaksinerte menneska som blir smitta, og dei fleire hundre som døyr i delstatar som Massachusetts der dei faktisk sporar gjennombrotstilfelle. Sjølvsagt lovpriser media framleis vaksinane trass slike bagatellmessige detaljar.
Dersom vaksinane faktisk fungerte, ville det ikkje vere behov for vaksineplikt. Dei vaksinerte ville vere beskytta og dei uvaksinerte tek den individuelle risikoen. Covid-sekta ser ikkje ut til å fatte logikken her – anten er vaksinane effektive og ein treng ikkje gjere dei obligatoriske, eller dei er ikkje effektive, noko som dermed gjer det meiningslaust å gjere dei obligatoriske.
Men igjen, logikk og vitskap er ikkje poenget – kontroll er poenget. Det er eit uendeleg rasjonale for evig kontroll. Det vil aldri ta slutt.
Realiteten er at Covid-agendaen ikkje har vore effektiv i det heile om vi ser på det store biletet. Dersom målet er 100% vaksinasjon og evige vaksinepass-kontrollar som bruker jamnlege oppfriskingsdoser som ein dominerande mekanisme på sikt (medisinsk tyranni), so har planen so langt mislykkast. Nokre land har falle inn i den lange Covid-vinteren, men mange andre har ikkje det. Nesten kvar einaste konservative delstat i USA er i komplett opposisjon til forskriftene, og føderale domstolar har blokkert Joe Biden sitt forsøk på å gå rundt Grunnlova. Dersom raude delstatar i USA held skansen, gjev dette håp til andre. So, kva er tilbake for etablissementet sine makttjuvar å gjere?
Det er enkelt… Dei gjer berre meir av det same.
Og dermed kjem omikron-varianten inn i biletet, noko vi «konspirasjonsteoretikarar» har åtvara om dei siste to åra. Dette er venleiken til pandemi-forteljinga når det er snakk om å byggje opp eit globalt totalitært regime; virus endrar seg alltid og nye virus kan til og med bli laga dersom det trengst. Difor finst der alltid ein ny trugsel som ein kan skremme folket med og alltid ein ny grunn til å stengje dei inne i sine eigne heimar og krevje at dei gjev opp meir av fridommane sine. Det er ein endelaus vampyr-sirkel som sakte tømmer folket for fridom.
Sjå bort frå det faktum at legane som oppdaga omikron i Sør-Afrika har kalla det ein mild variasjon av Covid og ikkje ein betydeleg trugsel mot folket. Dette gjev fullstendig meining. I det store fleirtalet av pandemiske scenario, har virus tendens til å utvikle seg til litt meir smittsame, men mykje mindre dødelege utgåver av originalen. Men det stoppar ikkje media og statens vitskapsfolk frå å jamre i veg om mordariske omikron og til og med føreslå at denne gongen «kan» Covid utvikle seg til å bli meir dødeleg, snarare enn mindre.
Dette må gjerast. Dei har ingenting igjen og dersom dei taper mot Covid, taper dei eit av dei beste høva dei nokosinne har hatt for sentralisert kontroll over nesten kvart einaste individ på jorda.
Covid-frykta svinner hen. Fleire hundre millionar menneske er ikkje viljuge til å gje opp fridommane sine på grunn av ein overdriven og farseaktig pandemi med ein IFR på 0,27%. Mange vaksinerte kjempar mot forskriftene saman med uvaksinerte. Dei fleste av oss er ikkje dødeleg overvektige. Dei fleste av oss er ikkje 80-årige sjukeheimspasientar. Dei fleste av oss har ikkje underliggjande tilstandar. Desse faktorane utgjer alle fleirtalet av Covid-dødsfall. Mange av oss har allereie hatt Covid og lett overlevd det, noko som tydar at vi har naturleg immunitet som er 13-27 gonger meir effektiv i å stoppe framtidig smitte enn vaksinane. Utan meir overdriving og fleire variantar, stoppar festen til globalistane, og dei likar ikkje den tanken i det heile.
Dersom folket får trekkje hovuda sine ut av denne propaganda-tåka ein augneblink og summe seg, kan dei innsjå at dei har blitt mål for ein massiv terrorkampanje. Dei kan bli rasande. Dei kan krevje etterforsking. Dei kan til og med krevje hovuda til enkelte globalistar. So, gjer dykk klare for at omikron kjem til å vere del av overskriftene i fleire månader framover, og so den neste mutasjonen, og den neste mutasjonen og mutasjonen etter det igjen. Globalistane og dei politiske opportunistane vil halde fram teateret fram til dei får viljen sin, eller fram til dei er fjerna fullstendig frå reknestykket. Det vil aldri ta slutt, med mindre dei tek slutt.
Forsidebilde: Karsten Winegeart
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 788 ganger.
4 kommentarer. Leave new
Den egentlige grunnen for korona tvangsvaksinering er at de er NØDT til å vaksinere alle for å skjule skadevirknigene av vaksinene… Uvaksinerte er en stor trussel for makta i form av at de er beviset for at vaksinene ikke fungerer og tvert om gjør mer skade enn nytte. Makta har nå panikke for de vet oppgjøret som kommer hvor de risikerer å bli straffet for GROVE forbrytelser mot menneskeheten og alle som har hvert involvert i korona hysteri korrupsjons skandalen rissikerer rett å slett dødstraff…
Vil anbefale de som har mulighet å se gårsdagens sending; https://corona-ausschuss.de
Session 82 , Dr Shankara Chetty ca 2:20
Tema er Corona og Omnikron osv
Eksperter fra Verdens helseorganisasjon (WHO) mener at det ikke er behov for panikk for Omikron, og at denne varianten av Covid varianten er «supermild». De bruker betegnelsen supermild, så mild at det er ikke nok å kalle den mild, de legger til adjektivet super.
Covid har en generell overlevelsesrate på 99, 85%, fordelt på aldersgrupper: For de under 19 år, 99,997%, for de fra 20-49 år 99,8%, for de fra 50-69 år 99,5%, og for de over 70 år 95%. Altså ikke farligere enn en alminnelig sesonginfluensa, da må en kunne si at Covid er avgjort mild og definitivt ikke en trussel mot folkehelsen. Dermed har nedstengninger, munnbind, sosialdistansering, mRNA-injeksjoner og vaksinepass for Covid-19 ikke vitenskapelig eller medisinsk grunnlag.
Når Omikron kalles supermild i forhold til Covid, da må overlevelsesprosenten være tilnærmet 100%, likevel fortsetter storkapitalens presse og media med den samme skremselspropagandaen som for Covid. «4 tilfeller av Omikron i Bergen», uten å si at den er altså helt ufarlig for nærmere 100% av befolkningen.
Nyhetsankerne i NRK Dagsrevyen og TV2 nyheter er journalister, de forbereder sakene de presenterer og er en del av redaksjonen og dermed medansvarlig for det nyhetsbildet de presenterer. Har de ikke fått med seg at det er eksperter fra Verdens Helseorganisasjon (WHO) som har uttalt at Omikron er supermild? Som journalister i disse tider så skal de vel daglig lese publikasjoner og uttalelser fra WHO eksperter?
Vestlig presse opptrer som de var et PR-byrå for selskapene som fremstiller mRNA-injeksjonene kalt vaksiner. For nye lesere, vestlig presse og media har samme finansielle eiere som legemiddelindustrien, de enorme kapitalforvaltningsselskapene som investerer pengene til verdens rikeste mennesker, selskaper og fond, som tjener astronomiske summer på den konstruerte pandemien.
Det trengs ikke vaksiner for virus med overlevelsesprosent på over 99 prosent, det beste er at slike virus får spredd seg til så mange som mulig, så flokkimmunitet oppnås så tidlig som mulig. Variantene av virus som dette blir i all hovedsak mildere og enda ufarligere.
mRNA-injeksjonene kalt vaksiner som de også vil gi for Omikron er ikke vaksiner, de beskytter ikke de som har fått injeksjonen mot Covid, og de smitter andre, de får lettere andre coronavirus som influensa og forkjølelse, mRNA-injeksjonen svekker immunforsvaret som flere og flere forskere advarer mot.
Japan forbød mRNA-injeksjonene og behandlet sine Covid pasienter med Ivermectin, og Covid forsvant fra Japan på en måned, noe som vestlige presse og media har unnlatt helt å fortelle om. Ivermectin er en velprøvet og godt dokumentert medisin uten mRNA-injeksjonenes bivirkninger som blodpropper og hjertepose-betennelse.
***
Sakset fra The healthsite, med oppdaterte uttalelser fra Dr. Angelique Coetzee, South African Medical Association. Oversatt med Google Translate.
«Liveoppdateringer for COVID-19: Omicron er ‘supermild’, trenger ingen panikk, sier WHO-eksperter. Den nye COVID-varianten, Omicron, har skapt panikk over hele verden, men WHO-eksperter har sagt at det ikke er behov for panikk da symptomene er «milde».
Skrevet av Arushi Bidhuri | Oppdatert: 6. desember 2021 15:31 IST. Fra: thehealthsite com.
Med internasjonale flyforbud og andre COVID-19-regler har Omicron skapt panikk blant massene. Eksperter fra Verdens helseorganisasjon (WHO) mener imidlertid at det ikke er behov for panikk, og varianten er «supermild». Dr Angelique Coetzee, South African Medical Association oppdaget at symptomene på den nye varianten ikke er like farlige som Delta-varianten. Legen understreket at det ikke var rapportert om dødsfall eller alvorlig sykdom som følge av den nye variasjonen, noe som indikerer at det kanskje ikke er et så alvorlig problem som noen har antydet de siste ukene.
Sørafrikanske leger har støttet denne oppfatningen, og hevdet at det store flertallet av Omicron-variantene de har observert så langt har vært «milde» snarere enn «alvorlige». Eksperter fra Verdens helseorganisasjon har også advart land mot å bruke reiserestriksjoner fordi de er «ekstremtiltak» som er unødvendige i slike mindre tilfeller.
Dr Catherine Smallwood, Senior Emergency Officer ved WHOs regionale kontor for Europa sa: «Denne typen intervensjoner er ikke bærekraftig. Den typen ekstreme tiltak er ikke våre anbefalinger.» En annen WHO-ekspert, Dr Matshidiso Moeti, regional direktør for Afrika, oppfordret nasjoner til ikke å bruke reiserestriksjoner. Han understreket videre at selv om disse grensene kan bidra til å begrense spredningen av varianten, kan disse påleggene ha en betydelig negativ og innvirkning på økonomien og levebrødet til de isolerte regionenes innbyggere».
Med stor sorg kan eg konstatere, igjen og igjen, at fleirtalet i landet framstår som mentalt sjuke. Med medisinsk utdanna legar i front.