POSTED IN NATO, Russland

Dette er svært gammel kunnskap men som ignoreres i vesten.

Hvis vi ikke forstår våre motstandere og slik de tenker, da har vi tapt.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

Når Putin snakkar, bør Vesten lytte

av Larry Johnson

X-CIA-analytiker

Viss du er under 55 år, har du truleg aldri høyrt om EF Hutton. Hutton, eit meklarfirma, skapte seg litt av eit namn med ei rekke reklameinnslag der refrenget var «Når EF Hutton snakkar, lyttar folk.» 

Så følg nøye med når Putin åtvarer Vesten under sin årvisse «Rikets tilstand»-tale, «Russlands tilstand».

Putin sa mellom anna at samstundes som dei anklagar Russland for å planlegge angrep på NATO-allierte i Europa, driv Vesten og «velger ut mål for angrep på territoriet vårt» og «snakkar om moglegheita for å sende ein NATO-kontingent til Ukraina».

«Vi hugsar lagnaden til dei som sende sine troppekontingentar til vårt lands territorium,» sa den russiske leiaren, med tydeleg hentydning til dei mislykka invasjonane til Napoleon og Hitler. «No vil konsekvensane for potensielle invasjonsstyrkar vil langt meir tragiske.»

I ein to timar lang tale, framfor eit publikum av lovgivarar og toppembetsfolk, framstilte Putin Vestens leirarar som omsynslause og upålitelege, og han erklærte at Vesten bør hugse på at «vi og har våpen som kan treffe mål på deira territorium, og det dei no føreslår og skremmer verda med, alt saman reiser ein reell trussel om ein kjernefysisk konflikt som vil innebere at sivilisasjonen vår blir øydelagd.»

Putin sine utsegner var ikkje impulsive. Det var ein omtenksamt utforma bodskap, spesielt retta mot Biden og NATO-leiarane, og den kom i etterdønningane etter Frankrikes president Macrons utruleg tonedauve tale tidlegare denne veka:

Frankrikes president Emmanuel Macron sa på måndag at det å sende inn Vestlege bakkestyrkar i Ukraina ikkje er «utelukka» i framtida, etter at spørsmplet var diskutert under eit møte mellom europeiske leiarar i Paris, når Russlands fullskala invasjon kvernar seg inn i sitt tredje år.

Den franske leiaren sa at «vi vil gjere alt som trengst for at Russland ikkje kan vinne krigen» etter møtet med over 20 europeiske stats- og regjeringssjefar og andre Vestlege offentlege tenestemenn.

«Det er i dag ikkje konsensus for å sende inn bakketroppar på nokon offisiell, godkjend måte. Men med tanke på dynamikken, kan ingenting utelatast,» sa Macron på ein nyheitskonferanse i presidentens Elysee-palass.

Macron var ikkje den einaste europeiske leiaren som kom med usannsynleg taktlause utbrot. Olaf Scholz gjorde sitt til å så meir usemje innanfor NATO. Medan han kraftig avviste Macrons påstand om at Europa ville sende troppar til Ukraina, kasta han Storbritannia og Frankrike under bussen:

Til journalistar i Berlin tidlegare denne veka, rettferdiggjorde Scholz det at han nektar å sende Tysklands langdistansemissil Taurus, med at det ville kreve tyske troppar i Ukraina til å programmere dei.

Det ville, etter Scholz’ syn, gjere Tyskland til ein aktiv deltakar i konflikten.

«Dette er eit svært langtrekkande våpen,» sa Scholz om Taurus. «og kva britane og franskmennene gjer på området målkontroll og støtte til målkontroll, kan ikkje gjerast i Tyskland.»

Tyskland var i Russland for noen år siden med store negative konsekvenser for Tyskland.

I tillegg til Putins tydelege åtvaring til NATO-alliansen om at dei leikar med ein potensiell kjernefysisk brann, lekka Russlands etterretningstenester ein sjokkerande samtale mellom tyske offiserar som diskuterte planar om å angripe Russland. Ifølge transkripsjonen fann det stad ein samtale den 19. februar, 2024 mellom Grafe (avdelingssjef for operasjonane og øvingane til Bundeswehrs luftvåpenkommando), Gerhartz (Bundeswehr-luftvåpeninspektør), Fenske og Frohstedte (tilsette ved luftoperasjonskommandoen til Bundeswehrs Space Operations Center). Det var ein detaljert diskusjon om å bruke tyske missil til å angripe mål inne i Russland, til dømes Kertsj-brua på Krim. Ein kan lese heile transkripsjonen her. [Dei som skjøner tysk, og har Telegram-konto, kan høyre opptaket her].

Dette var ikkje ein utilsikta lekkasje. Den hadde til hensikt å gjere Vesten merksam på at Russland er fullt klar over kva NATO-tenestemenn seier til kvarandre, og at dei er klar over planane om å angripe russiske mål. Denne lekkasjen er, saman med Putins utsegner dagen før, ei utvetydig åtvaring til Vesten om at dei nærmar seg ei raud linje som, viss den blir kryssa, vil kreve ein kraftig respons frå Russland. Ein slik respons kunne til dømes vere å øydelegge NATO-basar som blir brukte til å starte angrep på Russland. Putin køddar ikkje. Han er seriøs, og alvoret i saka blir understreka av at Putin gir grønt lys for å lekke avlytta samtalar mellom NATO-offiserar til media. Vesten gjer best i å høyre godt etter.

Ray McGovern og eg diskuterte dette med Judge Napolitano i dag: 

Fritt omsett og noko avkorta av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • nrk.no: «Spennende», «jeg gleder meg», «veldig kult», sier ungdom som deltar i Nordic Respons sammen med 20 000 fra flere land. Hyggelig at de har det så gøy.
    «….spesielt her i Norden vi ser mot en trussel fra Øst-Russland», mener øvelsesleder Rune Andersen, eller er det heller motsatt nå som Finland og Sverige er gått inn i NATO. På verst tenkelige tidspunkt. Et dumt utspill fra Norden og NATO er det vi heller bør frykte enn Russland.
    En provokasjon fra Norge er midt i blinken for å få krigen opp i «fullskala», ordet de liker så godt. «fuck the EU»-Victoria Nuland ofrer gjerne dustete nordboere, vær du sikker.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Advarsel til verdens befolkning:

Selvspredende vaksiner er snart klare til bruk

Forrige innlegg

Politikerne satte den norske elvekraften på børs.

Da eksploderte de norske strømprisene.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.