POSTED IN Klima, Økonomi

Dette dreier seg ikke om klima og global oppvarming.

Det dreier seg om penger.

1 kommentar
Print Friendly, PDF & Email

COP26: Gjere finansen grønare?

av Thierry Meyssan

COP26 (Klimaendringskonferansen som nettiopp ble avsluttet i Glasgow, red.) er eit underhaldande show, designa for å ta merksemda til folk bort ifrå det som skjer. IPCC, COPs klimaekspertkomite, føreseier ikkje apokalypsen for dauvhøyrde regjeringer, men dei forsyner dei med ein diskurs som kan rettferdiggjere deira politiske ambisjonar. Presidentane Vladimir Putin og Xi Jinping, som er resolutt fiendtleg innstilte til COP sine finansielle prosjekt, har nekta å delta så lenge storbankane snakkar om investeringar på 100 milliardar dollar.

James Bond «kjem vanlegvis til høgdepunktet i sine svært lukrative filmar fastspend til eit dommedagsapparat, medan han desperat prøver å finne ut kva for ein av dei farga leidningane han skal dra ut for å stoppe det, samstundes som ei raud, digital klokke nådelaust varslar ein eksplosjon som vil bety enden på menneskeslekta slik vi kjenner den (…) Vi er omtrent ved slutten. Vi er på mange måtar i same situasjon, mine likemenn av verdsleiarar, som James Bond er i dag – bortsett ifrå den tragedien at dette ikkje er ein film, og dommedagsapparatet er ekte,» sa Boris Johnson frå COP26-podiet med ei glatt mine.

«FNs klimakonferansar» kjem alltid i følge med apokalyptisk retorikk, men dei resulterer aldri i kvantifiserbare,verifiserbare engasjement. Dei resulterer berre i løfte, signerte under store fanfarar, men alltid med tilknytte vilkår.

Konferansen som nyleg fann stad i Glasgow i Storbritannia, frå den 31. oktober til den 12. november 2021, er ikkje noko unntak. Det starta med ein spektakulær video om ein dinosaur som annonserte for FNs generalforsamling at menneskeslekta kunne bli utrydda, og heldt fram med ein opningstale av Storbritannias statsminister Boris Johnson, der han undra på kva James Bond ville ha gjort med klimaendringane. Dramaet heldt fram på gatene, der ein demonstrasjon leidd av Greta Thunberg erklærte alle verdas regjeringar for illegitime og fordømde fiaskoen til konferansen som nett hadde starta.

Dei politiske leiarane som har bede om å redde menneskeslekta frå ein snarleg ende, er dei same som investerer milliardar av dollar i atomvåpen som kan utrydde mennesket frå planeten [1].

Mildt sagt er denne konferansen kvalitetsunderhaldning for verdas tilskodarar, ikkje eit diplomatisk møte for å redusere produksjonen av drivhusgassar. Så kva er realiteten bak dette sirkuset, og korfor deltar alle FN-medlemmane?

Geofysikaren Milutin Milanković (1879-1958) tenkte på klimavariasjonar som ein funksjon av endringar i Jordas krinslaup rundt sola og planetens hellande akse. Etter å ha blitt latterleggjort ei livstid, er teorien hans no ei autoritativ forklaring på paleoklimatiske variasjonar. Den kan også forklare dei mindre endringane dei siste åra.

« GLOBAL OPPVARMING »

For å svare på desse spørsmåla, må vi først kvitte oss med nokre misforståingar om ‘global oppvarming’.

Vi trur feilaktig at ‘global oppvarming’ truar overlevnaden til arten vår. Klimaet har alltid endra seg, ikkje på ein lineær måte, men i syklusar. Jorda var varmare for sju hundre år sidan enn den no er. Her i Frankrike var isbreane i Alpane mindre enn dei er i dag, og det fanst ville kamelar i Provence. Nokre av kystlinjene våre strakk seg lengre ut i havet enn dei gjer i dag, men andre var lengre bak, osv.

Vi har sett at oppvarminga av klimaet i Europa korrelerer med den industrielle revolusjonen. Det er derfor vi trur at klimaendringane vi er vitne til har blitt akselererte av industrien sin produksjon av drivhusgassar over dei to siste hundreåra. Det er mogleg, men korrelasjon er ikkje det same som årsakssamanheng. Det finst andre hypotesar, inkludert den til den jugoslaviske geofysikaren Milutin Milanković basert på variasjonar i Jorda sitt kretslaup (eksentrisitet, helning og jamdøger).

Med grunnlegginga av IPCC, tenkte Margaret Thatcher ta leiinga i ein ny industriell revolusjon basert på olje og atomkraft. I praksis gjekk politikken hennar ut på å stenge ned store delar av britisk industri og finansialisere økonomien til landet. Det førte til COP26 og retorikken om global oppvarming for å rettferdiggjere at Den tredje verda vart gjort til gjeldsslavar av the City.

MARGARET THATCHER SKAPAR IPCC

La oss sjå på FN-konferansane. I 1988 overtala statsministrane i Canada og Storbritannia, Brian Mulroney og Margaret Thatcher, partnarane sine (USA, Frankrike, Tyskland og Italia) til å finansiere eit mellomstatleg panel for klimaendringar (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC) leidd av FNs miljøprogram (United Nations Environment Programme, UNEP) og Den meteorologiske verdsorganisasjonen (World Meteorological Organisation, WMO). Kort tid etter kravde fru Thatcher mellomstatleg respons på drivhusgassar, holet i ozonlaget og surt regn [2]. Denne retorikken maskerte politiske motiv. Den var meint å, slik rådgivarane hennar stadfesta, stoppe gruvearbeidarane sine fagforbund og fremje ein ny industriell revolusjon, basert på Nordsjø-olje og atomkraft [«Le prétexte climatique», seconde partie : « 1982-1996 : L’écologie de marché », par Thierry Meyssan, Оdnako (Russie) , Réseau Voltaire, 22 avril 2010.]].

IPCC er slett ikkje eit lærd akademi av klimatologar. Dei diskuterer ikkje klimavitskap, men klimapolitikk. Den store majoriteten av medlemmane er ikkje vitskapsfolk, men diplomatar. Klimaekspertane som sit i panelet er ikkje der som vitskapsfolk, men som ekspertar i sin politiske delegasjon, dvs som sivile tenestemenn. Alle deira offentlege intervensjonar er kontrollerte av deira politiske styresmakter. Det er difor grotesk å tale om «vitskapeleg» konsensus, når det blir referert til den politiske konsensusen som rår i denne forsamlinga. Då skjøner ein ingenting av korleis mellomstatlege institusjonar fungerer.

I motsetning til kva Greta Thunberg trur, så føreseier ikkje IPCC apokalypsen for dauve politikarøyre. Dei lystrar dei trufast, og saman med klimatologar utviklar dei ein retorikk som skal rettferdiggjere dei politiske endringane som normale menneske elles ville ha nekta å gå med på.

Arbeidet til IPCC utgjer grunnlaget for ein årleg konferanse, Conference of the Parties (COP), der dei som har signert klimakonvensjonen deltar (United Nations Framework Convention on Climate Change, UNFCCC). Nummer 26 i rekka, COP26, går føre seg i Glasgow, Skottland. I sin første rapport, i 1990, såg IPCC det som «usannsynleg» med ein eintydig auke i drivhuseffekten «innan dei neste få tiåra eller meir». Men det som var sant i 1990, har i 2021 blitt kjettersk.

Den første konferansen var via til å informere og auke folks medvit om klimaendringar. Det var tydeleg for alle at nokre regionar ville bli umoglege å leve i, og at nokre folkegrupper ville måtte flytte. Først seinare heitte det seg at endringane ville bli så store at dei ville true eksistensen til heile menneskeslekta. Denne diskursendringa kom ikkje på grunn av noka ny vitskapeleg oppdaging som kunne motbevise det ein tidlegare heldt for sant, men på grunn av eit endra behov hos dei politiske styresmaktene.

Konsumentsamfunnet er på hell: ein kan ikkje selje folk noko dei allereie har. Om industriar kollapsar, forsvinn arbeidsplassar, og regjeringar blir styrta. Det finst berre ein måte å unngå dette på: seint på 1990-talet, til dømes, hadde dei fleste vestlege selskap adoptert datateknologien. Det vart umogleg å selje datamaskiner. Så hundreårsskrøna vart spreidd: «Y2k-krisa». Alle datamaskinene ville krasje den 1. januar, 2000 klokka 00:00. Alle kjøpte datamaskiner og programvare. Sjølvsagt gjekk det ikkje slik. Ingen fly styrta; ingen heis stoppa; inga datamaskin krasja. Men Silicon Valley var redda, og folk kom no til å investere i forbrukardatamaskiner. I dag er løysinga «energiovergang». Til dømes kan ein ikkje selje mange bilar til same forbrukar, men ein kan byte ut den bensindrivne bilen med ein elektrisk. Naturlegvis blir elektrisitet vanlegvis skapt med olje og treng batteri som ikkje kan resirkulerast. Enden på visa blir ein planet som er meir ureina enn før. Men dette er ikkje noko vi skal tenke på.

Teorien om den menneskeskapte globale oppvarminga har sikra den personlege rikdommen til tidlegare visepresident Al Gore, som er dens fremste lobbyist. På slutten av 1990-talet var det den same Al Gore som skapte Y2k-svindelen. Han gjorde Bill Gates rik og utvikla Silicon Valley.

KLIMABØRSEN, COPs EINASTE FRAMSTEG

Under president Bill Clinton tok USA kontrollen over IPCC slik at dei gjekk for Kyoto-protokollen (COP3), men aldri signerte den. Visepresident Al Gore hadde ansvaret for USA sin energipolitikk. Han godkjende krigen i Kosovo for å få bygd ei røyrleidning tvers over Balkan. Men medan protokollen opprinneleg berre ville avgrense utsleppa av fem drivhusgassar og tre klorfluorkarbonar, så pusha Gore på for å få oppretta CO2-utsleppssertifikat for industrien og gløymde dei andre gassane. Etter å ha forlate Det kvite hus, grunnla han klimabørsen Chicago Climate Exchange saman med bankierar frå Goldman Sachs og med finansiering frå Blackrock. Då USA aldri hadde underteikna Kyoto-protokollen, så fungerte det ikkje så bra. Så han opna greiner på dei fire andre kontinenta, og dei vaks raskt. I dag mottar han ei godtgjersle for kvar transaksjon av CO2-utsleppsrettar. For å utvikle forretningane sine, vart han klimaaktivist og produserte filmen  An Inconvenient Truth. Han fekk tildelt Nobels fredsfris, sjølv om arbeidet hans handlar meir om å reklamere for sine aksjehandlar enn om vitskap [3].

Det skal nemnast at utkastet til Klimabørsen sine statuttar vart forma av ein ung, ukjend advokat, Barack Obama. Snart etter entra han den politiske scenen i Chicago og vart plutseleg vald til president for USA fire år seinare. Då han først var komen in i Det kvite hus, utvikla han ein plan for å bruke klimahysteriet til å reformere det globale finanssystemet. Dette var planen som seinare vart godkjend av COP21 i Paris og skulle implementerast av COP26 i Glasgow.

Det er hundreårets deal: for å implementere COP26-resolusjonane, må statane måtte tilpasse industrien sin og hamne i gjeld. Global oppvarming kan vere menneskeskapt, men plyndringa av økonomiar er det i alle høve.

Global Banking & Finance Review

NESTE COP-BRAGD: GJERE FINANSEN GRØN

Dette blir organisert av Storbritannia, med Italia si hjelp. Fire britar sit med ansvaret: to tidlegare ministrar, Alok Sharma (Økonomi, industri og industriell strategi) og Anne-Marie Trevelyan (Internasjonal utvikling), ein tidlegare guvernør for britiske og kanadiske bankar, Mark Carney, og ein lobbyist, Nigel Topping. Ingen av desse folka veit noko om klima-vitskap. Men samtlege har planar om å reformere Bretton Woods-institusjonane (Det internasjonale pengefondet IMF og Verdsbanken).

Det er fordi dei er imot dette finansprosjektet – og ikkje kampen mot luftureining – at presidentane i Russland og Kina, Vladimir Putin og Xi Jinping, ikkje deltar på denne konferansen.

Nettsida til COP26 slår fast:
det handlar om å mobilisere finansen. For å møte måla våre, må utvikla land levere på sine løfte om å mobilisere 100 milliardar dollar i klimafinansar. Dei internasjonale finansinstitusjonane må spele si rolle og vi må arbeide for å låse opp dei billionane i privat og offentleg sektor som trengst for å sikre global netto null.

Det dei ventar skal bli signert ved slutten av konferansen, er opprettinga av ei eining som skal omfatte dei følgande utviklings- og investeringsbankar:

  • the Asian Development Bank
  •  the African Development Bank
  •  Asian Infrastructure Investment Bank
  •  the Caribbean Development Bank
  •  the European Investment Bank
  •  European Bank for Reconstruction and Development
  •  Inter-American Development and Investment Bank
  •  Islamic Development Bank pluss
  •  Verdsbanken og 450 storselskap som skal mobilisere pengane.

Det er viktig å forstå at det ikkje lenger er mogleg å sette fattige land i gjeld (og slik halde dei i taumar) ettersom Verdsbanken og, særleg, IMF ikkje lenger har truverd. Alle regjeringar veit no at løyvingar og lån frå internasjonale institusjonar kjem med drastiske vilkår som gjer landa deira sårbare; at når tida er inne for tilbakebetaling, så vil dei ikkje lenger eige noko som helst.Med COP26 vil bankfolka kunne låne ut pengar for å redde menneskeslekta og med dét bli eigarane av dei landa som har leiarar som stolar på dei. 

[4]..Thierry Meyssan

[1] « Ils défendent le climat tout en préparant la fin du monde », par Manlio Dinucci, Traduction Marie-Ange Patrizio, Il Manifesto (Italie) , Réseau Voltaire, 2 novembre 2021.

[2Speech to the Royal Society, Margaret Thatcher, Septembre 27, 1988.

[3] “1997-2010: Financial Ecology”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Оdnako (Russia) , Voltaire Network, 7 December 2015.

[4] « Les nouvelles armes financières de l’Occident », par Manlio Dinucci, Traduction Marie-Ange Patrizio, Il Manifesto (Italie) , Réseau Voltaire, 9 novembre 2021.

Omsett av
Monica Sortland

Forsidebilde: Towfiqu barbhuiya

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

1 kommentar. Leave new

  • Det måtte konstrueres en klima-modell der folk ikke kunne ettergå tallene til de skriftlærde. Egne observasjoner om vær og klima skulle man ikke stole på, de skulle latterliggjøres som vær. Uansett om man gikk 50 år tilbake i tid, og kunne innbygger-stadfeste at kalde og varme tiår alltid hadde kommet og gått.
    Og når Klimsrealistene omsider kom på banen og påpekte feilene i modellen, bla. Hockeykølle-svindelen, ble selvfølgelig disse også latterliggjort.
    Dette dreier seg om politikk og om forflytning av makt og verdier. Da må det først skapes KRISE og frykt.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Next Post

Rapport fra Australia:

Motstanden mot koronadiktaturet vokser.

Previous Post

Vi passerer 10000 daglig åpnete innlegg og har doblet oppslutningen på tre måneder.

Nettavisen Derimot.no gratulerer seg selv med formidabel fremgang.

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.