POSTED IN Endring av politikken, USA

Det var visst bare skuespill.

Det liberale vestens tid er forbi.

2 kommentarer
Print Friendly, PDF & Email

Det amerikanske utanriksdepartementet tok passet frå Scott Ritter – no kommenterer Moskva hendinga

RT rapporterer:

Det at Washington nektar tidlegare marinesoldat, FN-våpeninspektør og RT-bidragsytar Scott Ritter å reise til Russland for å ta del i Det internasjonale økonomiske forumet (SPIEF) i St.Petersburg, provar at USA har blitt om til ein politistat, seier den russiske utanriksministeren Sergey Lavrov.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Ritter skulle etter planen reise til den berømte byen for å delta i to paneldebattar på det årlege SPIEF-arrangementet. Derimot vart han stoppa då han skulle gå om bord i flyet av amerikanske grensebetjentar, som seinare tok frå han passet og bagasjen. Då dei vart bedne om å forklare kvifor dei gjorde det, sa betjentane at dei følgde «ordre frå det amerikanske utanriksdepartementet», hugsa Ritter, og la til at reisedokumenta enno ikkje har blitt levert tilbake til han.

Scott Ritter

I ein tale på ein pressekonferanse i Republikken Kongo tysdag [4.juni 2024], vart Sergey Lavrov beden om å kommentere hendinga.

«Dette er berre nok eit døme av mange som bekreftar at USA, som kallar seg sjølv leiaren av demokrati i verda, for lengst har blitt ein politistat,» sa Lavrov.

Ministeren sa på den andre sida at Moskva ikkje kan utføre nokon handlingar i denne situasjonen, med tanke på at Ritter ikkje er ein russisk statsborgar og ikkje har søkt om russisk pass. «Vi kan ikkje gjere noko frå eit juridisk synspunkt, men vurderinga vår er truleg ikkje vanskeleg å gjette,» sa Lavrov.

I mellomtida sa Kreml-talsmann Dmitry Peskov til journalistar tysdag at medan Kreml er klare over situasjonen, vil dei unngå spekulasjonar rundt kvifor Ritter vart nekta retten sin til å fullføre turen til St.Petersburg.

«Han er ein tidlegare etterretningsoffiser, so han kan vere gjenstand for visse restriksjonar når det gjeld utanlandsreiser,» føreslo Peskov, og la til at dersom dette er tilfellet, vil det vere «forståeleg» sidan liknande reglar eksisterer i nesten alle land når det gjeld tidlegare etterretningsoffiserar, spesielt når det gjeld reiser til land som blir sett på som fiendtlege.

Derimot sa Peskov at dersom ingen slike personlege restriksjonar gjeld Ritter, er det å nekte han å reise til SPIEF ein «manifestasjon av nok ein rabiat kampanje med det målet å hindre amerikanske borgarar frå å etablere noka form for kontakt med Russland».

Ritter sjølv har antyda at trekket var eit «bevisst åtak» utført av den amerikanske regjeringa ut av djevelskap, og meint å «vise fingeren til russarane».

Den politiske kommentatoren og tidlegare marinesoldaten har tidlegare tent som senior-FN-inspektør med oppgåve å finne masseøydeleggingsvåpen i Saddam Husseins Irak. Han har vore ein iherdig kritikar av Washington sidan invasjonen av det landet i 2003.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Forsidebilde: iStock

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.

2 kommentarer. Leave new

  • «Et viktig prinsipp i liberalismen, er at enkeltmennesket bør ha frihet til selv å ta store avgjørelser som påvirker dets eget liv, uten innblanding fra politikere. Ideen om at individet har verdi i seg selv, og ikke er et middel for andres mål, står sterkt. Denne tanken er langt på vei en videreføring av humanismen fra opplysningstiden.»

    Liberalismen er kun et ideologisk eventyr. Elitens diktatur regjerer og har alltid gjort det. Proletariatets diktatur ender etter revolusjonen alltid i hendene på en ny elite.

    Fortsatt tror eksempelvis det norske flertallet at Erna og Jonas representerer det liberale demokratiet. Men eliten aksepterer bare den grad av liberalistisk frihet som gagner dem selv. Det hele er altså et skuespill der makten alltid ender i hendene på de sterkeste og mest infame maktmenneskene.

    Det beste du kan gjøre er å flytte ut i skauen med nok space rundt deg. Sørg for selv å ha det du trenger. Det er mindre enn du tror. Betaler du da de få regningene du må, er det som regel ingen som plager deg. Gran, furu, gjøk, sisik, trost og stær er liberale til tusen. De store linjene kan du like fullt ikke gjør en døyt med.

    Svar
  • På en måte bra at han ble forhindret i å dra ellers kunne CIA fort laget en falsk flagg operasjon mot han med påfølgende spionasje anklager. Obs obs. Kanskje det de har tenkt!

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Fill out this field
Fill out this field
Skriv inn en gyldig e-postadresse.

Neste innlegg

Ola Tunander:

Hvordan tenker Russland militært?
De nordiske statene og Ukraina

Forrige innlegg

Medieovervåkerne:

Røde linjer krysses. Går det mot europeisk storkrig?

Teksten står for forfatterens mening, ikke nødvendigvis www.derimot.no sin.